Vestafor/Hagen gnr. 8 bnr. 5
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Vestafor/Hagen gnr. 8 bnr. 5-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Søre Vestafor (også kalla 'Hagen'.) var plass under Torpehagen. Grunna skiftande namn på 'Hagaplassane' er det litt ugreitt med brukarekka her. Plassen Slåtta vart bortbygsla i 1825, den ligg no til Vestafor, bnr. 5, og brukarane er førte her.
     	Langstølen på Hagastølane er nedlagt. Vanleg buskap i 1930-åra: 4 kyr, 2 ungfe og 15 småfe.
     Areal 1995: dyrka jord 23 mål som vert leigd bort, anna areal 7 mål, produktiv skog 400 mål, anna utmark 10 mål. Våningshus bygt 1954, gamalt loft flytta og rest. 1958, driftsbygning 1951.
     
{631} År: 1820
 
Knut Solveson Nubgarden Sire   29.09.  1750-1821
Foreldre: Solve Knutson Helling og Kari Halvorsdtr. søre Opheim.
Gm Kari Tolleivsdtr. Dusegard Gullbrekkodden     1738-1811
Foreldre: Tolleiv Ørjanson Kaslegard Dusegard og Ingebjørg Håkonsdtr. Berg.
Barn: sjå under Byggjargarden, gnr. 4/31. Dei siste leveåra var Knut og Kari i Vestaforslåtta.
{632} År: 1845c
 
Botolv Nilsson Ruud Vestenfor   09.07.  1810-1884
Foreldre: Nils Knutson søre Opheim-Ruud og Birgit Larsdtr. Ruud (Løyte).
Gm Kristi Sveinsdtr. Rikansrud TorpeHagen   21.12.  1806-1890
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen (Gol).
Botolv og Kristi gifte seg i 1836. Barn: Sander 1837-1923. Sjå Hagen.
     Kristi var enkje etter Sander Helgeson Leikvoll TorpeHagen.  Botolv held att Vestenfor då han selde Torpehagen til Svein Sveinson Hagen i 1845.  
{633} År: 1863c
 
Sander Botolvson Hagen Vestenfor   02.02.  1837-1923
Foreldre: Botolv Nilsson Ruud Vestenfor og Kristi Olsdtr. Rikansrud Hagen Vestenfor.
Gm Kari Syversdtr. GurigutMoen Vestenfor   13.05.  1848-1925
Foreldre: Syver Syverson Skjervheim Gurigutmoen og Margit Arnfinnsdtr. Roen.
*Barn
1. Kristi Sandersdtr. Vestenfor    21.01.  1878-1968
Budeie på Søre Blakstad i Asker i 1900. Død som Vestenfor i 1968. Sjå neste hushald.
2. Margit Sandersdtr. Vestenfor Hovde   04.09.  1879-1967
G 1910 m Ingvald Nelson Hovde, Hillsboro, ND 1884-1929. Barn:  Lloyd 1913-1988  gm Hazel ... (2 gonger), - gm Margareth ... . Til Am. i 1904: Hatton, ND. Busett Grand Forks, ND.
3. Anne Sandersdtr. Vestenfor    19.06.  1881-1930
Ug. 
4. Birgit Sandersdtr. Vestenfor    18.09.  1883-1969
Ug. Sjå neste hushald.
5. Guri Sandersdtr. Vestenfor    29.11.  1886-1891
6. Botolv Sanderson Vestenfor    24.04.  1889-1891
Sander og Kari gifte seg i 1877. Dei skøytte bruket til dottera Kristi i 1918.