Skuleslåtta gnr. 4 bnr. 49
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skuleslåtta gnr. 4 bnr. 49-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skuleslåtta ligg på flatene vestafor Storelva. Tidlegare namn på bruket var Slåtta eller Tufteslåtta. Namnet Skuleslåtta kom etter at læraren Ola Olson Rotneim kom hit i 1798.
    NB. I 1838-matrikkelen er det ein skrivefeil. Bruket er kalla "Pladsen". Men i panteregisteret står bruket som "Pladsen Skoleslåtten". Berre "Pladsen" er vidareført til FT 1865, men etter den tid brukar kjeldene 'Skuleslåtta'.
    I 1890 vart nabogarden Svarvargarden slege saman med Skuleslåtta. Skuleslåtta var utsett for flaum frå Storelva.
    Areal 1865: 14 1/2 mål åker; 6 mål dyrka eng; 16 mål naturleg eng; 1 mål utslått. Avling: 8 tunner bygg.
    Areal 2000: Dyrka jord 60 mål, anna 115 mål, produktiv skog 400 mål. Våningshus bygt 1983, gamalt kårhus, 2 loft, gamal låve, fjøs 1946. Gamlestugu i Skuleslåtta vart selt og står no som hytte i Mjølgebotten.

{430} År: 1750

Tomas Syverson Roen Tufteslåtta 1723c-1784
Foreldre: Syver Tomasson Tufto Roen under Rotneim og Gjertrud Andersdtr. Rotneim, Gol.
Gm Birgit Johannesdtr. Saraøyen Tufteslåtta 1728-1801
Foreldre: Johannes Helgeson Treverket Saraøyen og Sara Hermundsdtr. Rotneimsøyen, Gol.
*Barn
1. Syver Tomasson Tufteslåtta Eivindhaugen 17.12. 1758-
Gm Ingebjørg Mikkelsdtr. Medhus. Sjå Eivindhaugen.
2. Johannes Tomasson Tufteslåtta 13.12. 1761-1800
Ukjend lagnad. Død 1800.

Tomas og Birgit gifte seg i 1753. Barn fødde utanfor Ål: Gjertrud 1754-liten; Gjertrud 1756- g 1783 m Botolv Hermannson Sørbøenmoen til Jørnbråten i Gol, sidan til Tønsberg; Margit 1764-1810 ug.; Jørand 1767- ; Helge (gut/jente) 1770-.
    NB.Tomas fekk også eit barn med Olaug Olsdtr. Bjørøyen: Gjertrud 1752-1805.
    Tomas kjøpte Slåtta i 1750, men fyrste barnedåpen på Tufteslåtta var i 1758.
    Ved skøyte av 1750 vart Tomas eigar av: ei slåtte vestanfor elva, nordanfor Bjørhusviken som 'til forn' låg under Tufte. Rett til ved, lauv og ris og bar til krøtera. Dessutan Bråten eller Eivindsbråten som låg tett ved og på nordre side av slåtta. Pris 14 rd. Seljarar var Tomas Mikkelson Tufte og broren Arnfinn Syverson Roen. (1174) s 186
    I 1764 makeskifta Tomas bort Tufteslåtta og 215 rd med Knut Person Golberg og fekk att ein Golberg-gard mot å ta på seg ein pant på 300 rd.
    Tomas var svær til å spela på munnharpe. Ein gong han låg på timrehogst innpå åsen, kom det to haugajenter inn i årebue ein kveld han sat og spelte. Jentene dansa heile kvelden og halve natta. Til sist tok Tomas stengde ljoren for å røykje dei ut. Då jentene til sist gjekk, kasta han ein eldbrand etter dei. Då lo det borti berget: "Ha ha, no fekk ho Grylte flesk i fue sine." (Mehlum, Nu 1935)
    Tomas og Birgit budde på Røyse-Golberg i Gol frå 1764. Frå 1770 var dei i nordre Finnesgarden i Gol. Tomas drukna i Krøderen i 1784. Sjå meir om Tomas i Gol VI s 642.

{431} År: 1764

Knut Person Golberg Sire 1710c-1792c
Foreldre: Per Pålson Øygarden og Ragne Syversdtr. Gjøto, Gol.
Gm Ingeborg Persdtr. Anderdal Sire 1714c-
Foreldre: Per Bjørnson Stølen og Margit Jakopsdtr. Purkestad Frøysok.

Knut og Ingeborg gifte seg 1741. Dei kom til Tufteslåtta i 1764 etter å ha makeskifta Røyse Golberg med Tomas Syverson Tufteslåtta. Knut fekk 215 rd i mellomlag. Men alt neste år vart det nytt makeskifte.
    Knut makeskifta 1765 "mot konens vilje" Tufteslåtta med Syver Arnfinnson Brenna, Gol og fekk att Haugo i Gol, Finnestølen og 148 rd. Men så viste det seg at Syver hadde ikkje heimel på Finnestølen, og det vart rettssak mellom Knut og Syver. (1368) s 21
    Knut Person fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Knut og Ingeborg har truleg flytta ut or dalen. Det kan vera Ingeborg som vart gravlagt 1788 på Strømsø: 'enken Ingeborg Pedersdtr Gravers, 77 år'. Truleg var det sonen Per Knutson som budde på plassen Torkop i Nesbygden (Nesbrygge?) i Jarlsberg då han som eldste son i 1792 selde odelsretten til Slåtta.
   

{432} År: 1775

Tolleiv Olson Bjørøyen Tufteslåtta 1726-1787
Foreldre: Ola Gjermundson Bjørøyen og Sigrid Embriksdtr. Opheim.
Gm Kari Olsdtr. Sire Bjørøyen 1722.-
Foreldre: Ola Halvorson Nedre Sire og Gjertrud Tomasdtr. Sire.
Gm Margit Syversdtr. Sire Svarvargarden 24.06. 1744-1836
Foreldre: Syver Tomasson Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sigrid Tolleivsdtr. Sire 27.12. 1759-1787f
2. Syver Tolleivson Sire 07.12. 1760-1787f
3. Ola Tolleivson Sire Vestenfor 31.05. 1764-1851
G 1784 m Kari Nilsdtr. Nyhus. Sjå 1790-hushaldet, Nedre Sire og Vestenfor, gnr. 1/6.
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Tolleivsdtr. Sire Vestby 04.12. 1785-
G 1823c m enkjemann Anders Nilson Vestby i Maridalen.
    Utflutt til Ullensaker. Sidan kom ho til Maridalen.
*Barn elles
1. Håkon Tolleivson Tufte 10.12. 1752-
Foreldre: Tolleiv Olson Bjørøyen Sire m/Birgit Mikkelsdtr. Tufte.
2. Olbjørn Tolleivson 24.03. 1754-
Foreldre: Tolleiv Olson Bjørøyen Sire m/Gro Syversdtr. ... .
    Faddrar: Syver Torpo, Syver Hagen, Helge Lien, Marte Olsdtr. Bjørøyen, Anne Herbrandsdtr. Bråtalien.

Tolleiv var fyrst gift med enkje Kari Olsdtr. Sire. Så gifte han seg oppatt med enkja Margit Syversdtr. Sire.
    Tolleiv var busett på Sire i 1769. I 1775 fekk han skøyte på plassen Tuftestølen hjå Knut Person for 250 rd. Seljaren Knut Person tok atterhald om forkjøpsrett innan fem år.
    På skiftet etter Tolleiv på 'Tuftestølen' 1787 var det 20 rd å dele på enkje og 2 barn i 2 kull.
    I 1788 bygsla Margit halve Svarvargarden hjå stesonen Ola Tolleivson mot 2 ort årleg avgift.

{433} År: 1790

Ola Tolleivson Sire Vestenfor 31.05. 1764-1851
Foreldre: Tolleiv Olson Bjørøyen Sire og Kari Olsdtr. Sire.
Gm Kari Nilsdtr. Nyhus Sire Vestenfor 22.09. 1765-1837
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus Sire og Guri Helgesdtr. Lien.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Sire 15.08. 1784-
Barn m/Helge Larsson Dokken, Nes pr.gj.: Lars 1809- .
2. Guri Olsdtr. Sire 30.12. 1787-
Ein kjenner ikkje til kva som skjedde med Guri, Sigrid, Jørand, Margit og Kari. Men Sigrid er med på folketeljinga 1801.
3. Sigrid Olsdtr. Sire 13.09. 1789-
4. Tolleiv Olson Sire 1791-1824
Til Eiker 1822 på tenest. Død 1824 som inderst i Laddeplasen under Bjørøyen. (ukjent plassenamn).
5. Jørand Olsdtr. Sire 23.02. 1794-
6. Margit Olsdtr. Sire 18.09. 1802-
7. Kari Olsdtr. Sire 02.03. 1806-
8. Nils Olson Sire 26.09. 1808-1810

Ola og Kari gifte seg i 1784. Ei tid budde dei på ein plass kalla Staupebråten under Sire,- eit ukjent plassenamn elles. (957)
    I 1787 delte Ola og stemora eiga etter far hans, Tolleiv Olson på myljo Sire. Ho fekk 40 rd og 4 kyr og 9 sauer. Ola fekk resten, men skulle svare for gjeld og utgifter i buet. Gamle Knut Syverson Sire hadde avtale om mat, varmt hus på plassen Tufteslåtta og oppvarting under sjukdom. Som motyting skulle Ola få eiga etter Knut då han gjekk bort.
    Ola Tolleivson Sire og hustru overlet garden Sire Myljo mot kår til Per Arneson Bøygard Bæra i 1793. Kjøpesum står ikkje i kontrakta. Kår: 5 tunner stritt byggkorn, 3 mål åker ("Hagen og Rørsåkeren"), osv. Dessutan skulle Ola få bruke hest til køyring til og frå stølen.
    I 1808 skreiv han seg 'Storliøen'.
    Ola og Kari budde i Vestafor siste åra. Ola døydde på legd i 1851.

{434} År: 1798

Ola Olson Rotneim Skuleslåtta 1745-1819
Foreldre: Ola Steingrimson Løstegard Rotneim og Ingeborg Syversdtr. Rotneim, Gol.
Gm Kari Herbrandsdtr. Jegleim Skuleslåtta 1759-1841
Foreldre: Herbrand Tolleivson Jegleim og Guri Olsdtr. Nilsegarden Frøysok, Gol.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Skuleslåtta Sirerudningen 15.12. 1784-1868
G 1819 m Ola Eivindson Sirerudningen. Sjå Sirerudningen, gnr. 4/34.
2. Ola Olson Skuleslåtta 1789-1868
G 1819 m Guri Olsdtr. Svartebråten, Gol. Neste hushald.
3. Herbrand Olson Skuleslåtta Hagaplassen 02.10. 1791-1833
G 1820 m Ragnhild Tomasdtr Tretterudhaugen. Sjå Hagaplassen, gnr. 8/1c.
4. Guri Olsdtr. Skuleslåtta 02.10. 1794-
Ugift 1841. Kva gjorde Guri etter 1841?
5. Steingrim Olson Skuleslåtta 06.11. 1796-1803
Han døydde 6 år gamal.
6. Guri Olsdtr. Skuleslåtta 04.11. 1798-
Gm Ola Torsteinson Lien i Sokndalen.

Ola var skulehaldar og husmann på Vestaforslåtta frå omlag 1795 og på Skuleslåtta frå 1798.
    Ola var så flink i skulen at læraren sette han til å undervise medan han sjølv dreiv med anna arbeid. Dermed fekk han tilnamnet "Skuleguten" og bruket vart kalla Skuleslåtta. Ola fekk kreft i høgre handa, og fekk 3 rd støtte hjå kassa i 1805.
    Kari sat som enkje i 22 år på Skuleslåtta og var vanfør dei siste åra. Var det ikkje for barna hennar, så hadde ho vore på fattigkassa, heitte det. Då Kari døydde i 1841, var det dottera Guri som eigde den einaste kua i Skuleslåtta.

{435} År: 1830c

Ola Olson Skuleslåtta 1789-1868
Foreldre: Ola Olson Rotneim Skuleslåtta og Kari Herbrandsdtr. Jegleim.
Gm Guri Olsdtr. Svartebråten Skuleslåtta 1795-1868
Foreldre: Ola Halvorson Svartebråten og Ragne Olsdtr. Haugen frå Åsgardane i Gol.
*Barn
1. Ola Olson Skuleslåtta #Håvelmoen 08.01. 1821-1879
G 1847 m Birgit Halvorsdtr. Håvelmoen. Neste hushald.
2. Kari Olsdtr. Skuleslåtta 05.10. 1823-1895
G 1862 m Kolbjørn Olson Narums-eie (Gol) Svarvargarden. Sjå 1890-hushaldet og Svarvargarden, gnr. 4/23.
3. Ola Olson Skuleslåtta 22.11. 1825-
Til Am. i 1849. Ola var heimatt ein tur på etterjulsvinteren 1861 og fekk med seg mange hallingar over til Amerika. Truleg nemnt i Ulvestad (bind 2 s 919) som ein av dei fyrste setlerane ved Nerstrand, MN.
4. Steingrim Olson Skuleslåtta 04.11. 1828-
Steingrim var i Minnesota i 1868.
5. Ragne Olsdtr. Skuleslåtta 20.08. 1832-
Reiste til Am. 1861.
6. Herbrand Olson Skuleslåtta 03.10. 1835-
Han fekk utvandringsattest i 1854. Til Dakota i 1858. Sjå Hallingen nr. 2 1912 s 21.
7. Halvor Olson Skuleslåtta 08.08. 1838-1858c

Ola og Guri gifte seg i 1819. Ola overtok Skuleslåtta etter foreldra. Dei selde vidare til sonen Ola Olson i 1856.

{436} År: 1856

Ola Olson Skuleslåtta Håvelmoen 08.01. 1821-1879
Foreldre: Ola Olson Skuleslåtta og Guri Olsdtr Svartebråten.
Gm Birgit Halvorsdtr. Håvelmoen 1830-1909
Foreldre: Halvor Håvelson Håvelmoen og Jørand Steingrimsdtr. Rudningen, Gol.

Ola og Birgit gifte seg i 1847. Dei budde på Håvelmoen i Gol.
    Barn: Guri 1848-1936 g 1874 m Syver Olson Liahagen-Torshaug (9 barn); Halvor 1850-1907 g 1879 m Ingebjørg Halvorsdtr. Eikro; Jørand 1853-1918 g 1877 m Johan Johanson Ulveneige-Midtbråten, Jevnaker; Ola 1855-1936 ug. til Alaska og sidan Dawson, Yukon Canada; Margit 1858-1951 g 1879 m Ola Asleson Løstegard til Fargo (1 dotter); Ola 1860-1951 g 1881 m Guri Olsdtr. Øvre Ro; Håvel 1863-1888 drukna ved Trillhus; Kari 1865-1951 g 1892 m Julius Alm, Oslo til Silverton, Oregon; Herbrand 1868-1957 g 1888 m Birgit Olsdtr. Olsgard til Renville, MN; Steingrim 1872-1872; Steingrim 1873-1935 gm ... til Am.
    Ola fekk skøyte på Skuleslåtta i 1856, men bygsla bort bruket alt neste år. I 1865 budde Ola og familien med 8 barn på Skuleslåtta. Ola vart kalla Skuleguten, eit kallenamn som både far og bestefar hadde før han. Ola var omgangskulelærar på Rotneim. Han starta som skreppekræmar, kjøpte skog og vart brøtningsformann.
    Så begynte han med kråmbu på Håvelmoen. Ola var svært nøye av seg, korkje kjerring eller ungar fekk vera i krambua når han ikkje var tilstades. Han kjøpte mykje fast eigedom på Rotneim. Til sist hadde han kara i hop 7000 spd.
    Enkja og ungane reiste til Amerika då Ola var død.
   

{437} År: 1870c

Kari Olsdtr. Skuleslåtta 05.10. 1823-1895
Foreldre: Ola Olson Vestenforslåtta og Guri Olsdtr. Svartebråten.
Gm Kolbjørn Olson Svarvargarden Skuleslåtta 30.10. 1833-1906
Foreldre: Ola Person Uthalle-Narum (Gol)-Svarvargarden og enkje Margit Andersdtr. Narum, Gol.
*Barn
1. Ola Kolbjørnson Svarvargarden 28.08. 1862-
2. Ola Kolbjørnson Svarvargarden Skuleslåtta 22.10. 1865-
G 1894 m Guri Olsdtr. Bråten, Gol. Neste hushald.

Kolbjørn og Kari gifte seg i 1862. Fyrste tida var dei på Svarvargarden. Så overtok Kolbjørn Skuleslåtta kring 1870, fekk skøyte i 1890. Fire barn fekk dei, alle heitte Ola. Men berre ein eller to voks opp.