Branden gnr. 23 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Branden gnr. 23 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Branden var husmannsplass under Sørbøen fram til 1890-åra. Branden ligg i skogen søraust for Berget. I skogen ovanfor Branden er det oppmura mykje steinmurar og terrasser. Truleg var her terrasse-jordbruk i gamal tid. Ein veit ikkje kven som har bygd dette anlegget.
    Branden vart tilplanta med skog.
   

{1569} År: 1810

Anne Olsdtr. Sata Branden 1782-1857
Foreldre: Ola Sveinson Sata og Birgit Ellingsdtr. Løken.
*Barn
1. Svein Eirikson Billehuset SørbøensJøta 27.12. 1805-1882
G 1846 m Birgit Sevatsdtr. Gjøta. Han vart kalla LøkeSvein. Sjå Jøta.
    Foreldre: Eirik Håkonson Ruud Torsethaugen (ungkar) og Anne Olsdtr. Billehuset.

Ho Anne vart ilagt legemålsbot 1805 saman med Eirik Håkonson Ruud. Ho var då så fattig at ho "søkte sitt og barnets opphold ved betleri". Verge var Knut Torjusson Myking.
    Anne var i Billehuset hjå onkelen sin i 1805. Sidan budde ho i Branden. Sonen Svein fortalde at han voks opp hjå mora i Branden.
    Då Anne døydde i 1857 budde ho hjå sonen Svein. Det vart registrert at ho var ugift legdslem, med ein myndig son og ei myndig dotter. (Ukjent?)

{1570} År: 1812

Knut Pålson Kyrkjedelen Jegermoen 01.11. 1753-1837
G 1777 m Ågot Ellingsdtr. Løken. Foreldre: Pål Knutson Kyrkjedelen og Anne Herbrandsdtr. Skrindo.

Sumaren 1813 dreiv Knut Pålson og rydda seg ein plass borti skogen omlag 1/8 mil nedanfor Billehuset. Han hadde fått lov til å rydde seg ein plass her, løyve til å sanka bork frå trea. Det var uår og barkebrød-tider. Og Knut var avskjediga etter 30 år som soldat.
    Dei hadde fem barn og ingen dyr. Knut gjekk på ymse dagarbeid, og Ågot gjekk og tagg. Familien hadde svolte mykje den siste tida. Kjøt og flesk hadde dei ikkje sett på eit halvår. Og i huset fannst ikkje annan mat enn par settung barkemjøl og eit mark smør. I senga sov dei fire menneske, så Knut og kona låg på trevet eller på låven.
    Ein sumardag dreiv familien borti skogen og flekte bork til borkemjøl. Då kom Knut ut or skogen med et svinelår, eit fenalår og eit stykke smør på eit trefat, og baud dei å eta. Kona vart forundra, og spurde om han hadde stole maten, men Knut sa maten var kjøpt. Eit par dagar etter kokte dei maggjerd ("en Slags Sobmnord, Suppe") i Billehuset.
    Det kom etterkvart fram at maten var stolen i Ulshagen, og Knut kom for retten. Familien hans fortalde om svolt og barkebrød, og om maten som brått dukka opp. Sjølv prøvde Knut å nekte for tjuveri, men han vikla seg inn i sjølvmotseiingar. Tidlegare var han ustraffa.
    Dommaren skreiv at Knut 'unektelig burde forblive arresteret', men lensmann Richter nekta. I desse
    'Redsomme Tider', kom det til å bety at lensmannen anten måtte ta maten frå sine eigne, eller la arrestanten svelta i hel. "Saa fandt Administrator det pligtstridigt, at sette Lens=manden i det frygtelige Alternativ." Då var det betre å sleppe han fri ... .
    Men då hausten kom, fekk Knut seks månadar på tukthuset. Sonen til Knut kom som husmann til Branden kring 1822. Sjå neste hushald. Sjå meir om familien på Jegermoen.

{1571} År: 1822

Pål Knutson Gullhagamoen Branden 14.03. 1790-1880
Foreldre: Knut Pålson Kyrkjedelen Gullhagamoen og Ågot Ellingsdtr. Løken.
Gm Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen Jakopsgard 24.06. 1765-1841
Foreldre: Knut Halvorson Breie Halvorstølen og Birgit Arnesdtr. Kleiven.

Pål gifte seg med Ingeborg i 1821. Ho var enkje etter Botolv Knutson Opheim Sveinjordet og Ola Person Opheimsjorde.
    I 1834 var Pål Branden fråstole sild. Og han vitna på tinget i 1842.
    Ingeborg døydde på legd i Høgset i 1841. Pål gifta seg på nytt med enkje Jørand Ivarsdtr. Vestenfor i 1849. Sjå Arnfinnset, gnr. 8/12.

{1572} År: 1860

Ola Knutson ... Branden 1827.-
Foreldre: Knut Vebjørnson og ... ... , Hemsedal.
Gm Guri Olsdtr. Ruggeplassen Branden 06.03. 1819-1883
Foreldre: Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen og Margit Eilevsdtr. KanafetMyro.

Ola og Guri gifte seg i 1861. Same året fekk dei ein daudfødt gut. Han var husmann med jord i Branden.
    Ola Knutson vart kalla Brande-guten eller Branden og gjekk kring som fattigmann. Han var født med berre ein arm. Likevel var Ola ein god arbeidskar. Smeden Torstein Moe laga ein venstre-ljå for Ola. Såleis greidde han både å slå og raka. Dessutan gjorde han teiner (fletting).
    Det var knapt med for til kua i Branden. Men Guri var ikkje rådlaus, ho sprang alle bygdar med ei teine på ryggen og tagg for. Og når våren kom var Brandekolla den feitaste av alle kyr! (1802)456
    I 1875 budde ei fem år gamal jente Guri Nilsdtr. i Branden. Ho vart forsørga av mor si. Vidare budde indersten Guro Viggersdtr. I 1891 var la Knutson enkjemann og inderst i Ruggeplassen, det heitte då at han var omstreifar, delvis på fattigstøtte. Sidan ser me ikkje meir til Branden, truleg døydde han utanfor bygda.
    I 1900 budde enkjemann og legdekall Ola Halvorsgard i Branden.