Moslåtta gnr. 23 bnr. 25
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Moslåtta gnr. 23 bnr. 25-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sist på 1600-talet var det hemsedølen Knut Torsteinson på Sørbøensmoen brukte både Moen og Moslåtta. Fyrste husmannen ein kjenner var Per Arneson, og han kom hit kring 1780.
    Under ei åstadsak 1719 om delet mellom Sørbøen og Skjerping vart påvist ein liten bakke på ovasida av allfarvegen som heitte Gullbrekka. Nedanfor allfarvegen låg slåtta Gullbrekkslåtta, ovanfor vegen låg Moslåtta. Gullbrekka var omlag 125 skritt unna steinkastet som skulle vera rett dele mellom nordæsingar og torpingar.
    Moslåtta var truleg den siste husmannsplassen i Ål. Bruket vart skilt ut som sjølveigarbruk frå søre Sørbøen i 1945, men slekta har vore på plassen frå omkring 1815.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål som vert lånt bort til beite, produktiv skog 30 mål.
    Våningshus bygt 1947, påbygt 1979, stabbur 1863, låve med fjøs 1957, fjøset innreidd til kontor i 1985.
   

{1654} År: 1780

Per Arneson Bøygard Moslåtta 18.03. 1746-1801
Gm Guri Embriksdtr. Skjervheim. G 1795 m Barbro Olsdtr. Opheim. Foreldre: Arne Person ... Bøygard og Guri Olsdtr. nordre Lå.
Gm Guri Embriksdtr. Skjervheim Moslåtta 02.02. 1750-1794
Foreldre: Embrik Syverson Ruud Skjervheim og Mari Nilsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Embrik Person Bøygard Halvorsgardslåtta 24.07. 1785-1842
G 1834 m Gro Sveinsdtr. Halvorsgard. Sjå Sveinslåtta gnr. 37/2.
2. Arne Person Bøygard Moslåtta 17.12. 1786-1857
G 1817 m Anne Knutsdtr. Vestafor. Sjå neste hushald.
3. Guri Persdtr. Bøygard 05.04. 1790-1808
Født i Bæra. Ho døydde på Sando 17 år gamal.
4. Nils Person Bøygard 06.10. 1793-1868
Født på Sire. Nils var ungkar og budde på Sata. Han var ute i krigen 1807-14.

Per og Guri var på på Moslåtta i 1780. Kring 1790 budde dei i Bæra. Per vart attgift med Barbro Olsdtr Opheim. Sjå nedre Sire.

{1655} År: 1815c

Arne Person Bøygard Moslåtta 17.12. 1786-1857
Foreldre: Per Arneson Bøygard Øygarden og Guri Embriksdtr. Skjervheim.
Gm Anne Knutsdtr. Vestafor Moslåtta 06.02. 1791-1862
Foreldre: Knut Herbrandson Bjørøyen Vestafor og Marte Persdtr. Sehl.
*Barn
1. Haldis Arnesdtr. Moslåtta 27.07. 1814-1853
Ugift.
2. Per Arneson Moslåtta 12.05. 1817-1874
G 1849 m Ingrid Larsdtr. Bakken. Sjå neste hushald.
3. Knut Arneson Moslåtta Bomberudslåtta 24.03. 1820-1892
Gm Turid Larsdtr. Brenno. Sjå Bomberudslåtta, gnr. 32/9a. Til Am.
4. Ola Arneson Moslåtta Smedsplassen 07.02. 1823-1875
G 1858 m Margit Toresdtr. Smedsplassen. Sjå der.
5. Embrik Arneson Moslåtta Kapteinstølen 05.01. 1826-1887
G 1854 m Ambjørg Torsdtr. Haugo. G 1864 m Anne Olsdtr. Bakken. Sjå Kapteinstølen. Til Am. 1882.
6. Nils Arneson Moslåtta Torelien 14.06. 1829-1904
G 1855 m Anne Jacopsdtr. Olsgard 1827-1896. Sjå Torelien. Til Am.
7. Guri Arnesdtr. Moslåtta 08.06. 1832-1846
8. Ola Arneson Moslåtta Hovda 11.06. 1835-1921
G 1864 m Birgit Olsdtr. Tormodsgardsjordet. G 1883 m Kari Endresdtr. Granlien. Sjå Hovda.

Arne og Anne gifte seg i 1817.

{1656} År: 1863

Per Arneson Moslåtten 12.05. 1817-1874
Foreldre: Arne Person Bøygard Sire Moslåtta og Anne Knutsdtr. Vestafor.
Gm Ingrid Larsdtr. Bakken Moslåtten 16.09. 1825-1918
Foreldre: Lars Tomasson SataBakken og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
*Barn
1. Arne Person Moslåtten 17.04. 1861-1949
G 1893 m Helga Sevatsdtr. Grasstauren. Sjå neste hushald.

Per og Ingrid gifte seg i 1849. Per hadde sonen Eilev med Ingrid Syversdtr. Tormodsgard før han gifte seg. Han er ikkje funne døypt i Ål. Eilev reiste til Am. i 1869.
    Per skal ha betalt 60 rd for å få bygsle Moslåtta. Som årleg yting skulle Per slå ein del av heimejordet for bonden. Og han skulle skjera 4 mål åker. Når alderdomen kom, skulle dei i staden få betale 7 rd. Det fortelst at Per Moslåtten var sterk og at han brukte dra både ved og for på kjelke or åsen. Ein gong hadde han lånt hest, men lasset velta i Svillestølbakken. Det vart slitsamt før han kom på vegen att, og sidan brukte han kjelken. (1802)
    Då Ingrid gjekk bort som husmannsenkje i 1918 stod det: 'etterlater intet'.

{1657} År: 1893c

Arne Person Moslåtten 17.04. 1861-1949
Foreldre: Per Arneson Moslåtta og Ingrid Larsdtr. Bakken.
Gm Helga Sevatsdtr. Grasstauren Moslåtten 26.12. 1869-1951
Foreldre: Sevat Olson Grasstauren og Margit Sveinsdtr. Sørbøensmoen.
*Barn
1. Ingrid Arnesdtr. Moslåtten 15.01. 1894-1967
Ug. Ho budde lenge i Moslåtta, sidan på Torpo. Ingrid dreiv bunadsaum.
2. Margit Arnesdtr. Moslåtten Antonsen 17.02. 1896-1982
Gm Alfred Antonsen, Hallingby 1898-1964. Barn: Helga Marie 1922-1993 gm altmoglegmann/hovslager Kåre E. Hval (4 barn); Anna 1923-1997 gm sjåfør Einar Brenden (3 barn); Arnlaug 1931-1990 gm lastebileigar Engebret Raastad (1 barn). Margit og Alfred dreiv eit småbruk på Hallingby.
3. Per Arneson Moslåtten 14.05. 1900-1979
G 1930 m Guri Sandersdtr. Leikvoll. Sjå eige hushald.
4. Sevat Arneson Moslåtten 29.05. 1907-1958
G 1947 m Anna Amundsdtr. Myro. Sjå neste hushald.

Arne og Helga gifte seg i 1893. I 1900 var han bygselmann (dvs. husmann) og snikkar. I 1945 vart husmannsplassen innløyst som ein av dei siste i Ål.