Leikvollane gnr. 13 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Leikvollane gnr. 13 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Leikvollane, dativ Leikvollo. Slektsnamnet er Leikvoll. Garden ligg i utkanten av Torpo-valdet, og er truleg frådelt den opphavlege Torpo-garden. Då garden vart teken i bruk att fyrst på 1600-talet, var den underbruk til Lien og seinare Skjerping ein stutt periode.
    Etter ei gamal segn stod ei ørliten kyrkje på Leikvollo, før stavkyrkja på Torpo vart bygd på 1100-talet. Der var også ein steinkross som vart flytta ned til kyrkjegarden, og seinare kome bort. (Ål I s 121)
    På Leikvollane stod ei loftstugu frå gamalt. Den brann.
    Garden ligg lognt ved foten av bakkane opp mot Opheim. Innmarka er flatlendt og omkransa av skog.
    Areal 1865: 19 1/2 mål dyrka, 32 mål natureng, 36 mål utslått. Avling: 18 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 26 mål, som dels vert leigd bort, produktiv skog 135 mål, anna utmark 22 mål. Våningshus bygt 1958, driftsbygning 1964, gamalt stabbur flytta 1976, garasje 1980, gamal låve og trev (tømra).
    Stølar: heimstølen Leikvollstølen er fråseld. Langstølen Skøytingset (på Auståsen) vart fråselt 1903 og ligg no til Hagen. Leikvoll-kyrne var på fellestølen på Hevjansåsen. Sidan var det foringsdyr fram til 1991 og deretter vart det sauehald nokre år. I dag er det ikkje dyr på garden.
    Plass: I 1801 budde Holge Eirikson og familien på ein plass under Leikvollo. Ein kjenner ikkje namnet på denne plassen, heller ikkje andre brukarar. Ei tomt oppe i skogen bort mot svingen, kan vera vera frå denne plassen.

{895} År: 1765c

Herbrand Olson Storlislåtta Leikvollane 26.03. 1744-1826
Foreldre: Ola Olson Slåtten og Anne Olsdtr. Storlien.
Gm Kari Olsdtr. ... Leikvollane 1752-1787
Foreldre: Ola ... ... .

Ein finn ikkje når fyrste kona til Herbrand, Kari Olsdatter, gjekk bort. Men Herbrand gifte seg opp att 1789 med Margit Olsdatter og fekk i alle fall tre barn med henne. Sjå Grandokken under Kolsrud.
    Han lånte 800 rd hjå broren Ola Øyen i 1770 og sette garden i brukeleg pant. Det var broren Ola Leikvoll som klaga ein mann i bygda for tjuveri i 1770.
    Varene som vart attfunne i eit skåp hjå tjuven var: "nogle Støcker af en Side af en slagted oxe, og siden ude i en Boe 16 a 17 Pølser, hvoraf den ene paa vejen fra Legvold; 1 kalveboug, og 2de: Kiød Laar af Sauve. " Pølsene vart attkjende på tråden.
    Ola og Herbrand selde Leikvoll for 798 rd i 1782 til Syver Helgeson. Herbrand og Margit budde på Leikvollane i 1791 og i Grandokken, ein plass under Kolsrud i 1794.
    I FT 1801 var Herbrand husmann utan jord og dagarbeidar. Han var på legd i Nedre Torpo fjerding 1816-1836.

{896} År: 1772

Syver Holgeson Vangen Leikvollane 1727-
Foreldre: Holge Syverson Rime Vangen og Ambjørg Olsdtr. Sundre.
Gm Torand Olsdtr. Hagen Leikvollane 1725.-
Foreldre: Ola ... Hagen og ... .
*Barn
1. Holge Syverson Leikvollane 20.02. 1763-1839
Gm Anne Sveinsdtr. Juvsjord i Hol. Sjå neste hushald.

Syver og Torand gifte seg i 1761. Dei var på Vangen den fyrste tida. Og sidan på Opheim. Syver vart bøtelagt 15 lodd sylv og 5 lodd erstatning for knivstikk på Levor Lambertson i 1756.
    Syver overtok garden til bruks i 1772. Det var gardsyn på Leikvollo i 1772. Husa var: stugu dårleg 9 rd; to stolphus 6 og 7 rd; fehus; låve; sauestall med trev; hestestall; to luer; eit gamalt 'størhus'; badstugu; gamal smie; 1/2 kvernhus utan kvern. På heimstølen: fjøs 6 rd; ei bu 3 rd; lu; stall til sau og hest. På langstølen: bu, lu, ei gamal bu, eit gamalt og forfalle fehus. Odelsmannen, Herbrand Leikvoll var tilstades. (1194) s 567
    Herbrand Leikvoll selde Leikvollo for 798 rd i 1782 til Syver Helgeson. Når Per Leikvoll og Ingrid Halvorsdtr. gjekk bort, skulle Herbrand Olson og Kari Olsdtr. ha slikt kår: 1 ku framfødd; 2 mål åker opp-pløgd.
    Syver var lagrettemann frå 1773.

{897} År: 1782

Holge Syverson Leikvollane 20.02. 1763-1839
Foreldre: Syver Holgeson Vangen Leikvollo og Torand Olsdtr. Hagen.
Gm Anne Sveinsdtr. Juvsjord 1756-1837
Foreldre: Svein Sanderson Juvsjord i Hol og Ambjørg Henriksdtr. Huus. (Hol VI s 31)
*Barn
1. Torand Holgesdtr. Leikvollane Dusegard 1786-1862
G 1806 m Asle Guttormson Bergsgard Dusegard, gnr. 85/1.
2. Jørand Holgesdtr. Leikvollane 1789-1875
G 1816 m Ola Ottarson Ottardokken i Gol 1797-1874. Gol V s 346 .
    Barn: Ivar 1817-1817; Ottar 1818-1887 g 1838 m Anne Olsdtr. Botten; Ivar 1820- ... til Am. ; Helge 1822-ung; Marte 1824- konf. 1836; Anne 1826-.... til Am. 1853; Helge 1828-1913f g 1851 m Kari Fingarsdtr. Fossebakken, farmar og slåsskjempe Norway, Freeborn Co MN.
    Ola Ottarson var spelemann. Han fekk tre år festningsarbeid for knivstikk og "ymse forhold".
3. Syver Holgeson Leikvollane 1790-1836
G 1818 m Tora Olsdtr. Rotneim. Sjå neste hushald.
4. Svein Holgeson Leikvollane Torpo 03.06. 1792-1867
G 1833 m enkje Guri Olsdtr. Barskrind Nubgard. Sjå Søre Torpo, gnr. 7/13 og Nordre Torpo, gnr. 9/1.
5. Sander Holgeson Leikvollane TorpeHagen 1794-1834
G 1828 m Kristi Sveinsdtr. Rikansrud. Sjå Hagen, gnr. 8/1.
6. Ambjørg Holgesdtr. Leikvollane Sire 29.11. 1795-1837
G 1822 m Sander Olson øvre Sire, gnr. 4/20.

Holge selde Ridalsremmen til lensmann Hallgrim Ruud i 1805. Pris 600 rd, Holge held attende lauvskogen i remmen. (1536) 155b
    I 1806 selde dei garden til svigersonen og dottera Torand for 1600 rd og kår. Eit kvernhus og "Axleschelet" var med i handelen. (1536)326b

{898} År: 1806

Asle Guttormson Bergsgard Dusegard 1775-____
G 1806 m Torand Holgesdtr. Leikvoll. Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og Guri Aslesdtr. Ulshagen.

I 1806 kjøpte Asle Guttormson garden for 1600 rd. Han makeskifta Leikvollo med Jakop Olson Rukke frå Nes i 1808 og kom til Gunhildgard. Meir om Asle og Torand på Nupestølen og Dusegard (der ungane er ført opp.)
    Jakop selde garden attende til Holge Syverson Leikvoll i 1810, som selde garden til sonen Syver i 1818 for 900 spd og kår.

{899} År: 1818

Syver Holgeson Leikvollane 1790-1836
Foreldre: Holge Syverson Leikvollo og Anne Sveinsdtr. Juvsjord (Hol).
Gm Tora Olsdtr. Rotneim Leikvollane 1800-1884
Foreldre: Ola Embrikson Rotneim og Anne Persdtr. Karigarden Opheim. (Gol V s 280)
*Barn
1. Holge Syverson Leikvollane 29.08. 1820-1897
G 1841 m Guri Torkjellsdtr. Vesledalstugu Opheim. Sjå neste hushald.
2. Ola Syverson Leikvollane 23.06. 1823-1898
Gm Margit Nilsdtr. Opsata Roe. Barn: Syver 1852- farmar gm Ragnhild Hesla (4 barn); Tollef 1854- farmar, gm Elina Grangard (6 barn); Thorine 1857- farmar gm Ole O. Ellefson (10 barn); Tollef Karel 1860-1861; Nils Karel 1863- farmar gm Bertha Marie Guttormson (6 barn); Kari 1865-1897 gm Jakop Johnson (1 dotter); Necoline 1868- gm Wilhelm Rood (6 barn); Ragnhild 1871-1890; Peter 1873-1873; Peter 1875- farmar gm Anna Bertina Nelson (2 barn), gm Emma Nelson; Melvin Oskar 1879-1879.
    Han reiste til Amerika våren 1845 saman med Erik K. Barskrind. Dei to var dei fyrste ålingane som reiste til Am. Busett i Rock Prairie, Wisc. Sonen Syver arbeidde ut eit slektsregister over Leikvoll- og Roe-ætta.
3. Anne Syversdtr. Leikvollane Opheimsjorde 11.04. 1826-1883
G 1846 m Ola Eirikson Opheimsjorde, gnr. 22/42.
4. Per Syverson Leikvollane 10.03. 1829-1845
Ugift.
5. Syver Syverson Leikvollane 06.01. 1832-1832
6. Syver Syverson Leikvollane Severson 14.04. 1833-1909
Gm Bertha Helgeson 18__-1865. Barn: Thorina 1861- gm Andrew Peterson (5 barn). (849)
    G 1867 m Julia ("Guri") Roe, Gol 1847-1904. Barn: Betsey 1868-1951 gm Andrew Bolander; Sarah 1870-1962 gm John Sundell; Syver 'Bert Severson' 1872-1959 gm Ida Christine Aakre; Tilda 1875-1960 gm August Earnest Held; Julia 1877-1953 gm John H. Botten; Petter 1880-1954 gm Maggie Wery; Annie 1883-1972 gm George M. Saad; Albert 1885-1967 gm Florence Widstrand. (799) (849) (1022)
    Syver var farmar og budde fyrst i Jackson Co. MN, men kom sidan til Vermillian, SD og så til Troy, Idaho. Farmen i Troy er enno i familien. Dei tok etter kvart namnet 'Severson'.

Syver og Tora gifte seg i 1818. Same året fekk Syver skøyte på garden for 900 spd og kår til foreldra. Syver døydde av tæring 1836, og Tora vart attgift med Knut Olson Opheim Karigarden.

{900} År: 1837

Tora Olsdtr. Rotneim Leikvollane 1800-1884
Foreldre: Ola Embrikson Rotneim og Anne Persdtr. Karigarden Opheim, Gol.
Gm Knut Olson Opheim 17.07. 1791-1873
Foreldre: Ola Arneson Opheim Karigarden og Randi Knutsdtr. Hesla (Gol).

Sjå førre hushald. Tora vart attgift med Knut i 1837. Dei budde i Karigarden. Barna er førde der.
    Tora sin son Holge frå fyrste ekteskapet fekk skøyte i 1839, og Tora fekk slikt kår: 2 kyr og 4 småfe framfødd og røkta; 3 tunner bygg av beste slag; 2 settung salt, 2 settung rug; 2 merker humle; varmt hus oppvartning, vask og bakst etter ynske. Årleg verdi: 40 spd. (1544)625

{901} År: 1839

Holge Syverson Leikvollane 29.08. 1820-1897
Foreldre: Syver Holgeson Leikvoll og Tora Olsdtr. Rotneim.
Gm Guri Torkjellsdtr. Opheim Leikvollane 02.01. 1821-1899
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Opheim Vesledalstugu og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim Vesledalstugu.
*Barn
1. Syver Holgeson Leikvollane 26.05. 1843-1843
2. Syver Holgeson Leikvollane 23.06. 1844-
Gm ... ... som døydde tidleg. Ingen barn. Syver var butikkbetjent og farmar ved Sioux Falls, og sidan mine-eigar i Baker i Oregon.
3. Ingeborg Holgesdtr. Leikvollane Jorgenson 11.01. 1848-1914
Gm Ben Jørgenson. Ingen barn. Dei farma ved Presho, SD. Ho døydde i Noreg.
   
    Barn i USA: Torkjell 1851- farmar ved Waterville, Iowa, gm Matea Hagen (9 barn). (789)

Holge og Guri gifte seg i 1841. Han fekk skøyte på Leikvoll i 1839 for 680 spd. (1544)625
    13. mars 1847 var det eit samvær på Leikvoll. Syver hadde gjeve løyve til Gudbrand Kolsrud som ville halde lotteri. Ei sylje skulle loddast ut og den som fekk den, skulle kjøpe 5 pottar brennevin og traktere deltakarane. Det vart alt i alt 28 personar, så dei måtte hente meir drikke. Ut på natta, då spelet og dansen var over og brennevinet oppdrukke, vart det slagsmål. To av deltakarane vart skadde, og det vart rettsleg etterspel.
    Holge og Guri fekk utflyttingsattest i 1849 og kom til Waterville i Iowa i 1851.

{902} År: 1846

Halvor Halvorson Bråten Lakevold 12.09. 1825-1904
Foreldre: Halvor Oleivson Bråten og Eli Halvorsdtr. Sehl.
Gm Margit Syversdtr. Opheim Leikvollane 02.05. 1830-1909
Foreldre: Syver Rasmusson Rasmusgarden Opheim og Gunvor Holgesdtr. Tufte.
*Barn
1. Eli Halvorsdtr. Leikvollane Torpo 20.03. 1850-1923
G 1873 m Håvel Sveinson Torpo. Til Am. 1884. Sjå nordre Torpo.
2. Gunvor Halvorsdtr. Leikvoll Kamberud 24.09. 1852-1930
G 1873 m Ivar Knutson Kamberud. Til Am 1880. Barn: Guri 1873-ung ; Konrad Henry 1884-1884; Mollie Christina 1886-1969 gm Ben H. Herbrandson; Anna Sophia 1889-1953 gm Lewis Gilbert ....-1912, gm Ole Aasby; Julia ....-1937 gm Henry Lafferty.
3. Guri Halvorsdtr. Leikvollane Egertson 07.07. 1854-1929
Barn m/Knut A. Sire: Margit 1874- . (1345) Sjå barnebarn.
    G 1888 m Eirik Eggertson EggertMyro 1848-1927. Barn: Edward 1889-1957 farmar, g 1921 m Bella Marie Johnson (7 barn); Henry 1891-1964 farmar, g 1919 m Hilda Blanche Anderson (3 barn); Sever 1892-1966 bankmann, g 1922 m Vera Coleman (2 barn). (1685)
    Til Am. 1885. Dei farma ved Wallington og skreiv seg Egertson.
4. Halvor Halvorson Leikvollane **.01. 1857-1857
5. Halvor Halvorson Leikvollane 28.02. 1858-1859
6. Halvor Halvorson Leikvollane Lekvold 08.06. 1860-1927
G 1888 m Hilda Olsdtr. Noer 1866-1905 (frå Brandval i Solør). Barn: Henry 1889-1944 g 1918 m Carolyn Remmers; Mabel 1892-1970 gm Eskel Petrus Nilsson (ingen barn); Helge 1893-1944 g 1917 m Lauretta Mae Nesmeyer (1 son), gm Lucille Ione Ward (3 barn); Hilda 1896-1979 g 1919 m William Lee, gm George James Fahey; Alfred 1900-1972 gm Hazel Eves.
    G 1908 m Ollie Peterson (syster til Hilda). (Brev frå Marilyn Lekvold)
    Halvor reiste til Amerika med foreldra i 1885. Han hadde forskotsbetalt billett. I 1889 til South Dacota. Farmar ved Naples, SD. Minneord i Lutheran Christian Herald, 14. Okt. 1927. (J. Marler)
7. Margit Halvorsdtr. Leikvollane 23.01. 1863-
Til Am. med foreldra i 1885.
8. Syver Halvorson Leikvollane 18.10. 1865-1867
9. Dordei Halvorsdtr. Leikvollane Aanonson 22.06. 1868-1944
G 1892 m John A. Aanonson 1868-1927. Barn: truleg Emma 1896-1975; Lewis 1893-1974 gm ... ... (3 barn)
    Til Amerika med foreldra i 1885. Gravlagt på Emmet County Cemeteries, Wallingford Lutheran. (J. Marler)
10. Syver Halvorson Leikvollane 29.04. 1871-1943
Han fekk skarlaksfeber i 1876 og mista taleevna. Syver var skrivefør og budde hjå foreldra.
11. Margit Halvorsdtr. Leikvoll 05.05. 1876-
Ukjend lagnad.
*Barnebarn
1. Margit Knutsdtr. Leikvoll 01.02. 1874-
Foreldre: Knut Anderson Tomasgarden og Guri Halvorsdtr. Leikvoll.

Margit og Halvor gifte seg i 1849. Dei kjøpte Leikvollo i 1849, men sleit med tunge kårytingar.
    Våren 1873 hadde Halvor hogd 'inn på' skogen til Eilev Torpo. Dei vart samde om å opprette deler i fylgje ei gamal delingskontrakt frå 1790, og at Halvor skulle ersatte dei 7 tylvter og to tre med 10 spd og 4 skilling.
    I 1885 utvandra Margit og Halvor til Petersburg i Jackson Co, MN. Dei skreiv seg "Lakevold" i USA. Sonen Syver 1871 var lam og budde hjå foreldra. Adoptivson i Amerika: Henry Julius 1889-.... .

{903} År: 1888

Torstein Torgeirson Brøto Strand 20.06. 1829-
Foreldre: Torgeir Guttormson 'Brøto i Moen i Hol'- Kaupang og Birgit Olsdtr. Helgegutøyen, Hol.
Gm Margit Olsdtr. Sundbrei Haugen 17.04. 1819-
Barn m/Nils Olson Rishovd: Ågot 1839- . Foreldre: Ola Sveinson Sundbrei og Margit Sandersdtr. Slettemoen.
*Barn
1. Margit Torsteinsdtr. Brøto 05.08. 1852-1907
Ug. 'Intet at skifte' i 1907.
2. Birgit Torsteinsdtr. Sausgardshaugen Rikansrud 10.05. 1854-
G 1886 m Rasmus Halvorson Rikansrud Rikansrudjordet. Barn: Guri 1886-, Halvor 1888-, Margit 1895- . Til Hadeland. Sjå inderstar.
3. Ola Torsteinson Sausgardshaugen 06.11. 1856-
G 1887 m Ragne Hermannsdtr. Breibrenna. Sjå neste hushald.

Torstein og Margit gifte seg i 1853. Dei var i Sausgardshaugen i Hol frå 1868 til ca. 1875.
    Torstein kjøpte Nedrejorde i Hol på auksjon i 1879, og var der frå 1881 til 1883. Då skreiv han seg Strand etter å ha vore i Fetagarden Strand nokre år.
    Til Leikvollo kom Torstein kring 1885, og i 1888 fekk han auksjonsskøyte på garden for 4400 kr. Sonen Ola og familien hans var på Leikvollo ei tid.

{904} År: 1891

Ola Torsteinson SausgardsHaugen 06.11. 1856-
Foreldre: Torstein Torgeirson Sausgardshaugen og Margit Olsdtr. Sundbrei.
Gm Ragne Hermannsdtr. Breibrenna Haugen 27.01. 1859-
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Haugen Haug 17.07. 1887-1964
Gm Johan Berntsen Haug. Barn: Bernholdt Haug 1910-1987 gm Elsa Marie Johansen, Drammen (2 barn); Otto 1916- gm Erna ... , til Mo i Rana; Marie 1921- gm Jan Egede-Nissen, på Slattum (2 barn); Adele ....- gm Jens Glimsjø (2 barn); Dagny 1928- gm Tor Holter, Rælingen ( .. barn); Reidun 1932- gm Svein Tollevsen, Drammen (3 barn).
    Ho reiste til Lier på arbeid i 1913. Busett i Sandvika.
2. Birgit Olsdtr. Haugen 27.04. 1889-
G 1913 m Hans Korsrud. Barn: Edel 1917- ugift; Hans 1915- . (875) (1027)
    Busett på Korsrud, Sjåstad i Lier, sidan til Høvik.
3. Anne Olsdtr. Haugen Thompson 27.02. 1891-1980
G 1911 m Georg Thompson. Barn: Florence 1917-1998 gm ... Lemke, Georg ....- gm ... Vinee. (3 barn) (875)
    Dei setla fyrst i Crosby, ND og kom sidan til Montana. Anne tok tok seg av foreldrelause barn, og dreiv med hagearbeid.
4. Torstein Olson Haugen 20.05. 1892-
Gm Borghild ... . Reiste til Oslo?
5. Hermann Olson Haugen 19.12. 1893-
Gm Matea .... Ingen barn. Til Kr.ania i 1917
6. Margit Olsdtr. Haugen Moe 29.11. 1895-1960
Gm Karl Johanneson Moe 1887-1979. Barn: Lesley 1917-1975; Rolf 1918- gm Molly Hansen; Reidun 1927-1989 gm Olaf Pettersen; Kjell 1931-1985 gm Else Knutsen.
    Til Lier i 1911. Busett i Sandefjord.
7. Ola Olson Haugen 19.02. 1898-
Reiste til Sandefjord.
8. Birgit Olsdtr. Haugen 29.04. 1900-
Barn: Grete ....- gm Per Wold (1 son).
    Reiste til Lier i 1915, kom sidan til Sandefjord.
9. Ivar Olson Haugen 15.07. 1903-
Gm Guri Gulliksen/Bekken, Drammen. Barn: ein son, død på konfirmasjonsdagen; Randi ....- gm Runar Knudsen.
    Ivar og Guri budde på Åkerløkka i Vivelstaddalen i Lier.

Ola og Ragne gifte seg i 1857. Ola var arbeidar, hjulmakar og smed, og budde på Leikvollo sist i 1880-åra. I 1900 var han dagarbeidar busett på Helling i Opheim.
    Leikvollane vart selt på auksjon i 1905. Ola kjøpte sidan Løvås i Sande, men garden brann. Ola og Ragne kom deretter til Vivelstad i Lier.