Sveinjordet gnr. 22 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sveinjordet gnr. 22 bnr. 5c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Jorde eller Opheimsjorde vart bortbygsla av Rasmus Steingrimson i 1797.
    Jorde låg mellom Opheimsjorde, Embriksgarden og Opheimhaugen. Frå 1815 om lag vart plassen kalla Sveinjordet. Truleg er Sveinjordet kome under hovudbølet att før 1900.
   

{1285} År: 1797

Botolv Knutson Opheim Opheimsjorde 11.07. 1756-1809
Foreldre: Knut Halvorson Søre Opheim og Gunhild Embriksdtr. Torset.
Gm Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen Jakopsgard 24.06. 1765-1841
Foreldre: Knut Halvorson Breie Halvorstølen og Birgit Arnesdtr. Kleiven.
*Barn
1. Knut Botolvson Opheim Løyte 04.10. 1795-1842
Gm Birgit Olsdtr. Høgset. Sjå Løyte, gnr. 25/2.
2. Gunhild Botolvsdtr. Opheim Dølahaugen 02.01. 1808-1880
G 1853 m Halvor Torson Opheimsjorde. Sjå 1859-hushaldet.

Botolv og Ingeborg gifte seg i 1795. Botolv fekk dottera Turid saman med Guri Olsdtr. i 1782.
    Botolv og Ingeborg bygsla plassen Jordet hjå Rasmus Steingrimson Opheim i 1797, og leverte 150 rd ein gong for alle for å sleppe årleg avgift. Etter deira levetid kunne bonden løyse plassen med 150 rd. I motsett fall ville plassen tilfalle arvingane. Eit slåttelende under Veslestølen skulle han og Ola Åsegarden hauste annakvart år.
    I 1797 var det ingen hus og ikkje dyrka jord på plassen. Grensesteinar vart nedsette og fleire slåtter beskrivne. Det var vanlege rettar i skog og beite , "alt til fornødenhet". (1259) s 276
    Ingebort vart attgift 1817 med enkjemann Ola Person Opheimsjorde 1745-1817. Sjå Huserjordet, gnr. 22/71.
    Ingeborg vart attgift med Pål Knutson Gullhagamoen i Branden, gnr. 23/1b.

{1286} År: 1812c

Svein Toreson Sataøyen Opheimsjorde 1753-1837
Foreldre: Tore ... ... og ... . Svein vart konfirmert i 1777 som Sataøyen.
Gm Ambjørg Halvorsdtr. Opheimsjorde 11.09. 1757-1841
Foreldre: Halvor Knutson Sire Opheimsjorde og Ingeborg Syversdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Ingeborg Sveinsdtr. Opheimsjorde Tretterudhaugen 12.09. 1784-1862
G 1808 m Ola Tomasson Skjerping Tjyruhjalldalen, gnr. 4/48 og Tretterudhaugen.
2. Tor Sveinson Opheimsjorde Hestehagen 26.11. 1786-1842
G 1812 m Turid Torsteinsdtr. Opheim. Sjå Hestehagen, gnr. 22/78.
3. Halvor Sveinson Opheimsjorde 19.09. 1790-1801f
Død før 1801.

Truleg kjem namnet 'Sveidnjorde' av Svein Toreson.

{1287} År: 1859

Gunhild Botolvsdtr. Opheim Dølahaugen 02.01. 1808-1880
Foreldre: Botolv Knutson Opheim Dølahaugen og Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen.
Gm Halvor Torson Hestehagen Dølahaugen 06.12. 1825-1906
Foreldre: Tor Sveinson Opheimsjorde Hestehagen og Turid Torsteinsdtr. Opheim.

Halvor og Gunhild gifte seg i 1853. Fosterbarn: Ingrid Halvorsdtr. Huserjordet Opheimshaugen 1856-1939.
    Dei bygsla Sveinjordet i 1859. Halvor gifte seg opp att 1894 med enkja Olaug Embriksdtr. Torset Skarsdokken og flytta til Dølahaugen.