Skjerping gnr. 12 bnr. 1
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Skjerping gnr. 12 bnr. 1-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Skjerping, på Skjerping. Namnet kjem truleg av 'skarp' dvs. turrlendt jord. Skjerping er den vestre delen av gamle Nordre Torpo, og grensar inntil Sando og hovudsoknet. I dette området ligg Tingvollfjorden, som nok er eit minne etter den gamle rettsordninga.
     	I 1719 var det åstadsak mellom Sørbøen og Skjerping vedrørande heimrastene. Etter ein runde med to grensepåstandar (ein ved 'Steinkastet' og den andre 125 skritt unna ved Gullbrekke), vart det semje om eit dele frå eit steinkast (varp) ved allfarvegen rett sør for Lie Nobben, -  i lina mot høgaste berget på sørsida av Storelva.  Håkon Skjerping kosta saka. (1067) s 1 og 6.
     	Plassar: Tingvollen (Koddemoen); Guttormplassen; Haugo; Langegjøta; Skomakarmoen; Skjerpinghaugen;  Rangdiplassen og Perplassen.
     	Stadnamn: Kalleåkeren, Margitbakken, Målåkeren, Stuguåkeren, Nautegardåkeren, Nybråtet, Nepelendet, Dalåkeren, Storeåkeren, Låveåkeren, Kalvetræet. m.m.
     Garden var mellombels oppdelt i to bruk (bruksnr. 1 og 6) i tida mellom 1830 og 1884. Den gamle Opheimsvegen gjekk gjennom tunet på Skjerping. Ein ser spor etter vegen oppe i halla.
     	Stølar: langstølen Skjerpingstølen ved Øknevatnet (nedlagt kring 1960), og heimstølen Mangset (nedlagt kring 1920). Stølsbua på heimstølen brann opp då ei forfrosen gjætarjente gjorde opp varme ein gong. I gamal tid hadde folket på Skjerping ei laus glasrute som vart nytta på båe stølane. Den fylgde med på bufarlasset, og er no oppbevara på garden.
     Areal 1865: 18 mål dyrka, 28 mål naturleg eng; 36 mål utslått. Avling: 10 tunner bygg og 21 tunner potet.
     Areal 1995: 55 mål dyrka, anna areal 5 mål, produktiv skog 1377 mål.  Våningshus bygt 1890, rest. 1915, restaurert og påbygt 1966 og 1990, kårhus 1989, ei gamal hallingstugu vart selt 1890; 2 gamle stabbur sett saman til eitt i 1890, driftsbygning 1914, rest. 1970, gamal smie og badstugu, vognskjul, gardssag omkr. 1904. 
{813} År: 1755c
 
Aslak Håkonson Berg Storedal     1725-1780s
Foreldre: Håkon Eilevson Berg Skjerping Berg og Kari Olsdtr. Skjerping.
Gm Birgit Danielsdtr. Sørbøen Skjerping     1737-1805
Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.
På tinget i 1751 opplyste ålmogen at Aslak var handelskar. Aslak og Birgit var på Skjerping frå 1757 til 1766. Ingen barn. 
     	Ei rettssak om skog mellom Skjerping, Nyhus og Torpo enda med forlik i 1756: Håkon fekk rett i felles skog med Nyhus og Torpo både austa og vesta elva. Men Håkon skulle ha einerett til sagtømmer på vestsida. Slåtter og lauvrispingar skal vera som før. Håkon hadde ein lut i Haugen på Torpemoen, den var avgrensa av dommen. (1190) s 168b
     	Aslak kjøpte Rabbe-åkeren i 1762 for 130 rd  hjå Syver T. Torpo.  Åkeren låg nordved og under husa på Skjerping, men hadde lenge vore brukt av bonden på Torpo. 
     	Aslak makeskifta Skjerping med Ola Olson Storedal i 1766 og fekk att Storedal og 300 rd.
     	Birgit vart attgift to gonger: fyrst med Bjørn Hermannson Krosshaug og så med Knut Håkonson Skrindo. Båe var i Storedal gnr. 6/1.
     
     
{814} År: 1766
 
Ola Olson Storlien Storedal     1720-1800
Foreldre: Ola Syverson Bøygard Storlien og Guri Olsdtr. Eikre frå Hems.
Gm Margit Eilevsdtr. Eilevmoen      1724-1806
Foreldre: Eilev Toreson Grov Eilevmoen og Ingebjørg Halvorsdtr. ... (sjå Gol V s 292)
Ola og Margit gifte seg i 1748. Han kjøpte Storedal 1754 for 34 rd hjå Jakop Aslakson. Barna står under Storedal.
     	I 1766 makeskifta Ola Olson Storedal garden Storedal og 300 rd med Aslak Håkonson Skjerping og fekk Skjerping. I 1780 kjøpte han Eikrene ved søre Glomsrud i Gol og selde att i 1780 for 280 rd. (Gevinst 30 rd).
     
{815} År: 1776
 
Ola Olson Skjerping      1745-1824
Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim.
Gm Birgit Embriksdtr. Ellingsgard Lien   22.07.  1753-1839
Foreldre: Embrik Olson Ellingsgard Lien og Margit Olbjørnsdtr. Dokk.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Skjerping Halvorsgard   04.02.  1776-1864
G 1804 m Svein Olson Halvorsgard, gnr. 37/1.
2. Embrik Olson Skjerping Medgarden   17.05.  1778-1849
G 1805 m Guri Nilsdtr. Skjervheim. Sjå 1826-hushaldet og Medgarden, gnr. 24/3.
3. Guri Olsdtr. Skjerping    04.02.  1781-1839
Døydde utan livsarvingar i 1839.
4. Ola Olson Skjerping Koddemoen   16.11.  1783-1861
G 1815 m Guri Andersdtr. Rotneim. Sjå Skjerpingmoen, gnr. 12/11.
5. Margit Olsdtr. Skjerping Rolvshus     1786-
G 1814 i Nes m Lars Eivindson Rolvshus. (Oppl. Are Gustavsen 22.11.2008)                     
6. Birgit Olsdtr. Skjerping      1787-
7. Syver Olson Skjerping Bjørøyen   19.07.  1789-1853
G 1816 m enkje Ingeborg Olsdtr. Bjørøyen, gnr. 5/1. G 1821 m Guri Persdtr. Øygarden.
8. Eirik Olson Skjerping    13.05.  1792-1863
Sjå 1830- hushaldet og SkjerpingHaugen, gnr. 12/14.
9. Margit Olsdtr. Skjerping Nyhus   09.08.  1795-
G 1821 m Hermann Hermannson Nyhus, gnr. 10/1.
Ola fekk skøyte på halve garden (6 1/2 lb.) i 1776 for 490. Men faren ville ikkje dele garden i fleire åsete, - til det var ikkje garden stor nok. Den andre halvparten skulle Ola få når faren var død og syskena utløyste. 
     	I 1784 kjøpte han den andre halvparten i garden for 298 rd og eit romsleg kår til foreldra. Det omfatta m.a. tobakk for 1 rd årleg og humle for 2 ort. 
     	Ola gjorde slik avtale med Halvor Olson Hagen i 1792: Ola skulle overta skogen ova Brenna og nord til Lya. Kverna dei hadde i Lya, skulle Ola ha åleine heretter, men nedre Nyhus skulle ha rett på fri maling av kornet sitt. Om kverna var i ustand, så skulle eigaren av Skjerping betale maling annanstads. Som mot-yting skulle Halvor ta brenneved til Nyhus og Hagen i skogen hans. (1221) s 296
     Han kjøpte ein skogrem for 700 rd i 1805. Seljar var Eilev Olson Torpo.
     	Birgit kjøpte ein skogrem frå Skjerping i 1805. I 1808 overførde dei Skjerping til den andre sonen Ola. Pris 2400 rd og kår. 
{816} År: 1808
 
Ola Olson Skjerping Koddemoen   16.11.  1783-1861
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
Ola overtok halve garden i 1808. Ola gifte seg med Guri Andersdtr. Rotneim i 1815. 
     	Ola måtte gje opp garden og vart sitjande på plassen Skjerping/Kodde-moen. Ola Skjerpingmoen fekk litt fattigstøtte 1816-1836. Guri døydde som enkje på Rotneim.
{817} År: 1826
 
Embrik Olson Skjerping Medgarden   17.05.  1778-1849
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
Gm Guri Nilsdtr. Skjervheim Medgarden   22.10.  1775-1847
Foreldre: Nils Olson Skjervheim og Turid Olsdtr. Juvsjord Skjervheim.
*Barn elles
1. Randi Embriksdtr. Nyhus    16.01.  1805-
Foreldre: Embrik Olson Skjerping med Margit Knutsdtr. Nyhus. Ukjent lagnad.
Embrik og Guri gifte seg i 1805. Barn: sjå nedre Medgarden, gnr. 24/3.
     	Embrik vart kalla Apal-Embrik. Han hadde Skjerping 1826-29,  prisen var 1800 spd og eigen arv 400 spd. I 1829 selde han ein del av garden til broren Eirik for 1100 spd. Broren Ola hadde også ein del i garden (Koddemoen, Fjøka, Rangdiplassen, Baustedokken og Kråkhovstølen). Men ingen deler var sette.
     	Embrik og Guri var deretter 3 år i Bæra og 2 år i Juvsjord og tilslutt i Medgarden der Guri hadde odelsrett. 
     	I 1837 vart Medgarden selt på tvangsauksjon for gjelda, og Embrik vart husmann i SkjerpingHaugo.  (997) Embrik og Guri døydde i Kolbotnen. 
{818} År: 1830c
 
Eirik Olson Skjerping    13.05.  1792-1863
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
Gm Sissel Knutsdtr. Kolsrud Skjerping   04.04.  1802-1875
Foreldre: Knut Solveson Helling Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Sørbøensmoen.
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. Skjerping Sørbøensmoen   23.02.  1826-
G 1843 m Syver Knutson Sørbøensmoen. Sjå neste hushald.
2. Haldis Eiriksdtr. Skjerping Strand   12.12.  1827-
G 1859 m Knut Knutson Fetagarden Strand, gnr. 123/53 Til Am.
3. Ola Eirikson Skjerping    29.06.  1830-
Ola var ikkje arving i 1863. Ukjent lagnad.
4. Margit Eiriksdtr. Skjerping    05.03.  1833-
Utflytt - ukjent opphaldstad i 1874.
5. Anne Eiriksdtr. Skjerping    28.11.  1835-1850
6. Knut Eirikson Skjerping    11.03.  1838-1874
Ugift. Knut flytte ut 1855 til jarnbanearbeid i Fet pr.gj. 
     Det vart strid om heimstavnsretten til Knut. Etter eit opphald på Kongsvinger sjukehus i 1866, sende Eidskog rekninga til Ål.
7. Sissel Eiriksdtr. Skjerping    22.02.  1841-1843
8. Sissel Eiriksdtr. Skjerping Holestølen   07.03.  1844-1928
G 1868 m Mikkel Olson Holeplass, gnr. 50/2.
9. Margit Eiriksdtr. Skjerping SkalleHaugen   01.04.  1849-1887
G 1873 m Henrik Johanneson Torsgard SkalleHaugen, gnr. 115/21. Til Am. i 1877.
Eirik fekk sonen Ola f. 1825 med Ingeborg Hallsteinsdtr. Lauvsletten. 
     	Same år gifte han seg med Sissel. Eirik og Sissel selde Skjerping til dotter og svigerson i 1843 og budde sidan i Aslegjerda.
{819} År: 1843
 
Birgit Eiriksdtr. Skjerping Sørbøenmoen   23.02.  1826-
Foreldre: Eirik Olson Skjerping og Sissel Knutsdtr. Kolsrud.
Gm Syver Knutson Helling Sørbøensmoen   12.12.  1817-1886
Foreldre: Knut Olson Helling (ungkar) og Birgit Syversdtr. Helling.
Birgit og Syver sat med Skjerping til 1851. Barn: sjå Sørbøensmoen.
{820} År: 1851
 
Johan Nilsson Sveinsgard Skjerping   26.11.  1821-1880
Foreldre: Nils Nilsson Sveinsgarden og Amalia Hansdtr. Nubgarden.
Gm Mari Larsdtr. Ruud Skjerping   16.10.  1824-____
Foreldre: Lars Nilsson Ruud og Kari Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Amalia Johansdtr. Skjerping Opheim   14.04.  1850-1904
G 1874 m Torkjell Halvorson Garden Opheim.
Johan og Mari gifte seg i 1849. Dei kjøpte Skjerping bnr. 1 i 1851. Under utskiftinga i 1861 vart det sett laglegare dele mellom dei to Skjerping-gardane. 
     	Mari sat med garden i fire år som enkje inntil ho selde i 1884.
{821} År: 1884
 
Ola Torsteinson Skjerping    28.09.  1850-1935
G 1877 m Guri Larsdtr. Vestenfor. 
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).
Ola Torsteinson kjøpte bnr. 1 i 1884 og slo saman med bnr. 6 . Dermed var garden samla att. Sjå vidare under bnr. 6.