Gåsterud gnr. 16 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gåsterud gnr. 16 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gåsterud. Gardsnamnet kan koma av mannsnamnet Gási. Truleg har garden sitt opphav ein gong i høgmellomalderen. Gåsterud kom i skattelistene frå 1623, og vart skattlagd som halv øygard med 3 laupsbol landskyld.
    Areal 1865: 18 mål åker, 40 mål naturleg eng, 36 mål utslått, 3 storrlass.
    Areal 1995: 70 mål dyrka jord, anna areal 25 mål, prod. skog 425 mål, anna utm. 100 mål. Del i Gaurhovd stølssameige. Våningshus bygt 1940, rest. 1955 og 1969, driftsbygning 1962-63, påbygd og ombygd 1981-84, loft frå før 1845, flytt 1960, garasje 1976. Eit stolphus vart selt og står ved ei hytte ved Stokksendvatnet.
    Stølar: Langstøl på Gaurhovdstølen. Heimstølen Grasbakken i Vermelia.
    Besetning 1995: 16 mjølkekyr, 20 ungdyr, 1 hest.
    Stadnamn: Skålaåkeren.
    NB. På denne garden har mannsnamnet Helge/Holge vore mykje i bruk, men kjeldene har ikkje vore konsekvente med omsyn til namneform. I denne framstillinga let eg namnet Helge overta mot nyare tid.
   

{978} År: 1759

Holge Holgeson Ruud Gåsterud 1719c-
Foreldre: Holge Sanderson Ruud og Turid Helgesdtr. Hamarsbøen (Hol).
Gm Anne Aslaksdtr. Hove Gåsterud 1715c-1764?
Foreldre: Aslak Larsson Stave Hove og Astrid Larsdtr. Hove.
*Barn
1. Turid Holgesdtr. Gåsterud Råen 02.02. 1749-1845
G 1800 m em Knut Embrikson Stavehaugen, sjå Råen gnr. 120/9.
2. Astrid Holgesdtr. Gåsterud Stavehaugen 18.10. 1750-
G 1778 m Tor Eilevson Helling. Dei var i Stavehaugen, gnr. 114/11.
3. Sander Holgeson Gåsterud Oppsjø 27.12. 1752-1801f
G 1778 m Kari Embriksdtr. Hagaplassen (mor til lensmann Karl Richter).
4. Holge Holgeson Gåsterud 1755-1830
Gm Margit Toresdtr. Træet. G 1814 m Guri Olsdtr. Sveinsgard. Sjå neste hushald.
5. Birgit Holgesdtr. Gåsterud 08.06. 1755-
6. Margit Holgesdtr. Gåsterud 12.03. 1758-
7. Holge Holgeson Gåsterud 07.09. 1760-
Truleg død tidleg.

Holge var gift soldat busett i Rikansrud i 1748. Holge sette garden i pant for 423 rd i 1768.
    Presten var etter Holge i 1771: han vart stevna for tiende, oste- og heste-pengar; tiende-sau; smørtiende; kyrkjegonge og arbeidspeng o.a.
    I 1775 selde han garden til Tolleiv Tolleivson. I 1776 var det utlegg for dei 28 rd som Holge var skuldig buet etter Ola Enderud. Men då bruket var pantsett frå før, vart kravet til buet "reservert til tid og sted". Holge døydde truleg kring 1780.

{979} År: 1775

Tolleiv Tolleivson Rikansrud Gåsterud 1740-
Foreldre: festemann Tolleiv Tolleivson Rikansrud og Sigrid Syversdtr. Hagen.
Gm Kari Eiriksdtr. Lien Gåsterud 1733-1775s
Foreldre: Eirik Halvorson myljo Opheim Lien og Fribjørg Helgesdtr. Lien.
*Barn
1. Holge Tolleivson Gåsterud 21.11. 1762-
2. Sigrid Tolleivsdtr. Gåsterud 20.05. 1766-1777f
3. Helge Tolleivson Gåsterud 21.11. 1772-1777f
4. Kari Tolleivsdtr. Gåsterud 02.10. 1774-
Kari var mellom "fattige børn" i 1780. Truleg død i 1790-åra.
5. Tolleiv Tolleivson Gåsterud 02.10. 1774-
Tolleiv var på lista over "fattige børn" i 1780.

Tolleiv og Kari gifte seg i 1761. Dei var på Sire 1762-4, på Helling 1766, i Storlien 1768 og på Gåsterud frå 1774.
    Arvingar 1777: enkjemannen, Helge, Tolleiv og Kari.

{980} År: 1779

Tomas Olson Skjerping Tretterudhaugen 10.12. 1752-1815
G 1780 m Ingeborg Olsdtr. Rotneim. Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim. (Gol V s 278)

Tomas kjøpte 1779 Gåsterud for 590 rd. I 1782 kjøpte Tomas halve Opheim (2 1/4 lb.) for 90 rd og kår til seljaren Ragnhild Bjørnsdtr. nordre Rotneim. Tomas vart oppnemnd til lagrettemann i 1780.
    Tomas makeskifta bort Bergastølen. Etter å ha selt frå ein skogrem i 1793, selde Tomas i 1794 garden Gåsterud til rett odels- og løysingsmann, Holge Holgeson Gåsterud, og flytta til Tretterudhaugen. Pris 760 rd. Han påtok seg å skaffe Bergastølen attende til garden utan kostnad for kjøparen. (1221) s 527b

{981} År: 1794

Holge Holgeson Gåsterud 1755-1830
Foreldre: Helge Helgeson Gåsterud og Anne Aslaksdtr. Hove.
Gm Margit Toresdtr. Træet Gåsterud 12.01. 1766-1812s
Foreldre: Tor Eilevson Eilevmoen Haugen og Birgit Olsdtr. Nordre Opheim.
Gm Guri Olsdtr. Sveinsgarden Gåsterud 05.05. 1793-1856
Foreldre: Ola Olson Arnfinnmoen Sire og Guri Olsdtr. Torpo.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Holge Holgeson Gåsterud 20.04. 1806-1806
2. Holge Holgeson Gåsterud Bjørøyen 15.07. 1809-1873
Gm Ragnhild Syversdtr. Logsengard. G 1842 m Turid Hermannsdtr. Sire. Sjå neste hushald og Bjørøyen, gnr. 1/1.
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Holgesdtr. Gåsterud 03.09. 1814-1815
2. Anne Holgesdtr. Gåsterud SørbøensTon 28.04. 1816-
G 1840 m Ola Sveinson ... SørbøensTon. Barn: Gro 1840- ; Svein 1842- .
    Dei reiste fyrst til Luster og deretter til Am.
3. Guri Holgesdtr. Gåsterud Sletto 21.10. 1818-1899
G 1843 m Ola Larsson Bråtalien RikansrudSletto, gnr. 15/2.
4. Ola Holgeson Gåsterud 16.11. 1822-1903
G 1844 m Bertha Christensdtr. Stegane 1822-1852, Luster. Barn: Helge/Henry 1845-1947 lærar og farmar, g 1872 m Nettie Nelson (12 barn); Torkild "Thomas" 1847-1930 handelsmann, g 1873 m Amanda Sear (3 barn); Christina 1849-1936 g 1870 m Ole Endreson Hestetun, Årdal (2 barn); Guri/Julia 1851-1921 farmar g 1871 m Jacob Jacobson Hovland (13 barn).
    G 1854 m Anna Hansdtr. Leri 1832-1913. Barn: Hans Bendik 1854-1868; Anders Martin 1857-1939 gm Synneva "Susan Olson" Hestethun, gm Christina Olsdotter Kvenolane, Fortun; Peder 1859-1861c; Anna 1861-1924 gm em Christen Christenson FlahammarHaugen, gm Martin Asbjørnson, Fortun; Peder/Peter 1863-1921 sagbruksarbeidar, g 1895 med Agnes Ella Crowther (5 barn); Ole Johan "John" 1865-1938 var gm Anna May Darling (3 barn); Hans Bendik 1870-1881; Osten Theodore 1872-1953 vaktmeister g 1903 m Josephine Johnson (2 barn); Helena Marie 1881-1881. Sjå: Ættebok for Luster, Dale sokn I I s 324.
    Ola kom til Luster i 1844 og vart kalla "Målar-Ole". Han hadde lært rosemåling hjå stefaren, og hadde truleg møtt Bertha på målararbeid i Luster. (Sjå 'Rosemåling i Hallingdal' s. 202)
    Ola og Bertha fekk feste plassen Røssemyrhaugen i Luster i 1847. Dei utvandra til Amerika i 1856 med heile ungeflokken og farma i Sterling township, Vernon Co., Wisc.
5. Margit Holgesdtr. Gåsterud 30.09. 1826-
Ifylgje FT 1865 var Margit gift med bødker Ivar Henriksen i Tønsberg. Barn: Teodor 1851- ; Carl Johan 1854- ; Frans Oscar 1856- ; Gustav Adolf 1862- .

Holge fekk to barn med fyrste kona Margit Toresdtr. På skiftet etter Margit i 1812 vart Gåsterud 3 lb. sett til 1000 rbd. I 1814 gifte han seg opp att med Guri Olsdtr.
    Holge kjøpte 1800 Opheim Myljo for 599 rd og kår til Guri Helgesdtr. Han selde att i 1804 for 695 rd.
    I 1820 held Holge makeskifte med lensmann Hallgrim Ruud, Nes. Holge fekk Torpeslåtta og stølane Volelien og Pålset og 200 spd. Lensmann Ruud fekk Bjørøyen. (1537) 1
    På skiftet etter Holge i 1831 var gjelda såpass stor at dei ville selja plassen Torpeslåtta m/stølane Volelien og Pålset. Gåsterud vart taksert til 600 spd.
    Guri Olsdtr. gifte seg opp att i 1835 med målarenTorkjell Knutson Svarteberg Gåsterud og flytte til Votndalen.
   

{982} År: 1831c

Holge Holgeson Gåsterud Bjørøyen 15.07. 1809-1873
Foreldre: Holge Holgeson Gåsterud og Margit Toresdtr. Træet.
Gm Ragnhild Syversdtr. Logsengard Gåsterud 16.07. 1818-1839
Foreldre: Syver Håkonson Berg Logsengard og Ågot Knutsdtr. Logsengard.
Gm Turid Hermannsdtr. Sire Gåsterud 23.11. 1815-1902
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire.
*Barn i andre ekteskap
1. Helge Helgeson Gåsterud 06.07. 1843-1843
2. Helge Helgeson Gåsterud 11.12. 1844-1929
Gm Ingeborg Olsdtr. Barskrind. Sjå neste hushald.
3. Hermann Helgeson Gåsterud Helling 07.10. 1847-1918
G 1888 m enkje Gunvor Henriksdtr. Helling Opheim Garden. Sjå 1888-hushaldet.
4. Ragnhild Helgesdtr. Gåsterud Torpo 04.01. 1850-1931
G 1876 m Svein Eilevson Nubgarden Søre Torpo, gnr. 7/13.

Ragnhild og Holge gifte seg i 1838, men ho døydde av barnekoppar i 1839. Holge gifte seg opp att 1842 med Turid Hermannsdtr.
    Sonen overtok garden utan skøyte. Men i 1894 selde Turid Hermannsdatter både garden og Bergastølen.

{983} År: 1873c

Helge Helgeson Gåsterud 11.12. 1844-1929
Foreldre: Helge Helgeson og Turid Hermannsdtr. Sire.
Gm Ingeborg Olsdtr. Barskrind Gåsterud 24.09. 1847-1936
Foreldre: Ola Embrikson Barskrind og Sissel Kitilsdtr. Veslegard frå Sudndalen.
*Barn
1. Ola Helgeson Gåsterud 05.10. 1871-1871
2. Helge Helgeson Gåsterud 27.09. 1874-1963
G 1914 Bragernes m Ingeborg Nilsdtr. Grov, Gol. Sjå 1921-hushaldet.

Helge og Ingeborg gifte seg i 1871. Helge overtok garden utan heimel kring 1873, og det førte til vanskar. I 1889 selde mor hans garden og stølen ut or slekta. Helge reiste odelssak mot kjøparen, og tok att garden i 1897.
   

{984} År: 1888

Hermann Holgeson Gåsterud Helling 07.10. 1847-1918
Foreldre: Holge Holgeson Gåsterud og Turid Hermannsdtr. Sire.
Gm Gunvor Henriksdtr. Helling Opheim 30.03. 1859-1924
Foreldre: Henrik Syverson Helling og Guri Syversdtr. Opheim.
*Barn
1. Helge Hermannson Helling 24.02. 1890-1918
Helge fekk skøyte på søre Helling i 1914, men reiste til Amerika og døydde der i 1918.
    Halvbroren Lars L. Helling 1879-1965 busett på Søre Helling (gnr. 20, bnr. 1) tok over garden i 1917 (skøyte 1948).

Hermann og Ingrid Nilsdtr. Ruud fekk dottera Ragnhild i 1885, men mor hans ville ikkje vita av noko giftarmål med ho Ingrid. "Det var eg som skulle vore med der," sa Hermann der han sat på ein ein haug og såg brureferda då Ingrid vart gift med Halvor Kolsrud.
    Hermann og Gunvor gifte seg i 1888. Gunvor var enkje etter Lars Halvorson Opheim.
    Hermann arbeidde ved Frydenlunds bryggeri ei tid. Og han dreiv fehandel. Kring 1891 budde dei på Søre Helling. I 1902 ville han heim att og bli bonde. Dei budde i ei stugu i Gåsterud, men det var broren som hadde garden.

{985} År: 1894


Kristoffer E. Barskrind kjøpte Gåsterud i 1894, men garden vart teken att på odel i 1897 av Holge Holgeson.

{986} År: 1897

Helge Helgeson Gåsterud 11.12. 1844-1929
Foreldre: Helge Helgeson og Turid Hermannsdtr. Sire.

Helge tok attende garden på odel. Sjå 1873-hushaldet.