Opheim, søre gnr. 22 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Opheim, søre gnr. 22 bnr. 0d

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Opheim var halvgard og hadde 12 laupsbol i landskyld. Dette er den austre av Opheimsgardane. Søre Opheim var ein gard fram til 1801. Då vart garden delt i to gardar, Garden og SørpåGarden.
    Med Bjørn Bjørnson Olsgard frå Gol kom Bagge-namnet til garden. Bjørn skreiv seg eller vart skriven 'Bjørn Bagge' m.a. i ei rettssak på Gunhildgard i 1602. Ein del av Gunhildgard fekk sidan namnet 'Baggegarden'. Då Bjørn selde 1 1/2 lb i Rukke, vart dette kalla Baggeluten. Mannen til sonedottera Kari Jonsdotter vart kalla 'Baggemågen'. (Sjå 1660-hushaldet) Fleire av skyldfolket til Bjørn Bjørnson nytta også Bagge-namnet.
    Kva ligg det i dette? Har me ein dråpe gamal adelsblod her? Terje Østro skriv litt om Bagge under garden Olsgard i Gol VI s. 303: Det finst fleire gamle adelsætter som heiter Bagge. "Greiner av den norske Baggeætta har gått over i bondestanden", står det i "Adelen i Norge" av I. Sæter. NB. Utforskinga av Baggeslekta kan me takke Terje Østro og Jens Petter Nielsen og J. F. Engedal for. (Dølaminne 1990)
    For å fylgja søre Opheim vidare etter 1801, sjå Garden bnr. 1 og SørpåGarden bnr. 8.
   
   

{1250} År: 1770c

Halvor Knutson Opheim 1743-1817
Foreldre: Knut Halvorson Søre Opheim og Gunhild Embriksdtr. Torset (Hemsedal).
Gm Birgit Olsdtr. Trintrud Opheim 29.09. 1749-1775
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen Trintrud d.y. og Guri Larsdtr. Sata.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Rime Opheim 09.03. 1760-1845
Foreldre: Torkjell Larsson Rime og Anne Torjusdtr. Helling d.y.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Halvorson Opheim 15.09. 1782-1830
G 1801 m Marte Hansdtr. Nubgarden. G 1826. m Birgit Arnesdtr. Hovda. Sjå Sørpå Opheim bnr. 8.
2. Torkjell Halvorson Opheim 01.05. 1785-1819
G 1810 m Guri Olsdtr. Nordre Helling. Sjå fyrste hushaldet på Garden Opheim, gnr. 22/1.
3. Birgit Halvorsdtr. Opheim Tormodsgard 1787-1841
G 1810 m Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard, gnr. 30/1.
4. Lars Halvorson Opheim 1790-1811
5. Per Halvorson Opheim 1793-1868
Ugift. Han gjekk på legd i 20 år.
6. Gunhild Halvorsdtr. Opheim Ørjanshaugen 1796-1878
G 1815 m Rasmus Asleson Ørjanshaugen, gnr. 22/53. Sjå der. Til Am. i 1852.
7. Anne Halvorsdtr. Opheim 1796-
Truleg død same år.
8. Anne Halvorsdtr. Opheim Bæra 1798.-1852.
Gm Nils Håkonson Ruud Bæra. Sjå søre Bæra, gnr. 32/10. Til Amerika etter å ha vore på Nes nokre år.

Halvor og Birgit Olsdtr. gifte seg i 1771. Den 9. juni 1775 fødde ho eit dødfødt jentebarn. Og den 17. juni døydde ho sjølv. Halvor gifte seg opp att med Birgit Torkjellsdtr. ei tid etter.
    Halvor løyste ut syskenpartar for 700 rd i 1793. Halvor og medarvingar held sjølve eit såkalla samfrendeskifte i 1817. Sorenskrivaren var lite nøgd med arbeidet deira, han måtte sluttføre skiftet i 1822.
    Halvor hadde kjøpt ei bygdesag hjå svigersonen Eirik Tormodsgard, og i 1801 kjøpte han ein åker som var kalla Egge-åkeren. Halvor bygsla bort plassen Dølahaugen i 1795 til Anders Knutson.
    I 1801 delte Halvor Knutson garden mellom sønene Knut og Torkjell. Dei fekk 6 laupsbol på kvar. Knut overtok den søre delen, "Sørpå Garden", bruksnummer 8, medan Torkjell overtok bnr. 1, "Garden". (1536)358
    Kårkontrakt 1802: sønene Knut og Torkjell skulle yte: bu-dråtten av kårkyrne ferdig levert; 2 settung hampesæd-land; 1 mæle rug og 6 bismarpund humle; varmt hus med fri ved og innbore vatn; fri vask og bakst "intet undtagen"; tilsyn og oppvartning etter behov. (1259) s 640