Høgset gnr. 26 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Høgset gnr. 26 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Høgset er fyrste gong nemnd i avskrift av eit skinnbrev frå Sundre Stevnestugu påskeeftan 1601. Garden ligg øvst i Liagardane, og grensar til Slåtto i vest. Høgset vart skattlagd som øydegard, og hadde 6 laupsbol i landskyld.
    Høgset er truleg rydda i høgmellomalderen ein gong. (Solhjell 1987.) Fyrst på 1600-talet vart Høgset brukt under andre gardar, fyrst Sata (dvs. Opsata), sidan Skjervheim og Sata. I krøtertellinga i 1657 vart Høgset brukt under Sata.
    Frådelte bruk og plassar: Luten (frådelt 1812) og Slåtto.
    Areal 1865: åker 18 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 54 mål. Avling: 15 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 85 mål, produktiv skog 50 mål, anna utmark 50 mål. Leigd jord 50 mål.
    Våningshus bygt kring 1870, loft, eldhus, kårhus 1953, fjøs omlag 1950, nytt fjøs 1983. Buskap: 120 vinterfora sauer.
    Stølar: Heimstølar Haldisdokk og Kitilset. Kitilset er oppdyrka. Opphavleg langstøl på Trettestølane vart fråseld i 1895.
   

{1752} År: 1767c

Asle Sveinson Høgset 1741-1826
Foreldre: Svein Torson Høgset og Helga Olsdtr. Sørbøenston.
Gm Ågot Torjusdtr. Helling Bøygard 1741-1798s
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Mari Aslesdtr. Høgset Skriudalen 24.11. 1771-
G 1803 m Torstein Olson Medgard Skriudalen. Sjå inderstar.
2. Gjermund Asleson Høgset 03.07. 1774-1800
G 1800 m Lukris Johannesdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
3. Torjus Asleson Høgset Tormodsgard 1777-1862
G 1806 m Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud Tormodsgard. G 1809 m Anne Kitilsdtr. Grøt. Sjå 1801-hushaldet.
4. Svein Asleson Høgset 15.10. 1780-1852
G 1811 m Kari Olsdtr. Ålrust, Hemsedal 1786-1874. Barn:
    Agate Marie 1813-1879 gm kjøpmann Sivert Gundersen i Stavanger; Anna Andrine 1815-1879 gm prest Eilert Hagerup Holtermann, Etne; Barbra 1819-1898 gm kjøpmann Kristoffer Corneliussen, Skudesnes til Am.; Karen gm kjøpmann A. Svanøe; Lina ; Ingeborg .
    Svein vart tidleg farlaus, og budde hjå halvbror Lars i Finnesgarden frå han var 6 år. Svein vart "vekkt" i unge år og reiste ikring og tala på hauginanarsamlingane i dalen.
    Svein flytta til Bergen i 1803 og var sjømann nokre år. I 1810 løyste han borgarbrev og vart kjøpmann i Bergen. Kring 1845 overlet han handelen til andre, og dreiv jordbruk på Slettebakken utanfor Bergen. Han var ein fredsam kar. (1379) s 197
5. Ola Asleson Høgset 14.09. 1783-
I 1807 vart 'Ole Løyte eller Ruud' vart anmeld for heste-tjuveri av Wilhelm Bjørnegard, Bærum. Lensmannen hadde sett han i arrest med hestehelde rundt føtene Kr. Himmelfart, likevel rømde han i pinsen 1807.
    Kjenneteikn: gule skinnbukser, blåe strømper, blå vest og kvit vadmeltrøye, sko, kvit nattluve og reim-hatt, svart eller brunt krullut hår, liten av vekst.' Dette er truleg Ola Asleson født Høgset.
6. Ola Asleson Høgset 1788-
Ola arva i 1798, men er ikkje spurt sidan.

Truleg hadde Asle overtake ein del i Høgset etter far sin kring 1760.
    Ågot Torjusdtr. Helling Bøygard var enkje etter Gjermund Larsson Rime Bøygard. I fylgje soldatlista så budde Asle på Bøygard i 1773.
    Ein gong vart Asle beden inn på ein gard i bygda. Han skjøna det var ikkje noko venelag då verten tok seg ein dram, og skvette ein dram i peisen, samstundes med at han læste døra. Asle hadde ikkje lyst til å slåst og sa difor: "Huset er ditt, men døra er mi!" Så braut han opp døra og gjekk. (1553)
    I 1781 vart det teke utlegg hjå Asle for 250 rd. Asle kjøpte 1794 halve Høgset hjå Eirik Embrikson Høgset for 483 rd. Han døydde i Finnesgarden hjå sonen Torjus.

{1753} År: 1798

Gjermund Asleson Høgset 03.07. 1774-1800
Foreldre: Asle Sveinson Høgset og Ågot Torjusdtr. Helling Bøygard Høgset.
Gm Lukris Johannesdtr. Skrindo Stave 11.02. 1781-1857
Foreldre: Johannes Knutson Skrindo og Kari Olsdtr. Sehl.

Gjermund og Lukris gifte seg i 1800. Gjermund døydde ein månad etter bryllaupet. Lukris vart attgift med Lars Asleson Stave, og garden vart selt til bror til Gjermund.

{1754} År: 1801

Torjus Asleson Høgset Tormodsgard 1777-1862
G 1806 m Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud Tormodsgard, gnr. 30/1. G 1809 m Anne Kitilsdtr. Grøt. Foreldre: Asle Sveinson Høgset og Ågot Torjusdtr. Helling Bøygard Høgset.

Torjus kjøpte Høgset for 595 rd i 1801. Han gifte seg med enkja i Tormodsgard og flytta dit i 1805.

{1755} År: 1805

Ola Torkjellson Kolbjørnsgard Høgset 30.07. 1758-1820
Foreldre: Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard og Birgit Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien Høgset 17.12. 1775-1831s
Foreldre: Herbrand Olson Bråtalien og Margit Larsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Høgset Løyte 1798-1879
G 1821 m Knut Botolvson Opheimsjorde Løyte, gnr. 25/2.
2. Margit Olsdtr. Høgset Toppen 1801-
Gm Amund Helgeson Jordheimhaugen Toppen (Gol). Barn: Helge 1835; Borghild 1837-1931 gm Torstein Guttormson SøreLi, farmar ved Fertile, Polk Co MN; Ola 1843-1915 farmar ved Chatfield, MN, gm Karoline Gullerud, Norderhov, gm Doretta Jakopson, Gjøvik.
    Margit flytta til dottera Borghild i Amerika i 1870.
3. Torkjell Olson Høgset 09.10. 1803-1809
4. Birgit Olsdtr. Høgset 06.07. 1806-1806
5. Herbrand Olson Høgset 15.02. 1808-1888
G 1830 m Anne Hermannsdtr. Krosshaug. Sjå neste hushald.
6. Helge Olsdtr. Høgset Kanafetmyro 24.02. 1812-1888
G 1844 m Syver Hermannson Krosshaug Kanafetmyro, gnr. 32/19. Barn: Gunhild 1836-1910; Oleana 1853- g 1872 m Ole Endreson Gandrud, Flå (11 barn); Eric eller Bjørn ; Sophie ....- gm ... Nohre ; Hermann 1846- . Ho var tenestjente hjå Kristen Ånstad på Sundre i 3 1/2 år og fekk løn fyrst då han var død. Til Am.
7. Torkjell Olson Høgset Vesleset 16.06. 1815-1897
Gm Gunhild Nilsdtr. Krosshaug. Sjå Vesleset, gnr. 27/2.
8. Guri Olsdtr. Høgset Juven 16.08. 1818-1878
G 1850 m Embrik Embrikson FinnesgardsJuven, Gol. Barn: Embrik 1851-1931 g 1884 m Ingrid Sondresdtr. ... , Telemark, gm Josefine ... 1868-1955, gardbrukar, sylvsmed, urmakar etc.; Ola 1856- til Am., død der; Juliane 1863-1936c gm .... Ursdalen.
    Embrik og Guri bygde fyrst øvre FinnesgardsJuven, var sidan i Breidekko til dei kjøpte Eiksbakken i Svelvik. Han reiste til Am. som enkjemann.
9. Ola Olson Høgset 05.02. 1821-1821

Ola og Borghild gifte seg i 1797. Dei delte frå og selde Luten i 1812.
    Buet etter Borghild var 300 spd. Husa på garden: Stugu, loft og stolphus, fjøs, stall, låve, eldhus og turke. På stølane var det 4 buer, 2 luer og 1 fjøs.

{1756} År: 1832

Herbrand Olson Høgset 15.02. 1808-1888
Foreldre: Ola Torkjellson Kolbjørnsgard Høgset og Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien.
Gm Anne Hermannsdtr. Krosshaug Høgset 27.12. 1805-1868
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Borghild Herbrandsdtr. Høgset Nedreskorr 22.10. 1832-1876
G 1862 m Herbrand Knutson Løyte Høgset Nedreskorr.
2. Gunhild Herbrandsdtr. Høgset Gunhildgard 20.03. 1835-1870
G 1868 m Bjørn Bjørnson Gunhildgard.
3. Ola Herbrandson Høgset Breibrenna 22.03. 1837-1912
G 1876 m Margit Hermannsdtr. Brenna. Sjå neste hushald.
4. Kari Herbrandsdtr. Høgset Larsbråten 22.03. 1841-1893
G 1863 m Torkjell Knutson Larsbråten i Grønlio i Gol. Barn: Birgit 1866-1867; Birgit 1868-1933 ug. sypike i Drammen; Guri 1872-1899 ug.; Anne 1875-1875; Anne 1876-1895 ug.; Knut 1880-1965 overtok Larsbråten, g 1904 m Birgit Larsdtr. Svartebråten; Gunhild 1883-1955 g 1920 m em Karl Johan Olson Helgerud, N. Eiker; Herbrand 1887-1887; Ingebjørg 1889-1978, til Am. g 1912 m Ingvald B. Knaldre.
5. Birgit Herbrandsdtr. Høgset 27.09. 1843-1904
I 1900 dreiv Birgit med 'Husarbeide og kreaturstel'.
6. Anne Herbrandsdtr. Høgset Gunhildgard 06.03. 1847-1909
G 1872 m enkjemann Bjørn Bjørnson Gunhildgard.

Herbrand og Anne gifte seg i 1830. Herbrand overtok garden på skifte etter mora i 1832.
    Det vart oppstyr då Herbrand betalte skatten i 1843. Lensmannen meinte at Herbrand la fram ein falsk pengesetel. Det vart avhøyr for å finne ut kvar setelen kom frå. Til sist kom det fram at setelen hadde lege ute og vorte våt.
    Det fortelst at Herbrand hadde ei grisepurke med tre ungar ein vår. Han tok dei liksågodt med seg på langstølen då han skulle røa vollen. Men ein dag kom det tre ulvar og tok kvar sin grisunge. 'Det var løgle å sjå på, ha ha', skal Herbrand ha sagt etterpå. (1802) s 458

{1757} År: 1874

Ola Herbrandson Høgset Breibrenna 22.03. 1837-1912
Foreldre: Hermann Olson Høgset og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Margit Hermannsdtr. Breibrenna Høgset 27.11. 1853-1907
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.

I 1860 var Ola Herbrandson tiltala for å ha drive sylvsmedarbeid utan løyve. Han vart frikjent.
    Ola og Margit gifte seg i 1876. Dei hadde ingen barn. Ola vart kalla Høgsetguten, var sylvsmed og sat godt i det økonomisk. Han laga sylvspenne og knappar. Ola var lam i føtene etter ein sjukdom i barneåra. Men gift vart han, og korleis det bar til, fortalde Håkon Torsteinslåtta til Lars Opsata.
    Dette giftarmålet kom i stand ved hjelp av Hermann Krosshaug. Ein gong han var beden opp til Ola, så sa Hermann: "Her er alt bra. Berre ein ting vantar, og det er ei kjerring!" Men det var ikkje så beine, for Høgsetguten hoppa på to krykker.
    "Er det so du vil, so skal eg hjelpe deg," sa Hermann. Så vart Ola med til Brenna i Torpo der Hermann skulle kjøpe ein fole. I Brenna var også ei bra, gifteferdig jente, ho Margit.
    Medan Hermann var i stallen, var Ola inne og prata ved jenta. Karane overnatta i Brenna til neste dag. Då dei skulle reise neste morgon, kom Margit og ville ha Hermann på eintal. "Ko ska e gjera, ska e ta denne menniskja?" Då svara Hermann:
    "Du ser han for deg. Og du har di frie rådigheit!"
    I ettertid fortalde Margit kvifor ho valde å gifte seg med ein vanfør: "E hadde no jamnt meint e skull' koma på ein gard, då."
    Dei bygde stugu, og selde frå langstølen. Då Ola gjekk bort, gifte Margit seg opp att med tenestguten, Torkjell Olson Kolbjørnsgard. Sjå neste hushald.

{1758} År: 1900

Torkjell Olson Kolbjørnsgard Høgset 06.10. 1853-1936
Foreldre: Ola Olson Sehl Kolbjørnsgard og Anne Olsdtr. Skjervheim Kolbjørnsgard.
Gm Margit Hermannsdtr. Breibrenna Høgset 27.11. 1853-1907
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.
Gm Ingeborg Aslesdtr. Arnegard Høgset 11.02. 1872-1934
Foreldre: Asle Arneson Arnegard og Borghild Olsdtr. Håheim.
*Barn i andre ekteskap
1. Ole Høgset 27.11. 1913-1980
G 1944 m Karoline Knutsdtr. Skrindo. Eigar frå 1936. Sjå 1949-hushaldet.
2. Asle Høgset 03.07. 1915-1972
Sjå neste hushald.
3. Ola Høgset Sandelien 19.11. 1917-2004
G 1953 m Kristi Sandelien. Sjå Sandelien.

Torkjell og Margit gifte seg i 1900. Sjå førre hushald. Torkjell var tenestgut hjå Høgset-guten, dvs. den fyrste mannen til Margit. Torkjell gifte seg opp att med Ingeborg Aslesdtr. i 1913. Ho gifte seg seint. Det kom visstnok av at brørne hennar ville ha henne heime til å bøte kleda sine.