Storlien, øvre gnr. 3 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storlien, øvre gnr. 3 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Storlien var husmannsplass under Lien.
    Gnr. 3 heitte 'Lien' i matriklane frå 1838 til 1904. I ein nyare matrikkel vart namnet på matrikkelgarden endra til 'Storlien'. Jfr. Nedre Storlien under gnr. 2. Øyen.
    Storlien er nemnd i tiendemanntal 1677 og 1687 utan brukarnamn.
    "Forhen en pertinence af gaarden Lien" heitte det i eit skøyte frå 1772, garden skulle yte 3 riksort skattehjelp for Lien. Frå 1847 vart garden brukt under nedre Storlien.
    Stølar. Heimstøl er Liastølen. Langstølen Gravarstølen vart fråseld 1849 og ligg no til Heimtun.
    Øvre Storlien vart brukt under nedre Storlien frå 1847 og nedlagt som bustad, tuftene syner.

{117} År: 1751

Guttorm Mikkelson Tufto Storlien 1715c-
Foreldre: Mikkel Tomasson Tufto og Olaug Guttormsdtr. Devegge.
Gm Rangdi Sveinsdtr. Sire Storlien 1723c-
Foreldre: Svein Olson Sveinsgarden Sire og Gro Olsdtr. Sata.
*Barn
1. Mikkel Guttormson Storlien Sveinsgarden 18.08. 1748-1772

Guttorm Mikkelson var handelskar i 1748. Han handla med slaktefe i 1746.
    I 1747 vart Eirik Halvorson Lien stevna for kjøp av eit "Skyd" av Guttorm. Eirik hadde ikkje betalt etter avtalen: 3 rd kontant og dessutan 1/2 tunne neper, og dessutan eit hestefor frå Kr.ania-marken og fram til våren.
    I 1750 kravde Guttorm M. Tufte gardsyn i Øvre Storlien, og innkalla var Eirik Halvorson Lien. Leiga for plassen vart sett til 4 rd årleg. Husa: ei gamal stugu med dårleg tak og 17 sunde glasruter; ein låve med dårleg tak; fehus utrotna; stall med dårleg tak; sauestall - berre til ved; ei gamal bu; ein vedaskåle utan tak. Guttorm fekk godtgjort 3 rd for sitt arbeid på bruket (rudning og nytt hontak på fehuset). (1174) s 208 a
    Og i 1751 kjøpte Guttorm Øvre Storlien hjå Eirik H. Lien for 150 rd.
    Guttorm var lagrettemann frå 1758. Han vart ingen gamal mann. Heller ikkje sonen. Som enkje kjøpte Rangdi 1774 odelsretten til 1/4 i Sveinsgarden for 299 rd hjå Ola Sveinson Sire. Garden var påkosta så mykje (899 rd) at Ola kunne ikkje løyse den, men han held att Tjyruhjalldalen og eit jordstykke på livstid.
    Rangdi selde halve Sveinsgarden i 1782 for 380 rd og kår til Svein Syverson Sire.

{118} År: 1760c

Syver Syverson Lien Storlien 1675c-1763
Foreldre: truleg Syver Syverson Lien og Gro Olsdtr. Helling.
Gm Eli Oleivsdtr. Haug Storlien 1697c-1777
Foreldre: Ola Eilevson Haug og Ingebjørg Olsdtr. ... .

Då Syver og Eli selde hennar skyldgods i 1761, var dei "nu tilholdende" i Storlien. I manntalet av 1762: gamal og fattig husmann eller inderst under Øyen.
    Eli hadde truleg vore gift med Ola Ellingson Løken. Eli arva 3 lb. skyldgods i Haug som ho selde i 1761 for 40 rd. I 1777 døydde Eli Olsdtr. Haug 80 år gamal. Ho flytta attende til farsgarden.

{119} År: 1772


Nils Bjørnson Nyhus kjøpte øvre Storlien av enkje Rangdi Sveinsdtr. i 1772 og selde vidare neste år. Men Nils fekk ikkje skøyte på garden. Etter ei langvarig odelssak mot Embrik Ellingsgard på Lien, fekk han høgsterettsdom for innløysing av Lien eller delar av garden. Men han selde garden vidare like etterpå.

{120} År: 1774

Eggert Olson Holo Sire 1737-1818
Foreldre: Ola Olson Holo og Ragnhild Herbrandsdtr. Skrindo.
Gm Haldis Rasmusdtr. Sørbøen Storlien 1739-1780c
Foreldre: Rasmus Håkonson Opheim nordre Sørbøen og Guri Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Guri Endresdtr. Logsengard Storlien 30.04. 1744-1819
Foreldre: Endre Olson Logsengard og Ambjørg Aslesdtr. Havardsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Eggertson Storlien 15.03. 1772-
Ikkje konfirmert, død/utflytt/ i FT 1801. Truleg død liten.
2. Rasmus Eggertson Storlien 15.03. 1777-1827
Barn: Eggert 1818 (Myro) m Birgit Olsdtr. Brenna.
    G 1821 m Birgit Larsdtr. Grøvo. Ingen barn
    Rasmus og Birgit bygsla rudningslendet Sollien i Hol i 1825. Han drukna i Holsfjorden i november 1827. Birgit vart attgift med enkjemann Jul Knutson og held fram i bygsla.
*Barn i andre ekteskap
1. Endre Eggertson Storlien 17.10. 1779-
Ikkje funnen i FT 1801. Truleg død.
2. Endre Eggertson Storlien 25.02. 1781-
Ikkje funnen i FT 1801. Truleg død.

Eggert hadde eit barn med Jørand Tomasdtr. Torsteinsrud: Ola 1762-2.
    Eggert gifte seg fyrst med Haldis Rasmusdtr. Han vart attgift 1779 med Guri Endresdtr. Logsengard. Med han vart Eggert-namnet teke i bruk i bygda. Opphavet til namnet er truleg Eggert, far til presten Jakop Stockfleth (1682-1740).
    Eggert var busett på Bakke 1769 og på Sire i 1771.
    I 1772 skøytte Nils Nyhus plassen øvre Storlien til Eggert Olson for 430 rd etter ein høgsterettsdom. Det fylgde med skogsvirke til hus og gjerde, og rett til å rydde støl ved sida av Øyestølen i Lien sin skog.
    Men Eggert kom i djup gjeld og måtte selja øvre Storlien for 440 rd i 1783 ("i disse knappe tider"). "Til nogenledes afdrag på gjelden".
    I 1783 var Guri meld av presten for å ha flytta frå mannen sin. Eigentleg så hadde Asle, bror hennar, bode Eggert "bruk på Luxengard".
    Men Eggert svara at han "ingenlunde ville driste seg til å flytte til Vats". Han var ein stille mann, og frykta "adskillige utøvede trudsler". Guri ville flytte saman med Eggert så snart han hadde funne ein bustad. (1436) s 5
    I 1785 saksøkte han slektningane til Guri. Ho hadde enno ikkje fått farsarven sin. (100 rd ifylgje eit skifte av 1773.) Men dei svara at Eggert held på å ruinere både seg og kona. Retten dømde dei til å betale arven straks og dekke rentene.
    I FT 1801 var Eggert husmann og snikkar, busett i Nubgarden. Guri var almisselem på Skarsgard. Eggert gjekk på legd frå 1814 og døydde i Opheim i 1818. (777)
   

{121} År: 1785c

Torkjell Person Sehl Storlien 21.10. 1753-1831
Foreldre: Per Halvorson Garden Opheim Sehl og Margit Embriksdtr. søre Sehl.
Gm Barbro Tolleivsdtr. Huus Storlien 12.06. 1746-1824
Foreldre: Tolleiv Henrikson Huus Bjella og Guri Larsdtr. Hagen (Hol).
*Barn
1. Guri Torkjellsdtr. Sehl Roen 14.09. 1783-
G 1816 m Arnfinn Arneson Roen, Gol. Barn: Arne 1817- (til Am.); Barbro 1820- gm Eirik Evjen Noss; Margit 1823- gm Syver Syverson Skjervheim Sørbøensmoen. (Gol V s 358)
2. Per Torkjellson Sehl Træet 14.11. 1784-1836
G 1815 m Birgit Ivarsdtr. Kinneberg, Gol. Sjå Tretterudhaugen, gnr. 4/46.

Torkjell og Barbo gifte seg 1783 og budde i Sehl fram til ca. 1785, deretter i øvre Storlien til om lag 1800. Dei kjøpte Træet (Tretterudhaugen, gnr. 4/46) for 350 rd i 1803.

{122} År: 1806

Håkon Asleson Arnegard Storlien 29.09. 1764-1831
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard (i nordre Votndalen) og Guri Arnesdtr. Sehl.
Gm Guri Håkonsdtr. Sørbøen Arnegard 13.05. 1774-1833
Foreldre: Håkon Rasmusson nordre Sørbøen og Ambjørg Olsdtr. Lå.
*Barn
1. Asle Håkonson Arnegard 1792-1801f
2. Håkon Håkonson Arnegard Storlien 1796-1858
G 1825 m Birgit Knutsdtr. Medhus 1789-1861. Barn: Håkon 1828-1828.
    Håkon kjøpte Krusedokken i Gol i 1832. (Gol III s 482)
3. Ambjørg Håkonsdtr. Arnegard Dølahaugen 1798-1894
G 1834 m Ola Håkonson Storlien Dølahaugen, gnr. 22/231.
4. Asle Håkonson Arnegard Storlien 03.04. 1803-1886
G 1833 m Jørand Aslesdtr. Søre Mørk frå Hol. Sjå år 1827.
5. Ola Håkonson Storlien 05.02. 1806-1878
G 1838 m Jørand Hermannsdtr. Nyhus. Sjå Moldbakken, gnr. 9/13.
6. Guri Håkonsdtr. Arnegard Gunhildgard 05.02. 1809-1883
G 1851 m Asle Person Gunhildgard, gnr. 44/1.
7. Gunhild Håkonsdtr. Arnegard Hognerud 1814-1883f
G 1847 m Knut Larsson Hognerud, Hol. Barn: Guri 1846- ; Gunhild 1857- .
    Til Am i 1849: Minnesota. (Hol IV s 113)

Håkon og Guri gifte seg i 1790. Dei flytte frå Arnegard til Storlien om lag 1806, skøyte av 1783.
    Våronna 1813 vart seig for Håkon. Midt i travlaste onna kom Nils Tune og kravde å få hesten hans som erstatning for ein daue-ferdig hest som Nils prøvde å selja til Håkon førre år, men som vart levert attende straks. Hesten døydde neste dag.
    Håkon rekna ikkje å stå i noka gjeld, men Nils meinte noko anna. Dei slost hardt og Håkon fekk m.a. brote ein arm. Deretter spente Nils hesten hans frå møkjakjerra, laga seg beiksel av ei viu og reiste med den. Håkon melde saka, og fekk att hesten tilslutt. (1419) s 28
    Men Nils var ein fæl villstyring. Han hemna seg ved å skjera over strupen på hesten.
    I 1827 overlet dei garden til sonen Asle for 390 spd. Bestemmelse: dersom eldste sonen Håkon kom med odelskrav, skulle garden skøyttast attende til faren. (".. pga. eldste sønns ukjærlige opførsel .." ) (1537)6b
    Håkon døydde i Storlien 1831. "Brystsvaghet" står det. Under skiftet etter Håkon i 1831 vart det opplyst at fehus og krøter gjekk med i ein brann for nokre år sidan, og at familien levde i stor armod etter dette. Garden var pantsett.

{123} År: 1827

Asle Håkonson Arnegard Storlien 03.04. 1803-1886
Foreldre: Håkon Asleson Arnegard Storlien og Guri Håkonsdtr. Sørbøen.
Gm Jørand Aslesdtr. Mørk Storlien 30.04. 1812-1888
Foreldre: Asle Olson Nedrejord søre Mørk og Sunnev Jakopsdtr. Bakkegard, Hol.
*Barn
1. Guri Aslesdtr. Storlien 21.12. 1834-1856
2. Håkon Asleson Storlien Skalle 30.07. 1836-1922
G 1868 m Eli Tolleivsdtr. Rime. Sjå Skalle, gnr. 115/17.
3. Asle Asleson Storlien 10.02. 1840-1856
4. Ola Asleson Storlien Skalle 03.09. 1841-
Til Am. i 1861.
5. Embrik Asleson Storlien Skøro 29.12. 1844-1917
G 1871 m Ingebjørg Eilevsdtr. Skøro 1852-1940. Barn: Asle 1872-1933 bonde på nedre Skøro, gm Birgit Larsdtr. Sveingard (3 barn).
    Embrik og Ingebjørg kom til Skøro i Sudndalen i Hol.
6. Elling Asleson Storlien 09.11. 1847-1848
7. Sunnev Aslesdtr. Kolbjørnstølen Skalle 02.02. 1849-1945
Gm Hermund Person Stakegard, gnr. 97/1.

Asle og Jørand gifte seg i 1833. Asle kjøpte Storlien i 1827. I 1844 fekk han skøyte for 250 spd og kår til seljaren Magnus Grov (Gol).
    Asle kjøpte Sundbrei i 1847. Same året makeskifte han Sundbrei mot Kolbjørnstølen. I 1854 selde dei Kolbjørnstølen og flytta så til Skalle.

{124} År: 1841


Magnus Grov frå Gol kjøpte Storlien på auksjon i 1841. Han selde attende til Asle Håkonson i 1844. Sistnemnde selde øvre Storlien til Håkon E. nedre Storlien i 1847.

{125} År: 1847

Håkon Embrikson Storlien 25.12. 1816-1897
Foreldre: Embrik Håkonson Storlien og Sissel Torsteinsdtr. Medgarden.

Håkon kjøpte øvre Storlien i 1847 og selde frå Gravarstølen. Sidan har garden vore brukt under nedre Storlien.