Stølen gnr. 23 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stølen gnr. 23 bnr. 1c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stølen var husmannsplass oppe i bakkane rett opp for Sørbøen. Siste husmannen flytte truleg herfrå kring 1865. Plassen fall attende til garden. Dei gamle tuftene syner.

{1573} År: 1820c

Lars Olson Bakkeplass SørbøenStølen 1783c-1847
Foreldre: Ola Syverson Bakkeplass og Birgit Larsdtr. Rabbestølen (Hol).
Gm Liv Embriksdtr. Opheim SørbøenStølen 03.09. 1786-1855
Foreldre: Embrik Botolvson Embrikstugu Opheim og Margit Knutsdtr. Opheim.
*Barn
1. Embrik Larsson SørbøenStølen Holshagen 08.01. 1814-1896
Barn m/Ågot Tolleivsdtr. Raggsteindalen: Ambjørg Embriksdtr. 1848-1941 gm Eirik Helgeson Halfardokken - Haugen under Skøro.
    G 1854 m Haldis Olsdtr. Hjalmeplass frå Hol. Barn: Lars 1854- til Am. 1876; Eivind 1858- til Am som "E. E. Søndrol" i 1878, gm Torand Andersdtr. Hansebråten.
    Gm Birgit Olsdtr. Ureplassen. Ingen barn. (Hol III s 380)
    Embrik Stølen var ein stor veidemann. Han skaut mange bjørnar og var vide kjend. Ein sumar hadde det herja ein bjørn norda Bjøberg, og det vart sendt bod på Embrik. Saman med to jegerar frå Borgund la han i veg. Etter tre jamndøger utan noko bjørnespor gav jegrane seg, men Embrik ville drive litt lenger. Neste dag bråmøttest dei, ei illsinna binne og Embrik. Binna stod på to og glefste Embrik rett oppi nasen. Sikting vart det ikkje, binna beit i børsepipa og skotet gjekk av. Bjørnen dreiv til bakover og fall utover eit berg. Der låg ho daud med ei flatklemt børsepipa i kjaften. Og Embrik fekk lovord og løn ... (1553)1906/48
    Dei budde i Tingvollstugu under Holshagen. Embrik var lite til arbeidskar, heitte det. Han likte best å liggja i fjellet på jakt og fiske. Han fellte omlag 18 bjørnar. Og dersom Embrik fekk mykje fisk, vart det gjerne andre måtte avstad og hente fiskehonka hans. Som jeger dreiv han på same viset. Han skaut så lenge det var noko å skyte på. Var det meir kjøt enn han greidde bera, så vart reisten liggjande i skogen.
    Då det kom fredningsreglar og forbod mot jakt, då furta han Embrik. Det var ikkje moro i skogen lenger.
    Embrik dreiv litt som urmakar. På sine gamle dagar gjekk han på legd, då kunne han halde andakt der han kom. Han spedde gjerne på med spanande bjørnehistorier og munnharpespel for ungane. (956)
2. Birgit Larsdtr. SørbøenStølen 01.03. 1817-1834
Birgit Larsdtr. Sørbøensstølen døydde av vatersott 16 år gamal. (I kyrkjeboka 1817 står foreldra som Liv Botolvsdtr. og Lars Embrikson. Skrivefeil!!)
3. Margit Larsdtr. SørbøenStølen 23.07. 1821-
Som barn på legd i Votndalen 1816-1836. Sidan flytta ho til Lier.
4. Ola Larsson SørbøenStølen 28.12. 1822-1847
Ug. Ola døydde ung.
5. Lars Larsson SørbøenStølen Smedsplass 02.09. 1827-
G 1859 m Ingeborg Syversdtr. Smedsplass. Sjå Vestvang, gnr. 30/3.

Liv og Lars var på Stølen. Ved fyrste barnedåpen i 1814 budde dei i 'Medgards-eie'. Fadder 1822 var Lars Olson Haug.

{1574} År: 1840

Anne Knutsdtr. Billehuset SørbøensStølen 17.04. 1823-1884
Foreldre: Knut Sindreson Juven (ungkar) og Margit Olsdtr. Billehuset.
Gm Torkjell Eivindson Kvelprud SørbøensStølen 13.07. 1823-
Foreldre: Eivind Larsson Varberg Gjøta Baggesteg (ungkar) og Anne Torkjellsdtr. Kvelprud.
*Barn
1. Anne Torkjellsdtr. SørbøensStølen Storedal 13.03. 1852-1924
G 1899 m Svein Eirikson Storedal. Sjå nordre Storedal, gnr. 6/5.
2. Eivind Torkjellson SørbøensStølen Berget 17.06. 1854-1935
Ug. Sjå meir om han på Berget, gnr. 23/12.
    Eivind fortalde at dei både fraus og svalt på Stølen i oppveksten. Men likevel bar han med seg fine barndomsminne der i frå, kvar årsmålsdag brukte han å niste seg ut og rusle ein tur oppatt til Stølen.

Torkjell og Anne gifte seg i 1850. I 1850 tente han i Lier. Dottera Anne hadde eit fint hårlag og var mykje brukt til å pynte brurer. (1802)
    Torkjell reiste frå familien sin. Det vart sagt at folket hans hadde hjelpt han over til Amerika. Anne høyrde aldri frå han. Ho sat aleine på plassen og måtte på bygda med tiggarposen for å halde liv i seg og ungane. I 1865 var Anne 'kone til en bortvandret husmann', mora budde hjå henne.

{1575} År: 1860

Torstein Olson SataBakken 03.04. 1837-1933
G 1860 m Turid Ellingsdtr. Juven. Foreldre: Ola Larsson Bakken under Sata og Birgit Torsteinsdtr. søre Torpo Sataøyen.

Torstein Olson og familie budde i Juven 1861og i Stølen 1862 til 1865. I 1865 var han forpaktar i Stølen. Sjå meir under Satabakken.