Odden gnr. 10 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Odden gnr. 10 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Det opphavelege namnet på Odden var Gullbrekk-Odden. Plassen var også kalla Skomakar-tangen/odden. Fyrste gongen ein finn Gullbrekke nemnt er ei rettssak i 1689: då møtte Halvor Sato retten på vegen ved 'Gullbrekke'.
    I 1711 heitte det om plassen Moen at den låg mellom 'Baggesteg og Gullbrekke'.
    Odden ligg ved Tingvoll-fjorden, litt vest for Brennodden (Nymoen).
    Areal 1865: 7 1/2 mål dyrka, 24 mål naturleg eng. Avling: 6 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 57 mål og anna areal 41 mål (leigd bort), prod. skog 160 mål, anna utmark 15 mål. Våningshus bygt 1947, stabbur 1942, driftsbygning 1918, påbygd 1958.
    Stølar: ein tidlegare heimstøl på Åsetno vart ein gong bytt bort i ei ku. Noverande støl på Hellebu vart tilkjøpt i 1955.
   

{735} År: 1760

Ola Ørjansson Underåsen Odden 1717-
Foreldre: Ørjans Torson Gunhildgard Underåsen og Guri Embriksdtr. Sehl.
Gm Anne Olsdtr. ... Odden 1715c-
Foreldre: Ola ... ... og ...

I 1762 var Ola og Anne lotte-brukarar på nordre Torpo hjå Torkjell og Svein. Dei var husmenn under Nyhus og mest truleg på Odden.
    I april 1760 var eit drikkelag på Nyhus. Då det leid ut på morgonsida kom Nils Holo inn i stugu med ein bajonett. I den halvmørke stugu vart det noko uro.
    Døra vart opna så lyset slapp inn. Då kom Nils fram or ein krok med Ola Ørjanson på slep etter håret. "Fanden ta meg om du Skarve-Nils skal få dra meg ut etter håret eller hedna", sa Ola. Folk kom til og skilde dei to. Då Ola slapp laus blødde han av to knivsår i låret, men Nils nekta for å ha gjort dette. (1297) s 41

{736} År: 1776

Halvor Bjørnson Nyhus GullbrekkOdden 1732-1799
Foreldre: Bjørn Halvorson Nyhus og Jørand Nilsdtr. Eiklid Nordre Torpo.
Gm Guri Steingrimsdtr. Golberg GullbrekkOdden 1700.-1775
Foreldre: Steingrim Larsson Hersgard Smedsgarden-Golberg og Jørand Arnesdtr. Golberg, Gol.
Gm Kari Tolleivsdtr. Dusegard Gullbrekkodden 1738-1811
Foreldre: Tolleiv Ørjanson Kaslegard Dusegard og Ingebjørg Håkonsdtr. Berg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Jakop Halvorson GullbrekkOdden 19.09. 1755-1799f
Gm ... ... . Barn: Inger Maria 1794- gm Amund Andersen Tøyengård, Kr.ania.
    Konf. i Norderhov 1776. Jakop tente på Klekken på Ringerike i 1780. Busett på Bragernes og død før 1799.
2. Jørand Halvorsdtr. GullbrekkOdden Storlien? 11.12. 1757-
Jørand tente på Ramstad i Sigdal i 1780. Ho var gift med ... ..., men ekteskapet slo feil og ho vart sitjande att som mor og eineforsørgjar, heitte det i skiftet etter far hennar. I 1800 var ho tenar i Kr.ania. ( jfr. skriv frå løytnant Hagemann.) (Ikkje funne i FT1801 for Kr.ania.)
3. Barbro Halvorsdtr. GullbrekkOdden 16.03. 1760-
I 1800 var ho ugift tenar på Bragernes.
4. Bjørn Halvorson GullbrekkOdden 1767-
Bjørn tente i Sigdal i 1780. Sidan vart han tollbetjent i Svelvik. Ugift i 1800.
5. Nils Halvorson GullbrekkOdden 1769-1799f
Nils tente på Fonkallrud i Sokndalen i 1780. Han døydde før 1799.
6. Guri Halvorsdtr. GullbrekkOdden 1771-
I 1800 var ho ugift tenar på Strømsø.

Halvor og Guri hadde 6 barn. I 1776 kjøpte Halvor halve plassen Odden under Nyhus hjå Torkjell Villand for 36 rd.
    I 1766 vart det opplyst at Halvor budde på ein plass i Gol. Halvor klaga på skiftet etter mora og sa han hadde vorte duveleg skjenkt av broren Nils til å gje samtykke.
    "Det har været min yngre broder om at giøre at bringe mig i den stand at jeg ei kunne paase min lovlige tarv, - til den ende søgte han herunder at få mig beskjenket i hvilken tilstand hand avlokkede mig en slags samtykke .....") (1194)s 177b
    Protesten førte ikkje fram. Halvor fekk utlagt plassen Gullbrekkodden, ei slåtte, gjerda Nyegjerda på langstølen, halve Hovdestølen og den søre slåtteenga på stølen. Nils betalte 20 rd for odelsretten.
    På skiftet etter Guri i 1780 låg plassen Skomakartangen under GullbrekkOdden, takst for det heile 70 rd. På skiftet etter Halvor i 1800 var det 420 rd å dele. Enkja kravde å sitja i uskifte, men verga for dei vaksne ungane fekk rettens medhald i at både plassen og lausøyret skulle seljast på auksjon. Enkja fekk halvparten.
    I 1783 vart Halvor attgift med Kari Tolleivsdtr. Dusegard. Dei fekk ingen barn. Kari vart attgift 1800 med enkjemannen Torjus Knutson Håkonsgard Tjørndalen, men så ombestemte ho seg!! Kari vart attgift 1802 med enkjemann Knut Solveson Sire Vestaforslåtta, gnr. 8/5.

{737} År: 1812

Nils Hansson Nubgarden 31.03. 1773-1831
Gm Guri Olsdtr. Barskrind. Foreldre: Hans Jørgen Qvam og Dordei Solvesdtr. Nubgarden.

I 1827 selde Nils og Guri plassen Odden til Solve S. Odden for 250 spd.
    Med plassen fylgde skogsvirke etter behov i både lauv- og bar-skog. Sjå meir om Nils og Guri under Nubgarden, gnr. 11/1.

{738} År: 1827

Solve Solveson Helling Odden 1793.-1841
Foreldre: Solve Knutson Helling/Nubgarden og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Gm Margit Oleivsdtr. Bråten Odden 1798-1866
Foreldre: Oleiv Halvorson Bråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad (Gol).
*Barn
1. Oleiv Solveson Odden Hakkebakken 18.01. 1827-1923
G 1847 m Anne Olsdtr. Satabakken. Sjå Haugo, gnr. 22/53.
2. Halvor Solveson Odden Haugo 01.02. 1832-1907
G 1860 m Birgit Syversdtr. Opheim. Sjå Haugo gnr. 22/53 og Nedre Dølahaugen, gnr. 22/11.
3. Knut Oleivson Haugo 1855-
Gm ... ... . Til Am.1893: Grafton, ND. Skreddar. Død før 1916.

Margit og Solve gifte seg i 1826. Solve Solveson Odden bygsla Odden i 1827. (1537)33
    Same år bygsla dei Øvre Granlien med vanlege rettar i skog og utmark. Grensene var: mot Bæra i syd, på vestsida ein bekk ved Guttorms-lua, på nordsida ei bergrygg, og på austsida etter Rensle-vegen som går frå elva og opp lia. Bygselpengar var 50 spd 24 sk. årleg. Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag. (1537)35
    I 1836 kjøpte Solve Nedre Guttormsplassen for 100 spd. I handelen var: bygningane på Nedre Guttormsplassen, skogsvirke til fornøden bygging, "innredning av bygningene", gjerding og ved i Skjerpingskogen. Plassen utgjorde 1/13 av Skjerping. (1544)105
    Ved makeskifte av 1838 fekk Rasmus Ørjanshaugen sjølveigarplassen Odden og 300 spd. Solve S. Odden fekk Ørjanshaugen inkl. eit kår. (1544)460
    Margit gifte seg opp att 1842 med Knut Knutson Medhus Haugo. Sjå nedre Dølahaugen, gnr. 22/11.

{739} År: 1838

Rasmus Asleson Ørjanshaugen Haugo 1792-1876
Foreldre: Asle Arneson Bøygard Ørjanshaugen og Liv Embriksdtr. Skjervheim.

I 1838 makeskifta Rasmus plassen Ørjanshaugen med Solve Odden, og fekk att plassen Odden og 300 spd inkl. eit kår. (1544)460
    G 1815 m Gunhild Halvorsdtr. Opheim. Barn: sjå Ørjanshaugen, gnr. 22/54a. Rasmus var kunnig med sårbehandling.

{740} År: 1844

Knut Larsson Opsata Odden 1796-1867
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.
Gm Margit Sveinsdtr. Halvorsgard Odden 07.12. 1812-1894
Foreldre: Svein Olson Halvorsgard og Guri Olsdtr. Skjerping.
*Barn
1. Lars Knutson Odden 12.11. 1842-1864
Ugift. Lars hadde ord på seg for å vera ein roleg kar. Han vart drepen av Bråta-Per.
    Ein dag like før jul 1864 kom Bråta-Per innom Odden, halvfull og kranglut var han. Lars møtte Per i døra, og vart stukken i låret med ein 'muske-skjære' (liten saks).
    "Å kor ille han Per stakk meg!" Det var berre såvidt Lars kom seg innom døra, før han døydde.
    (Bråta-Per sat på 'slaveriet' i mange år for dette. "Eg tenkte eg ville merkji han lite", sa Per etterpå. Men det vart fortalt at det var folket på Odden som bad om at Bråta-Per vart sett fri. Dei trong han i slåtten!)
2. Svein Knutson Odden 09.07. 1846-1879
Ugift.
3. Embrik Knutson Odden 12.02. 1851-1934
G 1883 m Birgit Henriksdtr. Berg. Sjå neste hushald.

Knut Larsson kjøpte Odden i 1844. Dei gifte seg same året.
    I 1875 dreiv Margit Odden saman med sønene Svein og Embrik.

{741} År: 1894

Embrik Knutson Odden 12.02. 1851-1934
Foreldre: Knut Larsson Opsata Odden og Margit Sveinsdtr. Halvorsgard.
Gm Birgit Henriksdtr. Berg Odden 28.09. 1849-1920
Foreldre: Henrik Olson Berg og Turid Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Margit Embriksdtr. Odden 02.05. 1884-1886
2. Turid Embriksdtr. Odden Åsen 26.09. 1885-
G 1921 m Johan Kristian Åsen 1879-.... på Åsen under søndre Håkastad i Våle.
    Barn: Erling 1924- byggmester/entreprenør, eigar av Odden 1967-1992, busett i Holmestrand, g 1955 m Ruth Sørby frå Våle; Johan 1923- bonde, gm Sofie Kråbøl (3 barn).
3. Margit Embriksdtr. Odden 25.03. 1888-1983
Ug. Margit budde på garden.
4. Guri Embriksdtr. Odden 18.05. 1890-1987
Ug. I oppveksten lytta Guri på faren sine opplesingar frå misjonsbladet.
    Som 6-åring bestemte Guri seg for å bli misjonær. Via ein onkel kom ho i kontakt med misjons-alliansen. Etter eit år misjonsskule i København reiste ho til Kina i 1910. Der virka ho til Mao Tse Tung kom til makta. Då måtte misjonærane reise ut, Guri drog då til Japan.
    Etter nokre år som misjonær i Japan flytte ho til Oslo omlag 1960. Guri fekk kongens fortenestmedalje i gull, og det vart skrive ei bok om hennar virke. (Sjå boka: "50 år i Orienten" av Per Hilleren (1967).
5. Kristi Embriksdtr. Odden 10.11. 1892-1985
G 1935 m Malvin Kvinge. Sjå neste hushald.

Embrik og Birgit gifte seg i 1883. For 1600 kr og kår overtok Embrik etter mora i 1894.
    Embrik dyrka ein god del jord. Han skøytte garden til døtrene Turid; Margit; Kristi og Guri i 1934 for kr. 7000.