Granlien, nedre gnr. 11 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Granlien, nedre gnr. 11 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Granlien var plass under Nubgarden. Stundom vart berre kalla 'Nubgards-eie'. Bruket ligg vestanfor Storelva, på nedsida av jarnbanelina litt vest for Øygarden. Øvre Granlien ligg noko oppe i lia, rett opp for nedre Granlien.
    Det står fire hus i Granlien, og det syner ei stugutuft om lag 20 m nordaust for noverande våningshus. Tunet måtte flyttast då Bergensbanen kom. Låve, loft og stall vart vølte kring 1985.
    Eit nytt bustadhus vart bygd av noverande på same tid. Gamlestugu havna på Torpoåsen.
    Areal 1865: 3 1/2 mål dyrka jord, 16 mål naturleg eng. Avling: 2 1/2 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet.
   

{787} År: 1798c

Holge Olson Nubgarden Torpebråten 13.01. 1764-1824
Foreldre: Ola Anderson ... Tingvollen og ... ... Fadrar: Eilev Eilevson Kringleslåtta, Tolleiv Eirikson Rikansrud, Kari Nubgarden, Fribjørg Olsdtr. Kringleslåtta.
Gm Jørand Halvorsdtr. Berget Torpebråten 27.07. 1766-1798c
Foreldre: Halvor Eirikson Lien LiaBerget og Birgit Solvesdtr. Nubgarden/Helling.
Gm Liv Aslesdtr. Ruud Granlien 17.08. 1757-
Foreldre: Asle Syverson Ruud (Liagardane) og Birgit Sveinsdtr. Juvsjord.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Halvor Holgeson Torpebråten 1793-1801f
Halvor døydde før 1801.
*Barn i andre ekteskap
1. Jørand Holgesdtr. Torpebråten Storedalsplass 31.12. 1797-1872
G 1815 m Ola Olson Storedalsplass. G 1842 m Endre Olson Nyhus-Storedalsplass, gnr. 6/7.

Holge var nokre år i Torpebråten før han kom til Granlien om lag 1798. Jørand døydde på denne tida og Holge gifte seg opp att med enkja etter Torjus Knutson Sundreplassen, Liv Aslesdtr.
    Liv fekk slikt kår hjå Hans Nilsson Nubgarden i 1833: 1 ku framfødd, 2 tunner korn a 20 settung a 19 merker, og dessutan fritt varmt hus.

{788} År: 1840

Holge Eirikson Skaro Granlien 06.06. 1812-
Foreldre: Eirik Olson Nybråten og Birgit Holgesdtr. Skaro, Hol.
Gm Anne Jonsdtr. Sundremyren Granlien 30.11. 1806-1850
Foreldre: Jon Larsson Sundremyren og Anne Olsdtr. Styrkestad.
Gm Ågot Halvorsdtr. Halvorstølen Granlien 02.09. 1812-
Foreldre: Halvor Knutson Halvorstølen og Birgit Mikkelsdtr. Underberg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Holgesdtr. Granlien 14.10. 1837-
Til Am. i 1857 ....
2. Jon Holgeson Granlien 11.05. 1840-
Til Am. i 1857. Gravlagt i umerka grav ved Kirkebo Lutheran Church, Norman Co., MN i 1907.

Holge og Anne gifte seg i 1837. Dottera Birgit er fødd på Haugen i Sudndalen i Hol.
    I 1841 bygsla dei Granlien hjå Eilev Nubgarden, årleg leige 3 spd og dessutan slåtten på langstølen (ein dalerslått) i 6. veka. Med plassen fylgde rett til risping i lauvskog, skogsvirke til hus, ved og gjerder etter behov; 2-3 lass med storrslått i åsen, 2 fiskegarn i Tingvollvatnet. Etter deira tid skulle plassen falle attende til garden utan vederlag. (1544)1197
    I 1847 vart Granlien frådelt Nubgarden, og Holge fekk skøyte på bruket. Han gifte seg opp att 1851 med Ågot Halvorsdtr. Halvorstølen. Holge selde Granlien attende til Eilev Nubgarden i 1857.
    Holge og Ågot reiste til Am. i 1857: Newborg Fillmore Co. MN.

{789} År: 1863

Knut Hermannson Sveinsrud Granlien 14.08. 1822-1907
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud .
Gm Birgit Torkjellsdtr. Haugo Granlien 13.04. 1833-1898
Foreldre: Torkjell Syverson Glomsletten Tveito Haugo og Sissel Eiriksdtr. Brattegard.

Knut og Birgit gifte seg i 1860. Han kjøpte Granlien i 1863 for 330 spd.
    I 1885 kjøpte dei Vesledal. I 1899 selde han Granlien til svigersonen Arne Olson Hovda Vesledal. Sjå meir om familien der. Granlien vart liggjande under Vesledal fram til 1944.
    Knut og Birgit sat med buskapen i Granlien til foret var oppbrukt. Inn mot jul jaga dei buskapen over Tingvollisen og opp i Vesledal.