Kræmarslåtta gnr. 11 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kræmarslåtta gnr. 11 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kræmarslåtta var husmannsplass under Nubgarden. Namnet Kræmarslåtta er eldre enn 1842. Plassen vart også kalla Træet.
    Under flaumen 1860 stod vatnet frå elva inn til husa i Kræmarslåtta i åtte dagar. Folket på plassen måtte ha båten bunde i låveveggen på den tida. (1016)
    I 1865 hadde dei 2 kyr og 3 geiter i Kræmarslåtta. Og dei dyrka både korn og potet.
    Under 2. verdskrigen sette tyskerane opp brakker i Kræmarslåtta. Grunnmurane syner enno. Bruket vart attåtbruk til Skjerpingmoen kring 1950.
   

{798} År: 1842

Tolleiv Torson Haugo Kræmarslåtta 23.11. 1806-1891
Foreldre: Tor Tolleivson Helling Bråten og Margit Syversdtr. Helling.
Gm Olaug Hermundsdtr. Amundsli Kræmarslåtta 1798-1858
Foreldre: Hermund Amundson Amundsli og Guri Olsdtr. Arnegard (Nes).
Gm Ågot Olsdtr. Opheimsjorde Kræmarslåtta 24.03. 1828-1897
Foreldre: Ola Solveson Medgarden Opheimsjorde og Anne Knutsdtr. Gullhagamoen Branden.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Tor Tolleivson Kræmarslåtta 16.02. 1837-1837
2. Margit Tolleivsdtr. Kræmarslåtta 14.02. 1838-
3. Tor Tolleivson Kræmarslåtta Nubgarden 30.10. 1840-
G 1870 m Karoline Olsdtr. ... , Sør-Aurdal. Barn: 5 . Busett i Rustan-eie i Ådalen frå 1870.
    1900: busett på Åveren i Ådalen. Skogsarbeidar (1232)
4. Hermund Tolleivson Kræmarslåtta 16.05. 1842-
Til Am. før 1891. Busett i Minn. (997)
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Tolleivson Kræmarslåtta Brusedokken 21.05. 1860-1930
G 1883 m Gunhild Olsdtr. Brusedokken, gnr. 24/4. G 1888 m Kari Halvorsdtr. StoreMoen, Gol.
2. Tolleiv Tolleivson Kræmarslåtta SkriuDalen 15.11. 1863-
G 1888 m Guri Olsdtr. Eivindshaugen. G 1908 m Anne Olsdtr. Rudningsdokken BrennOdden, gnr. 10/5. Sjå Dalen, gnr. 33/3.
3. Margit Tolleivsdtr. Kræmarslåtta Haugo 03.09. 1865-1946
Gm enkjemann Embrik Nilsson Haugo, gnr. 12/9.

Tolleiv og Olaug gifte seg i 1836. I 1842 bygsla Tolleiv og Olaug plassen Kræmarslåtta på livstid.
    Dei bygsla omfatta også eigedomen Rogne-rusten i Vestlien, om ynskjeleg så kunne dei setja opp hus for å bu der om vinteren; jordstykket Mo-dokken ovanfor Lyabrua; vanlege rettar i skog og utmark; rett til å lauve 400 lauv-kjerv; rett til 2 garn i Tingvollvatnet, men ikkje det gamle båtstøet ved Kræmarslåtta. Årleg leige: slå ein dalarslått i 6. veka på Voleli-stølen, slå Øvre Vatnings-øyne i 7. veka; skjera 2 mål åker og yte 5 dagar våronn-arbeid. Husbonden skulle halde kosten under arbeidet. Plassen skulle falle attende til Nubgarden utan vederlag. (1544)1282
    Tolleiv hadde eit barn med Ingeborg Olsdtr. Nyhusmoen: Kari 1834-1912 gm Ola Herbrandson Ivarslien Siremoen (sjå Bruteigen.) Tolleiv gifte seg opp att 1859 med Ågot Olsdtr. og fekk 4 barn med henne.

{799} År: 1900

Nils Olson Satalien Moen 18.11. 1866-1941
Foreldre: Ola Olson Helling Satalien og Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta.
Gm Sissel Knutsdtr. Granlien Moen 03.02. 1868-1952
Foreldre: Knut Hermannson Sveinsrud Granlien og Birgit Torkjellsdtr. Haugo.

Sissel og Nils hadde Skjerpingmoen, sjå meir om familien under gnr. 12/11. Sissel fekk heimel på Kræmarslåtta i 1950. Bruket er attåtbruk til Skjerpingmoen.
    Under kraftutbygginga på 1960-talet vart bygd ein terskel i utløpet av Tingvollfjorden, den medfører ulempe for Kræmarslåtta og Moen.