Rikansrud-jordet m.m. gnr. 15 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rikansrud-jordet m.m. gnr. 15 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Rikansrudjordet bnr. 9 vart frådelt Rikansrud i 1855. Plassen Rikansrudbakkane bnr. 14 vart frådelt og kjøpt av eigaren av Rikansrudjordet i 1912.
    Rikansrudbakkane vert kalla "Skatten" på bygda. Dette namnet har truleg samanheng med eit skatteoppgjer ein gong. Kanskje var det difor Rikansrudbakkane vart fråselt. Tuftene syner etter Rikansrudbakkane.
    I Rikansrudjordet står stugu, loft og uthus. Husa er sette opp av Hermann og Ragnhild kring 1915.
    Areal Rikansrudjordet 1865: 3 1/2 mål dyrka jord; 6 mål naturleg eng. Avling 4 tunner bygg og 3 1/2 tunne potet.
    Areal Rikansrudbakkane: 28 mål innmark; derav 20 mål dyrka; 90 mål skog. Vanleg buskap kring 1950 var 3 kyr, 1 ungdyr og nokre småfe.
    Etter 1955 har eigedomane vore brukt under Gåsterud. Frå 1984 vart eigedomane overførte til Gåsterud.

{947} År: 1855

Arne Olson Rikansrud Rikansrudjorde 03.07. 1826-1910
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Ragnhild Halvorsdtr. Berg.
Gm Liv Olsdtr. Storedalsplass Rikansrud 12.12. 1820-1900
Foreldre: Ola Olson Storedalsplass og Jørand Holgesdtr. Torpebråten.
*Barn
1. Ola Arneson Rikansrud 07.08. 1850-1920
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Ola Arneson Rikansrud 25.12. 1864-1864
Han døydde etter 3 timar.

Arne kjøpte Rikansrudjordet hjå bror sin Svein Rikansrud. Då han døydde som fattiglem i 1910, var der ingen ting å dele.

{948} År: 1875

Ola Arneson Rikansrud 07.08. 1850-1920
Foreldre: Arne Olson Rikansrud og Liv Olsdtr. Storedalsplass.

Ugift. Ola vart kalla Skatteguten. (Jfr. eit namn på Rikansrudbakkane.)
    Ola var arbeidskar og budde sidan som inderst i ei liten stugu i Vesledal. (Som no er eldhus i Moldbakka.) Ola hadde ingen sysken, og testamenterte eiga si til Indremisjonen.