Embriksgarden gnr. 22 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Embriksgarden gnr. 22 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Embriksgarden er frådelt myljo Opheim sist på 1600-talet. Embriksgarden ligg rett opp for tunet i Rasmusgarden.
    I 1775 vart Embriksgarden delt. Den fråskilde delen fekk namnet Embrikstugu og 1/2 lb. Hovudbølet har dermed att 2 laupsbol landskyld.
    Areal 1865: dyrka jord 19 mål, naturleg eng 2 1/2 mål, utslått 56 mål. Avling: 21 tunner bygg og 17 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 21 mål som vert leigd bort, beite 20 mål som vert lånt bort, prod. skog 215 mål, anna utm. 61 mål.
    Våningshus bygt 1880, rest. 1970, lita stove, låve, fjøs og stolphus, skåle.
    Stølar: Kvannedalen er heimstøl. Langstølen er Tolleivvollen på Listølane.
   

{1320} År: 1756c

Ragnhild Bjørnsdtr. Nyhus Opheim 1717c-
Foreldre: Bjørn Halvorson Nyhus og Jørand Nilsdtr. Eikli (Gol).
Gm Ola Steingrimson Rotneim Opheim 1711-1778
Foreldre: Steingrim Olson Løstegard og Margit Embriksdtr. Eiklid, Gol.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Opheim Tretterudhaugen 27.05. 1760-1839
Gm Tomas Olson Skjerping Tretterudhaugen, gnr. 7/7.

Ragnhild gifte seg opp att med Ola Steingrimson Rotneim, og dreiv garden til sonen Embrik overtok kring 1764. Ola Steingrimson hadde vore gift med Ingebjørg Syversdtr. Rotneim.
    Ola Steingrimson bygsla 1759 Rotebakke på livstid hjå presten. Årleg skyld: 3 mælar reint bygg til Ål prestebol. I 1760 gjorde Ola slikt makeskifte med stebarna: han fekk noko lausøyre og dei fekk pantar som mor deira hadde hatt.
    Ola tok kår for seg og dottera Ingeborg i Løstegard i 1764. Han drukna i vårflaumen 1778.

{1321} År: 1764

Embrik Botolvson Opheim Rotebakke 28.11. 1745-1816
Foreldre: Botolv Embrikson Embriksgarden Opheim og Ragnhild Bjørnsdtr. Nyhus.
Gm Margit Knutsdtr. Opheim 27.12. 1748-1798
Foreldre: Knut Halvorson Garden Opheim og Gunhild Embriksdtr. Torset (Hemsedal).

Embrik bygsla Rotebakke hjå presten Qvam i 1773. I 1775 delte Embrik frå halve garden til broren Knut. Sjølv held Embrik att den delen som vart Embrikstugu. Sjå vidare om familien der.
    Embrik B. Opheim makeskifta i 1772 ein åker under Storåkerreina (vidde 5 horn = 5/4 mål) med Ola Torsteinson Opheim og fekk att ein del i Pergut-plassen.

{1322} År: 1775

Knut Botolvson Opheim 1755-____
Barn m/Turid Halvorsdtr. Opheimsbråten: Guri 1777- . Foreldre: Botolv Embrikson Embriksgarden Opheim og Ragnhild Bjørnsdtr. Nyhus.

Knut kjøpte 1775 halve garden hjå broren Embrik for 480 rd og kår til mora. Knut sat med garden fram til 1777. Sidan ser ein ikkje meir til han.
    NB. Broren sat att med den delen av garden som vart Embrikstugu, bnr. 17.

{1323} År: 1777

Embrik Knutson Opheim 09.01. 1752-1824
Foreldre: Knut Halvorson Søre Opheim og Gunhild Embriksdtr. Torset.
Gm Guri Torkjellsdtr. Hagen Opheim **.08. 1750-1801
Foreldre: Torkjell Syverson Hagen og Ingrid Olsdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Birgit Embriksdtr. Opheim Opheimsjorde 12.01. 1777-1858
G 1799 m Ola Nilsson Medhushagen Rudningen=Opheimsjorde ( Embriksgarden, gnr. 22/10.) Sjå neste hushald.
2. Knut Embrikson Opheim 01.11. 1778-1845c
Gm Guri Mikkelsdtr. Medhus. Sjå 1804-hushaldet.
3. Dordei Embriksdtr. Opheim Torset 1780-
Dordei hadde truleg eit barn med Daniels Syverson Sørbøen. Barn nr. 2 var med Ola Tolleivson Kvelprud. Sjå barnebarn.
    G 1831 m enkemann Eirik Håkonson Ruud Torset-eie.
4. Torkjell Embrikson Opheim Opheimshaugen 1783-1875
G 1812 m Birgit Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå Søre Opheimshaugen, gnr. 22/63.
5. Knut Embrikson Opheim Barskrindgjøta 06.08. 1786-1858
G 1822 m Birgit Syversdtr. Helling. Sjå Barskrindgjøta, gnr. 19/1b.
6. Gunhild Embriksdtr. Opheim 21.12. 1788-1801
7. Halvor Embrikson Opheim Opheimshaugen 09.10. 1791-
G 1834 m Sunnev Mikkelsdtr. Ourdalen, Aurland? G 1843 m Gunhild Håkonsdtr. Ruud. Sjå Opheimshaugen, gnr. 22/74.
8. Ingrid Embriksdtr. Opheim Kølhusmoen 09.03. 1794-1827
G 1814 m Ola Toreson Grøteteigen, Hemsedal. Barn: Tore 1814-1832; Embrik 1819-1847 til Am., gm Maria ... ; Halvor 1822-1891 til Engebakken gm Guri Torkjellsdtr. Opheimshaugen; Guri 1826- til Am. gm Halvor Halvorson Treverket.
    Ola og Ingrid var på Kølhusmoen i Gol.
*Barnebarn
1. Ola Olson Opheim 16.03. 1815-
Foreldre: Ola Tolleivson Kvelprud (ungkar) og Dordei Embriksdtr. Opheim Embriksgarden. Vart han med mora til Hemsedal?

Embrik og Guri gifte seg i 1776. Dei kjøpte 1778 halve garden (= 2 1/4 lb.) hjå Knut Botolvson Opheim for 496 rd og kår til mora Ragnhild Bjørnsdtr.
    I 1793 pantsette Embrik garden for 398 rd til Torkjell Tistilsgard. Og i 1800 vart garden seld til svigersonen Ola Nilsson.
   

{1324} År: 1800

Birgit Embriksdtr. Opheim OpheimsRudningen 12.01. 1777-1858
Foreldre: Embrik Knutson Opheim Embriksgarden og Guri Torkjellsdtr. Hagen.
Gm Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde 20.04. 1766-1850
Foreldre: Nils Olson Arnegard Medhushagen og Ingeborg Halvorsdtr. Opheimsjorde.

Ola og Birgit gifte seg i 1799. Dei fekk skøyte på Opheim 2 1/4 lb. for 799 rd og kår i 1800.
    Ola selde Opheim Embriksgarden i 1807 for 499 rd. Kjøpar: Knut Embrikson Opheim. Frå 1810 var Ola husmann i Opheimsjorde, gnr. 22/58. Ungane står der.

{1325} År: 1804

Knut Embrikson Opheim 01.11. 1778-
Foreldre: Embrik Knutson Opheim Embriksgarden og Guri Torkjellsdtr. Hagen.
Gm Guri Mikkelsdtr. Medhus Opheim 03.04. 1785-
Foreldre: Mikkel Nubson Medhus og Ragnhild Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Opheim 05.01. 1806-1809
2. Ragnhild Knutsdtr. Opheim 25.09. 1808-1810
3. Guri Knutsdtr. Opheim 03.10. 1811-1811
4. Guri Knutsdtr. Opheim 25.11. 1812-1820
5. Ragnhild Knutsdtr. Opheim Sundbrei 05.05. 1817-
G 1834 m Ola Olson Rue Sundbrei. Barn født i Hol: Sissel 1834- ; Ola 1838- ; Lars 1841- .
    Til Am. 1848. (Allamakee 1850.) Barn i USA: Nels 1849- .
6. Embrik Knutson Opheim 21.08. 1820-1879
G 1839 m Kari Hermannsdtr. Krosshaug. Barn: Guri 1840- ;
    Barn i Hol: Gunhild 1843- ; Hermann 1845- farmar; Knut 1849- postmester i North Fork.
    Barn i USA: Hermann 1852-1888 g 1876 m Oline Olsdtr. Rensla (5 barn); Embrik 1861- forretningsmann i Brooten. (1286) s 22
    Til Am. i 1846. Dvs. ein av dei fyrste huslydane frå Ål som reiste. Embrik vart valt til clerk av byen North Fork i 1867. (791) Sjå O. Garness.
    Embrik var pionerfarmar og postmann. Frå 1856 fredsdomar i Spring Grove, MN. (Ulvestad II s 854)

Knut Embrikson kjøpte Opheim Embriksgarden i 1807 for 499 rd. Restoppgjeret på 199 rd skulle stå i garden inntil Embrik Knutson gjekk bort. (1536)355b
    Knut kjøpte garden Myljo Rue i Hol i 1838, og reiste til Amerika i 1846.

{1326} År: 1835

Syver Torkjellson Kyrkjedelen Opheim 15.05. 1813-1898
Foreldre: Torkjell Nilsson Tveito (ungkar) og Anne Syversdtr. søre Kyrkjedelen.
Gm Margit Olsdtr. Opheim 08.11. 1810-1890
Foreldre: Ola Arneson Karigarden Opheim og Randi Knutsdtr. Hesla (Gol).
*Barn
1. Eirik Syverson Opheim 22.02. 1836-1899
G 1866 m Gro Nilsdtr. Juvsjord. Sjå neste hushald.
2. Anne Syversdtr. Opheim Strand 26.09. 1838-1895s
Barn: Syver Nilsson, sjå barnebarn.
    G 1866 m Ola Knutson Fetagarden Strand. Barn: 2 døtrer.
    Til Am. 1866. I 1890 var ho busett i Dakota.
*Barnebarn
1. Syver Nilsson Opheim Strand 29.06. 1865-
Foreldre: Nils Johannesson Helling (ungkar) og Anne Syversdtr. Opheim.
    Til Am. 1866. Død før 1895.

Syver og Margit gifte seg i 1835. Same år fekk han skøyte på Embriksgarden Opheim og gav kår til mor og stefar.
    I 1852 vart han skriven 'Syver T. Kolsrud'. Han vart då lyst i "kull og kjønn", dvs. teken inn som arving etter mora og stefaren, Eirik Olson Hovdegard Kolsrud.

{1327} År: 1864

Eirik Syverson Opheim 22.02. 1836-1899
Foreldre: Syver Torkjellson Kolsrud Opheim Embriksgarden og Margit Olsdtr. Karigarden Opheim.
Gm Gro Nilsdtr. Juvsjord Opheim 23.04. 1837-1887
Foreldre: Nils Nilsson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Margit Eiriksdtr. Opheim Myking 28.04. 1872-1955
G 1897 m Syver Olson Trintrud Myking, gnr. 93/1.
2. Syver Eirikson Opheim 11.07. 1875-1955
G 1912 m Birgit Embriksdtr. Ro, Gol 1879-1955. Sjå Kringla, gnr. 10/14.

Eirik og Gro gifte seg i 1866. Eirik var ein av dei som sende ordlister til Ivar Aasen, og han fortalde soger som Mehlum trykte i Hallingdal og Hallingen.
    Eirik skipa samtale-laget "Uppheimingen", som truleg var det fyrste ungdomslaget i Hallingdal. Dei framførte m.a. "Ervingen" av Ivar Aasen. Laget hadde eit handskrive lags-blad der dei drøfta aktuelle emne i samtida. Men det var dei som tykte at samtalelaget var ugudeleg/ikkje var gudeleg nok. Framføring av skodespel t.d. var visst ikkje like omtykt hjå alle. Eirik samla viser, viseboka hans med 124 viser er på museet.
    Det fortelst om ein skarp replikk frå Eirik ein gong han var på 'bua' for selja smør. Der kom ein agent, som smaka på smøret og spurde: 'Er det, hm - bondesmør?' Eirik, som hadde lite til overs for agentar, svara stutt: 'Nei, det er nautesmør!'
    Eirik sat om lag 30 år i heradsstyret, og han var føregangsmann for boksamlinga på Torpo. Frå politimeister Gamborg i Drammen fekk dei grunnstamma i boksamlinga. Eirik samla inn mykje tradisjons-stoff, det var kveldsete-arbeid. (Sjå Buskeruds Blad 28/3-1944)
   
   

{1328} År: 1900

Lars Knutson Opheimshagen Sletten 25.02. 1862-1945
Foreldre: Knut Olson Opheimshagen og Ragnhild Olsdtr. Medhus.
Gm Ambjørg Håkonsdtr. Dølahaugen Sletten 17.01. 1868-1951
Foreldre: Håkon Olson Dølahaugen og Birgit Hermannsdtr. Sveinsrud.
*Barn
1. Ragnhild Larsdtr. Opheimshagen Jordet 11.01. 1888-1945
G 1926 m Hermann Nilsson Breibrenna Jordet/RikansrudJordet, gnr. 15/9.
2. Birgit Larsdtr. Opheimshagen 02.11. 1890-1891
3. Håkon Larsson Opheimshagen Sletten 01.02. 1892-1970
Ug. Sjå Sletten (gnr. 22/47)
4. Birgit Larsdtr. Opheimshagen 19.07. 1893-1893
5. Birgit Larsdtr. Opheimshagen 17.01. 1895-1929
Barn m/Ola Sanderson Sire: Sander 1921-1989. Sander vaks opp i Sletten, gnr. 22/47.
6. Knut Larsson Opheimshagen Sletten 07.08. 1897-1971
Ug. dagarbeid, budde på Sletten.
7. Håkon Larsson Opheimshagen Sletten 25.08. 1900-1986
Ug. Sjå Sletten, gnr. 22/47.
8. Ambjørg Larsdtr. Opheimshagen Sletten 19.06. 1902-1980
Ug. Sjå Sletten.
9. Ola Larsson Opheimshagen Sletten 04.05. 1904-1990
Ug. Ola var målar. Også han budde i Sletten når han ikkje var på hytta si på Dråpalivollen.
10. Tor Larsson Opheimshagen Sletten 24.07. 1906-1984
Ug. Sjå Sletten.

Lars og Ambjørg gifte seg i 1888.
    Lars Knutson, Larse-Lars, kjøpte Embriksgarden i 1900. Han selde frå 10 parsellar av garden før han selde reistane av garden for kr. 3200 til Per Olson i 1905.
    Neste år overtok Lars Knutson Nupe-Medhus som også vart selt i smått. Lars Knutson kjøpte Sletten i 1924 og flytte dit med familien.