Bjørøyen, øvre gnr. 5 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bjørøyen, øvre gnr. 5 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Bjørøyen ligg i halla søraust for Nedre Bjørøyen. Sjå innleinga under Bjørøyen, gnr. 1. Desse to gardane har delvis hatt same eigarar og vore i bruk saman. Men dei har fått ulike gardsnummer.
    I 1865 var det 16 mål åker, 64 mål natureng. Byggavlinga var 10 tunner.
    Husmannsplassar var Bjørøyslåtta, Vestafor og Sollien.
   
   

{456} År: 1750c

Herbrand Olson Bjørøyen Bjørøyslåtta 1720-1784s
Foreldre: Ola Olson Nyhus? Bjørøyen og Rangdi Olsdtr. ... .
Gm Anne Olsdtr. Opheim Bjørøyen 1720c-1800
Foreldre: Ola Arneson nordre Opheim og Margit Guttormsdtr. Helling.
*Barn
1. Ingrid Herbrandsdtr. Bjørøyen 29.06. 1747-1784f
Ikkje arving i 1784. Ikkje funnen død.
2. Randi Herbrandsdtr. Bjørøyen Tuftebråten 27.02. 1752-1827
G 1785 m enkjemann Ola Gjestson Sørbøen Juven Tuftebråten, gnr. 4/41. Barn: Ingrid, sjå barnebarn.
3. Ola Herbrandson Bjørøyen 02.02. 1755-1793s
Gm Helge Olsdtr. Rime Skjerping. Sjå 1774-hushaldet.
4. Ingrid Herbrandsdtr. Bjørøyen 14.03. 1756-1784f
Ikkje arving i 1784. Ikkje funne død.
5. Ola Herbrandson Bjørøyen Svarvargarden 07.05. 1757-1821
Gm enkje Margit Syversdtr. Tufteslåtta. Sjå Svarvargarden, gnr. 4/23.
6. Halvor Herbrandson Bjørøyen Sire 1757-
Gm ... ... . Gm Liv Jørgensdtr. ... . Sjå Byggjargarden, gnr. 4/31.
7. Halvor Herbrandson Bjørøyen Bjørøyslåtta 31.05. 1761-1831
G 1793 m Ingrid Holgesdtr. Satamoen 1759-1837. Sjå Bjørøyslåtta, gnr. 5/1a og Grasstauren, gnr. 32/8a.
8. Knut Herbrandson Bjørøyen Vestenfor 26.08. 1764-1829
G 1790 m Marte Persdtr. Sehl. Sjå Vestenfor, gnr. 8/13.
*Barnebarn
1. Ingrid Olsdtr. Bjørøyen Vestenfor 16.06. 1776-1868
G 1821 m Tor Halvorson Rust Vestenfor, gnr. 1/6.
    Foreldre: soldat Ola Olson Medhus og Randi Herbrandsdtr. øvre Bjørøyen.
2. Endre Holgeson Bjørøyen Gjesthus 1783-1815
Foreldre: Holge Endreson Bråtalihaugen (ungkar) og Randi Herbrandsdtr. øvre Bjørøyen.
    Endre fekk 13 settung korn som støtte i 1814, men døydde neste år. (777)

Herbrand var gift soldat, busett på Nedre sata i 1748. Herbrand var odelsarving til Bjørøyen, som var panta bort i 1721. Han overtok truleg Bjørøyen kring 1750.
    I 1747 selde Herbrand odelsretten til Nyhus 6 lb. til Torkjell Villand for 99 rd. Han var lagrettemann frå 1756.
    Herbrand og Anne selde Bjørøyen til sonen Ola i 1774 og fekk slikt kår i 1780: 3 tunner stritt korn, 1 tunne brødkorn, 2 settung rug og 2 settung hampesæd, framfødd 2 kyr og 6 småfe, hus og hest.
    Herbrand og Anne budde i Bjørøyslåtta som husmann/kårfolk. Anne fekk slikt kår i 1793: framfødd 1 ku og 3 småfe. 30 settung korn, 18 settung brødkorn, 1 settung rug og 1 settung hampe-sæd. Varmt hus og oppvarting,og dessutan hest 'til fornødenhed'.
   
   

{457} År: 1774

Ola Herbrandson Bjørøyen 02.02. 1755-1793s
Foreldre: Herbrand Olson Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.
Gm Helge Olsdtr. Skjerping Bjørøyen 14.02. 1745-1801
Foreldre: Ola Knutson Rime Skjerping og Anne Håkonsdtr. Berg.

Ola overtok Bjørøyen i 1774 for 150 rd og kår. Barna er førte under Bjørøyen gnr.1.
    På skiftet etter faren i 1784 var presten frampå og ville ha arbeidsdagar i gåve, då Herbrand hadde vore husmann. Ola nekta for dette og sa at faren hadde overdrege bruken av plassen til han etter å ha hatt kår der.
    I 1787 kjøpte Ola Nedre Bjørøyen for 450 rd hjå Ola Larsson.
    Ola lånte 195 rd i 1792. På skiftet etter Ola i 1793 levde enkja, 2 søner og 4 døtre. Buet var 329 rd. Ho Helge fekk slikt kår: framfødd ei ku og tre småkrøter og dessutan 30 settung korn, 18 settung brødkorn og 1 settung rug og 1 settung hampesæd.
    Sonen til ein kreditor, Ola Larsson Kinneberg, ville løyse garden Bjørøyen for den odelen som far hans hadde. Om enkja godtok dette straks, skulle han sjå bort frå den forringinga som garden hadde lide i Ola si tid. Enkja nekta, og tvisten vart vist til lov og rett. Enkja fekk utlagt søre Bjørøyen på skiftet i 1793.

{458} År: 1795

Helge Olsdtr. Skjerping Bjørøyen 14.02. 1745-1801
Foreldre: Ola Knutson Rime Skjerping og Anne Håkonsdtr. Berg.
Gm Eivind Eivindson Kjellargard Bjørøyen 28.09. 1766-1854
Foreldre: Eivind Eivindson Kjellargard Torpebråten og Margit Olsdtr. Løken.

Helge gifte seg opp att med Eivind i 1795. Dei fekk ingen barn. Sjå også førre hushald.
    På skiftet etter Helge i 1801 var det 568 rd å dele etter at gjeld og utgifter på 779 rd var fråtrekt. Eivind kravde 1/4 i garden og dertil kår hjå arvingane Knut og Ola Herbrandsøner. Dei nekta kravet ettersom det var stor gjeld. Då let Eivind nedre Bjørøyen gå til auksjon i 1802, der han sjølv kjøpte for 610 rd. Sjå vidare der.

{459} År: 1801c

Herbrand Olson Bjørøyen 21.05. 1780-1815
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen og Helge Olsdtr. Skjerping.
Gm Ingeborg Olsdtr. Sveinsgarden Bjørøyen 24.03. 1790-1820
Foreldre: Ola Olson Arnfinnmoen Sveinsgard Sire og enkje Guri Olsdtr. Torpo.
*Barn
1. Ola Herbrandson Bjørøyen Settungsgard 24.05. 1808-1875
G 1835 m Kari Olsdtr. Sveinsgard. G 1839 m Gunhild Aslesdtr. Gudbrandsgard. Sjå Settungsgardhaugen, gnr. 83/3.
2. Helge Herbrandsdtr. Bjørøyen 07.12. 1809-1810
3. Helge Herbrandsdtr. Bjørøyen Gommerud 16.01. 1811-
Gm Kristen Anderson Gommerud-eie, Lier. (Ho reiste ut til tenest på Modum i 1829.)
4. Guri Herbrandsdtr. Bjørøyen Kaslegard 16.03. 1813-1864
G 1844 m Olbjørn Viggerson Kaslegard, gnr. 8/1.
5. Margit Herbrandsdtr. Bjørøyen 26.09. 1815-
Gm Engebret Olson Smed på Blåfargeverket. Busett i Land i 1859.

Herbrand overtok garden då mora døydde. Ingeborg og Herbrand gifte seg i 1807.
    På skiftet etter Herbrand i 1816 var det 445 rd å dele. Men det vart halde ny takst på garden, sidan den gamle var sett med 'dåverande gode pengar' (rd).
    Ingeborg gifte seg opp att i 1816. Sjå neste hushald.
   

{460} År: 1816

Ingeborg Olsdtr. Sveinsgarden Bjørøyen 24.03. 1790-1820
Foreldre: Ola Olson Arnfinnmoen Sveinsgard Sire og enkje Guri Olsdtr. Torpo.
Gm Syver Olson Skjerping Bjørøyen 19.07. 1789-1853
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard.
*Barn
1. Ola Syverson Bjørøyen 16.07. 1817-1821f
2. Ola Syverson Bjørøyen Brujordet 06.07. 1819-1887
G 1848 m Anne Ivarsdtr. Berget, N. Aurdal.
    Barn: Syver 1849-1932 gm Ragnhild Hippe, bonde på Brujordet. (2 barn); Ivar 1851-1868 drukna; Ingeborg 1855- tidleg til Am. gm Svein Ulsaker (6 barn); Tor 1856- ug., tidleg til Am., heim att 1908-9; Ole 1859-1920 tidleg til Am., ug. farmar i Dakota; Ragne 1862- tidleg til Am gm ... Madsen (.. barn); Nils 1864-1947 g 1890 m Gjertrud Helgesdtr. Haganes overtok søre Brujordet (8 barn); Berit 1868- .
    Ola og Anne kom til Brujordet i N. Aurdal kring 1856. I Valdres vart Ola kalla "Suggen".

G 1816 m enkje Ingeborg Olsdtr. Bjørøyen. Syver fekk skøyte på Sollien og halve plassen Slåtta i 1822. Pris: 400 spd.
    Syver døydde av kreft i 1853. Buet etter Ingeborg var på 195 rbd.

{461} År: 1821

Holge Sanderson Tufte Bjørøyen 21.10. 1764-1853
G 1799 m Margit Olsdtr. Barskrind. Foreldre: Sander Holgeson Ruud Sire og Gunvor Eivindsdtr. Hovde.

I 1821 fekk Holge Sanderson Tufte auksjonsskøyte på Bjørøyen for 577 spd. (1537) 15
    Holge selde Bjørøyen til Syver Olson att neste år, men held då att halve stølen Sollien og halve plassen Slåtta. Sjå meir om Holge på Tufto, gnr. 4/39.

{462} År: 1822

Syver Olson Skjerping Bjørøyen 19.07. 1789-1853
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
Gm Guri Persdtr. Sire Bjørøyen 17.01. 1796-1841
Foreldre: Per Arneson Bøygard Sire Øygarden og Barbro Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Ingebjørg Syversdtr. Bjørøyen Sire Tomasgarden 21.08. 1822-
G 1859 m Tomas Larsson Sire. Sidan til Am.: Chicago i 1869.
2. Birgit Syversdtr. Bjørøyen Askestad 30.09. 1824-
Gm sjømann Anders Askestad i Røyken. Ho var busett i Kr.ania i 1868.
3. Barbro Syversdtr. Bjørøyen 10.06. 1826-1843
4. Per Syverson Bjørøyen 02.10. 1828-1899
G 1854 m Guri Persdtr. Kvelprud. Sjå neste hushald.
5. Margit Syversdtr. Bjørøyen 15.01. 1831-1854
Margit døydde i Røyken der ho var tenestjente.
6. Embrik Syverson Bjørøyen 14.09. 1833-
Han kjøpte øvre Bjørøyen på skiftet etter faren i 1853. Selde til broren neste år. Han fekk utflyttingsattest i 1867 og arbeidde på jernstøyperi i Lier.
7. Ambjørg Syversdtr. Bjørøyen 07.08. 1836-1848f
8. Ambjørg Syversdtr. Bjørøyen 19.05. 1838-
Gm ... .... Busett i Drammen.
9. Guri Syversdtr. Bjørøyen 11.11. 1841-1842

Syver og Guri gifte seg i 1821. Sjå også 1816-hushaldet.
    Han fekk skøyte på Sollien og halve plassen Slåtta i 1822. Pris: 400 spd. Syver selde frå Vestaforslåtta i 1842.

{463} År: 1854

Per Syverson Bjørøyen 02.10. 1828-1899
Foreldre: Syver Olson Skjerping Bjørøyen og Guri Persdtr. Øygarden.
Gm Guri Persdtr. Kvelprud Bjørøyen 21.05. 1835-1867
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Ambjørg Olsdtr. Reiersgard Tormodsgard.
*Barn
1. Guri Persdtr. Bjørøyen 02.12. 1857-1887f
Til Am. Død før 1887.
2. Ambjørg Persdtr. Bjørøyen 09.06. 1862-1954
G 1882 m Ola Olson Sirerudningen Bjørøyen.
3. Ambjørg Persdtr. Bjørøyen 29.03. 1864-1954
Gm Ola Olson Sirerudningen Bjørøyen. Sjå 1882-hushaldet.
*Barn elles
1. Knut Person Siremoen 26.02. 1863-
Foreldre: Per Syverson Bjørøyen og Kari Solvesdtr. Sire. Sjå Siremoen.

Per kjøpte Bjørøyen i 1854. Han lånte pengar i 1864 og 65.
    Av uviss årsak vart Per sendt til Trondhjems Straffeanstalt omlag 1888, men han vart sjuk og kom heim att.
    I 1865 brukte dei øvre Bjørøyen og Bjørøybråten. Per selde att i 1882 for 3200 kr og kår.

{464} År: 1882

Ola Olson Sirerudningen 22.02. 1854-1915
Foreldre: Ola Olson Sirerudningen og Margit Nilsdtr. Sveinsgard.
Gm Ambjørg Persdtr. Bjørøyen 09.06. 1862-1954
Foreldre: Per Syverson Bjørøyen og Guri Persdtr. Kvelprud.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Bjørøyen Hagen 18.11. 1882-____
Guri var ute på tenest på garden Landfall i Drammen i 1915.
2. Ola Olson Bjørøyen 11.04. 1886-1886
3. Margit Olsdtr. Bjørøyen 18.09. 1887-1965
G 1909 m Knut Olson Vestenfor Bjørøyen. Sjå neste hushald.
4. Ambjørg Olsdtr. Bjørøyen Østby 04.05. 1893-____
Gm Ferdinand Østby, Erik Olsensg. 3, Drammen. Barn: Anny Brita 1921-1964 ug.

Ambjørg og Ola gifte seg i 1882. Han budde på Sysle nokre år, selde eigedomen og flytte opp att til Bjørøyen på sine gamle dagar. (NU 1915) Ola var urmakar.