Embrikstugu gnr. 22 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Embrikstugu gnr. 22 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Embrikstugu var også kalla 'OppåJordet'. Dette er eit mindre bruk som skriv seg frå delinga av Embriksgarden i 1775. Gamal skyld 1/2 laupsbol. Dessutan bygsla bøndene i Embrikstugu 1 1/2 laupsbol i prestegodset Rotebakke. (Totalt 6 lb.) Rotebakke er nemnd i Embrikstugu-dokument fram til sist på 1800-talet.
    Det gamle tunet låg på austsida av gutu nedst på Rasmusgarden. Etter utskiftninga kring 1900 vart tunet flytta til noverande stad. Sist på 1800-talet vart det selt unna mange parsellar av Embrikstugu. M.a. stølane Nordre og Søre Helsingset, noko hamnerett, og mange skog- og jordstykke.
    Areal 1865: dyrka jord 14 1/2 mål, naturleg eng 3 mål, utslått 48 mål. Avling 12 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Vanleg buskap i 1960-åra var hest, 3 kyr, 2-3 ungdyr og 5 sauer. Garden vart fråflytta i 1992 og vert no brukt under Medhushaugen.
   
   

{1354} År: 1775

Embrik Botolvson Opheim Rotebakke 28.11. 1745-1816
Foreldre: Botolv Embrikson Embriksgarden Opheim og Ragnhild Bjørnsdtr. Nyhus.
Gm Margit Knutsdtr. Opheim 27.12. 1748-1798
Foreldre: Knut Halvorson Garden Opheim og Gunhild Embriksdtr. Torset.
*Barn
1. Botolv Embrikson Opheim 25.09. 1768-1839
Gm enkje Kari Halvorsdtr. SundreMoen Opheim. Sjå neste hushald.
2. Ragnhild Embriksdtr. Opheim 1770-
Ragnhild var heime og ugift i 1801. Ikkje arving i 1816.
3. Kari Embriksdtr. Opheim 30.10. 1774-1839
Ugift. Barn: Margit 1810-1890. Sjå under barnebarn.
    Kari skulle gifte seg med enkjemann Ola Embrikson Hagaplassen. Han døydde på heimveg frå byen med bryllupskost i mars 1810. Dottera Margit vart født i desember 1810.
4. Knut Embrikson Opheim 27.09. 1778-
Truleg død før 1801.
5. Ola Embrikson Opheim Opheimsjorde 10.11. 1782-1832
G 1816 m Fribjørg Rasmusdtr. Kolsrud Opheimsjorde. Sjå Rasmusjordet, gnr. 22/35.
6. Liv Embriksdtr. Opheim SørbøenStølen 03.09. 1786-1855
Gm Lars Olson Stølen under Sørbøen, gnr. 23/1c.
7. Gunhild Embriksdtr. Opheim Rotebakkdokken 30.09. 1792-
G 1823 m Nils Eirikson Rotebakkdokken. Ingen barn. Utflutt til Am. 1857: Wisconsin.
*Barnebarn
1. Margit Olsdtr. Opheim Lappegard? 06.12. 1810-1890
G 1847 m Knut Torson Tistilsgard Lappegard. Sjå Toresgardmoen, gnr. 89/5a.
    I 1865 budde dei i Klemetsdal i Lier. Knut var inderst på dagarbeid.
    Foreldre: Kari Embriksdtr. Opheim og enkjemann Ola Embrikson Hagaplassen.
    Dei budde fleire stader, var i Lappegard dei siste åra.
2. Anders Anderson Opheim 26.05. 1814-
Foreldre: soldat Anders Anderson Gudmundsrud Ulshagen-eie (ungkar) og Gunhild Embriksdtr. Opheim. Truleg død før 1800.

Embrik Botolvson makeskifta i 1772 ein åker under Storåkerreina med Ola Torsteinson Opheim og fekk att ein del i Pergut-plassen. Embrik bygsla Rotebakke hjå presten Qvam i 1773.
    Då Embrik Botolvson selde Embriksgarden i 1775, heldt han att noko av garden og bygde opp eit nytt bruk som vart kalla Embrikstugu.
    I 1811 overtok sonen Botolv bygsla av Rotebakke. Kår: 3 tunner stritt korn, 1 ku og 4 småfe framfødt og stellt.
    På skiftet etter Embrik var det 61 spd å dele. Åkrane 'Solve-brenna', Vesle-enga og Dråpaliplassen vart selde på auksjon til Ola Mikkelson Opheim.

{1355} År: 1798c

Botolv Embrikson Opheim 25.09. 1768-1839
Foreldre: Embrik Botolvson Opheim og Margit Knutsdtr. Opheim.
Gm Kari Halvorsdtr. SundreMoen Opheim 01.11. 1756-1820
Foreldre: Halvor Syverson Moen Helling og Gunhild Persdtr. ....
*Barn
1. Anne Botolvsdtr. Opheim 04.01. 1795-1820
G 1814 m Ola Mikkelson Medhus Opheim. Sjå neste hushald.

Botolv og Kari gifte seg i 1793. Ho var enkje etter Steingrim Rasmusson Rasmusgarden Opheim.
    Botolv tok opp lån i 1799: 170 rd mot pant i Opheim 2 1/4 lb. og lausøyre. Avl. 1805.
    Han lånte 600 rd i 1809 hjå "Commisionen for De i Krigen faldne, sårede og bortblevnes efterlatte".
    I 1811 bygsla han på levetida 1 1/2 lb. i Rotebakke hjå presten Leigh. Leiga var 3 mælar bygg årleg til prestebolet.
   

{1356} År: 1814

Ola Mikkelson Medhus Opheim 14.11. 1790-1838s
Foreldre: Mikkel Nubson Medhus og Ragnhild Olsdtr. Barskrind.
Gm Anne Botolvsdtr. Opheim 04.01. 1795-1820
Foreldre: Botolv Embrikson Opheim Embrikstugu og Kari Halvorsdtr. SundreMoen.
Gm Mari Andersdtr. Vøllo Opheim 1788-1885
Foreldre: Anders Bjørnson Vøllo og Barbro Olsdtr. ... , Hemsedal.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Olsdtr. Opheim 12.04. 1815-1827
2. Ragnhild Olsdtr. Opheim Rasmusjordet 16.11. 1817-____
Gm Knut Olson Opheimshagen Rasmusjordet, gnr. 22/35.
*Barn i andre ekteskap
1. Botolv Olson Opheim 29.03. 1825-1927
G 1848 m Åse Olsdtr. ... Opheim. Sjå neste hushald.
2. Anne Olsdtr. Opheim Halvorsgard 09.06. 1827-1908
G 1849 m Ola Sveinson Halvorsgard. Sjå Halvorsgard, gnr. 37/1. Sidan til USA.
3. Mikkel Olson Opheim 11.02. 1832-1909
Mikkel var døvstum og vart umyndiggjort i 1854. Mikkel reiste til Amerika 1869 saman med mora Mari Andersdtr.
4. Ola Olson Opheim 06.02. 1834-1834


Anne og Ola gifte seg i 1814. Ola fekk skøyte på garden i 1814 for 850 rbd. Anne døydde i 1820, og Ola gifte seg opp att 1824 med Mari Andersdtr.
    Mari reiste til Amerika 1869 med sonen Mikkel. Mari og Mikkel vart båe gravlagte på Union State Line Cemetary, Dickinson co, Iowa.

{1357} År: 1846

Botolv Olson Opheim 29.03. 1825-1902
Foreldre: Ola Mikkelson Medhus Opheim og Mari Andersdtr. Vøllo (Hemsedal).
Gm Åse Olsdtr. ... Opheim 1822-
Foreldre: Ola Olson..... (gardmann) og ... ... , Nes pr.gj.
*Barn
1. Mari Botolvsdtr. Opheim Gilbert 17.02. 1849-1920
Gm Håkon Gunvaldson Bomberud. Barn: Gilbert Gilbert 1870-1930 ; Albert 1869-1920 gm ... (minst 1 barn); Esther 1873-1917 gm ... Quimby (minst 1 barn); Lewis/Olaus 1874-1912; Olaus/Lewis 1875-; .... (J. Marler) Til Am. i 1867: Esterville. Dei skreiv seg "Gilbert".
2. Kristi Botolvsdtr. Opheim 05.08. 1852-1922
Gm Kitil Kitilson Barskrind. Til Am. i 1867: Serburn, MN.
3. Anne Botolvsdtr. Opheim 10.05. 1855-____
Ukjent lagnad.
4. Ola Botolvson Opheim 30.10. 1858-1929
'Ole B. Opheim' døydde i Dickinson, Iowa.
5. Ola Botolvson Opheim 01.05. 1863-
Til Am. i 1867: Camrose, Alberta.

Botolv og Åse gifte seg i 1848. Åse skreiv seg 'Opheim' i 1848. Dei budde i Rotebakk-eie i 1852 og i Opheimsjordet frå 1858. Botolv selde garden i 1867. Sidan ser me ikkje meir til familien, men to av ungane reiste til Amerika.
    Jackie Marler opplyser at både Botolv, Åse og sonen Ola vart gravlagte på Union State Line Cemetary i Dickinson, Iowa. Også broren Mikkel og stemora budde hjå Botolv og Åse.
   

{1358} År: 1867

Ivar Larsson Eikre Opheim 20.02. 1838-1914
Foreldre: Lars Rasmusson Opheim Eikre og Kari Ivarsdtr. Eikre.
Gm Margit Håkonsdtr. Sørbøen Opheim 14.03. 1841-1928
Foreldre: Håkon Olson Sørbøen og Turid Persdtr. Kvelprud.
*Barn
1. Lars Ivarson Opheim 12.11. 1861-1918
G 1896 m Liv Knutsdtr. Trefothaugen. Sjå neste hushald.
2. Kari Ivarsdtr. Opheim 25.10. 1863-
Gm Nils N. Ruud 1867- . Til Am. i 1894: Gregory SD.
3. Håkon Ivarson Opheim 01.03. 1868-
Til Am.
4. Turid Ivarsdtr. Opheim Bradley 06.07. 1870-1938
Gm Martin E. Bradley, Gilby ND 1874-1928. Barn: Irvin S. Bradley 1898-1913; Clifford Leroy Bradley 1910-1910.
    Turid kom til Amerika i 1892. Turid er gravlagt på Prairie Home Cemetery, Gilby Township i Grand Forks, ND. (J. Marler)
5. Margit Ivarsdtr. Opheim 19.07. 1872-1879
6. Margit Ivarsdtr. Opheim 03.07. 1874-1891
7. Olaug Ivarsdtr. Opheim 10.08. 1876-1877
8. Rasmus Ivarson Opheim 04.07. 1879-1969
G 1907 m Guri Oleivsdtr. Bråten. Sjå eige hushald under jarnbanen. Dei flytta til Sundre omlag 1910 og budde på Nyheim. Til Mjøndalen.
9. Arne Ivarson Opheim 03.11. 1881-1891
10. Margit Ivarsdtr. Opheim Berg 23.01. 1885-
G 1906 m Oleiv Embrikson Berg Odden. Busett i Am. : Montana.
    Barn: Birgit ....-1997 gm ... Ryder (2 barn); Mabel ....-1990 gm Mawhinney (1 dotter); Irwin ....-1995 gm Phyllis (4 barn). Henry død 4 år gamal.

Ivar og Margit gifte seg i 1857. Ivar var smed og husmann utan jord i 1865. Dei overtok Rotebakke og Embrikstugu i 1867. (1345)
    Ivar selde unna støl og skogremmar.