Nilsehagen gnr. 21 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nilsehagen gnr. 21 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Medhushagen, Medhusteigen og tilslutt vart namnet Nilsehagen var husmannsplass under Medhus.
    Nilsehagen vart frådelt Medhus 1867 og lagt under Opheimsjorde.
   

{1190} År: 1770c

Nils Olson Arnegard Hagen 1734-1814
Foreldre: Ola Bjørnson Krosshaug Arnegard/Karigut-jorde og Anne Torkjellsdtr. Sehl.
Gm Ingeborg Halvorsdtr. Opheimsjorde Medhushagen 1736-1819
Foreldre: Halvor Knutson Sire Opheimsjorde og Ambjørg Gjestdtr. Sørbøen Opheimsjorde.
*Barn
1. Ola Nilsson Medhushagen 24.10. 1756-
2. Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde 20.04. 1766-1850
G 1799 m Birgit Embriksdtr. Opheim. Sjå Opheimsjordet gnr. 22/58.
3. Halvor Nilsson Medhushagen 21.11. 1767-
4. Anne Nilsdtr. Medhushagen Hellingbrenna 12.11. 1769-1851
Gm Per Olson Hellingbrenna. Sjå Øvre Brenna, gnr. 20/6 og Petterhaugen, gnr. 19/1a.
5. Knut Nilsson Medhushagen 16.06. 1771-1852
G 1807 m Birgit Jørgensdtr. Hellingberget. Sjå neste hushald.
6. Ola Nilsson Medhushagen 13.12. 1772-
Truleg død i 1790-åra.
7. Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde 15.01. 1775-1852
G 1812 m enkje Anne Halvorsdtr. Opheimsjorde. Sjå Teigen gnr. 22/73.
    G 1826 m Birgit Olsdtr. Opheimsjorde. G 1841 m Torand Olsdtr. Bøygard.
8. Torkjell Nilsson Medhushagen 10.03. 1782-
Konfirmert i 1798. Deltok i krigen 1807-14. Ukjent lagnad.

Nils og Ingeborg gifte seg i 1764. Nils var husmann under Medhus. Plassen Medhushagen vart etterkvart kalla Nilsehagen.
    Nils og Ingeborg vart bøtelagde for legemål då det fyrste barnet kom i 1756. Dei budde i Åsegarden i 1766.
    I 1779 hadde tjuven Lars Olson frå Rotneim gjort innbrot hjå husmann Nils Medhushagen. "..Actor dereffter bad at Retten ville Beskrive og Lade Taxere de Effecter som Niels Medhuushagen er frastiaalen og nu for Retten tilstæde.
    Hvoreffter de befundne Koster inden Retten blev Taxeret at være værd som følger: 1 Rød Klædes Klemetes Trøye med SinkeKnaper i 3 ort 12 s: 1 par Skoe 2 ort 1 par Sorte Buxer med Knapper 2 ort 12 s 1 par Sorte Strømper 1 ort 12 s 1 gl Ulden=Damaskes Brøstdug grøn 2 ort 1 par Blaae Strømper 1 ort 1 Hatt 1 ort 16 s: 1 Sort Strømpe 12 s 1 Vadmels Pudevahr 1 ort 1 Lærrets Skiorte 1 ort 1 par Dobbelte Sølv Knapper 1 ort 1 Sølv Sølie med 12 Ringer i Do: Skiorte 2 ort 4 Smaae Sølv Ringer 2 ort 1 Forgylt Sølie med 6 Ringer udi 1 ort 16 s 1 Hvidt Lærrets Forklæde 16 s: 1 Blaat og Hvidt Do: 16 s 1 Strie Skiorte 1 ort 12 s: 1 Muurskaaren Brøstdug 12 s 1 Buttel 4 s: 1 Liden Biælle 8 s: 1 par Strømpe=Baand 12 s: 1 Silke Forklæde 16 s: 1 Sølv snor og een Pærle Bor 12 s: 1 Studs glass 6 s. 1 par Tambaks Knapper 12 s: 1 Traa Nøste noget Krid og Agergelt i een Strie=Paase 8 s. og 1 Smør Balg for 4 s: tilsammen 7 rd: 2 ort 2 s. -
    Actor Producerede dereffter een ham fra Niels Medhuushagen overLeveret Specification over de Poster eller de Effecter som sammetiid fra ham blev stiaalen men ey er komne tilbage til beløb 42 rd: 12 s:..". Lars Olsen vart dømt til å "..Midste sin Huud i Fængsel.."

{1191} År: 1821

Knut Nilsson Medhushagen 16.06. 1771-1852
Foreldre: Nils Olson Arnegard Medhushagen og Ingeborg Halvorsdtr. Opheimsjorde.
Gm Birgit Jørgensdtr. Hellingberget Medhushagen 14.03. 1777-1841
Foreldre: Jørgen Person Hellingberget og Turid Knutsdtr. Ruud.
*Barn
1. Jørgen Knutson Medhushagen 16.07. 1807-1809
2. Jørgen Knutson Medhushagen Brekko 08.05. 1810-1899
G 1841 m Gm Guri Torkjellsdtr. Opheimshaugen 1813-1898. Barn: Birgit 1843-1902 gm Endre Tomasson Lien; Knut 1855-1914 bonde på Brekko, g 1881 m Sigrid Persdtr. Olsgard (7 barn); Birgit 1855-1939 gm Ivar Olson Brennhovd.
    Jørgen og Guri kjøpte Brekko i Gol for 150 spd og flytta dit i 1846. Sjå Gol V s 73-74
3. Nils Knutson Medhushagen Opheim 24.07. 1814-1905
Ugift dagarbeidar. Han laga korger. I 1891 var Nils rentenist og jordbruksarbeidar på søre Opheim.
4. Torkjell Knutson Medhushagen Bakken 23.10. 1817-1903
G 1846 m Ingrid Torkjellsdtr. Opheim. Sjå Hakkebakken, gnr. 22/5b.

Knut og Birgit gifte seg i 1807. Dei bygsla på livstid i 1821 eit jordstykke øvst i Hestehagen og eit ved elva; ei slåtte under Buaslettvegen nordanfor Halfarbekken; jordstykket Kvannedalen; skogsvirke etter behov m.m. Grunnleige: slått av 24 mål heime på garden og 16 mål på stølen hjå Rasmus S. Opheim. Plassen skulle falle attende til garden etter deira tid. (1537)52b
    Nilsehagen vart frådelt Medhus 1867 og lagt under Opheimsjorde.