Langero gnr. 25 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Langero gnr. 25 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Langero var heimstøl under Sørbøen frå gamalt. Langero er nemnt fyrste gong i 1682 i eit vitneprov om delene mellom Sørbøen og Medgarden. I 1711 vart det opplyst at nordre og søre Sørbøen hadde stølen Langero felles. Stølen låg inne i Medgardskogen. I 1739 hadde Rasmus Sørbøen halvparten i 'bu og lu' i Langero.
    Langero ligg ved den gamle stølsvegen, opp mot åskanten ova Medgarden.
    Langero må ha kome på handel. I 1837 vart Langero frådelt Løyte og seld til øvre Medgarden, og sidan har stølen lege der.
    Frå 1840 om lag og utover til slutten av 1880-åra var her husmannsplass. Bror til bonden i Medgarden fekk setja seg opp stugu og fjøs i Langero.
   
   

{1734} År: 1840c

Ola Torsteinson Medgarden Langero 03.06. 1805-1882
Foreldre: Torstein Asleson Medgarden og Birgit Olsdtr. Barskrind.
Gm Rangdi Solvesdtr. KanafetMyro Langero 08.10. 1813-1887
Foreldre: Solve Knutson Byggjargarden Kanafetmyro og Ingeborg Oleivsdtr. Bergsgard.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Langero Bakken 06.06. 1835-1921
G 1862 m Ola Henrikson Tretterud Slettebakken, sjå Bakken, gnr. 20/17.
2. Ingeborg Olsdtr. Langero 24.03. 1838-1839
3. Torstein Olson Langero 06.08. 1840-
Busett i Rekland Co Dakota. (1846)
4. Ingeborg Olsdtr. Langero 25.12. 1843-
Truleg tenestjente på Refstad i 1865.
5. Ola Olson Langero Medgarden 03.11. 1847-
Til Am. i 1856. Busett i Rekland Co. Dakota. Skreiv han seg 'Medgarden'?
6. Solve Olson Langero Halvorsgard 18.09. 1853-1934
G 1891 m Birgit Sevatsdtr. Holo. Sjå Halvorsgard, gnr. 37/1.
7. Asle Olson Langero Lien 01.06. 1857-1932
Ugift. Asle hadde Søre Lie/Satalie frå 1897 til 1923. Han døydde hjå broren i Halvorsgard.
    Asle hadde meiningar om mangt. Ei tid tenkte han å reise til Amerika. Då ville han av gårde radt etter helgedagane i jula. Folk bad han om å vente til våren. Men det ville ikkje Asle. "Te våren, då bumlar det til alt, då!" So kjøpte han seg mange knivblad hjå Løke-Sveidn, og forklara det slik: "Dei ha so svære grisi i Am'rikka, dei må ha noko å stinge dei med!" Asle reiste frå Langero om kvelden, folk bad han vente til om morgonen.
    "Nei," sa Asle, "Då møter eg so mange då, og so sko dei veta kor e' ska åv."
    Fem dagar seinare kom Asle heim att. "Eg hadde no meint meg til Am'rikka no då," fortalde Asle,"men då eg kom te Krø're og såg denna ankræne jødnbanen, då tok eg fælskji."

Ola og Rangdi gifte seg i 1835. Med hjelp av broren Asle, bonde i Medgarden, fekk Ola opp hus til seg og sine på Langero som no høyrde til Medgarden. Ola var ein traust arbeidskar og tok på seg åkrebrot og tresking hjå andre.
    Ein gong kom Ola på ein gard og ville ta på seg fleire års arbeid mot betaling straks. Men bonden meinte at det var ikkje godt å gjera så lang avtale, det var uvisst om han levde så lenge. Då svara Ola: "Å, det lever då engorn tå dikko!" (921)
    Det var ikkje lett å fø ein familie i Langero. Dei braut seg nokre åkrelappar i ei bratt hall. Stundom fekk dei seg tildelt litt korn på kassa. Eldste sonen Torstein vart send på legd som gutunge.