Ramsviken gnr. 4 bnr. 26
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ramsviken gnr. 4 bnr. 26-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ramsviken eller Viken er eit småbruk som ligg mellom riksvegen og Storelva. Bruket var tidlegare plass under Myljo Sire. Viken vart frådelt som eige bruk i 1881. Heimstøl er Dokken.
    I 1865 var det 6 storfe og 13 småfe i Ramsviken.
    Areal 1995: dyrka jord 22 mål som vert leigt bort, anna areal 5 mål, produktiv skog 90 mål, anna utmark 3 mål. Våningshus bygt 1981, våningshus bygt 1938, loft omlag 1875, driftsbygning 1952, eldhus 1968, garasje 1982.
    Byggjargardsrudningen vart selt til Ramsviken 1896. Der stod att ei lu som vart rive kring 1985. Til Viken ligg også Vikemyre bnr. 27 og Byggjargard-rudningen bnr. 34.

{305} År: 1797c

Arnfinn Halvorson Urden Ramsviken 1768-1823
Foreldre: Halvor Syverson Storlien Urden og Gro Arnfinnsdtr. Finnesgard.
Gm Kari Torjusdtr. Svarvargarden Sire 28.03. 1758-1845
Foreldre: Torjus Olson Leikvoll Svarvargarden og truleg ei Margit Larsdtr. Grov (Gol).
*Barn
1. Gro Arnfinnsdtr. Ramsviken 13.04. 1797-
Gm ... ... . Utflutt til Tønsberg i 1819 og vidare til Sande. FT1865: losjerande legdslem og enkje, busett på Haukerød i Sande.
2. Margit Arnfinnsdtr. Sire 22.12. 1799-1802
*Barn elles
1. Torjus Tomasson Svarvargarden 1784-
Foreldre: soldat Tomas Sanderson Tufte og Kari Torjusdtr. Svarvargarden.

Arnfinn stod på lista over "fattige børn" i 1780 og var på legd. Kring 1796 hadde Arnfinn byrje å rydde seg ein husmannsplass i Sundlien ved Hagabråten sør for Storelva etter løyve frå Ola Skjerping. Men etter eit møte i forliks-kommisjonen 1797 måtte Arnfinn fjerne både hus og gjerde på bureisarplassen. Sjå bruket Arnfinnset. (1389)
    Arnfinn og Kari budde i Bjørøyslåtta, i Rudningen og så i Ramsviken til slutt. Dei fekk korn i støtte i 1814 og framover. (777)
   

{306} År: 1825c

Per Olson Huseplassen Ramsviken 1800.-1885
Foreldre: Ola Larsson Vestaforslåtta og Barbro Persdtr. Venås (Hemsedal), Gol. På Huseplassen u/Nøreim i Gol. (Gol III s 786 og IV s 559)
Gm Margit Olsdtr. Sire Ramsviken 22.02. 1801-1846
Foreldre: Ola Torkjellson Sire og Birgit Sandersdtr. Tufto.

Per og Margit gifte seg 1825. Barn: Ola 1826-1911 gm enkje Anne Olsdtr. Vermåker; Barbro 1828-1870 g 1858 m Gudbrand Torsteinson Hamarneseige, Sørum, busett på Fetsund; Birgit 1830-1910 gm Hans Arneson, Sørkedalen, budde ved Makrellbekken i V. Aker; Ola 1831-1886; Torkjell 1832-1832; Torkjell 1833-1834; Kari 1834-1888 gm Hans Olsen, Odalen, smed i Kr.ania; Torkjell 1835-1838; Lars 1836-1919 gm Ingebjørg Østensdtr. Slettadn til Grangard; Margit 1837-1838; Margit 1843-1923 gm Halvor Hansen, Aurskog busett Stubberud under Blaker; Torkjell 1844-1845 gm Randi Guttormsdtr. Jordheim, Hems.
    Per var skomakar. Per og Margit budde om lag fem år i Ramsviken før dei flytte til Gol kring 1831. (Dei tre eldste barna er fødde i Ramsviken.) Per vart gift på nytt i 1851.
   
   

{307} År: 1832

Syver Torkjellson Sire Bjørøyslåtta 27.06. 1773-1847
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Margit Syversdtr. Sire.
Gm Ingeborg Olsdtr. Lauvsletten Ramsviken 31.08. 1777-1860
Foreldre: Ola Arneson Rust Lauvsletten og Ingeborg Tolleivsdtr. Lauvsletten.

Syver vart attgift med Ingeborg i 1822. Sjå Bjørøyslåtta. Syver og Ingeborg var i Ramsviken fram til 1847.

{308} År: 1850c

Embrik Arneson Urden Ramsviken 28.11. 1824-1908
Foreldre: Arne Håkonson Storlien Urden og Birgit Håkonsdtr. Sire.
Gm Anne Sandersdtr. Sire Ramsviken 23.09. 1824-1903
Foreldre: Sander Olson Sire og Ambjørg Helgesdtr. Leikvoll.
*Barn
1. Arne Embrikson Ramsviken 14.11. 1848-1935
Gm ... ... . Barn: Anna 1879- gm ... Anderson hadde restaurant i Fordville, ND; Emma 1882-1961 gm Lars Olaie Larson; Clara ....-1950 gm P.N. Nelson. Arne budde i Shelburne, Lyon County.
2. Sander Embrikson RamsViken 16.04. 1851-1916
Gm Guri Torsdtr. Rudningsdokken. Ingen barn. Dei tok til seg Gunhild Liahagen. Til Am. 1872: St. Hillaire, Red Lake Co. MN. Han var sagmester. Truleg er Sanders township i Pennington County, MN kalla etter Sander.
3. Birgit Embriksdtr. Ramsviken Nissen 28.01. 1854-1944
Gm H.C. Nissen. Ho skreiv seg 'Betsy Nissen'. Til Am. 1873: til Winona, MN. Seinare Rapid City, SD.
4. Ola Embrikson Ramsviken 06.01. 1858-1943
Gm Mary Louise ... 1866-1940. Barn: Mattie 1887- ; Laura 1891- gm Tom Reese; Ida May ; Henry; Clarence og Melvin. (J. Marler og websida til Marijo Vik.)
    Han fekk utflyttingsattest i 1874. Busett i Red Wing. Ola arbeidde i ei gruve, og omkom etter å ha ramla ned ein stige.
5. Håkon Embrikson Ramsviken 19.03. 1862-1943
Ug. Til Am. i 1884: Tucson, Arizona. Håkon vart blind. Død i San Diego, California.
6. Svein Embrikson Ramsviken 12.07. 1865-
Svein fekk dottera Anne 1886-1978 med Anne Olsdtr. vestre Grov. Anne vart gift med Torvald Fosholdt, sidan med Ludvig Stokkeland og farma i Tyrol, Griggs Co ND. (Gol V s 448)
    Svein reiste til Am. og er ikkje spurd sidan. I fylgje brev frå Eugene Vik var han musikar. Han vart borte i Am.
7. Ambjørg Embriksdtr. Ramsviken 26.01. 1869-1869
8. Arne Embrikson Ramsviken 30.08. 1871-1940
G 1894 m Hilda Veum, Skoger 1875-1966. Barn: Edvard 1895-1992 g 1935 m Selma Wilson (6 barn); Sigurd 1897-1974 gm Louise Josephine Rosett (4 barn); Anna 1899-1980 var gm Gust Lundberg, g 1941 m Adolph Nyhagen; Alf Arthur 1902-1991 gm Alvina Margaret Wilson; Birgit 1904-1991 var gm J.A. Greer, gm Gus deMakos; Agnes ....- gm W.L. Carlson, Minneapolis; Helga 1907- g 1940 m John E. Winger, Pinewood; Lars 1912-1991 g 1944 m Gertrude Holien (2 barn). (1428)114
    Arne flytte til Skoger med foreldra i 1893. Der dreiv han som fehandlar ei tid.
    Han skreiv seg 'Arne Vik' og kjøpte Holmen i Skoger i 1892 for 14000 kr. Arne selde Holmen for 42000 kr og reiste til Am. i 1916. Farmar ved St. Hilaire, MN. Dei fire fyrste ungane var busette nær ved, to av sønene farma i grannelaget.

Embrik og Anne var i Urden som nygifte i 1848, men kom til Ramsviken omlag 1850.
    FT 1865: husmann m/jord.
    I 1881 vart Viken frådelt med m.a. myreslåtta Kreklingslette, Asleflæe, ei slette ved Hellebustølen og noko slått i Ridalen som hadde lege til Viken frå gamalt. Embrik fekk då skøyte på Viken.
    Nedunder fossen, sør for Vikehølen i Storelva, hadde Embrik bygt kvern. Truleg hadde Lauvsletten og kvern på same plassen. Denne kverna reiste i vårflaumen eit år. Om vinteren flytte Embrik Viken kverna si ut på isen for å kunne mala om vinteren og. Om våren flytte han kvern og vassrenne inn att på land.
    Den gamle Sire-brua gjekk ut frå Viken. Embrik selde bruket i 1893 og flytte til Skoger der han døydde i 1908.

{309} År: 1893

Svein Sanderson TorpeHagen Ramsviken 16.07. 1829-1895
Foreldre: Sander Helgeson Leikvoll TorpeHagen og Kristi Sveinsdtr. Rikansrud.
Gm Gunhild Olsdtr. Lien Torpehagen 17.06. 1834-1897
Foreldre: Ola Olson Garnås Lien og Astrid Torsdtr. Hoftun (Gol) Lien.
*Barnebarn
1. Svein Holgeson Viken 22.03. 1906-1977
Sjå 1940-hushaldet.
    Foreldre: Holge Helgeson Gåsterud og Astrid Sveinsdtr. RamsViken.

Svein kjøpte Ramsviken i 1893. Om barna: sjå Torpehagen. Gunhild døydde som enkje i Ramsviken i 1897.

{310} År: 1899

Ola Sveinson Torpehagen RamsViken 19.08. 1863-1945
Foreldre: Svein Sanderson Torpehagen og Gunhild Olsdtr. Lien.

Ola var ugift. Han hadde Ramsviken frå 1899 til 1940, då han selde til systersonen Svein Viken. Ola kjøpte Byggjargards-rudningen hjå Kristi Olsdtr. i 1896.