Skjerping gnr. 12 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skjerping gnr. 12 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skjerping bnr. 6 var frådelt bruksnummer 1 i tida 1830 til 1884. Sjå innleiinga under bnr. 1.
    Ein del av garden vart kalla 'Gamlegarden'. Den vart nytta av dei gamle på Skjerping. Det gamle stolphuset på garden vart flytta hit. Stolphuset står no ved hotellet Oset på Golsfjellet.

{830} År: 1830

Ola Knutson Medhus Skjerping 04.10. 1795-1863
G 1835 m Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde. Sjå nedre Nyhus, gnr. 10/8. Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim.

Anne og Ola var på Nedre Nyhus. Dei hadde Skjerping frå 1830 til 1846.

{831} År: 1846

Torstein Knutson Medhus Skjerping 05.02. 1809-1897
Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim. (ikkje Guri Torsteinsdtr. som det står i KB.)
Gm Margit Eiriksdtr. Opheimsjorde Skjerping 02.03. 1824-1882
Foreldre: Eirik Embrikson Torset Opheimsjorde og Helge Olsdtr. Opheimsjordet.
*Barn
1. Guri Torsteinsdtr. Skjerping Nyhus 07.01. 1848-1933
G 1865 m Halvor Eilevson Nubgarden Nyhus, gnr. 10/8. Sjå Tretterud, gnr. 7/7.
2. Ola Torsteinson Skjerping 28.09. 1850-1935
G 1877 m Guri Larsdtr. Vestenfor. Sjå neste hushald.
3. Helga Torsteinsdtr. Skjerping Bakke 25.02. 1854-1910
G 1875 m Ola Nilsson Skrindo Bakke, gnr. 49/1.
4. Knut Torsteinson Skjerping Rangdiplass 11.05. 1857-1941
G 1886 m Birgit Larsdtr. Skjerpinghaugen. Sjå Bergunn, gnr. 12/17, Langejøta og Vesleslåtta.
5. Eirik Torsteinson Skjerping 31.01. 1861-1926
Ug. "Dr. Erik Sherping". Eirik tok lærarskule på Voss og las til artium med Aslakson på Nes. Reiste til Am. i 1884 og studerte teologi. Ordinert til prest i 1887. Fyrste tida som prest var slitsam. Han hadde 7 kyrkjer og lite løn.
    Ettersom bror hans var doktor og trengde hjelp på hospitalet sitt, vart det til at Eirik byrja studere medisin frå 1886. Han var doktor 1889-1925 og arbeidde i lag med broren. (NU 1902)
    Han virka som lærar, prest og doktor til sin død i 1926. Budde i Wyndmere, ND. 1926. (773)
6. Ola Torsteinson Skjerping 06.08. 1864-1929
G 1895 m May Marie Sollin (Av Hadelandslekt.) Barn: Ralph ....- bank-mann i Wabash, Indiana, gm Margaret ... (2 adopterte søner, døde, 2 adopt. jenter). May Marie var sjukepleiar.
    Ola reiste til Am. i 1884. Han tok seg utdanning og vart doktor i 1894, og hadde praksis i Enderlin saman med broren Eirik. Sidan var han overlækjar ved St. Luke Hospital i Fergus Falls, MN. Han hadde eit eineståande ry som lækjar og kirurg. ("Hallingen med kniven".) Han dreiv også farm ved sida av praksisen, og var den fyrste formannen i Hallinglaget (1907-15). (1345)

Torstein starta som saue-drivar 12 år gamal. Neste år kjøpte han sine eigne sauer og dreiv driftehandel.
    Margit og Torstein gifte seg i 1845.
    I 1857 kjøpte Torstein eit sagbruk hjå Eirik E. Opheimsjorde. Saga låg under Opheim No. 63 a og det var hogstrett til timmer for vedlikehald av sag og dam. Men Opheim-bonden skulle påvise stokkane. Seljaren skulle ha fri saging av tømmer til vedlikehald av garden samt 50 spd. kontant. (1551)47
    Ifylgje FT 1865 brukte Torstein desse eigedomane: Skjerping, Sireøyen, Skomakarmoen, Torpeslåtta, Nyhus, Gamli (mølle).

{832} År: 1877

Ola Torsteinson Skjerping 28.09. 1850-1935
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).
Gm Guri Larsdtr. Vestenfor Skjerping 06.10. 1856-1943
Foreldre: Lars Hermannson Vestenfor og Barbro Persdtr. Mykleset (Gol).
*Barn
1. Torstein Olson Skjerping 18.11. 1878-1969
Ug. Torstein var nokre år i Canada. Kom heim att 1927 og dreiv ymse arbeid. Han dreiv m.a. bensinstasjon ved Samvirkelaget på Torpo.
    Torstein budde i ei gamal stugu på garden. No vert den kalla 'Torsteinstugu'. Han dreiv med fruktdyrking. Torstein las mykje bøker og var noko av ein filosof.
2. Lars Olson Skjerping 29.06. 1881-1966
G 1915 Bergen m Gunvor Helgesdtr. Tufte. Sjå neste hushald.
3. Knut Olson Skjerping 02.01. 1884-
Gm ... ... . Barn: 2. Til Am. i 1907. Farmar.
4. Margit Olsdtr. Skjerping 14.10. 1886-1957
Ug. Margit stellte for foreldra. Og ho dreiv med bakst og vevnad.
5. Barbo Olsdtr. Skjerping Strand 17.06. 1889-1977
G 1912 m Torstein Olson Gjerdnes, sjå Fetagarden, gnr. 123/53. G 1923 m Ivar Halvorson Sandelien, sjå Sandelien, gnr. 52/1.
6. Eirik Olson Skjerping 24.06. 1892-1979
G 1914 Bragernes m Guri Olsdtr. Rudningen. Sjå eige hushald: Støen, gnr. 12/26.
7. Helga Olsdtr. Skjerping 07.08. 1895-
Ug. Ho var i tenest på ein gard i Lier. Gravlagt i Lier.
8. Guri Olsdtr. Skjerping Sataslåtten 18.01. 1898-1989
G 1925 m Olav Torsteinson Sataslåtten. Sjå Vestafor/Hagen, gnr. 8/5.
9. Olaf Olson Skjerping 17.01. 1904-
Olaf var 'nedanfor', og døydde der.

Ola og Guri gifte seg i 1877. Då faren kjøpte Gamli mølle fekk også Ola erfaring med vasskraft. I 1904 kjøpte Ola eit stykke grunn ved Lya frå Leikvoll og bygde ei sag. (1287)
    Ola la inn vassledning frå Træet. Han bygde saman dei to lofta til eit hus.