Vesledalstugu gnr. 22 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vesledalstugu gnr. 22 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Opheim vart delt i to jamnstore gardar med 6 laupsbol kvar i 1670-åra. Den eine garden vart kalla Karigarden, den andre garden var kalla nordre Opheim til uti 1750-åra. Då vart Ola Torsteinson Vesledal gift inn på garden, og namnet har sidan vore Vesledal-stugu. Sjå meir om namnet under 1752-hushaldet.
    Tunet i Vesledal-stugu har vore flytta fleire gonger. Opphavleg var tunet like ova tunet til Øvre Opheim. I 1840-åra kjøpte Sevat Bjørnson ein åker, Badstuguåkeren, frå Karigarden, og så flytta han tunet dit. Noverande tun vart flytta litt lengre nord like etter 1900 av Eirik Bjørnson.
    Rotekjeld-kjelda er ei god olde som ligg på eigedomen. Or den tek sju gardar vatn, og enno renn det ein bekk. Ut frå namnet kan kjelda ha tilknyting til Rotebakk.
    Kring 1935 vart frådelt den nedre delen av jordet som eit eige bruk. Det vart kalla "Nyheim", seinare vart namnet "Bjerke" bnr. 155.
    Areal 1865: dyrka jord 32 mål; naturleg eng 2 mål; utslått 128 mål. Avling 47 tunner bygg og 40 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 175 mål, anna jbr. 60 mål, prod. skog 600 mål, anna utm. 300 mål. Leigd jord 20 mål. Våningshus bygt 1923, rest. 1966, driftsbygning 1968, påbygd 1978, loft, badstugu, smie.
    Stølar: Helsingset og Nystølen. Langstøl på Listølane (Opheimstølane). Tidlegare heimstøl Dropalie vart frådelt kring 1934 saman med bruket Bjerke. Buskap: 18 mjølkekyr, 30 ungdyr.
    Garden har sagbruk i Lya, ei tid var her også kvern, men det er nedlagt.
   

{1343} År: 1752

Guri Olsdtr. Opheim Vesledalstugu 1729-1799
Foreldre: Ola Halvorson nordre Opheim nordre og Guri Persdtr. Opheim.
Gm Ola Torsteinson Vesledal Opheim 1721-1792
Foreldre: Torstein Person ... Vesledal og ... .
*Barn
1. Torstein Olson Opheim 10.12. 1752-1795
G 1781 m Anne Knutsdtr. Opheim. Sjå 1790-hushaldet.
2. Guri Olsdtr. Opheim 14.03. 1756-
Truleg død liten.
3. Ola Olson Opheim 09.12. 1759-
Truleg død liten.
4. Embrik Olson Opheim Åsegarden 21.06. 1761-1793s
Gm Kari Olsdtr. Medhus. Sjå Åsegarden, gnr. 22/45.
5. Arne Olson Opheim Sørbøensmoen 23.03. 1766-1830
G 1791 m Jørand Olsdtr. Medhus. Sjå Sørbøensmoen, gnr. 23/2.
6. Guri Olsdtr. Opheim Medhus 02.07. 1768-1844
G 1788 m Knut Olson Medhus. Sjå Medhus 21/1.

I 1752 kjøpte Ola Torsteinson halve garden (dvs. 3 lb.) hjå svigerfaren Ola Halvorson Opheim for 300 rd. Dei delte husa seg i mellom. Av åker fekk han 5 mål i Storåkeren og 1 mål på Kløvo. Slåtteteigen Firemålsteigen og andre slåtter unnateke Nyhushagen. (1174) s 319
    Namnet Vesledalsstugu skriv seg truleg frå den tida då garden var delt mellom Ola Torsteinson frå Vesledal og mågen Per Olson. Etterkvart fekk Ola samla garden att, og namnet Vesledalsstugu gjekk over på garden.
    Ola makeskifta ein del i Pergut-plassen i 1772 med Embrik B. Opheim og fekk att ein åker under Storåkerreina.
    I 1774 makeskifta Ola slåttelendet Utlu-teigen med skog og bubeite og 300 rd med Per Olson nordre Opheim og fekk att 3 lb. i nordre Opheim. Dermed var garden samla att.
    I 1788 kjøpte Ola Torsteinson Åsegarden på auksjon. Pris: 158 rd.
    Kår 1791: 4 tunner bygg, ein åker til eige bruk, her skulle sonen Torstein pløge, hauste, turke og mala og brygge; ein halv rug-åker, 2 settung hampesæd innhausta, bråka, spunne og vove; 3 kyr og 9 småfe framfødd, ulla klypt og spunne, bunde eller vove. (1259) s 84b
    Skiftet etter Guri tok lang tid. Medarvingane hennar reiste søksmål og hevda at det vanta 200 rd på kjøpesummen for garden.

{1344} År: 1762

Per Olson Opheim 1736-
Foreldre: Ola Halvorson Opheim og Guri Persdtr. nordre Opheim.
*Barn
1. Guri Persdtr. Opheim 11.03. 1759-
Konfirmert i 1769.
2. Ola Person Opheim 08.04. 1762-____
3. Tore Person Opheim 12.11. 1769-
NB. Kan vera Tora Persdotter.

Per Olson var gift, truleg med ei Birgit Olsdotter, (jfr. 1762-manntalet) men me veit ikkje kven ho var.
    Etter kontrakt 1762 overtok Per 3 lb. odelsjord i Opheim og 2 lb. benifisert gods i same gard til bruk. (Dvs. den halvparten som faren hadde drive etter at garden vart delt i 1752. ) Motytinga var: ta på seg gjelda 160 rd, og flytte "auflen" af creaturene av stølen, og til stølen at "oppføre det fornødne". Han lånte 280 rd mot pant i garden i 1767.
    Per Olson var soldat ved kapt. Arøe's kompani. I 1763 hadde soldaten Aslak Skjerping vore etter Per med "vredagtig tale". Då dei var komne over brua og innpå åkeren til Skjerping, drog Aslag bajonetten. Per skvatt unna, men fata ein nub og kasta mot Aslak så han vart liggande som livlaus. (Nubben var eit trestykke.) Aslak kom til seg sjølv att. Per møtte på tinget av "nøddrivende årsage" og etter ordre frå kapteinen, og fekk tingsvitne på kva som hadde skjedd. (1305) s 9
    Per Olson måtte nok gå frå garden kring 1773. Han makeskifta garden til Ola Torsteinson, og fekk 300 rd og slåttelandet Utluteigen med ein åker på 1/2 mål. I andre kjelder er Utluteigen kalla plass.
    Dermed dekka nok Per ikkje anna enn gjelda. I 1773 gav ålmogen slik fråsegn på tinget: Per Olson Opheim sit med kone og 3 barn i ytterste fattigdom, utan eige og utan plass. (1370) s 89
    Det ser ikkje ut til ungane vaks opp. 'Ingen etterslekt etter Per Olson' vart det opplyst i 1845.

{1345} År: 1790

Torstein Olson Opheim 10.12. 1752-1795
Foreldre: Ola Torsteinson Vesledal Opheim og Guri Olsdtr. nordre Opheim.
Gm Anne Knutsdtr. Opheim 18.02. 1759-1793
Foreldre: Knut Halvorson Opheim søre og Gunhild Embriksdtr. Torset.
*Barn
1. Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim 25.11. 1781-1838
G 1798 m Torkjell Olson Tistilsgard Opheim. Sjå neste hushald.
2. Gunhild Torsteinsdtr. Opheim 01.05. 1785-1811
G 1809 m Tolleiv Syverson Barskrind/Sørbøen Tveito. Ingen barn.
3. Turid Torsteinsdtr. Opheim Hestehagen 02.12. 1787-1852
G 1812 m Tor Sveinson Hestehagen, gnr. 22/78.
4. Guri Torsteinsdtr. Opheim 12.12. 1790-1793f
Guri døydde kring 1792.

Torstein og Anne gifte seg i 1781. Torstein vart oppnemnd til lagrettemann i 1782.
    Torstein fekk 1790 skøyte hjå foreldra på gardparten Opheim (3 lb. med bygsel) for 398 rd.
    På skiftet etter Torstein i 1795 var det 213 rd å dele. I tillegg stod det inne arv etter Anne frå 1793.
    På skifte etter Anne i 1793 var buet 174 rd.

{1346} År: 1795c

Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim 25.11. 1781-1838
Foreldre: Torstein Olson Vesledalstugu Opheim og Anne Knutsdtr. Opheim.
Gm Torkjell Olson Tistilsgard Opheim 01.01. 1761-1840
Foreldre: Ola Olson Gunhildgard Tistilsgard og Torand Olsdtr. Tistilsgard.
*Barn
1. Ola Torkjellson Opheim 24.11. 1799-1869
Gm Birgit Knutsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
2. Torand Torkjellsdtr. Opheim Urden 31.05. 1801-1876
G 1842 m Håkon Arneson Urden, gnr. 2/6.
3. Anne Torkjellsdtr. Opheim Liahagen 02.01. 1803-1871
Barn: sjå barnebarn. G 1849 m Ola Solveson Liahagen. Sjå Liahagen, gnr. 3/7.
4. Ingeborg Torkjellsdtr. Opheim Merødningen 03.03. 1805-1844
G 1833 m Hans Danielson Sorteplass (Merødningen), Nes. Ingen barn.
5. Torstein Torkjellson Opheim 18.05. 1807-1887
Død i Am. Gravlagt på Old West Paint Creek kyrkjegarden i Allamakee County. Utan livsarvingar.
6. Guri Torkjellsdtr. Opheim 21.10. 1809-1810
7. Guri Torkjellsdtr. Opheim Øraker 06.07. 1811-
G 1839 m Embrik Olson Opheimsjorde Ruud til Øraker. Sjå Nordre Ruud, gnr. 18/1a.
8. Ola Torkjellson Opheim 08.07. 1813-
G 1843 m Brynhild Larsdtr. Sire. Sjå eige inderst-hushald. Til Am.
9. Gunhild Torkjellsdtr. Opheim Nupestølen 18.11. 1815-1876f
G 1846 m Guttorm Asleson Dusegard Nupestølen. Sjå Nupestølen, gnr. 40/9.
10. Ingrid Torkjellsdtr. Opheim Gunhildgard 23.06. 1818-
G 1848 m Ivar Sveinson Gunhildgard. Sjå Gunhildgard, gnr. 44/4. Ingrid reiste til Holmestrand.
11. Guri Torkjellsdtr. Opheim Leikvoll 02.01. 1821-1899
G 1841 m Helge Syverson Leikvoll. Sjå Leikvoll, gnr. 13/1.
12. Torkjell Torkjellson Opheim Sundre 18.06. 1823-
G 1848 m Astrid Olsdtr. Hove. Sjå Nigarde Sundre, gnr 110/47.
*Barnebarn
1. Marte Olsdtr. Opheim Møller? 22.09. 1828-1868c
Gm Erik Bartoldt Møller, Sigdal/Tønsberg. Barn: Edvard Erikson 1856- til Am. i 1876; Konrad 1861- .
    Foreldre: Ola Olson Opheim (ungkar) og Anne Torkjellsdtr. Opheim Liahagen.
    Marte var jordmor i Drammen, Erik var garvarsvein. Då Marte var død i 1871, reiste Erik til Am. med sonen Konrad.
2. Ola Olson Opheim 03.10. 1831-1844
Foreldre: Ola Olson Opheim (ungkar) og Anne Torkjellsdtr. Opheim.

Ingeborg og Torkjell gifte seg i 1798.
    Torkjell vart 1801 frikjent frå eit krav frå Ola og Arne Vesledalstugu Opheim på 200 rd som dei meinte stod ubetalt på gardehandelen frå far deires til broren Torstein i 1790.
    I 1805 kjøpte han plassen Opheimsjorde for 799 rd. Og i 1808 kjøpte han halve bygselgodset i Opheimshagen for 80 rd.
    Torkjell møtte på skiftet etter Ingeborg i 1838. Då var han så gamal at han "intet tilsvar kunde give".
   

{1347} År: 1821

Ola Torkjellson Opheim 24.11. 1799-1869
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Opheim Vesledalstugu og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim.
Gm Birgit Knutsdtr. Opheim 11.11. 1802-1841
Foreldre: Knut Halvorson Søre Opheim og Marte Hansdtr. Nubgarden.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Opheim #Hesla 01.10. 1821-1840
G 1837 m Ola Olson Hesla Opheim. Sjå neste hushald.
2. Torkjell Olson Opheim 25.11. 1825-1825
3. Torkjell Olson Opheim 28.01. 1828-1828
4. Marte Olsdtr. Opheim Underåsen 24.09. 1829-1893
G 1854 m Anders Olson Billehuset Underåsen. Sjå Underåsen, gnr. 22/44.
5. Dordei Olsdtr. Opheim 17.11. 1832-1832
6. Dordei Olsdtr. Opheim Larsbakkane 14.07. 1834-1909
G 1860 m Solve Olson Liahagen. Sjå inderstar, Larsbakkane.
7. Anne Olsdtr. Opheim 02.12. 1837-1839
Kopper.

Ola og Birgit gifte seg i 1821. Ola kjøpte Vesledalstugu og Perplassen hjå foreldra i 1821 for 1000 spd og kår. (1537)58
    Ola selde garden 1838 til svigersonen Ola Hesla for 1000 spd og kår til Torkjell Olson og Ingeborg Torsteinsdtr. I handelen var også all smie-redskap, ein hest, eit stugu-ur og takke. (1544)460
    På skiftet etter Birgit i 1841, spurte administrator etter kva buet hadde som lausøyre. Ein formyndar svara at enkjemannen var glad i det sterke og hadde selt og pantsett stort og smått, til og med kåret sitt to år framover. Ola reiste til Amerika og døydde i Old West Paint Creek, Allamakee County 1869. (J,. Marler)

{1348} År: 1838

Ingeborg Olsdtr. Opheim 01.10. 1821-1840
Foreldre: Ola Torkjellson Vesledalstugu Opheim og Birgit Knutsdtr. søre Opheim.
Gm Ola Olson Hesla Opheim ...... 1808-1841
Foreldre: Ola Endreson Hesla-Løkje og Randi Sveinsdtr. Løkje, Hemsedal.
*Barn
1. Randi Olsdtr. Opheim 02.08. 1838-1839

Ingeborg og Ola gifte seg i 1837. Ola fekk skøyte på garden i 1838.
    Så miste dei dottera, deretter gjekk dei bort både Ingeborg og Ola i løpet av vel eit år. I 1840 gjekk garden på auksjon. På skiftet etter Ola i februar 1841 påtok Ola O. Roe og treske kornet samt å selja korn, halm, agner og høy.

{1349} År: 1840

Sevat Bjørnson Sataroen Opheim 07.01. 1809-1889
Foreldre: Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard Sataroen og Margit Sevatsdtr. Sata.
Gm Rangdi Tolleivsdtr. Opsata Opheim 08.09. 1821-1892
Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.
*Barn
1. Bjørn Sevatson Opheim 14.03. 1842-1880
G 1876 m Birgit Eiriksdtr. Underåsen. Sjå neste hushald.
2. Margit Sevatsdtr. Opheim 15.03. 1844-1844
3. Margit Sevatsdtr. Opheim Medhus 22.03. 1846-1897
G 1866 m Syver Olson Medhus, gnr. 21/6.
4. Margit Sevatsdtr. Opheim Medgard 14.04. 1849-1908
G 1877 m Asle Håkonson Bøygard Medgarden, gnr. 24/1.
5. Ågot Sevatsdtr. Opheim 23.12. 1851-1853
6. Tolleiv Sevatson Opheim 18.02. 1855-1888
7. Ola Sevatson Opheim Hagen 29.10. 1862-1921
G 1885 m Ragnhild R. Opheim. G 1895 m Margit E. Torpo. Sjå Hagen, gnr. 8/1.
8. Nils Sevatson Opheim 13.09. 1865-1866

Sevat kjøpte Vesledalstugu på auksjon i 1840.
    Sevat og Randi gifte seg i 1841. Sevat var ein dugande rosemålar. Far hans var syskenbarn med Herbrand Sata. I 1830 gav han seg til i Lærdal etter marken for å høyre om han kunne få målararbeid. Sevat dreiv også med treskjæring, han skar fine mangletre og trespøner. (Sjå 'Rosemåling i Hallingdal' s. 184)
    Det gjekk kopper i Opheim ein vår. Randi ville at dottera Margit skulle få "kveisa" før dei reiste på stølen, det var betre tid til å passe henne heime. Mora henta smitte i eit tørkle. Men Margit fekk kveisa så hardt at det stod om livet. Ho overlevde, men bar koppe-arr resten av livet. (NU 1913)
    Sevat var formann i Opheim Arbeidarforening. Der var 29 medlemer i 1851. Etter Thrane-rørsla kom Bondeven-foreninga, og Sevat var aktiv også der. (1292)
    I 1853 bygsla dei bort Hestehagen. Sevat Bjørnson var med og skipa Aal Sparebank i 1870, og gav pengar til grunnfondet. Og i 1878 selde dei garden til sonen bjørn for 6400 kr.
    Sevat og Rangdi gav eit legat på kr. 1200 til skulebarn i Torpo i 1889.

{1350} År: 1878

Bjørn Sevatson Opheim 14.03. 1842-1880
Foreldre: Sevat Bjørnson Reiersgard Vesledalstugu Opheim og Rangdi Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Birgit Eiriksdtr. Underåsen Opheim 29.04. 1854-1929
Foreldre: Eirik Rasmusson Opheim Underåsen og Rangdi Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Sevat Bjørnson Opheim 16.03. 1877-1882
2. Eirik Bjørnson Opheim 20.01. 1879-1958
G 1902 m Margit Syversdtr. Medhus. Sjå neste hushald.

Bjørn og Birgit gifte seg i 1876. Til garden høyrde Badstugu-åkeren og Embrik-Stakkestøe med hus, sagbruk og kvernbruk.
    Bjørn gjekk bort alt i 1880. Buet var på 12338 kr. Birgit sat med garden fram til 1902.