Sagaslette gnr. 4 bnr. 32
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sagaslette gnr. 4 bnr. 32a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Sagaslette vart bygsla 1839 av Eirik Eirikson og Anne Torsteinsdtr. Plassen låg på ein utflata haug nordanfor Sireåne. Her var nok sagbruk ein gong.
    Sagaslette var truleg ikkje bebudd etter 1884. I dag er plassen utan hus og utan murar, men stuguhella syner. (1733)

{351} År: 1841

Eirik Eirikson Ruud Sagasletten 29.05. 1796-1884
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
Gm Anne Torsteinsdtr. Tuftebråten Sagasletten 29.10. 1797-1883
Foreldre: Torstein Olson Torpo m/ Ingrid Olsdtr. Tuftebråten - Ingridplassen.

Eirik og Anne gifte seg i 1821. Barn: dødf. gut i 1830. Dei bygsla Sagasletten på livstid i 1841. Vanlege rettar i skog og hamn og rett til lauving av 200 lauvkjerv. Einaste motyting var å skjera 5 mål åker. (1544)1899
    I 1845 bygsla dei eit jordstykke (hjå Sander H. Tufte) kalla Nedre Tuftebråten. Grunnleige: slå 8 mål eng i 7. veka, 1 dag arbeid etter Krossmesse og vegarbeid etter behov på garden Tufte sitt veg-stykke. (1545)305b
   

{352} År: 1875c

Gm Ingeborg Olsdtr. Storedalsplass 24.02. 1817-1897
G 1848 m Martin Mikkelson Ulshagaplass Storedalsplass. Barn: Ola 1849, Holge 1852- . Foreldre: Ola Olson Storedalsplass og Jørand Holgesdtr. Granlien.

Han Martin vart fråverande etterkvart. Han held seg borti Strandebarm og Ingeborg levde mest på kassa. Og det var ikkje så greitt.
    Ho Ingeborg flakka om i Torpo og 'betled sitt brød' i 1865. Ho skulle då på legd med ungane sine. I 1866 held 'uvesenet' fram, og ho vart truga med polititiltale om ho ikkje reiste til sitt eige heimstavnsdistrikt. Dette må ha vore eit grovt mistak frå øvrigheita.
    I 1875 budde Ingeborg og sonen Ola hjå Eirik og Anne. Sjå Storedalsplassen.