Berget gnr. 23 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Berget gnr. 23 bnr. 12-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Berget er eit småbruk i skogen aust for Sørbøen og nedanfor Ton. Ein ser ingen bygslingsbrev, kanskje var det ikkje husmannsplass her.
    Areal 1865: dyrka jord 2 mål, naturleg eng 6 mål. Avling: 1 1/2 tunne bygg og 1 tunne potet. Det var vanskeleg tilgjenge før den nye vegen kom på 1950-talet.
    Areal 1960: dyrka jord 12 mål, beite 8 mål og omlag 120 mål skog.
   

{1639} År: 1849

Margit Eiriksdtr. Nedreskorr Berget 03.09. 1823-1884
Foreldre: Eirik Nilsson Krosshaug Nedreskorr og Anne Håkonsdtr. Ruud.
Gm Nils Nilsson Kolbjørnsgard Berget 06.10. 1813-1854
Foreldre: Nils Torkjellson Kolbjørnsgard og Kari Larsdtr. Opsata.
Gm Eirik Torkjellson Haugo Berget 30.05. 1830-1860
Foreldre: Torkjell Syverson Glomsletten Tveito Haugo og Sissel Eiriksdtr. Brattegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Nils Nilsson Berget 28.03. 1851-
Nils reiste til Asker Seminar. Kring 1871 til Am.
2. Kari Nilsdtr. Berget 13.04. 1853-
Gm ... ... . Til Am. i 1881: Lanesboro MN.
*Barn i andre ekteskap
1. Sissel Eiriksdtr. Berget Nedreskorr 18.09. 1856-1944
G 1881 m enkjemann Herbrand Knutson Nedreskorr 1834-1891. Sjå Nedreskorr, gnr. 35/10.
2. Eirik Eirikson Berget 08.12. 1858-1893
Ugift. Eirik var vanfør. Han døydde på legd i 1893.

Berget vart frådelt Sørbøen i 1849. Margit og Nils gifte seg i 1849. Men Nils gjekk tidleg bort. I 1856 gifte ho seg opp att med Eirik Torkjellson.
    På skiftet etter Margit i 1887 vart Berget selt til Eivind Stølen for 840 kr.

{1640} År: 1887

Eivind Torkjellson SørbøensStølen Berget 17.06. 1854-1935
Foreldre: Torkjell Eivindson Kvelprud SørbøensStølen og Anne Knutsdtr. Billehuset.

Eivind fortalde at dei både fraus og svalt på Stølen i oppveksten. Om kveldane kunne han og systera gå ned til Ylikverna, og sleika i seg litt mjøl frå kvernsteinane. Men likevel bar han med seg fine barndomsminne der i frå, kvar årsmålsdag brukte han å niste seg ut og rusle ein tur oppatt til Stølen. Som gjætargut gjekk han berrføtt. Slik var det ikkje moro å gå i rima gras om hausten. Eivind fortalde at dei passa på og fekk varma føtene litt når kyrne let vatnet.
    Som barn vart Eivind sendt på bygda med tiggarposen. Han likte dette lite, og var glad då han kom i tenest. Han hadde godt handelag og var ein tru arbeidskar. Eivind bygde sag både i Tvigrein og i Aunsetbekken. Han bar med seg sagredskapen, spindel, blad og kjevlar til den saga som skulle brukast. Han var ein av dei fyrste som saga med sirkel-sag. I 1900 står han oppført som "Jordbruger (selveier) og Skomager". Han skal også ha laga feler.
    Han kjøpte Berget i 1887 for 840 kr. Han og systera flutte dit. I 1898 kjøpte Eivind nordre Storedal og flutte dit. Systera gifte seg med Svein Storedal neste år. Då systera døydde etter å ha selt Storedal, vart Eivind sitjande i velstand. Eiga hans gjekk til eit legat for innkjøp av sko og klede til barn.
    Eivind hadde staseleg geitebukk med lange horn. Ein gong kom Eivind på at bukken burde koma til heider og ære, og han baud bukken til kong Håkon, men fekk eit høfleg svar med avslag. Sjå bilete av Eivind og bukken hans i "Den gamle garden" av Lars Opsata. Han hadde 4-5 geiter og levde nok mest på geitemjølka.
    Eivind var ein liten og tettvaksen kar, og både klok og opplyst. Etter ein durabeleg rangel, sa han til seg sjølv: "Når ein er frisk og sjølv gjer seg so sjuk, då er ein ikkje verdt å ha helsa." (1280) (921)
    Det var mykje brisk i Berget, Eivind brukte koke briskjilåg kvar dag. Både til oppvaskvatn og til drikke til geitene.