Haugen gnr. 4 bnr. 46
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Haugen gnr. 4 bnr. 46-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Haugen er samansett av fleire bruk og plassar under Nordre Sire (Sveinsgarden og Tufto.)
    Træet bnr. 46 er nok det opphavlege bruket. Ola Sveinson Sveinsgarden held att Træet då han selde garden i 1765.
    Bruket har også vore kalla Tretterudhaugen, noko som kjem av Ola Tomasson Tretterud som kjøpte plassane Tjuryhjalldalen og Stampejordet kring 1812. Stampejordet var ein plass som låg på båe sider av Sire-åne. Tjyruhjelldalen vart slege saman med Træet i 1856. Kolbotnslåtta bnr. 40, eit jordstykke rett opp for Torebråten, vart frådelt Tufto i 1879 og skøytt til Træet. Og i 1944 vart Gjesthaugen tilkjøpt.
    Haugen hadde stampe i Sireåne nedanfor brue (jfr. Stampejordet). I 1906 heitte det at kårmannen hadde bruksrett til stampa så lenge han ville.
    Ovanfor brue hadde Haugen kvern og sag. Den tida dei brukte vasskraft, måtte dei hjelpe til med sveiv når dei skulle skjera grovt tømmer. Saga var mykje brukt. I 1920-åra skar Petter Tretterudhaugen og Ola Sveinsgard filte. (Han såg best.) I 1924 vart saga modernisert med dobbel spindel og straum. Det vart skipa eit andelslag av skogeigarar, og dei hyra inn sagmeister frå Austfold. Tilsaman arbeidde no 7-8 mann på saga. Etter krigen ein gong vart rusta opp saga på nytt. Men no flytta dei saga på vestsida av elva der jernbanen var. Dette var starten på Bygdesagbruket på Torpo.
    Areal 1865: 7 mål åker; 18 mål naturleg eng. Avling: 6 tunner bygg, 5 tunner potet. Merknad: stundom tung vasshenting. Areal Tjyruhjelldalen 1865: 10 1/2 mål åker; 25 mål naturleg eng. Avling: 8 tunner bygg; 8 tunner potet.
    Areal 2000: dyrka jord 70 mål, anna areal 61 mål, produktiv skog 350 mål, anna utmark 550 mål. Buskap: 9 mjølkekyr fram til 2001. Sidan foringsdyr. Leigd jord 10 mål. Våningshus bygt 1980, kårhus 1943; låve og fjøs 1954, påbygd og rest. 1992, garasje/reiskapshus 1967, loft. Den gamle hallingstugu gjekk til ved.
    Stølar. Langstøl i Feten (gnr. 20/8). Heimstøl på Syverstølen (gnr. 17/104). Båe stølane ligg i Gol.

{414} År: 1764

Ola Sveinson Sire Træet 1719.-1775
Foreldre: Svein Olson Sveinsgarden Sire og Gro Olsdtr. Sata.

Om familien m.m. sjå under Sveinsgarden.
    I 1764 hadde Ola sett Sveinsgarden i pant. Men han heldt att til eige bruk Træet ved Sireelva og ein nyrudd støl, Dokken.
    Ved gardsyn halde 1765 var husa: ei stugu m/loft ovenpå; ei bu med kjellar; 1/2 låve, sauehus; stall; ei "kjølne" (bastugu); 1/2 smie, bryggjarhus. På langstølen Solhovdstølen: ei bu - utan tak på skjølet; ei gamal bu - dårleg. På heimstølen Dokken: ei stølsbu - dårleg, ei lu. Høveleg årleg avgift vart sett til 10 rd.
    Men Ola vart ikkje lenge i Træet. I 1765 selde han "min odelsplass " til Tore Eilevson.
    Husmann Ola Sveinson Sire fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632) Ola døydde på Bragernes i 1775 og vart gravlagd der.

{415} År: 1765

Tore Eilevson Eilevmoen Sire 1729.-1768
Foreldre: Eilev Toreson Grov Eilevmoen og Ingebjørg Halvorsdtr. Eldbjøro(?), Gol.
Gm Birgit Olsdtr. Opheim Træet 1736-1802
Foreldre: Ola Halvorson Opheim nordre og Guri Persdtr. Opheim.
*Barn
1. Guri Toresdtr. Træet Vesledal 12.02. 1758-1823
G 1793 m Lars Aslakson Vesledal, gnr. 7/1.
2. Eilev Torson Træet Huus 30.01. 1763-1826
Gm Kari Henriksdtr. Huus. Sjå Træet og Huus, gnr. 112/2.
3. Margit Toresdtr. Træet Gåsterud 12.01. 1766-1812s
Gm Holge Holgeson Gåsterud, gnr. 16/1.
4. Liv Toresdtr. Eilevmoen SireTræet 13.11. 1768-
Liv døydde ung.
*Barn elles
1. Lars Torson Sire 06.12. 1750-
Foreldre: Tore Eilevson Moen Træet m/Kari Larsdtr. Sire.
    Lars tenestgjorde 1773 ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani og budde på Huus.
    Sumaren 1774 gjorde Lars avtale med Embrik Espegard om kjøp av Kolbjørnstølen. Dei var då i Kopperud sitt hus på Bragernes. Avtala var muntleg og innebar m.a. at den av dei som braut avtala, skulle betale 50 rd til den andre. Deretter auka dei summen til 100 rd. Han betalte litt innpå sjølve kjøpesummen, men så ved påsketider neste år kom Lars til Espegard og sa opp heile avtala inkl. oppslag-summen. (1374) s 41
2. Birgit Larsdtr. Træet 06.12. 1750-
Foreldre: Tore Eilevson Moen Træet m/Kari Larsdtr. Sire.

Tore fekk tvillingane Birgit og Lars med Kari Larsdtr. Sire i 1750 før han gifte seg. NB. Både Kari og barna vart borte.
    I 1765 kjøpte han Træet hjå Ola Sveinson Sire for 107 rd. Det var gardsyn i 1765 - eigar av den andre halvparten var Tolleiv Olson Tufteslåtta. Husa var: stugu 24 rd, ei stugu m/kove og sval 14 rd, låve med 2 luer og agn-hus 26 rd, fehus, stall, kjellarbu, sauestall, badstugu og smie. Stølane var: Nystølen, Nybustølen, Langedokken. (1288) s 23
    Ola Herbrandson Bjørøyen lånte 201 rd hjå Tore i 1792. Tore var død før 1801.
   

{416} År: 1780c

Birgit Olsdtr. Opheim Træet 1736-1802
Foreldre: Ola Halvorson Opheim nordre og Guri Persdtr. Opheim.
Gm Knut Holgeson Ruud Træet 1717-1802
Foreldre: Holge Sanderson Ruud og Turid Helgesdtr. Hamarsbøen. Sjå Ruud i Torpo.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Ruud 1778-
Gm ... ... , Romerike. (jfr. skifte i Ruud 1805 etter farbroren Sander. Jfr.OB (1345).
2. Knut Knutson Ruud 07.07. 1781-
Truleg død liten.

Knut og Birgit gifte seg i 1778. Etter utpantinga i Ruud i 1779 kom dei truleg til Træet.
    Knut selde Træet i 1786 til steson Eilev Toreson for 80 rd og kår. (Kår: framfødd 2 geiter, til bruk: ein åker synst og nedst på plassen.
    I 1801 var Knut og Birgit almisselemmer i Træet.
   

{417} År: 1786

Eilev Torson Træet Huus 30.01. 1763-1826
Foreldre: Tor Eilevson Eilevsmoen - Træet og Birgit Olsdtr. nordre Opheim.
Gm Kari Henriksdtr. Huus 31.08. 1766-1854
Foreldre: Henrik Torson Huus og Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen.

I 1786 kjøpte Eilev Toreson Træet hjå stefaren Knut Holgeson for 80 rd og kår.
    I 1797 makeskifta Eilev eit slåttelende i "Opbomdalen"(?) og 32 rd med Ola Olson Sveinsgarden og fekk att eit skogstykke under Sveinsgarden. Det grensa opp mot saga og på nordre kant mot Sireåne. (1259) s 206b
    Sjå vidare under Huus.

{418} År: 1803

Torkjell Person Sehl Storlien 21.10. 1753-1831
Foreldre: Per Halvorson Garden Opheim Sehl og Margit Embriksdtr. søre Sehl.

Torkjell var gift med Barbro Tolleivsdtr. Huus. Dei budde i Sehl fram til ca 1785, var så i Storlien om lag 1800 og som gamle i Træet. Barn: sjå øvre Storlien.
    Dei kjøpte Træet for 350 rd i 1803. Med i handelen var ein skogrem og nokre slåtter som seljaren Eilev Toreson hadde kjøpt.
    Selde Træet og tok slikt kår i 1812: framfødd 1 ku og 2 småfe, 2 tunner bygg, litt rug, salt, humle, malt m.m. Torkjell døydde som kårmann i Træet i Torpo i 1831.

{419} År: 1812

Per Torkjellson Træet TretterudHaugen 14.11. 1784-1836
Foreldre: Torkjell Person Søre Sehl Storelien Træet og Barbro Tolleivsdtr. søre Huus.
Gm Birgit Ivarsdtr. Kinnebergbråten TretterudHaugen 1790-1873
Foreldre: Ivar Olson Kinneberg Kinnebergbråten og Ingrid Olsdtr. Skaga, Gol.

Per overtok Træet ved skøyte av 1812. Pris 400 spd og kår. Dei overtok også heimegarden hennar, Kinnebergbråten i Grønlio i Gol. Per døde 1836 som Kinneberg-bråten. Træet vart selt i 1836 for 240 spd.
    Barn: Barbro 1816-1863 g 1843 m Lars Hermannson Vestenfor; Ivar 1818-1895 Am., gm Barbro Nilsdtr. Løstegard; Ingrid 1821- g 1845 m Ole Andersen Ullevoll, Aker; Torkjell 1823-1908 g 1843 m Ingebjørg Olsdtr. Tretterud; Ivar 1826- til Am.; gm Olaug Tolleivsdtr. Blakkestad; Ingeborg 1828-1909 g 1845 m Arne A. Roen i Gol; Guri 1832-33; Tolleiv 1834-1917 til Am., gm Kari Gulliksdtr. Vøllo.

{420} År: 1843

Torkjell Person Mykleset TretterudHaugen 12.07. 1823-1908
Foreldre: Per Torkjellson Træet Mykleset og Birgit Ivarsdtr. Kinnebergbråten, Gol.
Gm Ingeborg Olsdtr. Bergahagen TretterudHaugen 10.11. 1821-1875
Foreldre: Ola Tomasson Tretterud Bergahagen og Birgit Mikkelsdtr. Bomberud.
*Barn
1. Per Torkjellson TretterudHaugen 28.08. 1844-1844
2. Per Torkjellson TretterudHaugen 29.09. 1845-1940
"Petter". G 1873 m Gunhild Knutsdtr. Nibstad. Sjå neste hushald.
3. Ola Torkjellson TretterudHaugen Thompson 09.12. 1849-
Gm Anne Andresdtr. Tryhus, 1856-1917. Til Am. 1868: West Valley, Minn. Han skreiv seg "Ole Thompson" og settla i Menisino, Manitoba Co. Dei andre brørne mista etterkvart kontakten med Ola.
4. Ivar Torkjellson TretterudHaugen 26.11. 1853-1928
G 1881 Gol m Margit Tolleivsdtr. Bråten, Grønlio i Gol 1850-1926. Barn: Ida 1881-1973 g 1904 m Theodore E. Hanson (5 barn); Caroline 1883-1962 g 1905 m Gilbert Mellem (7 barn); Torkel 1884-1908; Tollef 1886-1960 ug.; Bertine 1888-1963 g 1910 m Jens Otto Olsen; Emma 1890-1982 g 1918 m Ole A. Graff (3 barn); Ola 1892-1969 g 1918 m Annie Often (4 barn); Peder 1892-1974 g 1921 m Mabel Peterson (4 barn); Oscar 1895-1985 g 1920 m Nanna Midtskog (4 barn).
    Til Am. 1881: Walcott, ND. Dei tok seg land på Silver Prairie. (1399)
5. Tomas Torkjellson TretterudHaugen 14.06. 1858-1927
G 1890 m Kari Mikkelsdtr. Dalo/Støyten Stakestad. Barn: Torkel 1891-1891; Ida 1892-1981 g 1917 m Morris Christianson (8 barn); Selma 1894-1972 g 1919 m Andrew Veum (ingen barn); Marie 1896- gm Andrew Odden (2 barn); Torkel Melvin 1899-1899; Thilda 1900- g 1925 m Gilbert Often (4 barn); Melvin 1902-1959 g 1931 m Hazel Anne Olsen (5 barn); Inga 1905-1905; Clara 1907- g 1935 m Selmer Walberg (1 dotter); Ella 1909-1909; Torkel Emil 1910-1961 ug.
    Tomas reiste til Am. 1879: Wyndmere, ND og vart farmar der. (785) (1399) (Hems. s 402)

Torkjell og Ingeborg gifte seg i 1843. Torkjell var sjølveigar i 1865. Han brukte også Tjyruhjelldalen under Træet.

{421} År: 1875

Per Torkjellson Haugen 29.09. 1845-1940
Foreldre: Torkjell Person Mykleset Tretterudhaugen og Ingeborg Olsdtr. Tretterudhaugen.
Gm Gunhild Knutsdtr. Nivstad Haugen 1848-1923
Foreldre: Knut Knutson Nibstad og Barbro Reiarsdtr. Lagmannsgard, Gol.
*Barn
1. Torkjell Person Haugen 07.02. 1875-1916
G 1905 m Gro Helgesdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
2. Ingeborg Persdtr. Haugen Storlien 02.01. 1877-
G 1893 m Anfinn Bjørnson Ursdalen. Sjå 1918-hushaldet.
3. Knut Person Haugen 03.02. 1879-1879
4. Barbo Persdtr. Haugen Holo 24.01. 1880-1929
G 1910 m Tolleiv Syverson Holo. Sjå Søre Svillegarden. Sjå barnebarn.
5. Knut Person Haugen 27.01. 1882-1891
6. Birgit Persdtr. Haugen 15.02. 1884-
7. Ingebjørg Persdtr. Haugen 15.01. 1886-1961
8. Per Person Haugen 24.06. 1887-1974
Per hadde farm i Montana ei tid, sidan kom han heim att og var snikkar. Per budde på heimegarden på sine gamle dagar.
9. Ingebjørg Persdtr. Haugen 29.06. 1890-1890
*Barnebarn
1. Knut Eirikson Holo 22.06. 1907-1983
Barn m/Anne E. Stølen 1911- . Barn: Knut 1935- sjå Stølen, gnr. 44/12.
    Knut var snikkar og sagbruksarbeidar. Han budde i Votndalen.
    Foreldre: Eirik Torson Kolsrud (ungkar) og Barbo Persdtr. Haugen Holo.

Per og Gunhild gifte seg i 1873. Per hadde vore i Am. ein tur før han gifte seg og overtok garden.