Opheim gnr. 22 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Opheim gnr. 22 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

NB. Gards- og bruksnummer for tidlegare Opheim og Opheim nordre, myljo og søre er oppkonstruerte for å få historisk samanheng.
    Opheim er eit heim-namn som vert rekna for å skrive seg frå 600-talet e.K.
    Namnet Opheim må sjåast i høve til ein tilsvarande namnegard nedanfor, dvs. Torpo. I dag skimtar me reistane av ei deling i nordre, myljo og søre Opheim. Men desse nemningane er ikkje dei opphavlege.
    Gamal busetnad.
    'Eiriksgarden Opheim' er nemnd i eit dokument dagsett laurdag før jonsok 1372. Det vart då kunngjort at to lagrettemenn høyrde skilord om 'at Tubbe Thorbergsson fekk "dei fyrste og dei siste pengane og alle i mellom", då han selde til Erling Ivarson så mykje som han åtte etter faren, mora og farbroren i Eiriksgarden på Upheim i Torpo Sokn.'
    Det er ikkje kjendt kva namn dei andre gardane i Opheim hadde på den tida. Men truleg kan ein rekne gardparten Rotebakke og stadnamnet Romengard blant gamle Opheimsgardar.
    Bygdeboka for Hol bind I s 96, peikar på ein avisartikkel der Gudbrand Halmrast meinar at det har vore gamle bygdelag mellom Torpo og Gol. Dersom dette stemmer, så fell det inn i eit busetnadmønster som ein ser mange døme på i fjellbygdene rundt oss. Kan hende kan dette setjast i samband med jarnvinna. Eit forvitneleg namn innpå Opheimsåsen er Romengard. I dag vert dette namnet nytta om eit større område med utslåtter litt ovanfor bygda. Ei sikker vasskjelde i dette området heiter Romengard-olda.
    Namnet 'Reppen' vart brukt om husklynga av tuna til Opheimsgardane. Likeeins i Liagardane.
    Bekken vest for skulehuset er grensa mellom Opheim og Helling/Medhus. Tidlegare var bekken også brukt som bedarlagsgrense mellom nordre og søre gardane.
    'Oppo Jordo' låg frådelte bruk og plassar. Her er hallande mark, men ikkje brattlendt. I nyare tid har det vore stor nydyrking her. Hit har det også vorte flytta nyare gardstun or Reppen. (Bakken)
    Kyrkjegods.
    Prestebolet hadde Rotebakke, 6 laupsbol, som låg under myljo Opheim. Rotebakke vart bygsla bort. Olaugsteigen som det var rettssak om i 1683, kan bera namnet etter prestenkja Olaug Herbrandsdtr. Truleg var dette noko av Rotebakke. Torpo kyrkje hadde 4 laupsbol i ein eigedom som vart kalla 'Koperøs'. Det står t.d. at Per Tomasson bygsla halve 'Kopperøs', 4 laupsbol i Opheim hjå Torpo kyrkje i 1762. ' 2 opsiddere deri en halvdel bliver brugt. '
    Koperøs kan tyde røys med koparfarga stein. Er namnet gamalt nok, så kan det vera 'Kappirøys'. Dvs. gravrøys etter ein stridsmann, jfr. gno. kappi. I jordskiftereknskapet frå 1890-åra står namnet 'Koperøs' på eit jordstykke innved Eitra, omlag der det heiter Steintræet.
    Jarnvinna
    på Opheimsåsen har hatt eit svært stort omfang. Lars Bråtahaugen laga kart over Opheimsåsen med over 1000 groper, dei fleste kolgroper, men også nokre dyregraver. Her vart det det framstillt store mengder myrmalm opp gjennom åra. Ei verksemd som har skapt mange arbeidsplassar og store verdiar, og som brukte mykje skogsvirke. Truleg vart jarnvinna her på det høgaste i åra mellom 1000 til 1400 eK. Sjå boka 'Far etter folk'.
    Oldfunn.
    Til å vera noko av dei eldste kulturlandskapet i bygda, er det etter måten registrert lite oldfunn frå Opheim. Men noko finnst på bygda. Ein fin beltestein (til å slå gneistar av, før eldstålet kom i bruk) er funnen i Opheim. Det er funne ei gamal øks, eit spinnehjul, ein fin rund stein med hol i, ein stor metallknapp (?) m.m. Og det er funne ein ardspiss, dvs. jernspissen etter ein gamal treplog. Tidlegare er registrert eit gravfunn på Opheim. I 1918 vart det funne eit einegga sverd og eit økseblad. Dette funnet skriv seg frå merovingtid.
    Jorda i Opheim eigna seg godt til korndyrking. Lars Opsata peikar på at i 1865 vart det i Rasmusgarden dyrka 93 tunner korn. Ingen annan gard i Ål dyrka så mykje korn det året.
    Stølar.
    Dropalie var heimstølar. I skattelista frå 1671-1678 er nemnt 'Helsing slottelende'. Her ligg no heimstølane, og her er det dyrka mykje jord siste halvparten av 1900-talet. Dei gamle i Opheim brukte namnet Listølane om Opheimstølane. Mange av gardane i Opheim hadde fire stølar, som dei brukte etter som kvar og når beitene var best. På Helsingset kunne dei sitja i haustbeite og fore opp foret framover mot jul.
    Vatn og vasskraft.
    Rotekjeld-kjelda ligg på jordet på Vesledalstugu Opheim. Den gjev vatn til sju gardar pluss ein bekk.
    I Lya var kvern og sagbruk. Knut, Rasmus og Halvor Opheim kjøpte Gullhagasaga for 36 rd i 1690 for å flytte den til ei sagstøe i Vesle-åne i Opheimslien. Jon Jonson snikkar var med og såg på sagstøa, saga kunne ikkje vera heilt sikker for "vannløp og isfald", men vart ho bygd som flaumsag, så kunne dei skjera bord til eige bruk. (1055) s 42
    Utskifting og vegar.
    Innmarka låg i sterk teigblanding fram til 1892 då det var det utskifting. Dessutan vart det stikka og lagt ut grunn til ny grendeveg.
    Eit par av hushalda frå 1500-talet i Opheim vert førte opp nedanfor. Ein veit ikkje sikkert om dei tilhøyrer nordre, myljo eller søre Opheim, eller om gardane var delte.