Haugo gnr. 22 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Haugo gnr. 22 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Haugo var husmannsplass fram til 1838. Haugo vart frådelt dei to søre Opheimsgardane med ein halvpart på kvar. Bruket vart også kalla Gråbeinhaugo. Haugo ligg einbølt på vestsida av Lya. Truleg var ulven nærgåande her.
    Kring 1901 vart tunet i Haugo flytt nedover til noverande stad. Tuftene av det gamle tunet er oppdyrka. Nytt tun vart bygd 1987-1990. Loftet vart flytt til det nye tunet. Den gamle stugu vart seld, og dei gamle uthusa er rivne med unntak av stallar og loft. Den eldste stugu i Haugo står på Langeset som stølsbu.
    Noverande hus: Våningshus bygt 1987, loft, driftsbygning 1990, lite reiskapshus 1990.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål, naturleg eng 3 mål, utslått 6 mål. Avling: 3 tunner bygg, 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, prod. skog 250 mål, anna areal 50 mål. Leigd jord 43 mål.
    Stølar: Heimstøl på Langeset med stølsbu, lu og uthus. Langstøl på Opheimsstølane. Karaslettan (gnr. 22, bnr. 41) er ei slåtte ved heimstølen. I 1997 vart tilkjøpt heimstølen Dråpalie, og stølsretten i langåsen frå Øvre Opheim. Med i salget var også beiterett, jakt og fiske og 1 1/2 lb.
    I 1999 vart tilkjøpt skogremmen Dalaremmen (122 mål) som før låg til Larsehagen. Etter 1995 er det nydyrka 35 mål til, og leigejorda har auka til 78 mål.
   

{1258} År: 1824

Ola Syverson Sørbøen Haugo 27.04. 1788-1850.
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Guri Olsdtr. Opheim Haugo 1790-
Foreldre: Ola Rasmusson Rasmusgarden Opheim og Margit Knutsdtr. Ransedokken (Gol).
*Barn
1. Syver Olson Barskrind 20.09. 1816-
Gm Ragnhild Reiarsdtr. Lagmannsgard, Gol. Barn: Embrik 1844c- på Gilhus i Lier, sjøkaptein; Berte Gurine 1848c- . (1345)
    Til Krødsherad i 1831. I 1865 var han vognmann på Bragerøya i Drammen. Etter kvart vart han eigar av fleire bygardar. Han skreiv seg Syver Olson Opheim.
2. Margit Olsdtr. Haugo Bjørkedokken 06.03. 1818-1895
G 1847 m Ola Knutson Bjørkedokken, Gol. Barn: Knut 1848- bonde i Stølsdokken, g 1870 m Ragnhild Olsdtr. Rust (8 barn); Anne 1849-1857; Ola 1851-1901 g 1881 m Olaug Eiriksdtr. Sersjantengjo (Gol) ingen barn; Guri 1854-1902 til Iowa, g 1879 m Guttorm Person Veholet; Birgit 1856-1923 g 1881 m Tolleiv Sevatson Furuhytta, Nord-Aurdal; Anne 1860-1864.
    Margit og Ola budde i Veaholet og i Stølsdokken i Gol ei tid. Kom dei til Krødsherad?
3. Rasmus Olson Haugo 28.12. 1820-1892
G 1847 m Birgit Olsdtr. Lauvdokken under Skaga i Gol 1824-1912. Han vart kalla Gråbein-Rasmus. (Gol VI s 434)
    Rasmus dreiv som handels-kar på Vestlandet og på Austlandet. Han selde ymse kramvarer: knappar, fløyel og silke m.m. Det var ikkje så enkelt. Han sat i gjeldsfengsel 3/4 år for gjeld til kjøpmann Holst i Drammen.
    Vinteren 1847 budde han hjå husmann Ola Toreson på Skaga i Gol. (1521)23
    I 1848 reiste Birgit og sonen Ola til Romsdal. Rasmus er ikkje nemnd då. Men i 1852 bygsla han garden Signalnes i Lyngen, Troms etter foreldra sine.
    Barn: Ola 1847- ; Olaus 1849- ; Thore 1852- ; Gustav Anton 1856- ; Gurine Marie 1858- ; Rasmus Bertin 1860- . I 1862 reiste heile huslyden til Amerika og farma i Starbock, Pope Co. MN.
4. Ola Olson Haugo 02.05. 1826-1826
5. Ola Olson Haugo Kolhus 02.05. 1827-1919
G 1869 m Kari Knutsdtr. Store Børlia, Kvikne 1842-1929. Barn: Ole Kristian 1870-1937 bonde på Kolhus, gm Elise Hansdtr. Solberg, Sortland (4 barn), gm Anna Pedersdtr. Flekkos (1 barn); Marie 1871- gm Ludvig Karlsen Kvamum; Trine Berentine 1873-ung; Trinus Bernhard 1875-1963 til Ytter-Hærnes, gm Beret Marie Hansen (11 barn); Anne Johanne 1879- budde på Kolhus; Hertvig 1880- til Am.; Kirstine Emilie 1883-1900; Mille Kristine 1887-1906.
    Ola skreiv seg 'Gråbeinhaugo'. Ola Olson gjekk fyrst i smedlære i Drammen. Ei tid var han også rein-politi. Og han forpakta garden Håkenstad i Balsfjord ei tid, før han kom til Bodø kring 1869 og var dreng hjå kjøpmann Christian Jakhelln.
    Hjå Jakhelln sine arvingar fekk han i 1870 kjøpe bruket Kolhus for 800 spd. I marka utanfor Bodø bygde han opp ein fin gard. Som ein av dei fyrste i dette området la han inn vatn i både fjøs og stugu.
    Ola kunne stille blod og ta bort verk, og han var djupt religiøs. Han hadde kjempekrefter, og det gjekk mange soger om kva han hadde utretta. Ein gong kasta dei høy inn gjennom ein glugge oppe på låveveggen, han og drengen. Men høyet til drengen datt ned att. Då tok Ola både drengen og høydotten, og kasta dei gjennom gluggen.
    I alle fall ein gong møtte Ola sin overmann. Ola brukte jaga onnefolka i skårgang så sveitten dreiv. Men ein sumar hadde han ein finne som var svært flink med ljåen. 'Ska du 'kji kvæte?', kjåsta Ola til slutt. Då svara finnen: 'Kvett, kvett som treng kvett!'
    Då sonen Ole Kristian overtok Kolhus i 1891, hadde Ola 21 kyr, 4 hestar og 40 sauer. (1429), (1763),(Om Haugofolket i Troms og Bodø: takk til Håkon Vatne og Jan Faye Braadland.)
6. Knut Olson Haugo 20.04. 1832-____
Ukjent lagnad.
7. Rangdi Olsdtr. Haugo 05.04. 1837-____
Ukjent lagnad.

Ola Syverson var soldat i kaptein Jensen sin divisjon på Ullensaker i 1814.
    Ola og Guri gifte seg i 1816. Dei to fyrste barna er fødde på Barskrind.
    I 1824 bygsla Ola og Guri på livstid "et rødningsstykke nordenfor elven Lyen, kaldet Hougen som De kan rydde og bemande som bedst vites og skee kand". Det fylgde med vanlege bruksrettar i skog og utmark samt 6 slåtter og rett til å rydde seg vår- og haust-støl ved Langeset. Knut Halvorson Opheim og Johan Nilsson gav bygsla. Årleg grunnleige 3 kvarter korn og 30 spd til Knut. Etter deira tid skulle bruket falle attende til gardane utan nokon erstatning. (1537)48
    I 1848 reiste Ola og truleg heile familien til Lyngen prestegjeld i Troms. Då skreiv han seg som" O. S. Gråbeinhaugen". Dei bygsla plassen Signalnes i Lyngen. Truleg var Ola Syverson død i 1852 då sonen Rasmus overtok bygsla.

{1259} År: 1838

Per Olson Opheim Huserjordet 09.03. 1794-1847
G 1821 m Ingrid Aslesdtr. Helling. Meir om familien på Huserjorde. Foreldre: Ola Arneson Opheim Karigarden og Randi Knutsdtr. Hesla (Gol).

Plassen Haugo vart frådelt i 1838. Per Olson fekk skøyte på halve plassen same år. Haugo vart taksert til berre 50 spd då der var unge bygselsfolk på livstid, han fekk neppe noko direkte nytte av plassen i si levetid. Sjå Huserjorde, gnr. 22/71.
    Då Per Olson var død, fekk dottera Rangdi Persdtr. skøyte på Haugo. Ho selde att neste år til Håkon Håkonson for 200 spd.

{1260} År: 1849

Håkon Håkonson Medgarden GråbeinHaugo 12.06. 1811-1871
Foreldre: Håkon Bjørnson Sata Gunhildgard og Birgit Håkonsdtr. Opheimsåsen.
Gm Guri Olsdtr. Opheimsjorde GråbeinHaugo 28.02. 1813-1904
Foreldre: Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde og Birgit Embriksdtr. Opheim Embriksgarden.
*Barn
1. Ola Håkonson GråbeinHaugo Gjesthaugen 17.01. 1846-1911
G 1874 m Margit Knutsdtr. Hjelmen. Sjå Gjesthaugen, gnr. 4/93.
2. Birgit Håkonsdtr. GråbeinHaugo Leistehaugen 02.12. 1849-1909
G 1890 m Helge Martinson Storedalsplassen Leistehaugen, gnr. 7/13a. Sjå barnebarnet Birgit Karlsdtr.
3. Håkon Håkonson GråbeinHaugo __.__. 1851-
Til Am. i 1873: New York. Arbeidde hjå Chr. Roas & Co, Nr 20 State Street, New York.
4. Birgit Håkonsdtr. GråbeinHaugo 27.09. 1854-1877
Barn m/Asle Knutson Hjalmen, Gol: Birgit 1877-.... . (sjå under barnebarn.)
    Birgit Håkonsdtr. tente på Vahl i Norderhov i 1876. Som tenestjenter flest fekk ho ein friar på besøk. Det er uvisst kva rolle han spelte etter besøket. Birgit døydde i barnseng då ho var på heimveg i 1877! Ho kom ikkje lenger enn til Nes.
5. Guri Håkonsdtr. GråbeinHaugo 24.11. 1857-
Guri var i tenest på Lore i Norderhaug i 1875. Sidan kom ho til Amerika og vart gift der.
*Barnebarn
1. Birgit Aslesdtr. GråbeinHaugo Bergsgard 13.12. 1877-
Birgit fekk undervising ved Lippestad Institutt i 1889, ho vart rekna for å vera døvstum.
    Foreldre: Asle Knutson Hjalmen, Gol og Birgit Håkonsdtr. GråbeinHaugo.
2. Birgit Karlsdtr. GråbeinHaugo Opheim 30.09. 1879-
Foreldre: Karl Fredrikson Fuglebæk med Birgit Håkonsdtr. Haugo d.e. Utflytt 1903 til ... .

Håkon og Guri gifte seg i 1848. Guri hadde kår av garden.
   

{1261} År: 1884

Syver Olson Sollien Eilevmoen 25.04. 1846-1894
Foreldre: Ola Olson Bæra Sollien og Birgit Halvorsdtr. Baggesteg.
Gm Kari Sveinsdtr. Vestenfor Haugo 07.04. 1854-1937
Foreldre: Svein Torson Hesthagen og Marte Persdtr. Vestenfor.
*Barn
1. Ola Syverson Haugo 15.10. 1880-1976
G 1917 m Gunhild Sandersdtr. Leikvoll. Sjå Embriksgarden Opheim, gnr. 22/10.
2. Marte Syversdtr. Haugo Torsteinslåtta 20.05. 1882-1944
G 1906 m Håkon Håkonson Torsteinslåtta, gnr. 25/7.
3. Svein Syverson Haugo 23.12. 1884-1971
Gm Barbo Vestenfor. Yrke og bustad? Barbro var i Amerika, truleg også han.
4. Birgit Syversdtr. Haugo Nygård 30.04. 1887-1952
Gm Karl Nygård 1889- . Dei hadde garden Nygård på Årnes. Barn: Sigurd 1915- gm Margit Fjellvang Haga (4 barn); Karen 1917- gm Odd Nilsen 1915-1979 (7 barn). (1345)
    Til Nes på Romerike i 1914.
5. Sissel Syversdtr. Haugo Jøta 17.02. 1889-1979
G 1912 Hønefoss m Halvor Håkonson Gjøta. Barn: Håkon 1912-1997 bonde på Røyse, gm Annie Hurum ( 2 barn); Olav 1913- overlærar, gm Anna Kristin Galgeholt; Margit 1918- gm Birger Ruud.
    Syver og Sissel kjøpte garden Stadum i Hole i 1916.
6. Kari Syversdtr. Haugo 22.05. 1890-1968
Ug. Kari gjekk på ymse dagarbeid. Ho budde saman med broren Halvor.
7. Halvor Syverson Haugo Sollien 01.11. 1891-1975
Ug. Halvor var snikkar og byggmeister. Han budde nede på Torpo saman med systera, og skreiv seg 'Sollien'.
8. Margit Syversdtr. Haugo 04.02. 1894-1894
9. Ola Syverson Haugo 04.02. 1894-1894

Syver Olson kjøpte Gråbeinhaugo på auksjon i 1884 for 850 kr. Han dreiv som skomakar ved sida av bruket.
    Det fortelst om den gongen sonen Halvor kom til verda. Det var i november 1891. Ho Kari vart så lenge i fjøset ein kveld. Då Syver gjekk ut for å sjå, fann han kona med eit nyfødd barn ute. Det gjekk så fort at ho rakk ikkje å koma i hus. Syver la sonen i ei skjeggluve, og bar han inn.
    Kari var enkje med 7 barn i 1894, og greidde ikkje å sitja med bruket. Gråbeinhaugo gjekk på auksjon i 1897. Med hjelp frå det offentlege fekk Kari og ungane bu i ei stugu i Opheim. Ho gjekk på ymse dagarbeid på bygda, og fekk litt matvarer.

{1262} År: 1897

Halvor Oleivson Hakkebakken Haugo 01.11. 1863-1951
Foreldre: Oleiv Solveson Haugo og Anne Olsdtr. Granhagen Sata-eie.
Gm Marte Andersdtr. Underåsen Haugo 25.06. 1867-1940
Foreldre: Anders Olson Billehuset Underåsen og Marte Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Oleiv Halvorson Haugo 02.06. 1889-1948
Gm Turid Ivarsdtr. Øvre Thon. Sjå neste hushald.
2. Anders Halvorson Haugo 19.12. 1892-1973
=Andres. Gm Kari Fingarsdtr. Jegleim, Gol. Sjå eige hushald.
3. Anne Halvorsdtr. Haugo 16.09. 1898-1918
Ug. Død i spanskesjuka.

Halvor og Marte gifte seg i 1889. Halvor var skreddar og gardbrukar.
    Halvor var ein forteljar av det gamle, gode slaget. Om kveldane tok han gjerne ein runde på bygda med parafinlykta si for å høyre kva som hadde hendt den dagen. Han sat og vippa på stolen inntil han var oppdatert, og hadde fått fortalt det han skulle fortelja. Deretter stillte han opp att veiken på lampa, og gjekk til neste gard.
    Ein gong kom Halvor heim att etter å ha drive ljåslått inne på ein støl, og han gav seg til å fortelja frå arbeidet. "Det gjekk bra frå morgonen", sa han,"men utpå dagen vart det verre. Endå eg hadde nyslipt ljå, så reiste finntoppen seg opp att og ropte: Oleivs-Halvor, Oleivs-Halvor!"
    Ein dag i hardaste onna hende eit uhell i matstellet på garden: tenestjenta sette på matemne og hadde i salt. Så kom kjerringa på garden og salta, ho og. Til sist kom Halvor sjølv og salta, og då var ikkje grauten etande. Men Halvor hadde ei ny soge å fortelja.
    Skreddararbeidet var ikkje alltid like enkelt. "Me måtte laga både kare- og kvennfolk-kledu den tide. Og dessa kvennfolk-kleudn va no fælaste straffe!" sa Halvor.
    Halvor dreiv med snikkering etter at han slutta som bonde. Han laga river og sledar for mest kvar bonde i Opheim.