Hestehagen gnr. 22 bnr. 78
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hestehagen gnr. 22 bnr. 78-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Torhagen eller Hestehagen. Etter Tor Sveinson si tid var namnet Tor-hagen ei tid. Småbruket Hestehagen ligg inne i svingen som Opheimsvegen gjer vest ved Lya. Innmarka er på omlag 5 mål. Eit jordstykke ligg oppe under Brendehovda, der skal det ein gong ha budd ei einebuar. (Ål III s 276)
    Tunet i Hestehagen vart flytta litt mot nord til noverande stad av Tor Sveinson.

{1517} År: 1815

Tor Sveinson Opheimsjorde Hestehagen 26.11. 1786-1842
Foreldre: Svein Toreson Sataøyen Opheimsjorde og Ambjørg Halvorsdtr. Opheimsjorde.
Gm Turid Torsteinsdtr. Opheim Hestehagen 02.12. 1787-1852
Foreldre: Torstein Olson Vesledalstugu Opheim og Anne Knutsdtr. Garden Opheim.
*Barn
1. Anne Torsdtr. Hestehagen Dølahaugen 27.07. 1814-1883
G 1846 m Eirik Eirikson Barskrind Opheim Ørjanshaugen, gnr. 22/54a og Dølahaugen.
2. Svein Torson Hestehagen 06.08. 1816-1822
Knapt 6 år gamal omkom Svein i saga ved Dølahaugen i juli 1822.
3. Torstein Torson Hestehagen 21.09. 1818-1879
G 1844 m Margit Olsdtr. Tuftedokken. Ingen barn. Skilt.
    Barn med Ragnhild Aslesdtr. Sindrolslåtta, Hol. Barn: Kristi 1863- ; Turid 1867- .
    Han kjøpte Nestegardsslåtta i 1857. Han bygde seg ei liten stugu Sindrolslåtta og held lag med Ragnhild som vart kalla "Hjalma". Presten Kjelstrup stevna dei to for 'forargerlig levned' i 1866, det vart 15 dagar vatn og brød. Vart dei gifte i 1867?
    Torstein døydde som husmann under Rue i Hol i 1879. Der fekk han vera på det vilkår at Hjalma ikkje var med.
4. Ambjørg Torsdtr. Hestehagen Kapteinstølen 19.03. 1821-1858
G 1854 m Embrik Arneson Moslåtten Kapteinstølen, gnr. 110/56.
5. Svein Torson Hestehagen 30.09. 1823-1907
Barn med Marte Persdtr. Vestenfor: Kari 1854-1937. G 1856 m Gunhild O. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
6. Halvor Torson Hestehagen Dølahaugen 06.12. 1825-1906
G 1853 m Gunhild B. Opheimsjorde, gnr. 22/5c. G 1894 m enkje Olaug E. Torset Skarsdokken. Sjå Dølahaugen, gnr. 22/231.
7. Ola Torson Hestehagen 22.09. 1828-1846

Tor og Turid gifte seg i 1812. Dei bygsla Hestehagen i 1815 frå nordre Opheim.
    Etterkvart vart bruket kalla Tor-hagen. Grenser: Hestehagen og nord etter Åsvegen på begge sider, og nest i åkeren som er ved Eitra og opp etter Eitra til Varadammen. Det fylgde med nokre slåtter m.m. Grunnleiga var slå plassen "Niijordet", dvs. mann og kvinne i 3 dagar. (1537)59
    Tor døydde i stor armod i Haugen under Vesledal.

{1518} År: 1853

Svein Torson Hestehagen 30.09. 1823-1907
Foreldre: Tor Sveinson Opheimsjorde HesteHagen og Turid Torsteinsdtr. Vesledalstugu Opheim.
Gm Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde Hestehagen 21.10. 1821-1890
Foreldre: Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde og Birgit Embriksdtr. Opheim.
*Barn
1. Tor Sveinson Hestehagen 12.09. 1856-1937
Gm Sofie Andreassen, Romedal. Sjå neste hushald.
2. Ola Sveinson Hestehagen 18.03. 1858-
Død liten. (1345)
3. Ola Sveinson Hestehagen 18.03. 1860-1935
G 1891 m Berte Østensdtr. Skrukkefyllhaugen i Vassfaret 1854-1950. Berte hadde to barn frå før, Marit og Anton.
    Ola Sveinson reiste på timrehogst i Vassfaret. Ein kveld Berte var ute med båten for å sette garn, kom ho forbi ein odde der Ola sat og kosa seg ved bålet. Han baud henne koma i land for ein kaffitår, og ho så gjorde. Då fekk timrehoggaren syne sine kunster. Ola Sveinson spelte munnharpe og sa mykje morosamt. Ho Berte tødde opp, og det vart ein minneverdig sumarkveld for dei to på odden. Dei fann kvarandre.
    Då dei vart gifte, var far han nyss vorten enkjemann. Dei heiter at dei nygifte flytta til 'Hallingdal', det var truleg til Hestehagen. Men Berte treivst dårleg. Ikkje var det fiskevatn der, og småbruket var 'eit elendigt røyskatt-bruk', let ho. Etter to år flytta dei attende til Vassfaret. Men då var Skrukkefyllstugu nedbrent, visstnok etter lynnedslag. Men det var nok andre grunnar. Som ho Berte sa: 'Det var eit merkeleg torever i Vassfaret den sumaren. Før lynet slo ned, så hadde det bore ut alt husgerådet!' Det fortelst at det var fattigstyret i Hedalen som hadde svidd av stugu for å sleppe utlegg med familien. Berte og Ola måtte finne seg annan bustad.
    I Vassfaret bar Ola Sveinson oppnamnet 'Fanten', uvisst av kva grunn. Det fortelst at han var sterk. Ola kunne bera ein grisunge frå det eine dalføret til det andre for å tene ei krone. Til sist kom dei til Bruvollen/Bruflat i Flå. Sjå vidare i boka om Berte Skrukkefyllhaugen av Edvard Elsrud. Ola vart gravlagt på Flå. (772), Ola Akervold og Hallingdølen 10/8/2002.
4. Torstein Sveinson Hestehagen 22.01. 1864-1916
G 1892 m Anne Syversdtr. Sørbøensmoen. Barn: Gunhild 1892- g 1910 m Joseph W. Rodgers (2 barn); Selma 1896-1981 ug.; Sven 1898-1969 ug.
    Torstein og Anne hadde homestead i Sherbrooke Township Blabon, ND.
    Han reiste til Amerika i 1882, kom heimatt ein tur og gifte seg i 1892. Ved bryllaupet oppgav han 'kvegrøktar' som yrke. Til Quebec i 1894 saman med Anne og Gunhild.

Svein hadde eit barn med Marte Persdtr. Vestenfor: Kari 1854-1937. Svein og Gunhild gifte seg i 1856.
    Som jente fekk Gunhild eit dødfødt barn i 1847. Ho la det døde barnet i kista til ei nyleg død kone i grannelaget. Det vart folkeprat om dette etterpå, og kista vart oppteken og viste seg å innehalde eit barnelik. Og Gunhild vart mistenkt for fødsel i dulgsmål og barnedrap.
    Gunhild fortalde at ho fødde aleine pga. "foreldrenes vrede", og at ho hadde kjøpt eit tøystykke av bomull til barneklær. Ho nekta for barnedrap. Gunhild vart idømt 3 1/2 år på tukthuset. (1016) s 23, (1521)
    Svein vart bøtelagt for slagsmål i 1852. Mor hans vart så forskrekka medan dette pågjekk at ho gjekk i sokkeleisten til grannane og vart verande der nokre dagar.
   

{1519} År: 1896

Tor Sveinson Hestehagen 12.09. 1856-1937
Foreldre: Svein Torson Hestehagen og Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Sofie Andersdtr. ... HesteHagen ...... 1864-1898
Foreldre: Andreas ..., Romedal på Hedmarken.
*Barn
1. Gunhild Torsdtr. Hestehagen 1888-
Til Am. i 1908. Døypt i Vestre Aker.
2. Svein Torson Hestehagen 09.07. 1895-
Til Am. i 1915.

Tor og Sofie møttest utanbygds. Han kjøpte Torhagen i 1896 og selde att i 1910. Sidan budde han sidan i ei stugu nørdst i Embriksgarden.