Lyatun gnr. 9 bnr. 28
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lyatun gnr. 9 bnr. 28b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphaveleg heitte dette bruket Brubakken, det var ein husmannsplass under Søre Torpo. Her budde m.a. smeden 'Knut ved brune'. I 1938 vart eigedomen frådelt og fekk namnet Lyatun.
    Dette er truleg den same plassen som vart kalla Oleivshuse i 1795. Oleivhuset hadde litt skog nordanfor Lya, og der stod nokre usle hus i 1795. (1259) s 697

{693} År: 1763

Oleiv Knutson Torpo Torpemoen 1693-
Foreldre: Knut Oleivson Opheim Torpo søre og Sissel Torkjellsdtr. Storedal.
Gm Olaug Olsdtr. Bjørøyen Torpemoen 1725c-1801f
Foreldre: Ola Gjermundson Bjørøyen og Sigrid Embriksdtr. Opheim.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Torpemoen 1740-1759
Ugift. Konfirmert i 1758.
2. Sigrid Oleivsdtr. Torpemoen 1744-
Sigrid var skriven 'Bruvoll' i ... .
3. Gjertrud Oleivsdtr. Bjørøyen Bjørnemoen 1747-1850
Gm Syver Ottarson .... Bjørnemoen. Sjå Otterplassen, gnr. l/14.
    Foreldre: Oleiv ... ... og Olaug Olsdtr. Bjørøyen.
4. Knut Olson Torpemoen 26.02. 1747-
G 1803 m Birgit Torgeirsdtr. Løkensgard.
5. Sissel Oleivsdtr. Torpemoen Perplassen 06.01. 1756-
Gm em Per Person Perplassen, gnr. 12/19.
*Barn elles
1. Gjertrud Tomasdtr. Bjørøyen Torpemoen 23.04. 1752-1805.
Ho gjekk på legd i Torpo. Foreldre: soldat Tomas Syverson Roen, Gol og Olaug Olsdtr. Bjørøyen.

Far til Oleiv hadde pantsett halve søre Torpo til Syver Toreson i 1734. På skiftet etter Syver i 1768 prøvde Oleiv å få løyst panten, men arvingane nekta.
    Då svara prokurator Hesselberg for Oleiv at han har løysingsrett sjølv om han er over 35 år og fattig! På neste møte vart det forlik: Oleiv fekk 160 rd for løysingsretten til garden.
    I 1763 budde Oleiv på Oleivplassen. NB. Oleivhuse hadde litt skog nordanfor Lya. I 1795 stod det nokre 'usle hus' i Oleivhuse.
    Tomas Syverson kom for retten 1752 skulda for å ha besvangra Olaug Olsdtr. Bjørøyen. Han tinga Torkjell Villand som sakførar, og løyste seg frå farskapet ved å "avlegge sin saligheds ed" på at han ikkje hadde hadde hatt omgang med Olaug. Olaug skrifta 1752 at Tomas Syverson Roen var faren. Men Tomas vart frikjent!

{694} År: 1880c

Knut Eirikson Lien Brubakken 28.01. 1829-1915
Foreldre: Eirik Asleson Hesla (Gol) Lien og Astrid Torsdtr. Hoftun (Gol).
Gm Birgit Halvorsdtr. Skjerpingmoen Brubakken 14.02. 1835-1914
Foreldre: Halvor Jakopson Rukke Skjerpingmoen og Guri Håkonsdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Halvor Knutson Moen Lien 10.08. 1854-1921
Gm Kari H. ... , Telemark 1859-1904. Barn: Henning Henry 1891- ; Henry 1904- ; ..
    Til Am. 1874: Farbault, MN. Farmar i Grand Forks, ND.
2. Jakop Knutson Moen Lien 24.09. 1855-
Gm Ragnhild Larsdtr. ... , Voss. Barn: Carl 1882- ; Bernhard 1883- ; Berthine 1886- ; Julia 1888- ; Anna 1890- ; Thea 1892- ; Helmer 1895- . (epost frå Don Lippert)
    Til Am. i 1874: Faribault, MN. Etterkvart farmar i ND. Dei skreiv seg Lien.
3. Eirik Knutson Moen Lien 24.09. 1855-
Gm Liv Larsdtr. Brusletto 1860-1902. Barn: Berthine 1881- ; Karl Lien 1882-1901; Lars/Lewis Lien 1884-1957; Henning 1886- ; Inger 1888- ; Gurine 1889- . (epost frå don Lippert)
    Busett i Grand Forks, ND. (ei av døtrene var eit musikkgeni, ei annan var gift med ein politimann.)
    Eirik og Liv er gravlagde på Evanger Lutheran Church Cemetery i Brenna Township Grand Forks, ND.
4. Asle Knutson Moen Lien 09.10. 1868-
Gm Torbjørg Larsdtr. ..., Voss. Han hadde to farmar i Rousseau, MN.
    Gravlagd på Bear Creek Cemetery Badger, MN.
5. Knut Knutson Moen Brubakken 06.02. 1871-1912
Han var sjukleg fattiglem. Døvstum.
6. Astrid Knutsdtr. Moen 23.07. 1876-1955
Ugift sypike. Barn: Henning 1898- med Ola Herbrandson (handelsbetjent som utv. til Am.)
*Barnebarn
1. Henning Olson Lien Brubakken 19.09. 1898-1956
Foreldre: Ola Herbrandson Tretterud og Astrid Knutsdtr. Lien. Sjå neste hushald.

Knut vart farlaus som to-åring og voks opp hjå farbror Knut Asleson Hesla.
    Knut og broren Knut kom opp i ei falskmyntarsak i 1848. Dei fann ein mynt i ålmannvegen på veg til Engelstuen på Nes. Der kjøpte dei seg øl og betalte med denne mynten. Det synte at mynten var 1/2 skilling av kopar med eit tynnt belegg av kvikksylv. Han fekk seg 3 1/2 år bak murane for å ha laga pengar. Broren vart frikjend.
    Knut og Birgit gifte seg i 1853. Knut fortalde at han skaut opp til 600 ryper pr. år. Etter ymse gardsarbeid i oppveksten, reiste Knut til Kr.ania og gjekk i lære hjå børsemakar Pettersen. Som nygifte budde dei på Skjerpingmoen. Knut dreiv som børsemakar ei tid og tente bra. Så selde han Skjerpingmoen og kjøpte ein del av Lien. Etter 3 år reiste Knut til Am. (ca 1874) og fekk arbeid hjå børsemakar Larsen i Fairmouth, MN. Klimaet i Am. høvde ikkje for Knut. Han måtte heim att.
    Etter å ha kjøpt og selt ei rekke gardar (Tveito og Liahagen), slo han seg ned i Brubakken. Knut og Birgit vart skilde og ho flytte attende til Skjerpingmoen. Han vart kalla "Knut Norda brune".