Rotebakke gnr. 22 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rotebakke gnr. 22 bnr. 0c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

NB. Oppkonstruert gards- og bruksnummer.
    Rotebakke var prestegods under Ål kyrkje frå gamalt av. Landskyld 6 laupsbol. Rotebakke låg under myljo Opheim, heitte det i 1647. Etter delinga av myljo Opheim vart også Rotebakke delt. Lenge virkar det som om Rotebakke berre var ein jordeigedom og ingen sjølvstendig gard.
    I 1664 fekk Ål prestebol tre mælar korn i landskyld for Rotebakke. Det heitte då: 'Kan såes og fødes på prestebolets jorder: 1/2 tn. (korn) og 3 kuer'.
    I 1671-åra vart det skrive 'Rochebache' eller berre 'Roche'.
    I 1694 bygsla presten Engelstrup bort Rotebakke til Halvor Oleivson Opheim, Ola Oleivson Opheim og Ola Embrikson Opheim. Dei fekk kvar sin 1/3 på livstid, skulle svara skatt og avgifter og halde jorda i hevd. I 1700 overførte Ola Olson sin part til broren Halvor. (1054) 175 a
    Men då det var skifte etter Halvor Oleivson Opheim i 1709, sa retten at det var Rasmus Oleivson som hadde åsetesretten til hovedbølet Opheim. Og at han hadde bygselsretten til plassen Rotebakke som har vore under hovudbølet Opheim i alders tid.
    Ved dom i 1730 vart Bjørn Halvorson Opheim og mora utsagde frå Rotebakke av Steingrim Olson. Mora hadde overlate halve Rotebakke til Ola O. Bjørøyen, og frå den tid var Rotebakke delt i to. Steingrim hadde den andre halvparten inntil Barbro sette den til sonen Bjørn. I 1735 overtok Bjørn bygsla i Rotebakke hjå mora. Sjå 1735-hushaldet.
    Frå 1789 var Ola Rasmusson i Rotebakke. Det enda med utkasting og dom i Høgsterett i 1808. Sjå under 1789-hushaldet. Sidan vart Rotebakke berre bygsla av bønder. Jord og landskyld vart liggande under Rasmusgarden (4 1/2 lb.) med kongeleg skøyte frå 1824, og under Embrikstugu (1 1/2 lb.).
    Husmannsplass.
    Botolv Olson og Åse Olsdtr. Embrikstugu budde i 'Rotebakk-eie' i 1852 og nokre få år utover. Kanskje er dette Kvernhaugen? Ivar Larsson selde ut støl og jord- og skogstykke. Det siste var bnr. 30 som vart selt til Åsegarden i 1879 for 1200 kr. (Ål III s 257)
   

{1242} År: 1789

Ola Rasmusson Opheim 02.07. 1765-1837
G 1789 m Margit Knutsdtr. Ransedokken. Foreldre: Rasmus Oleivson Rasmusgarden Opheim og Guri Helgesdtr Ruud.

Ola Rasmusson bygsla prestegodset Rotebakke i 1789, men vart frådømd bygsla i 1805 pga. vanskjøtsel og ulovleg hogst. Også innomhus var det vanskar.
    I 1803 hadde Margit fått nok av "drukkenskap og ufornuftig handlemåte." Ho stevna Ola for forlikskommisjonen for å bli skild "fra hindanden i Bord og Seng". Margit meinte at han hadde sett all eige over styr, og ho klaga på "hans usømmelige Opførsel". Der var ingen krytyr på garden, heller ikkje såkorn. I fleire år hadde gardsdrifta vore bortsett til andre, og garden vart avloa (=avlinga køyrt bort). Saka vart vist til retten, men truleg skjedde det ikkje meir. (1345)(1407) s 58
    "Den 24. april 1804 fortsatte kommisjonen på Åls prestegård: Sognepresten Morten Andreas Leigh innstevnte Ola Rasmusen Oppheim med følgende stevning: Ole Rasmusen Ophem som besidder den til Aals Præsteboel beneficerede Gaard Ophem som Kaldes Rotebak, Har ved sit Lastværdige Forhold Ruineret sig Selv og Gaarden saaledes at han muelig Længere kan besidde den, han har i Adskillige Aarringer Ladet den bruge ved Andre, som har afloet den, og han eyer nu ikke. Selv det mindste Kræatur end sige nogen Besætning, ikke Korn til Føde=Raad, Langt mindre til Sæde=Frøe, kort sagt, han eyer intet Af hvad som udfordres til en Gaards Drifft, ikke heller noget at forskaffe sig saadant for, ja hd: har end ikke til denne Tiid betalt mindste Afgifft af gaarden for Aaret 1803, heller ikke gandske clareret for 1802, Thi indkaldes han herved til at møde for Forliigelses Kommissionen i Aals Præstegaard Tirsdagen den 24de: d: M: Kl 8te: Morgenen, for ved mindelig Foreening At formaaes til At fratræde Gaarden Ophem og sin Bøxel, paa det Gaarden kan komme i saadanne Hænder som kan formaae At sætte den igien udi sin fuldkomne Stand og Drifft - saa maae han og at betale det Resterende af Afgifften.. . Stevningen datert 18. april 1804. Innstevnte møtte, men ..enskiønt Citanten tilbød Indstevnte 30 rd: naar han uden Vidløftigheder og Proces ville fratræde den omtvistede gaard Og Kommissionen Anvente Alt mueligt til Forlig, Var dog Indstevnte ikke paa nogen Maader at bringes til Forliig..".
    Det var synfaring i Rotebakk 1805: husa var nedrotna, fjøset hadde Ola brukt til ved, og i stallen stod fire kyr. Rotebakke kunne fø 6-7 kyr, hest og 12 småfe. Saka vart vist til domstolen og bygsla vart frådømt Ola Rasmusson. Saka enda i Høgsterett 1808 med same resultat. (1345)
    Ola Arnesen Opheim d.y. kom til forlikskommisjonen i 1804 med slik klage: "Ole Rasmusen Ophem har overfaldt ham og kastet ham til Jorden". Karane vart samde om at saka skulle fråfallast, og at Ola Arneson skulle betale gjelda på 6 rd til Ola Rasmusson innan hausttinget same år.
    Ola døydde i legd i Opheimsjorde. Sjå meir om Ola under Rasmusgarden.

{} År: 1840


Lars Rasmusson Opheim Eikre f. 1811 kjøpte Rotebakke i 1840. Død 1844 som gardmann og gravlagd på Torpo. Som enkje flytte Kari Ivarsdtr. heim att til Eikre og overtok der.
    Sonen Ivar f. 1838 overtok Rotebakke i 1845, han selde ut garden - kom til Embrikstugu 1867 og til Åsegard i 1879.