Ruud gnr. 25 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ruud gnr. 25 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rud eller Ruud er ein gamal gard, truleg rydda ein gong i høgmellomalderen. Garden ligg mellom Medgarden og Luten i Liagardane. På skiftet etter Embrik Syverson i 1749 vart garden delt i to, og Løyte eller Øvre Rud vart fråseld. Garden skatta som halvgard, og hadde ei opphavleg landskyld på 12 laupsbol som vart delt med 6 på kvart bruk. Men her har og vore to gardar frå gamal tid, Øvre og Nedre Rud.
    Garden Rud er nemnd i gamle jordebøker (1577, 1580, 1588, 1598, 1600, 1604-08). I 1577-1581 heiter det: Rud - årleg skatt 4 kalvskinn, frelse 1 album, slottelending 1 album (skatt for underbruk).
    Skitnerud/Skjøterud. I tida 1588-1608 er nemnt :
    1) Nedre Rud årleg skatt 4 kalvskinn, frelse 1 album.
    2) Øvre Rud 'øde' slottelending 1/2 skill. Mellom Øvre og Nedre Rud er nemnt 'Skitnerud'. Denne garden er nemnt frå 1577-1581 etter Tormodsgard: 'Øde Skidtnerud'- årleg skatt 2 kalvskinn. Frå 1598 - skattlagt som slottelending 2 skinn. Frå 1616 og fram til 1641 brukte Olbjørn Bøygard 'Skiøtterud, årlig skatt 2 kalvskinn, frelse 1 s.' I 1616 var Ola Jørstad i Valdres bygselmann, dvs. eigar av Skiøtterud.
    Etter dette kan ein tru at Skitnerud er det same som Øvre Rud. Men det kan også tenkjast at Skitnerud/Skjøterud er det opphavlege namnet på sjølve Rud. Øvre Rud er nemnt som 'øde' i alt i 1577. 'Tor Skitnerud' er nemnt i 1591. I skattelistene frå 1616 og 1624 finn me 'Knut øvre Rud' saman med 'Knut Nedre Rud'. Ein veit ikkje om desse 'Knutane' er ein og same mann. Ein ser ikkje Skitnerud under Bøygard etter 1641, mest truleg vart Øvre og Nedre Rud slege saman til garden Rud.
    Ved dom i 1714 vart dele sett mellom Rud og Kvelprud/Kolbjørnsgard/Tormodsgard: .. frå Veslesetberget til ein stor stein nordanfor Bleikfet, derfrå yttarst i Onsetberget, så til Kjødnstølrabben og til Fuglelidalen, derfrå ytterst i Ørnedokk bergenden og til vestsida av Kjødnstølen. (1063) s 8
    Areal 1865: dyrka jord 18 1/2 mål; naturleg eng 32 mål; fjellslått 78 mål. Avling: 18 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: sjå under Ragnhildrud.
    Stølar: heimstøl i Stakkestøet; heimstølen Guridokk er nedlagd. Opphavleg langstøl var Nystølen som vart makeskifta 1782 mot Urden på Urdevollane. Men ulven var så plagsam inne på Urdevollane, så dei måtte flytte ned att til Nystølane og rydde seg ny støl. Den heiter Rudgjerda og er no på 40 mål dyrka mark.
    Frådelte bruk: Torsteinslåtta, sjå bnr. 7.
    Garden Ruud vart delt opp og seld ut i 1950-åra. Tunet og omlag 30 mål jord vart frådelt som Ragnhildrud bnr. 13 i 1951. Attende under bnr. 1 ligg skogen og stølen.

{1706} År: 1752

Asle Syverson Ruud Sando 1725-
Foreldre: Syver Embrikson Sørbøen Ruud og Liv Syversdtr. Sørbøen.
Gm Birgit Sveinsdtr. Juvsjord Ruud 1735-1816
Foreldre: truleg Svein Asleson Juvsjord Sørbøensmoen og ... ... ... .
*Barn
1. Syver Asleson Ruud Sannes 26.01. 1755-
Syver skreiv seg "Sannes" i 1792 då han selde odelsretten til Bomberud for 30 rd. Syver var då målarmeister i Tønsberg. (1221) s 351b
    NB. Namnet Syver/Sivert er omtrent fråverande i FT 1801 for Tønsberg. Dagarbeidar Sivert Siverson gm Christine Hansdtr. i øvre Langgate kan vera ein son.
2. Liv Aslesdtr. Ruud Granlien 17.08. 1757-
Gm Torjus Knutson Sundrehagen. Barn: Knut Torjusson f. 1792.
    Gm Holge Olson Nubgarden nedre Granlien, gnr. 11/2.
3. Hallbjørg Aslesdtr. Ruud Skjervheimshagen 13.01. 1765-1851
Barn m/Ola Person Sehl: Ambjørg 1795- .
    Gm Torstein Olson Skjervheimshagen. Sjå Hallbjørhagen, gnr. 35/1a.
4. Henrik Asleson Ruud SkjerpingHaugen 1770-1850
Barn: Kristi 1803- (ukjend) 'H.A. Sandoeie' m/Kari Nilsdtr. Sata.
    G 1828 m enkje Sunnev Torkjellsdtr. Sire. Sjå SkjerpingHaugen, gnr 12/14.
5. Svein Asleson Ruud 1775-1846
G 1811 m Helge Ivarsdtr. Gunhildgard. Barn: Birgit 1811- ; Rangdi 1817- ; Anne Marie- . Fleire av ungane arbeidde ved Konnerudverket i 1851. Svein var inderst og arbeidskar. I 1814 reiste denne familien til Drammen/Skoger. (Skogerboka s 540)
*Barnebarn
1. Ambjørg Olsdtr. Sando Billehuset 06.04. 1795-
G 1822 m Elling Olson Billehuset. Sjå Juven, gnr. 23/3.
    Foreldre: Ola Person Sehl (ungkar) og Hallbjørg Aslesdtr. Sando.

Asle Syverson kjøpte 1752 halve Ruud hjå broren Embrik for 420 rd og kår til mora. Han var handelskar i 1748. Ved makeskifte med Ola Sveinson Sata i 1778 kom Asle Syverson til Sando. Sjå der.

{1707} År: 1778

Ola Sveinson Sata Ruud 09.11. 1746-____
Gm Birgit Ellingsdtr. Løken. Sjå øvre Sata. Foreldre: Svein Olson Sata og Anne Torjusdtr. Helling.

Ved makeskifte i 1778 fekk Ola Sveinson garden Ruud og 60 rd medan Asle Syverson Ruud fekk Sando. Ola Sveinson selde att etter fire år. I 1782 makeskifta Ola Sveinson langstølen Nystølen med Lars Tolleivson Opsata og fekk att Urden og 54 rd. Men det var eit dårleg byte. Ulven vart etterkvart så plagsam inne på Urdevollane at dei måtte gje opp og rydde ny støl ved Nystølane. Dette skjedde vist nok fyrst på 1800-talet.

{1708} År: 1783

Håkon Eirikson Gullhagen Ruud 29.07. 1759-1825
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Margit Olsdtr. Skjervheim Ruud 24.11. 1748-1794s
Foreldre: Ola Nilsson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgarden.
Gm Astrid Håkonsdtr. Bomberud Ruud 26.12. 1765-1825
Foreldre: Håkon Ivarson Sando-Bomberud og Ragnhild Trondsdtr. Skjervheim.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Anne Håkonsdtr. Ruud Nedreskorr 16.01. 1780-1842
Barn: Anne 1799-1800 m/soldat Syver Person Kvelprud.
    G 1807 m Eirik Nilsson Krosshaug Nedreskorr.
2. Eirik Håkonson Ruud Torset 1782-1843
Barn: (Løkje-)Svein 1805-1882 m/Anne Olsdtr. Branden.
    G 1816 m Anne Nilsdtr. Krosshaug. G 1831 m Dordei Embriksdtr. Opheim.
    Eirik vart ilagd legemålsbot (24 skilling) saman med Anne Olsdtr. Billehuset i 1805. Han selde odelsretten til Ruud i 1801 for 35 rd.
    Dei flytta til Torset-haugen i Hemsedal våren 1819. Eirik Håkonson Torset døydde 1843.
3. Birgit Håkonsdtr. Ruud Ton 18.09. 1785-1858
G 1813 m Aslak Syverson Barskrind Sørbøen nedre Ton. G 1832 m Torstein Ivarson Løyte Kolbjørnsgard Ton.
4. Barbro Håkonsdtr. Ruud Syrakslåtta 1785-1866
Barn m/soldat Knut Olson Eidal, Nes: Ingeborg 1812- til Kr.ania, gm Halvor ... . NB. Det vart oppgjeve ny far ved konfirmasjonen i 1834: Tolleiv Larsson. Sjå barnebarn.
    G 1815 m Kristen Knutson Nyhus Kristensmoen SyrakSlåtta, gnr. 2/2.
5. Ola Håkonson Ruud Olaguthaugen 20.07. 1788-1861
G 1827 m Ågot Johannesdtr. Gunhildgard. Sjå Olaguthaugen, gnr. 32/46.
6. Gunhild Håkonsdtr. Ruud 12.09. 1790-1869
Barn med Embrik Olson Reiersgard: Embrik 1820-1885 Medgarden; Margit 1822-1918 Opheimsjorde; barn med Nils Olson Medgarden: Astrid 1825-1826; barn med Ola Håkonson Medgarden: Springar-Håkon 1828-1911.
    Gm Halvor Embrikson Opheimshaugen. Sjå 22/74.
7. Nils Håkonson Ruud Bæra 16.09. 1793-1893
G 1820 m Anne Halvorsdtr. Opheim Garden. Sjå søre Bæra, gnr. 32/10. Sidan til Am.
*Barn i andre ekteskap
1. Håkon Håkonson Ruud Torsteinslåtta 18.09. 1796-1874
G 1821 m Guri Knutsdtr. Vøllo frå Hemsedal. Sjå Torsteinslåtta, gnr. 25/7.
2. Ola Håkonson Ruud Bæra 26.12. 1798-1887
G 1832 m Ågot Sevatsdtr. Tune. Sjå nordre Bæra.
3. Guttorm Håkonson Ruud SataHagen 26.08. 1804-1867
G 1833 m Jørand Sevatsdtr. Granhagen. Ingen barn. Sjå Satahagen.
4. Margit Håkonsdtr. Ruud Brenna 1809-1884
G 1836 m Henrik Olson Søre Helling Brenna. Sjå Tretterud gnr. 7/7.
*Barnebarn
1. Ingeborg Tolleivsdtr. Ruud 26.09. 1812-
Gm Halvor .... - budde ved Kr.ania i 1866.
    Foreldre: soldat Knut Olson Eidal og Barbro Håkonsdtr. Ruud Sireslåtta.
    Ved konfirmasjonen i 1834 var oppgitt ny far: Tolleiv Larsson ... .

Håkon og Margit gifte seg i 1779. Buet etter Margit var 132 rd i 1794. Håkon gifte seg opp att med Astrid i 1795.
    Håkon kjøpte Ruud (6 lb.) hjå venen Ola Sveinson Sato for 780 rd i 1782. Sumaren 1788 vart Håkon knivstukken. Syver O. Krosshaug kom til og fekk stillt blodet, og Håkon overlevde.
    I 1801 selde Håkon Ruud til Ola Tolleivson Opsata. Same året kjøpte Håkon og Astrid Bjørnemoen eller Evjen for 550 rd hjå Mikkel T. Bjørnemoen. Same år fekk dei skøyte på Ruud for 1020 rd. Same år tok Magnus Grov frå Gol utlegg i 83 rd i Bjørøyen. Håkon protesterte mot dette og meinte at heile kjøpesummen var betalt.
    Håkon selde ein skogrem 1804 til Hallgrim Ruud for 500 rd. Han held att rett til lauvvirke, topp og turrved. Samt rett til å rydde seg ein støl i skogen, "dog uden att fornærme den friske skov". (1536)66b
    Handelen med Ruud vart omgjort i 1806. Han lånte 520 rd og kjøpte attende garden for 1125 rd. I 1806 selde han Bjørnemoen med plassen Ottarplassen til Hallgrim Ruud for 645 rd. (1536)230
    Etter kvart måtte Håkon selja garden. Det skjedde i 1811, og då held han att Torsteinsslåtta. Sjå der.

{1709} År: 1801

Ola Tolleivson Opsata Sehl 20.07. 1766-1811
Gm Haldis H. Sehl. Sjå søre Sehl, gnr. 45/1. Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim Håkonsgard søre Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.

Ola Tolleivson hadde Ruud frå 1801 til 1806. Det var gardsyn i 1806. Garden kunne då føde 1 hest, 16-18 storfe og 20-30 småfe. Dei avla 30-40 tunner bygg, og garden var taksert til 1900 rd.

{1710} År: 1811

Steingrim Tidemannson Nøreim Ruud 1786-1861
Foreldre: Tidemann Olson Nøreim og 2.g Mari Steingrimsdtr. Bruvollen (Arnegard på Nes).
Gm Ragnhild Eiriksdtr. Kolsrud Ruud 1790-1856
Foreldre: Eirik Kolsrud og ... ... , Flå.
*Barn
1. Tidemann Steingrimson Flatagrov Ruud 1809.-1885
G 1837 m enkje Kristi Hallgrimsdtr. Ruud Sørbøen. Sjå neste hushald.
2. Eirik Steingrimson Ruud Stranden 24.08. 1813-1888
G 1844 m Sissel Olsdtr. Helling. Sjå Stranden og Under Berget, gnr. 34/1a.
3. Mari Steingrimsdtr. Ruud Hekleberg? 28.03. 1817-
Gm Håkon Nilsson Hexleberg. NB. Ikkje funnen på Hekleberg i Røyken i 1865.
4. Kari Steingrimsdtr. Ruud Høgsetluten 08.03. 1825-1898
G 1852 m Nils Knutson Høgsetluten. Sjå Luten, gnr. 26/2.
5. Guro Steingrimsdtr. Ruud Torsteinslåtta 14.09. 1827-
Gm Tolleiv Håkonson Torsteinslåtta f. 1827. Til Am. i 1853.
6. Rangdi Steingrimsdtr. Ruud Holo 07.06. 1832-1919
Gm Nils Larsson Holo. Sjå myljo Svillegarden, gnr. 51/2 år 1851.

Steingrim og Ragnhild gifte seg i 1808. Steingrim kjøpte garden Ruud av svoger Håkon Eirikson i 1811. Då var det krig med Sverige og urolege tider.
    På ein bytur fekk Steingrim høyre at folk venta nedslag i pengeverdien. Han skunda seg oppover dalen og spurde etter gardar som var til sals. Håkon i Ruud sat trongt i det, og selde garden for 1900 dalar. Dvs. før pengenedslaget kom. (921)
    1806 kjøpte han Flatagrov i Gol hjå mor si for 1799 rd. Denne retten vart løyst av Kolbjørn G. Hoftun på Gol kring 1814.
    I 1813 tok Steingrim på seg å hente 9 tunner bygg frå Bragernes. Dette var magasin-korn som skulle delast ut på bygda som såkorn i desse barkebrød-tider. Kårfe: 2 kyr, 2 fjorsauer, 1 sau og ei geit.

{1711} År: 1838

Tidemann Steingrimson Flatagrov Ruud 1809.-1885
Foreldre: Steingrim Tidemannson Narum Ruud og Ragnhild Eiriksdtr. Kolsrud. (Flå).
Gm Kristi Hallgrimsdtr. Ruud Sørbøen 1789-1875
Foreldre: Hallgrim Kolbjørnson Hoftun Ruud og Mari Klemetsdtr. Rud (Sokndalen), Nes.

Tidemann og Kristi gifte seg i 1837. Ho var enkje etter Ola E. Svenkerud Sørbøen.
    Tidemann var svær til å syngja, sundagsmorgon stod han gjerne neda låven i Ruud og song salmar så det lyddest over heile bygda. Tidemann vart gripen av vekkinga som fylgde Kari Heie-rørsla. Ein gong var det møte på Huus med ein glødande predikant frå Valdres. Folk var svært gripne, og då det lei ut på kvelden, ropte Tidemann: "No ska djevelen få so passe, no sko me jaga'n so det ska mune!"
    Tidemann gifte seg med den vel 20 år eldre enkja i Sørbøen, ho hadde overlate garden og sat med kår. Som enkjemann budde han dei siste åra i ei lita stugu oppi 'Inngjerdingi' på søre Opsata. Og frå Opsata kom den neste bonden.

{1712} År: 1859

Håkon Tolleivson Opsata 18.09. 1833-1923
G 1859 m Guri Eiriksdtr. Underåsen. Sjå søre Opsata. Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.

Håkon Tolleivson Opsata hadde garden i to år frå 1859.

{1713} År: 1861

Knut Larsson Haug Ruud 10.09. 1819-1878.
Foreldre: Lars Olson Haug og Ingrid Assordtr. Larsgard (Hol).
Gm Ragnhild Sveinsdtr. Hestebrekk Rud __.01. 1825-1902
Foreldre: Svein Olson Gunhildgard Hestebrekk og Birgit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Ola Knutson Ruud 06.03. 1855-1855

Knut og Ragnhild gifte seg i 1860. Knut døydde tidleg og garden vart seld i 1883. Men fem år seinare kjøpte Ragnhild garden attende. I FT 1900 heitte det: 'Enke med kapital'.
    Ragnhild var ei drivande kjering, skriv Lars Opsata. I unge år var ho ute på bygdene på Austlandet og tente om vintrane. Når ho kom heim att om vårane, brukte ho å ha med seg vaktefe nedantil dalen, som ho hadde på stølen om sumrane.
    Ein sumar Ragnhild sat på Sveinvollane oppunder Såta, så vart ho vedlaus. Ragnhild laut turke kumøk på steinane for å ha noko å fyre med. Seinare sa ho at ho ikkje visste om ho skulle le eller gråte den gongen ho kom til steinbua på Sveinvollane.

{1714} År: 1883

Lars Olson Haug Svarteberg 02.01. 1860-1913
G 1883 m Haldis Tolleivsdtr. Bjella Thon. Foreldre: Ola Larsson Haug og Turid Larsdtr. Pålgard.

Lars Olson kjøpte Ruud i 1883, og selde att i 1888. Sjå nordre Svarteberg, gnr. 54/2 og søre Bjella, gnr. 104/3.

{1715} År: 1894

Steingrim Nilsson Luten Ruud 21.02. 1854-1927
Foreldre: Nils Knutson Høgsetluten og Kari Steingrimsdtr. Ruud.
Gm Ambjørg Olsdtr. Slettemoen Luten 1858-____
Foreldre: Ola Olson Slettemoen og Gunnor Olsdtr. Mehus, Hol.
*Barn
1. Nils Steingrimson Luten 16.01. 1891-1907
2. Ola Steingrimson Luten 09.08. 1893-1928
Sjå neste hushald.

Nils og Ambjørg gifte seg i 1890. Nils var sauehandlar og bonde. Han gav eit legat på 3000 kr i 1922.