Brennene gnr. 20 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brennene gnr. 20 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Brennene var husmannplass under Helling. Bruket vart også kalla Hellingbrenna, Brennudn eller Brenno.
    Heimstølen Rauset vart frådelt i 1876. Den ligg no til Nedre Sletto. Brennene er samanslege med bnr. 26, 27 under bruksnummer 3.
   

{1111} År: 1794

Asle Knutson Helling Barskrind 1761-1837
Foreldre: truleg Knut Anderson Torset (Hemsedal) og Margit Olsdtr. Helling. (Flaten s 201)
Gm Anne Olsdtr. Medhus Hellingbrenna 10.12. 1769-1858
Foreldre: Ola Hermannson Medhus og Ragnhild Knutsdtr. Jordheim.
*Barn
1. Ingrid Aslesdtr. Hellingbrenna Huserjorde 06.01. 1793-1840
G 1821 m Per Olson Karigarden Opheim til Huserjordet, gnr. 22/71.
2. Knut Asleson Hellingbrenna 15.02. 1795-1802.
3. Birgit Aslesdtr. Hellingbrenna 1797-1802.
4. Ola Asleson Hellingbrenna 27.07. 1800-1827
Ola fekk ein dramatisk ende på livet. Det var dans i Billehuset ein laurdag. Ola kom i slagsmål med Løke-Svein, og skadde Svein med kniven. Då Ola fekk høyre at folk jamra over at Svein kom til å døy, vart han livredd og tok til sprangs. Komen opp på høgaste Nøbben, kasta han seg utover berget. Dei fann han om våren under Nøbben. Han låg knust i ei hole dei kalla Klævarud. Skaden på Løke-Svein var visst heller liten. (1016) (Meir om Løke-Svein i Jøta under Sørbøen.)
5. Hermann Asleson Hellingbrenna Helling 05.06. 1803-1861
G 1831 m Birgit Torsteinsdtr. Medgarden. Sjå Søre Helling, gnr. 20/3.
6. Ragnhild Aslesdtr. Hellingbrenna Bjørøybråten 29.06. 1806-1891
G 1837 m enkjemann Tore Person Bjørøybråten ToreBråten, gnr. 8/4.
7. Birgit Aslesdtr. Hellingbrenna 05.02. 1809-1836
Birgit døydde av vatersott.
8. Birgit Aslesdtr. Hellingbrenna Rygg 23.12. 1811-1889
G 1839 m Kitil Olson Rygg, Hol 1811-1883. Barn: Ola 1840- , Sunnev 1841- til Am., gm Gulleik Kvamen; Ola 1843-1940 bonde på Rygg, gm Margit E. Tufto, gm Kari N. Ruud; Anne 1846- gm Ola Sveinson Gullstein; Hermann 1849-1860; Birgit 1852- gm Tomas Sanderson Røo; Asle 1855- til Am.

Asle Knutson bygsla 1794 Hellingbrenna på livstid. Med plassen fylgde partar i heimstøl og langstøl samt slåtter i skogen. Bygselpengar 180 rd skulle tilfalle arvingane når Asle og Anne var gått bort.
    I 1801 vart Asle Knutson stevna av Knut og Mikkel Medhus for å ha oppretta støl i langåsen utan heimel. Asle måtte lova Medhusbøndene at han ikkje ville tileigne seg rett på stølen Hovda. Stølsbua som han hadde sett opp, og noko inngjerdt voll, skulle tilhøyre verfaren. Dersom verfaren skulle gi han løyve til å vera på stølen, så skulle han ikkje ha med seg andre dyr enn dei som han fødde i Hellingbrenna. Eit slikt løyve skulle heller ikkje gi grunnlag for sjølvstendig heimel for Asle Knutson på Hovda-stølen.
    I 1804 kjøpte han Barskrind for 1750 rd, men selde att 1806. Så kjøpte han nordre del av søre Helling i 1807 for 1400 rd og kår-yting.
    Då Anne var død heitte det at "bygselretten til Brenna opphører og den tilfaller søre Helling".

{1112} År: 1804

Eirik Syverson Sørbøen Barskrind 13.09. 1772-1825
G 1799 m Birgit Knutsdtr. Grov, Gol. Foreldre: Syver Danielson Sørbøen til Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.

Eirik kjøpte 1804 plassen Brennene under Helling for 450 rd, men vart der berre eitt år. Han held att ein åker ved 'Mussekieldbryn' og 3 mål mark på Breiset då han selde i 1805 til Holge Knutson Sveinsrud. (1536)195b

{1113} År: 1805

Holge Knutson Ruud Hellingbrenna 1753-1828
G 1786 m Haldis Halvorsdtr. Opheimsjorde. Foreldre: Knut Holgeson Ruud og Birgit Knutsdtr. Nordre Helling.

Holge kjøpte halve Brennene i 1805. Sjå meir om han under Sveinsrud.

{1114} År: 1828

Birgit Holgesdtr. Sveinsrud 14.01. 1787-1851
Foreldre: Holge Knutson Sveinsrud og Haldis Halvorsdtr. Bråten.
Gm Hermann Person Kvelprud Sveinsrud 25.05. 1783-1854
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Tolleivsdtr. Bjella.

Birgit og Hermann gifte seg i 1810. Ungane står under Sveinsrud. Truleg overtok dei Brennene etter far hennar om lag 1828.

{1115} År: 1838

Hermann Asleson Hellingbrenna Helling 05.06. 1803-1861
G 1831 m Birgit Torsteinsdtr. Medgarden. Foreldre: Asle Knutson Helling Hellingbrenna og Anne Olsdtr. Medhus.

I 1838 vart halve Brennene selt til Hermann Asleson Helling, eigaren av Helling. Han hadde den andre halvparten frå før, så no var bruket samla.
    Brennene vart sidan brukt under søre Helling, gnr. 20/3 fram til 1937.