Nubgardsvangen gnr. 11 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nubgardsvangen gnr. 11 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nubgardsvangen er eit småbruk på vestsida av Lya og nord for Storelva.
    Då Nubgardsvangen vart frådelt Nubgarden i 1900 kalla dei bruket for Larsøyen eller Sletten.
    Besteforeldra til Kari Bruteigen (Kari T. Haugo 1834- ) budde på Larssletten, eit bruk inni skogen nordanfor Brubakken. Peishella derfrå ligg på Brubakken. I 1910 stod ei stor gran der peisen var, og skogen stod tett omkring. Det var danseplass på Lars-sletten, kona i Larsletten spelte på fele. (Skreiv A. Mehlum i NU nr. 25 i 1910.)
    No vert skogen borte ved Lya kalla for Larsøyne.
    Nubgardsvangen er no Wangen campingplass. I 1957 vart kjøpt inntil jordstykket Bruteigen bnr. 12 saman med Træet (Rørtræet). Træet vart selt til kommunen då det var planer om å bygge meieri på Torpo. Ei av utleigehyttene er den gamle stugu frå Siremoen (Herbrandstugu).
    Areal 1995: dyrka jord 17 mål, produktiv skog 19 mål. Våningshus bygt 1900, påbygt 1984, gamalt kårhus, hallingstugu, stabbur 1920, bryggerhus 1940, låve 1900, fjøs 1934, 2 garasjar og 13 campinghytter bygde 1962-75, sanitæranlegg 1970.

{795} År: 1895c

Eirik Larsson Rimehaug Vangen 26.05. 1865-1945
Foreldre: Lars Eirikson Rimehaugen og Birgit Levorsdtr Vangen.
Gm Guri Olsdtr. Huus Vangen 21.03. 1864-1930
Foreldre: Ola Henrikson Huus Eikro og Anne Olsdtr. Stave.
*Barn
1. Lars Eirikson Vangen 20.06. 1896-1975
G 1923 m Kristi Henriksdtr. Mørk. Sjå neste hushald.
2. Ola Eirikson Vangen 01.05. 1898-1989
Gm Gunvor Nilsen. Sagbruksarbeidar. Sjå eige hushald.
3. Levor Eirikson Vangen 18.10. 1900-1974
Ug. Målar og rosemålar. Ei tid dreiv han med pelsdyr.

Eirik og Guri gifte seg i 1895. Eirik var dreiar, snikker og jordbrukar.
    Eirik budde ei tid på Rygg i Hol før han kom til Vangen. Eirik var rokkedreiar. Rokkane er merka "E. Vangen".