Nymoen gnr. 10 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nymoen gnr. 10 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nymoen er eit småbruk ved Tingvoll-fjorden. Sist på 1700-talet var Nymoen husmannsplass under Nyhus og heitte Brennodden. I 1915 vart namnet endra til Nymoen.
    Ei gamal stugu frå Liodden i Nes vart kjøpt og sett opp som utleigehytte på campingplassen i 1962.
    Areal 1865: 1 1/2 mål dyrka, 3 mål naturleg eng. Avling: 1 1/2 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 18 mål (bortleigt), skog 200 mål, anna utmark 130 mål. Våningshus påbygd 1915, uthus 1956, 3 utleigehytter. Nytt våningshus i 1999.
   

{715} År: 1770


Svein Syverson Sire stevna Bjørn Halvorson Opheim Nyhus, ved stevning datert 9. januar 1773, "..til at fravige Jord Støkket Brenodden kaldet..". Saka vart utsett til sommartinget. Sidan ser ein ikkje meir til saka.

{716} År: 1857

Ola Olson Tveito BrennOdden 02.09. 1798-1880
Foreldre: Ola Olson Tveito nordre og Ragnhild Larsdtr. Løyte.
Gm Ingeborg Knutsdtr. Grov 1807-1863
Foreldre: Knut Knutson Grov og Ingebjørg Aslaksdtr. Golberg.
Gm Birgit Eiriksdtr. Mykingplassen Belluteigen 09.02. 1806-1880
Foreldre: Eirik Eirikson Bjella Mykingplassen (Veslestølen) og Ragnhild Sveinsdtr. Sata.

Ola var fyrst gift med Ingeborg Andersdtr. Perigarden Rotneim i 1821.
    Dei kom til Brekke i Gol, og hadde desse barna: Ragnhild 1822-1904 g 1850 m Christen Johansen Kjølstadeige, Modum, ?gm Nils Ellingson Kjølstad; Ola 1825-1880 g 1851 m Guri Olsdtr. Nedrebråten, til Valdres (Skrautvol), til Am. (1 son i Am.); Ingeborg 1827- g 1853 m Henrik Martin Mathisen, Asker busett Kr.ania; Anders 1830-1839; Lars 1832-1906 g 1861 m Barbro Oleivsdtr. Brenna, Nes, gm Guri Andresdtr. Høvaeige, busett på Låbråten, Nes; Birgit 1835- g 1865 m Anton Hanssen, Romerike; Knut 1838-1866; Barbro 1840- g 1863 m Nils Olson Bjørnsrud, Eidsvoll, på Sorgenfri i Eidsvoll; Guri 1842-1845; Anders 1845-1866.
    I 1846 selde Ola garden Brekke og kjøpte Brennelien i Nes.
    Ola vart attgift i 1856 med Ingeborg Knutsdtr. Grov. I 1857 var dei på Brennodden.
    I 1866 vart Ola Olson attgift med enkja etter Anders Johanson Vangen Belluteigen, Birgit Eiriksdtr. Mykingplassen.

{717} År: 1883

Anne Olsdtr. Rudningsdokken Brennodden 12.02. 1869-
Foreldre: Ola Olson Liahagen til Rudningsdokken og Jørand Thorsdtr. Rudningsdokken.
Gm Ola Person Perplassen Brennodden 26.05. 1860-1907
Foreldre: Per Olson Rudningen Perplass og Guri Olsdtr. Baklien.
Gm Tolleiv Tolleivson Kræmarslåtta SkriuDalen 15.11. 1863-
Foreldre: Tolleiv Torson Haugo Kræmarslåtta og Ågot Olsdtr. Opheimsjordet.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Arne Olson Brennodden 11.03. 1894-
2. Ola Olson Brennodden 15.11. 1895-1902
3. Olaf Olson Brennodden 03.01. 1897-
4. Margit Olsdtr. Brennodden 01.08. 1898-
Til Kongsberg ...
5. Jørand Olsdtr. Brennodden 09.02. 1900-
Til Skotselv i 1921. ...
6. Ola Olson Brennodden 05.01. 1902-
Til Kongsberg 1915.
7. Sigrid Olsdtr. Brennodden 25.11. 1903-
*Barn i andre ekteskap
1. Tor Tolleivson Brennodden 05.01. 1909-
På Gunderud ved Kongsberg??
2. Anne Tolleivsdtr. Brennodden 10.08. 1911-
Til Kongsberg?

Anne og Ola gifte seg i 1893. Ho gifte seg opp att 1908 med enkjemannen Tolleiv Tolleivson Kræmarslåtta i Skriudalen.
    Anne og Tolleiv budde seinare på Gunderud ved Kongsberg. I 1910 vart Brennodden selt til Guri Sevatsdtr. Ruud. Ho selde att i 1915 for 5000 kr til Pål Kaupang.