Billehuset gnr. 23 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Billehuset gnr. 23 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Billehuset ligg nedst i jordet i nordre Sørbøen."Bellehuset" vart det skrive i 1798. Dette tyder på namnet kan forklarast på same måten som Belluteigen i Nasagardane. Dvs. ut frå ordet 'bell' som tyder ei rundaktig høgd. Kring 1918 vart plassen lagt under Sørbøen att.
    Billehuset hadde både heimstøl og langstøl. Det var noko av eit særsyn for ein husmannsplass. På Tjødnstølen var heimstølen Billeskorre. Der står att ei lu, men bue har rasa. Langstøl var nedst på vollen på Trettestølen.
    I Billehuset var tre åkrar og nokre småstykke borti skogkanten. I beitet ovanfor Billehuset er rydda nokre små jordstykke. Det vert fortalt at gutane i Billehuset ville dyrke gulrot og grønsaker då det kom frø i handelen. Men slik dyrking fekk dei ikkje drive på innmarka. Difor braut dei seg jord sjølve uttagards.
    Stugu i Billehuset vart selt og står i nedre Tone. Låven vart riven ein gong i 1960-åra. No er Billehuset oppdyrka, steingjerde og tufter er borte.
   

{1574} År: 1780

Ola Ellingson Løken Billehuset 18.11 1753-1818
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken.
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Gurigard Billehuset 15.02 1756-1825
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Margit Aslaksdtr. ... .
*Barn
1. Kari Olsdtr. Billehuset Ruggeplassen 05.02 1786-1860
Barn: sjå barnebarn.
    G 1836 m Ola Torkjellson Svarteberg Kanafetmyrane Ruggeplassen Sataøyen.
2. Margit Olsdtr. Billehuset Billehuset 02.03 1788-1866
Ug. Død som 'Sørbøenseie'. Barn Anne 1823-1884, sjå barnebarn.
3. Aslak Olson Billehuset Billehuset . 1792-
På eit skifte i 1833 var det ingen som viste kvar Aslak var.
4. Kristi Olsdtr. Billehuset Bråten 06.07 1794-
Barn: Ragnhild Halvorsdtr. 1828- m/Halvor Knutson Holde, Hemsedal.
    G 1830 Ål m Henrik Torson Bråten-eie frå Nes. Dei budde i Nes.
5. Elling Olson Billehuset Juven . 1797-1868
G 1822 m Ambjørg Olsdtr. Sando. Sjå Juven.
6. Anne Olsdtr. Billehuset 13.10 1799-
7. Anne Olsdtr. Billehuset 11.01 1801-
*Barnebarn
1. Ola Person Billehuset 24.09 1822-1861
G 1850 m Ragnhild Nilsdtr. Tveitejordet. Sjå inderstar.
    Foreldre: Per Halvorson Opheim m/Kari Olsdtr. Billehuset.
2. Anne Knutsdtr. Billehuset SørbøensStølen 17.04 1823-1884
G 1850 m Torkjell Eivindson Kvelprud SørbøensStølen. Sjå der.
    Foreldre: Knut Sindreson Juven (ungkar) og Margit Olsdtr. Billehuset.

Ola og Ragnhild hadde 11 barn. Ei Anne Olsdtr. Billehuset som vart bøtelagt for legemål i 1805, er ei systerdotter til Ola Ellingson. Ho kom sidan til Branden. Sonen hennar, Svein (Løke-Svein) kom til Gjøta.

{1575} År: 1785

Knut Embrikson Arnegard Billehuset . 1723-
Foreldre: Embrik Knutson Arnegard og Rønnaug Nubsdtr. Torpo nordre.
Gm Margit Knutsdtr. Medgard Billehuset . 1725.-
Foreldre: Knut Torson Medgard og Ambjørg Olsdtr. Tveito Kongstveito.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Billehuset 02.07 1769-

Knut og Margit fekk bygsle Billehuset gratis på livstid i 1778 mot at all eige etter dei skulle tilfalle Håkon Rasmusson Sørbøen. Dei fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    I 1775 selde Knut ("en mig tilhørende") plass Nyegjerda under Hersgard i Gol til T. Kinneberg.
    I 1798 var enkja Ambjørg Sørbøen innklaga til skogdeling av grannen Daniel Sørbøen. Ambjørg hadde utan hans samtykke gjeve løyve til åkerbråt og inngjerding av plassen 'Bellehuset'. (1407) s 19

{1576} År: 1825

Ola Anderson Gjeldokk Billehuset . 1792-1876
Foreldre: Anders Jonson Hefte (ungkar) og Åse Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Guri Olsdtr. Myregard Billehuset 18.10 1801-1864
Foreldre: Ola Knutson Myregard Hove og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Anders Olson Billehuset Underåsen 05.04 1825-1914
G 1854 m Marte Olsdtr. Opheim. Sjå Underåsen.
2. Ola Olson Billehuset 23.07 1827-1841
Ug.
3. Margit Olsdtr. Billehuset Bakko 14.11 1829-1916
G 1872 m Jørgen Herbrandson BrekkeBakko, Gol. Ingen barn. Jørgen selde Bakko i 1903 for 2800 og kår.
4. Ola Olson Billehuset 18.05 1833-
G 1861 m Borghild Knutsdtr. Løyte 1837- . Busett i Pope Co. MN i 1876.
5. Ivar Olson Billehuset 11.11 1835-
Til Am.: Pope Co. MN.
6. Birgit Olsdtr. Billehuset 13.02 1839-
Gm ... ..., Lier.
7. Knut Olson Billehuset 13.02 1839-1845
8. Guri Olsdtr. Billehuset Hansen 17.12 1841-
Gm Martin Anderson Bratvoll Vaterrud-eie 1834c-1868. Barn: Ole 1862c- ; Anton 1865- (født på Jevnaker);
    Guri fekk eit barn med ungkaren Amund ... : Karoline Marie 1871- .
    G 1874 m gravar og em Hans Hansen Kingeeie, Jevnaker 1821- . Barn: Halvard 1879- . Hans sine barn: Otto og Elise.
    Det fortelst at Guri lurte seg avgårde med ei fedrift som skulle nedover dalen. Ho tok seg tenest på garden Bratvoll på Jevnaker, og vart gift med ein yngre son på garden, Martin Anderson. Martin gjekk tidleg bort, og Guri fekk ei dotter med ein Amund før ho vart gift pånytt i 1874.
    Guri og Hans budde i gravar-bustaden Nedreengen på Jevnaker i 1875. Hans kunne "intet udrette" i 1900, Guri var dagarbeiderske og vaskekone. (Oppl. Aud Sissel Nilsestuen)

Ola og Guri gifte seg i 1824.

{1577} År: 1873

Håkon Halvorson Torpehagen Satahagen 03.10 1838-1918
Foreldre: Halvor Halvorson Torpehagen og Guri Håkonsdtr. Opheimsjorde.
Gm Astrid Nilsdtr. Nedreskorr Billehuset 01.11 1847-1928
Foreldre: Nils Eirikson Nedreskorr og Margit Bjørnsdtr. Sataroen.
*Barn
1. Håkon Håkonson Billehuset 11.07 1875-
G 1895 Strømsø m Haldis Olsdtr. Arnegard. Barn: Astrid 1896-1925 sjå neste hushald; Margit 1898- til Am. ; Nils 1900- busett i Asker, gm ... ; Håkon til Am.; Eirik gm ... busett i Oslo; Olaf kvalfangar, busett i Drammen;
    Håkon og Haldis var på gardsarbeid ute på bygdene. (1541) Fyrbøtar på teglverket i Røyken i 1900.
    1955: busett i Voksenlia.
2. Eirik Håkonson Billehuset 09.03 1877-1955
G 1908 m Turid S. Espegard. Ingen barn. Eirik var snikkar og dagarbeidar i 1900.
    Til Am. i 1904. Han dreiv timre-hogst. Han gjorde ein heimtur sumaren 1907, gifte seg og slo seg til som farmar i Brocket, ND. Selde farmen ved Whitman i 1951 og flytta til Northwood.
3. Halvor Håkonson Billehuset 05.02 1879-1969
Gm Helga Haugan. Barn: Esther gm Ingman Iverson; Harald; Kermit; Arthur; Eilert; Robert; Arnold.
    Halvor var farmar i Tioga, ND. Ein son overtok farmen, og sidan budde dei i Redmon, Wash.
4. Ola Håkonson Billehuset 24.09 1880-
Ola reiste til Am. i 1904: Duluth, MN, seinare til Washington.
5. Nils Håkonson Billehuset 29.08 1883-1968
Ug. (?) Utvandra til Am. i 1904: Kalispel, Montana.
6. Tolleiv Håkonson Billehuset 04.07 1886-
Gm ... ... . Barn: Julia gm ... Grogard. (1047)
    Tolleiv reiste til Am. i 1905: Saskaton, Canada.
*Barn elles
1. Nils Embrikson Nedreskorr 21.01 1869-1880
Foreldre: Embrik Knutson Dekko (ungkar) og Astrid Nilsdtr. Nedreskorr.

Håkon og Astrid gifte seg i 1874. Same året fekk Håkon dottera Anne med Anne Aslesdtr. Sataslåtten. Håkon var tidlegare gift med Torand Olsdtr. Holeplass. Sjå Satahagen.
    Håkon var husmann med jord og tømmermann. Håkon betalte 80 spd då han bygsla Billehuset. I årleg grunnleige skulle han slå ein teig på langstølen, skjera 4 mål åker og betala 4 spd. Om han ikkje kunne arbeide, så skulle han betala 6 spd istaden. Håkon skulle ha fri hest til forkøyring frå stølane.
    Astrid var ei uredd kvinne. Ein gong ho sat på heimstølen Billeskorre, kom ein bjørn og fata med ei geit. Og geita skreik så stygt. Då var Astrid snøgg, henta glør or peisen og sprang etter bjørnen, og skræmde han til å sleppe geita. Og etter nokre dagar med sårpleie kom geita seg att.
    Astrid var ei av dei kloke konene i bygda. Ho spådde i kaffigrut, og ho kunna 'pjutre' mot sjukdomen antus-eld, vart det sagt. (921 s 27)
    Då Håkon døydde, vart Billehuset lagt under garden Sørbøen att. Astrid reiste til Am. med ein son i 1921. Før ho reiste, baud Astrid seg til å lære bort kunnskapane sine til ei kvinne i grannelaget. Men kvinna våga ikkje å ta i mot. Astrid budde hjå sonen Eirik, og sydde svært mykje hallingsaum i Amerika dei siste åra.

{1578} År: 1895

Håkon Håkonson Billehuset 11.07 1875-1917
Foreldre: Håkon Halvorson Torpehagen Billehuset og Astrid Nilsdtr. Nedreskorr.
Gm Haldis Olsdtr. Arnegard Billehuset 26.11 1877-
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Dordei Olsdtr. Gjøta.
*Barn
1. Astrid Håkonsdtr. Billehuset Noss 30.07 1896-1925
G 1917 m Louis Levorson Noss. Sjå Tolleivsgarden Noss.

Barn elles: Margit 1898- til Am. ; Nils 1900- busett i Asker, gm ... ; Håkon til Am.; Olaf var kvalfangar, busett i Drammen; Erik budde i Oslo, gm ... .
    Håkon og Haldis gifte seg i 1895. Då faren til Håkon døydde, vart Billehuset lagt under garden Sørbøen att. Håkon og Haldis var på gardsarbeid ute på bygdene. I 1900 var Håkon fyrbøtar på teglverket i Røyken. Dottera Astrid var født i Røyken. Ho vaks opp hjå besteforeldra i Billehuset. I 1955 budde Haldis i Voksenlia.