Vestenfor gnr. 1 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vestenfor gnr. 1 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vestenfor er eit småbruk på vestsida av Hallingdalselva, litt vest for Bjørøyen.
    Vestenfor var opphavleg husmannsplass under Bjørøyen. Frå 1909 eige bruk.
    Då Ola Olson Sveinsgarden i 1806 selde nedre Bjørøyen, held han att ei eikre vestanfor grove, ein bråte nord i lia, Bjørøy-bråten og ein langstøl. Ola bygde og rudde. Stesonen hans, Tor Halvorson, var truleg fyrste brukaren her. Vitne fortalde i 1748 korleis slåtta Bjørøystølen, også kalla Vestenfor, var komen til Torpo: Torand Torpo hadde lagt ut 10 rd ein gong. (1144) s 76
    Innmarka er omlag 38 mål, derav 12 mål dyrka, det meste av Eivind Olson. Han har bygd dei fleste husa på bruket, men stolphuset er gamalt. Stølen er kome frå Øvre Bjørøyen og ligg i Hagastølsameiga på Veståsen.
    I daglegtale vart Vestenfor kalla 'i Huse'. Ei tid vart plassen kalla 'Laddeplassen'. Sjå 1818-hushaldet. Men folk skreiv seg Vestenfor.

{26} År: 1791

Tor Halvorson Rust Vestenfor 1783-1843
Foreldre: Halvor Arneson Rust (Gol) og Guri Olsdtr. Torpo Sveinsgard.
Gm Ingrid Olsdtr. Bjørøyen Vestenfor 16.06. 1776-1868
Foreldre: soldat Ola Olson Medhus og Randi Herbrandsdtr. øvre Bjørøyen.
*Barn elles
1. Anne Torsteinsdtr. Tuftebråten Sagasletten? 29.10. 1797-1883
G 1821 m Eirik Eirikson Ruud Sagasletten, gnr. 4/32a.
    Foreldre: Torstein Olson Torpo m/Ingrid Olsdtr. øvre Bjørøyen - Ingridplassen?

Tor og Ingrid gifte seg i 1821. Dei fekk ingen barn. Men Ingrid fekk dottera Anne Torsteinsdtr. 1797-1883 med Torstein Olson Torpo. Sjå Sagasletten.
    Som barn var Tor på legd i Nedre Torpo fjerding 1816-1836. Han var vanfør. Tor fekk seg korn som årleg støtte i 1816 og framover. (777)
    Tor brukte på livstid nokre jordstykke og nokre hus som stefaren Ola Sveinsgard hadde gjort i stand i Bjørøyen sunna vegen til Bjørøystølen. (1537)1
    Eirik Eirikson Sagabråten melde Tor sitt dødsfall 27. nov.1843. Ingrid døydde 1868 i Sataslåtta, truleg er Ingridplassen oppkalla etter henne.

{27} År: 1818c

Ola Tolleivson Sire Vestenfor 31.05. 1764-1851
Foreldre: Tolleiv Olson Bjørøyen Sire og Kari Olsdtr. Sire.
Gm Kari Nilsdtr. Nyhus Sire Vestenfor 22.09. 1765-1837
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus nedre Sire og Guri Helgesdtr. Lien.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Vestenfor 1790c-1870
Barn m/Anders Olson Jahr-eie i Bærum: Andrine 1815-1899, sjå barnebarn. Sjå neste hushald.
    Kari vart kalla 'Ladde-Kari'.
2. Tolleiv Olson Vestenfor 1791-1824
Tolleiv reiste til Eiker 1822 på tenest. Død 1824 som inderst i 'Laddeplassen under Bjørøyen'. Jfr. 'Ladde-namnet' som også er knytt til systera Kari.
*Barnebarn
1. Andrine Andersdtr. Vestenfor Vestenfor 02.07. 1815-1899
G 1845 m Knut Person Vestenfor. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Anders Olson Jahreie, Bærum og Kari Olsdtr. Vestenforslåtta.

Ola og Kari gifte seg i 1784. Barn: sjå Nedre Sire, gnr. 4/28. Dottera Kari fekk ei dotter Andrine, og ho vart neste eigar.
    Ei tid budde dei på ein plass kalla Staupebråten under Sire. (957)
    I 1787 delte Ola og stemora Margit Syversdtr. eiga etter Tolleiv Olson Sire. Ho fekk 40 rd og 4 kyr og 9 sauer. Ola fekk resten, men skulle svare for gjeld og utgifter som galdt buet.
    Ola og Kari overlet garden myljo Sire til Per Arneson Bøygard Bæra i 1793. Kjøpesum står ikkje i kontrakta, men kåret var 5 tunner stritt byggkorn, 3 mål åker ("Hagen og Rørsåkeren"), osv. Dessutan skulle Ola få bruke hest til køyring til og frå stølen. Dette kåret omfatta og gamle Knut Syverson Sire.
    Ola og Kari budde i Vestenfor siste åra. Ola døydde på legd i 1851.

{28} År: 1848c

Knut Person Vestenfor 03.10. 1819-
Foreldre: Per Knutson Vestenfor og Kari Olsdtr. Gudbrandsgard.
Gm Andrine Andersdtr. Vestenfor Vestenfor 02.07. 1815-1899
Foreldre: Anders Olson Jahreie, Bærum og Kari Olsdtr. Vestenforslåtta.
*Barn
1. Per Knutson Vestenfor 17.07. 1848-1939
Gm enkja Lydia Kvale, Sjørnen ved Narvik. Barn: Stasius og Turid (omkom i brann som barn), Ingvald 1889-1940; Hartvig 1891-1961; Jon 1902-1954; Sandra 1896- ; Anne 1899-1954.
2. Ola Knutson Vestenfor 07.07. 1851-1926
G 1881 m Guri Eivindsdtr. Rudsgjøta. Sjå neste brukar.
3. Kari Knutsdtr. Vestenfor Nyhusmoen 09.04. 1854-1943
G 1884 m Ola Hermannson Nyhus Nyhusmoen, gnr. 10/17.

Knut og Andrine gifte seg i 1845.
    Knut reiste frå familien kring 1863 og tok seg arbeid på kjøpmann Tandberg's brenneri i Drammen. Han budde på Bergan (Egge mellom) i Lier i 1900: vedhoggar, delvis på fattigkassa.
    I 1865 var Andrine "Husmannskone med jord". Mora budde i Vestenfor i 1865. Då Andrine døydde i Vestenfor i 1899 var det 'Intet at skifte.' Knut kom vistnok heim att til Ål, og den siste tida fekk han litt støtte. Men han er ikkje funnen død i Ål 1864-1915.

{29} År: 1881c

Ola Knutson Vestenfor 07.07. 1851-1926
Foreldre: Knut Person Vestenfor og Andrine Andersdtr. Vestenforslåtta.
Gm Guri Eivindsdtr. RudsGjøta Vestenfor 08.11. 1855-1946
Foreldre: Eivind Torson Medgarden Gjøta og Astid Håkonsdtr. Torsteinslåtta.
*Barn
1. Knut Olson Vestenfor Bjørøen 04.02. 1881-1954
G 1909 m Margit Olsdtr. Bjørøyen. Sjå øvre Bjørøyen, gnr. 5/1.
2. Eivind Olson Vestenfor 1882-1883
3. Astrid Olsdtr. Vestenfor Ødegård 04.03. 1884-1967
Gm Juul Ødegård og busett ved Hadeland Glassverk. Ingen barn.
4. Andrine Olsdtr. Vestenfor Skånland 17.01. 1887-1975
G 1911 m Henrik Hartvigson Skånland frå Trondenes. Barn: Halfdan 1914- lektor/1. amanuensis g 1943 m Alvilde Færden (5 barn); Gerda 1917- lærar, gm Per Fosseid Nilsen (2 døtre). Arbeidar i Kr.ania.
5. Eivind Olson Vestenfor 01.02. 1890-1964
G 1928 Bergen m Birgit Arnesdtr. Rudningen (Sire). Sjå neste brukar.
6. Kari Olsdtr. Vestenfor Fjellhammer 13.02. 1894-1979
Gm Kristian Fjellhammer 1892- . Barn: Reidun 1926- gm Alf Ryssmo (2 barn); Ellen 1939- gm Kåre Fjellhammer (5 barn). Busett på Tåsen i Oslo.
7. Tolleiv Olson Vestenfor 12.04. 1896-1931
G 1917 m Ragnhild Oleivsdtr. Strendo. Banevaktar. Sjå eige hushald under Jarnbanen.
8. Guri Olsdtr. Vestenfor Arnestad 18.06. 1899-1975
Gm Halfdan Arnestad. Barn: Lillian 1922- gm Olav Eide (3 barn). Busett på Grynerløkka i Oslo.

Ola og Guri gifte seg i 1881. Ola Knutson var husmann i Vestafor.