Sollien gnr. 5 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sollien gnr. 5 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Fyrste gongen Sollien er nemnt er 1707 på Skjerping. Sollien er vidare nemnt i eit gardsyn på Skjerping i 1742. På Solli-stølen var tilstanden slik: ei lu må vølast for 2 rd; ei bu må vølast for 5 rd; fehuset må vølast for 6 rd; hestestall må vølast for 3 rd; enga i Sollien var nokså tilvoksen med skog, heitte det i 1742.
    Sollien kom etterkvart under Øvre Bjørøyen og var heimstøl og sidan plass. Men i 1830-åra låg Sollien under Tufto. Sollien ligg solvendt og fint til vest i Ridalen. Men det var lang og dårleg veg. Juledagen spente folket i Sollien på ski, og gjekk utpå brotet så dei fekk høyre klokkene nede frå Torpokyrkja.
    I Sollien braut dei opp åkrar og fekk moge korn. Med villmarka rundt seg hausta dei mykje vilt og fisk. Det vart fortalt at dei drog loa ned på isen og treska kornet der. Det var kvernbruk i Sollien.
    Ei tid var Sollien delt i to, men bruket vart samla att. Her var fast busetnad frå 1834 til 1856 om lag. Sidan vart Sollien nytta av skogsarbeiderar m.m. I 1918 vart Sollien selt til Statens skoger og har sidan vore husvære for skogvaktaren. Og feriestad.

{470} År: 1834

Ola Anderson Gudmundsrud Bæra 1779.-1844
Foreldre: Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud og Dordei Syversdtr. Kleiven.
Gm Sissel Olsdtr. Ruud Bæra 24.10. 1779-1848
Foreldre: Ola Olson Ruud og Birgit Olsdtr. Havardsgard.

Ola var fyrst gift med Lukris Eivindsdtr. Perplassen i 1803. Dei budde på Sundre.
    Han vart attgift 1808 med Sissel Olsdtr. Om ungane: sjå Bæra. Han bygsla Sollien i 1834 og sonen Ola bygsla frå 1849.

{471} År: 1849

Ola Olson Bæra Sollien 20.01. 1814-1852
Foreldre: Ola Anderson Gudmundsrud Bæra Sollien og Sissel Olsdtr. Ruud.
Gm Birgit Halvorsdtr. Baggesteg Sataplassen 23.12. 1807-1887
Foreldre truleg: Halvor Anderson Moen Sataøyen Ulshagaeie og Margit Olsdtr. Lauvsletten.
*Barn
1. Syver Olson Sollien Eilevmoen 25.04. 1846-1894
G 1880 m Kari Sveinsdtr. Vestenfor. Sjå Haugo, gnr. 22/3.
2. Ola Olson Sollien Hellingteigen 03.02. 1850-1933
G 1876 m Guri Syversdtr. Moen Sollien. Sjå Hellingteigen, gnr. 20/15.

Dei gifte seg i 1846. I 1849 bygsla dei plassen Sollien hjå Sander Tufte. Årleg leige var: 6 bismarpund smør; 6 bismarpund ost; 6 bismarpund prim og 1 bismarpund fisk. Dertil skulle dei fø ein kalv for bonden. På si side skulle Sander yte årleg: 5 settung bygg og 1/2 settung salt. Bygslefolket skulle vera fritekne for vegarbeid.
    Ola vart sjuk og låg ni veker med hevelse i underlivet før han døydde. Birgit fødde opp gutane og vart buande i Sollien til 1856. Då sa ho opp bygsla pga. lang skuleveg o.a. Dette var dei siste fastbuande i Sollien. Birgit døydde i 1887.