Torsteinslåtta gnr. 25 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torsteinslåtta gnr. 25 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Torsteinslåtta ligg einbølt inne på Heimåsen innanfor Liagardane, om lag 6 km frå dei øvste gardane. Ein kjenner ikkje til nokon husmann her, heller ikkje nokon stølsdrift før garden vart frådelt Rud i 1811. Det er ukjent kva for ein Torstein som har gjeve namn til garden.
    Garden grensar inn til elva Lya. I skogen oppe ved Ørndokken hadde Torsteinslåtta to små åkrar der kornet modnast sikrare enn på flatene nede ved Lya der frosten kunne slå til.
    Opphavleg var der ingen støl til Torsteinslåtta, men i 1920 vart Tormodset tilkjøpt (frå Tormodsgard).
    Areal 1865: åker 2 mål; naturleg eng 16 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg. 'Vanskelig tilkomst og frostlendt.'
    Kring 1960 var husa: stugu frå ca. 1940; uthus frå 1930-åra, loft, bryggerhus og bekkekvern i Løytesbekken. (Kverna vart restaurert av elevar ved Lien Landbruksskule kring 1980.)
    Sumarstid var det kjerreveg frå Torsteinslåtta til Tormodset. Og så var det stølsveg til bygda der frå. På vinterføre var lettaste vegen inn til Torsteinslåtta frå Opheim. Så vart det bygd veg frå Opheim, og i nyare tid er det bygd ny vinterbrøytt veg frå Liagardane og over til Opheim. Torsteinslåtta var den siste garden i Ål som fekk straum. Det var for dyrt å leggja line inn hit. Løysinga vart eit diesel-aggregat som vart montert på 1960-talet. Men det bråka fælt, og vart såleis plassert i ei smie noko bortpå jordet. (1287)
    Vanleg gardsdrift vart det slutt med kring 1977. Då delte den siste bonden frå tunet som bruksnr. 25, og gav det bort til "Den Kristelige Menighet" som bygde 'Torsteinslåtta Kurs- og Feriested'. Resten av garden vart seld som fellestøl til gardar i Torpo (Nubgarden, Storedal og Tretterud) og Lien Landbruksskule.
   
   

{1735} År: 1811

Håkon Eirikson Gullhagen Ruud 29.07. 1759-1825
Gm Margit Olsdtr. Skjervheim. G 1795 m Astrid Håkonsdtr. Bomberud. Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Arnegard.

Om familien til Håkon, sjå neste hushald og Rud 25/1 1783-hushaldet. Eine sonen overtok Torsteinslåtta.
    Håkon måtte selja Ruud i 1811. Då held han att Torsteinsslåtta, som hadde lege under Rud. Slåttemyrane innved Lya vart oppdyrka og hus kom opp. Fyrste uthusa var to storrluer som vart sette saman. Det vart ein gild gard etter kvart. Både han og Astrid døydde der i 1825. Bruket vart taksert til 212 spd.

{1736} År: 1826c

Håkon Håkonson Ruud Torsteinslåtta 18.09. 1796-1874
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Ruud og 2.g Astrid Håkonsdtr. Bomberud.
Gm Guri Knutsdtr. Vøllo Torsteinslåtta 1789-1868
Foreldre: Knut Jonson myljo Vøllo og Margit Olsdtr. ... , Hemsedal.
*Barn
1. Astrid Håkonsdtr. Torsteinslåtta Rudsgjøta 21.02. 1822-1884
G 1844 m Eivind Torson Medgarden. Sjå Rudsgjøta, gnr. 18/13.
2. Håkon Håkonson Torsteinslåtta 01.03. 1824-1920
G 1865 m Anne Knutsdtr. Opheimshagen. Sjå neste hushald.
3. Knut Håkonson Torsteinslåtta 09.08. 1825-1842
Knut drukna i Lya i juni 1842.
4. Tolleiv Håkonson Torsteinslåtta 16.12. 1826-
G 1853 m Guro Steingrimsdtr. Rud. Til Amerika kring 1854.
5. Margit Håkonsdtr. Torsteinslåtta Sogla 13.12. 1828-1894
Gm Ola Knutson Sogla, gnr. 22/7. Til Am. 1858.
6. Anne Håkonsdtr. Torsteinslåtta Sataroen 10.12. 1830-
Gm Ola Olson Sataroen 1830- . Dei hadde "noen barn" i 1922. Til Am. kring 1865.
7. Ola Håkonson Torsteinslåtta Barskrindhaugen 03.12. 1833-1922
G 1866 m Anne Larsdtr. Ruud. Sjå Barskrindhaugen eller Petterhaugen, gnr. 19/1a.

Håkon og Guri gifte seg i 1821.

{1737} År: 1873

Håkon Håkonson Torsteinslåtta 01.03. 1824-1920
Foreldre: Håkon Håkonson Torsteinslåtta og Guri Knutsdtr. Vøllo.
Gm Anne Knutsdtr. Opheimshagen Torsteinslåtta 09.05. 1841-1931
Foreldre: Knut Olson Opheimshagen og Ragnhild Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Håkon Håkonson Torsteinslåtta 28.09. 1870-1957
G 1906 m Marte Syversdtr. Haugo. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Håkonson Torsteinslåtta 01.12. 1876-1958
Ug. Jordarbeidar og snikkar. Sjå Hestehagen, gnr. 22/78.

Håkon og Anne gifte seg i 1865. Håkon var timremann og bonde. Anne var religiøs. Då ho vart gamal kom gjerne eit av barnebarna bort til henne om morgonen for å fyre opp. Anne låg i senga, og når det tok til å dure i omnen, byrja Anne å syngja salmar. Synet var dårleg siste åra, men minnet var godt.
    Sume vårar hende det at bekken frå Tjødnstølskjødne demde seg opp. Dei kunne stå i tunet på Torsteinslåtta og høyre ein rar dur. Då visste dei at skriu kom. Til slutt såg dei at bjørkeskogen borti lia la seg flat, og så kom det fløymande snø og issyrpe og vatn rett ut i Lya.
    I 1921 selde Anne selde garden til sonen Håkon.