Perplassen gnr. 12 bnr. 19
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Perplassen gnr. 12 bnr. 19-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Perplassen er eit småbruk ovanfor riksvegen og vest for Bergunn (Rangdiplassen). Perplassen ligg inne på området til HV-skulen. Namnet skriv seg nok frå brukaren Per Person som reiste frå bygda kring 1800. NB. Namnet 'Skjerpingmoen' er stundom brukt i kjeldene også her.
    Frå 1940 vart bruksnamnet endra til Sand, og det vert brukt også som slektsnamn.
    I 1865 hadde dei 1 geit på Perplassen, og dei sådde 1/4 tunne bygg og 1/2 tunne potet. Areal: 13 mål innmark av dette 7 mål dyrka. Husa er stugu bygd 1931, stolphus 1925, uthus og snikkarhus bygd 1938. Stugu vart brukt som sjefsbustad på Torpomoen ei tid.
    No er alle dei gamle husa på Perplassen rivne og andre hus kome i staden. I dag ligg Perplassen til HV-skulen på Torpo.
   

{877} År: 1792

Per Person Hellingberget Perplassen 09.03. 1757-
Foreldre: Per Jørgenson Moen Hellingberget og Birgit Persdtr. Opheim.
Gm Birgit Halvorsdtr. Sando Perplassen 22.01. 1764-
Foreldre: Halvor Torsteinson Sando og Margit Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Sissel Oleivsdtr. Torpemoen Perplassen 06.01. 1756-
Foreldre: Oleiv Knutson Torpemoen og Olaug Olsdtr. Bjørøyen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Persdtr. Perplassen 08.03. 1789-
2. Unn Persdtr. Perplassen 11.03. 1792-

Per og Birgit gifte seg i 1788. Dei budde i Svarvargarden ei tid og på Skjerpingmoen i 1792, men i 1800 var kone og barn borte. Ingen konfirmert eller døde. Men kyrkjeboka er noko mangelfull denne tida.
    Per vart truleg attgift med ... ... . For i FT 1801 heiter det at Per Person vart gift for 'tredje gong' med Sissel Oleivsdtr. Han var husmann under Skjerping. Denne huslyden reiste or bygda like etter 1800.

{878} År: 1825c

Ola Person Kvelprud Perplassen 05.01. 1794-1865
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Tolleivsdtr. Bjella.
Gm Margit Amundsdtr. Hefte Perplassen 05.04. 1790-1874
Foreldre: Amund Jonson Hefte Hellinghaugen og Åse Magnusdtr. Grøvo, Gol.
*Barn
1. Per Olson Perplassen 23.08. 1824-1910
G 1856 m Guri Olsdtr. Baklien. Sjå neste hushald.
    NB. På skiftet etter Margit Persdtr. Sataslåtten 1797-1874 var einaste arving ein brorson, Per Olson Perplassen. (Påvist av Eirik Haugen). Her kan det vera noko forvekslingar vedrørande Ola Person.
2. Ambjørg Olsdtr. Perplassen Grøvo 27.05. 1827-1869
G 1861 m Sindre Knutson Dekko Grøvo, gnr. 32/23. Død som Perplassen.
3. Amund Olson Perplassen Dekko 25.02. 1831-1872
Gm Rønnaug Knutsdtr. Dekko, gnr. 32/24.

Ola Person Kvelprud og Margit gifte seg i 1824.
    Då Ola døydde i Perplassen i 1865, vart han omtala som 'strandsitjar'.
    I 1865 var Margit husmannskone og enkje med jord. Det var to bebudde hus, Birgit Halvorsdtr. , enkje etter Knut Eirikson Lien, med to søner budde i det andre huset.

{879} År: 1894

Per Olson Perplass 23.08. 1824-1910
Foreldre: Ola Person Kvelprud Dengerud Perplassen og Margit Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Guri Olsdtr. Baklien Perplass 26.10. 1829-1910
Foreldre: Ola Arneson Baklien og Sigrid Danielsdtr. Danielsplass.
*Barn
1. Ola Person Perplassen Brennodden 26.05. 1860-1907
G 1893 m Anne Olsdtr. Rudningsdokken. Sjå Nymoen, gnr. 10/5.

Bråta-Per hadde budd ei tid i Nubgardsbråten (Nubgardsrudningen) i unge år. Og etter den tid vart han kalla Bråta-Per. Per var husmann og smed på Per-plassen. Per og Guri gifte seg i 1856.
    Per var mykje nytta som spelemann. Han spelte noko tungt med den gamle, seine takten, og han hadde ein del gode slåtteformer. Per laga feler, i alt vart det 23 feler frå hans hand. (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 241.)
    Ein gong skumpa ein dansar borti Per såpass at felebogen rauk. "Det fekk han tre gode nevaslag for!", sa Bråta-Per. Sjølv var Per ein god dansar. Han kunne gjera tre stempla-kast på ein skammel utan å ramle ned. (1433)
    Per var noko av ein villstyring. Øvrigheita var heller ikkje snau med språkbruken: "Et av bygdens største utskud." Og "Durkdreven Karnalier og Løsgjenger", heitte det om Per i 1844. (1016) s 54
    Per vart dimmitert frå Botsfengselet i 1854. "Har intet ærligt foretaget sig siden hjemkomsten fra tukthuset!" Like før jul i 1868 gjekk det reint ille. Då gjekk Per bort og drap ungguten Lars Knutson Odden. Då fekk han 8 år straffarbeid. (Sjå Odden gnr. 10/10.) Bråta-Per gjekk gjerne kledd slik: blå trøye og bukser og øyrelappluve.
    Då Per var død vart ein gut sendt opp til presten for å melde dødsfallet. Guten la til: "Du får strøke ho Guri med, ho va so og sea ferdig ho med då eg reiste uppover." Guri døydde 6 dagar etter Per. (1450)