Leikvollplassen gnr. 13 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Leikvollplassen gnr. 13 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Det var ein husmannsplass under Leikvollo i folketeljinga 1801. Husmannen var bygdevektar i 1801.
    Denne plassen har truleg vore rydda ein gong i 1780-åra. Den fall attende til garden kring 1830. Ein har ikkje kjennskap til kvar plassen låg.

{908} År: 1780c

Holge Eirikson Lien Leikvoll 08.06. 1745-1823
Foreldre: Eirik Halvorson myljo Opheim Lien og Fribjørg Helgesdtr. Lien.
Gm Margit Olsdtr. Opheimsjorde Leikvoll 31.01. 1751-1832
Foreldre: Ola Olson Opheimsjorde og Sissel Syversdtr. Barskrind.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Fribjørg Holgesdtr. Leikvollane Hellingbrenna 02.09. 1781-1858
G 1814 m Ola Olson Hellingbrenna. Sjå nedre Brenna, gnr. 20/12.

Holge og Margit gifte seg i 1782. Holge var husmann og skyss-skaffar. Og han var bygdevektar, dvs, han skulle sjå til at ingen betlarar frå andre kyrkjesokn kom inn i bygda. For dette skulle ha ha 1/2 settung korn av kvar oppsittar i bygda.
    I 1817 var det meininga at han og Margit skulle setjast på legd i kvar sin fjerding, men då dei gjerne ville bu saman i hytta si, vart legdeytarane istaden pålagt å gje dei 1 settung korn kvar veke. Holge døydde i legd 1823.