Kvelprud gnr. 28 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kvelprud gnr. 28 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kvelprud ligg midt i Liagardane, mellom Tormodsgard og Kolbjørnsgard. Det opphavlege tunet for desse gardane låg i klynge. Kanskje var dette opphavsgarden Lid. (Jfr. Liagardane.) Vegen til det gamle tunet gjekk fram til Kyrkjebakken. Kring 1860 vart tunet flytta ned til noverande stad.
    Då Liagardsvegen vart bygd i 1930-åra, kom den til å gå over noko av dei gamle tuftene. I 1981 dreiv noverande eigar nydyrking i dette området. Under horvinga vart noko hengande fast i horva. Det var eit sverd frå 1000-åra. Sverdet hadde sylvinnlegg på hjalt og knapp, men spissen var avbroten. Oppbevart på Historisk Museum (C 36640).
    Namnet Kvelprud skal i fylgje O. Rygh koma av det gamalnorske mannsnamnet 'Kvelpr'. Det er i såfall lite brukt som gardsnamn. Rygh peikar på eit Kvelpr-namn utanom Ål. I jordeboka kalla Grågås (1591 ca) vart garden skriven 'Kolperud'. I kjeldene elles er 'Quelprud' eller 'Kvelprud' einerådande. Båe namna har vore bruka som slektsnamn.
    Kvelprud hadde 16 1/2 laupsbol landskyld, og vart skattlagt som halvgard. Kvelprud står i jordebøkene frå 1577 og framover. Kvelprud - årleg skatt 3 kalvskinn, frelse 1 album (4 kalvskinn 1598-99). I 1616 heitte det 'Elling Kvelprud øde', årleg skatt 1 skinn, frelse 1 s. Sognepresten var då bygselmann.
    Kanoniparten i Kvelprud var eigedom som hadde tilhøyrt kongen frå gamalt, og som kom under Mariakyrkja i 1347. Truleg finn me att dette godset i jordeboka for 1595 for Oslo domkapitel som ein av dei to 'Liid' gardane som låg til St. Laurentius altar, og som skatta anten av 4 skinn eller av 2 skinn. (Den andre Lidgarden er truleg i Liagardane i Gol.)
    I 1647 heitte det om Aslak Kvelprud: 'Herudi eier Aal prestebol 9 settung korn med bygsel; canoni gods 6 kalvskinn med bygsel; Torpo kyrkje 1/2 dr. med bygsel'.
    I Kvelprudboka står det ei gamal segn om korleis Torpo kyrkje fekk ein gardpart i Kvelprud. I katolsk tid hadde dei eit bilete på Kinneberg i Gol. Kva jonsok samlast folket der for å ofre til biletet. Dei hadde matkorger med. Ein gong var kjerringa i Kvelprud der. Ho hadde lagt offermat ved føtene til biletet. Då kom det ein gris og byrja å rote i maten. Kvelprud-kjerringa kasta ein stein etter grisen, men råkte biletet så armen fall av. I otte for straffedom, gav då Kvelprud ein part i garden til Torpo kyrkje.
    Kanoniparten vart selt av kongen i 1673. Og den vart kjøpt Torkjell Opsata same år. Kanoniparten vart sidan heitande 'bondegodset'. Torpokyrkje-godset vart innløyst ved at bonden kjøpte heile kyrkja i 1807, og selde att i 1809, utan godset i Kvelprud. Sjå 1798-hushaldet.
    Frå gamalt var det ein linåker nedanfor stallen, der var jorda særs djup.
    Areal 1865: dyrka jord 45 mål; naturleg eng 32 mål, fjellslått 118 mål. Avling: 49 tunner bygg, 35 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 95 mål, anna areal 55 mål, produktiv skog 225 mål, anna utm. 245 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap: 12 mjølkekyr, 20 ungdyr, 30 vinterfora sauer, 2 hestar.
    Våningshus bygt 1860, bygt om i 1983, stolphus 1736, smie, eldhus, badstugu, låve 1860, ny driftsbygning 1979 og 2000, garasje 1978.
    Nokre stadnamn: Skrubbeleet (ein ulv mista ein sau i leet ein gong); Jobakken (etter jogras, ei slags vikke); Bygslebakken, Juvebråtet, Bargarden, Henriksbakken, Skrubbeleet, Bukkehalle.
    Stølar: heimstøl på Perstølen. Langstøl på Trettestølen. (Av kjeldene er m.a. eit notat av Margit Vindegg.)

{1809} År: 1762

Per Torkjellson Kvelprud 1737-1805
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Birgit Olsdtr. Barskrind.
Gm Anne Botolvsdtr. Espegard Kvelprud 1740-1780s
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Anne Tolleivsdtr. Huus Kvelprud 31.07. 1757-1832
Foreldre: Tolleiv Henrikson Huus Bjella og Guri Larsdtr. Hagen (Hol).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Torkjell Person Kvelprud Skjervheim 27.05. 1764-1848
Gm enkje Turid Olsdtr. Juvsjordet Skjervheim. Sjå neste hushald og søre Skjervheim, gnr. 35/1.
2. Botolv Person Kvelprud Botolvshuset 19.05. 1766-1832
G 1792 m Birgit Olsdtr. Botolvshuset eller Løytet. Sjå Botolvshuset, gnr. 31/22.
3. Syver Person Kvelprud 29.09. 1768-1805
Barn: Anne 1799-01 m/Anne Håkonsdtr. Skjervheim Ruud. Barn: Birgit 1806-1806 m/Guri Olsdtr. Tormodsgard.
    Ugift. Syver var soldat i 1801. Syver var handelskar og sylvsmed.
4. Ola Person Kvelprud 08.03. 1772-____
Truleg død før 1800.
5. Hermann Person Kvelprud 31.03. 1774-
6. Birgit Persdtr. Kvelprud 08.10. 1775-
7. Birgit Persdtr. Kvelprud 27.07. 1777-
8. Birgit Persdtr. Kvelprud 08.11. 1778-
*Barn i andre ekteskap
1. Hermann Person Kvelprud Sveinsrud 25.05. 1783-1854
G 1810 m Birgit Holgesdtr. Sveinsrud. Sjå Sveinsrud, gnr. 17/1 og Brennene, 20/4.
2. Anne Persdtr. Kvelprud Luten 1786-1869
G 1816 m Knut Nilsson Luten, gnr. 26/2.
3. Tolleiv Person Kvelprud 04.02. 1787-1870
Ug. Barn m/Dordei Embriksdtr. Opheim: Ola 1815- ; Torkjell 1818-1888 bonde og dreiar på Torkjellshaugen under Snerte i Hemsedal, g 1843 m Margit Jakopsdtr. Skard (3 barn) (Hemsedal s 215)
    Tolleiv gjekk arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
    Tolleiv var ute i krigen 1807-14. Død på legd i 1870.
4. Birgit Persdtr. Kvelprud 17.05. 1789-
Truleg død før 1800.
5. Ola Person Kvelprud 18.07. 1790-
Truleg død før 1800.
6. Birgit Persdtr. Kvelprud 07.10. 1792-
Truleg død før 1800.
7. Ola Person Kvelprud Perplassen 05.01. 1794-1865
Gm Margit Amundsdtr. Hellinghaugen. Sjå Perplassen, gnr. 12/19.
8. Birgit Persdtr. Kvelprud 22.03. 1795-1802
Truleg død før 1800.
9. Margit Persdtr. Kvelprud Skjerpingmoen 1796-1874
Gm Ola Danielson Hønefossen Skjerpingmoen. Sjå Bergunn, gnr. 12/17.

Per og Anne Botolvsdotter gifte seg 1763. I 1781 gifte han seg opp att med Anne Tolleivsdtr.
    Per Kvelprud stod til offentleg skrifte i 1756. Det var pga. ei ulykke, eit barn hadde omkome ved vådeskot.
    I 1762 overtok han godset stemora Guri Sveinsdotter hadde i Kvelprud mot å yte henne kår.
    I 1785 hadde Per laga ein nepe-bråte i utmarka. Men der var det sameigeskog, og bråtebrannen vart skogbrann: 1/3 av skogen gjekk med. Han fekk påtale frå dei andre eigarane. (1436) s 49
    Om Per heitte det at han var den fyrste som overtok garden gjeldfri. Men han pådrog seg gjeld. Kanskje fordi hans største interesser var jakt og fiske. Per bygde ei ulvestugu ved garden og fanga både ulv, rev og gaupe. Og han laga seg ei jakthytte ved ein klovstein borti skogen. Når Per låg på revejakt, fekk han folk til å bera han hit i ei teine om kvelden. Når då hjelparane hans gjekk bort att på garden, skulle reven tru at her var ingen fare.
    I Tomaskyrkja på Filefjell finnst eit altarklede med ei innskrift som fortel at kledet var ofra av Per og Anne Kvelprud i 1776. Denne kyrkja var ei såkalla love-kyrkje som folk ofra til for å bli kvitt ymse plager. Per og Anne var plaga av skabb på sauene, og reiste to gonger til Tomaskyrkja på Filefjell. Segna vil ha det til at sauene vart fri for skabb etter dette. (1553)23
    På skifte etter faren i 1762 var det 435 rd å dele. Per la fram eit bygselbrev frå presten til far hans på prestegodset i garden på 9 settung bygg, og på Torpo kyrkje sine 6 skinn.
    På skifte etter Anne i 1780 var det 267 rd å dele på enkjemann og 4 barn. Ei kvittering frå Hermann Ivarson datert 1766 på arv etter Birgit Torkjellsdtr vart "confiskeret" av sorenskrivaren og sendt til Rentekammeret. Difor tok det 1 1/2 år før skiftet kunne sluttast.
    Per selde garden til sonen i 1798. I 1801 var han likevel husbonde i Kvelprud.

{1810} År: 1798

Torkjell Person Kvelprud Skjervheim 27.05. 1764-1848
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Botolvsdtr. Espegard.
Gm Turid Olsdtr. Juvsjord Skjervheim 29.09. 1755-1819
Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen (Hol).
*Barn
1. Per Torkjellson Kvelprud 15.01. 1792-1869
G 1816 m Ambjørg Olsdtr. Reiersgard. Sjå neste hushald.
2. Anne Torkjellsdtr. Kvelprud Bæra 25.01. 1795-1863
Barn: Torkjell 1823- ; Ola 1931-1912, sjå barnebarn.
    G 1834 m Lars Person Turkarstad, gnr. 91/2. Til Am. 1861.
3. Nils Torkjellson Kvelprud 05.06. 1797-
Barn: Torkjell 1831- m/Margit Larsdtr. .. Bakkeplass.
    Barn: Turi 1832- m/Gunhild Arnesdtr. Arnegard (som døydde i barselseng etter at det var lyst til ekteskap.)
    G 1834 m Jesa Olsdtr. ... Lærdal/Borgund, eller gm Sunneva Halvardsdtr. 1786-1874, enkja etter Asgrim Håkonson Æråker. (Lærdal III s 619 og 642 ?)
    Nils var handelskar. Han reiste til Lærdal i april 1834. Om Sunneva heitte det at ho pinte livet av fyrste mann sin. Ho skal ha sagt fylgjande: 'Å Gud velsigne han gamle Asgrim der han er no, men faen ta dei som stelte deg hit'. (1802)
    Nils reiste til Amerika i 1856 og fekk seg ein farm, men Jesa/Sunneva vart att heime i Lærdal. (Lærdal og Borgund s 863)
4. Ola Torkjellson Kvelprud 03.11. 1799-1800
5. Ola Torkjellson Kvelprud 26.12. 1801-1803
*Barnebarn
1. Torkjell Eivindson Kvelprud SørbøensStølen 13.07. 1823-
G 1850 Anne Knutsdtr. SørbøensStølen. Sjå Stølen, gnr. 23/1c.
    Foreldre: Eivind Larsson Varberg Gjøta Baggesteg (ungkar) og Anne Torkjellsdtr. Kvelprud (Skjervheim.)
2. Ola Embrikson Kvelprud Engebrektson 22.02. 1831-1912
Gm Haldis Olsdtr. Arnegard 1844-1878. Barn: Ingebret 1862-1891; Olaus 1864-1890; Anne Marie 1865- ; Ole 1867-1965; Guri/Gusta Elise 1868- ; Torkel 1872- ; Albert 1873- ; Georg 1875- ; Ingeborg 1876- ; Haldis 1878- . (J. Marler).
    Attgift med ... ... . Til Am. ca 1861: farmar ved Hillsboro, ND.
    Foreldre: Embrik Olson Reiersgard (ungkar) og Anne Torkjellsdtr. Kvelprud (Skjervheim.)

Turid var enkje etter Nils Olson Skjervheim. Torkjell fekk skøyte på garden for 295 rd i 1798.
    I 1807 kjøpte Torkjell Torpo stavkyrkje hjå lensmann Halgrim Ruud og Guttorm Haftorn for 700 rd. Det var årlege inntekter av kyrkja, men Torkjell måtte hugse å løne kyrkjetenaren! Torkjell selde kyrkja att etter 2 år. Då held han att gardeparten I Kvelprud. Med kongeskøyte av 1876 vart bonden sjølveigar. Sjå
    I 1812 fekk faren slikt kår: 1 1/2 t bygg til jul (kvalitet: 20 settung tunna); 2 sett. god rug; 2 sett. salt. Foring av 1 1/2 ku, 8 småfe, og ein åker stor nok til å så ein settung hamp.
    Det var 50 spd. å dele på skiftet etter Turid i 1818. Lausøyret vart auksjonert bort, men då ingen baud på kvernhuset, så kjøpte enkjemannen det for 2 spd.

{1811} År: 1812

Per Torkjellson Kvelprud 15.01. 1792-1869
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Turid Olsdtr. Juvsjord Skjervheim.
Gm Ambjørg Olsdtr. Sata Kvelprud 1799-1872
Foreldre: Ola Torson Reiersgard øvre Sata og Guri Tolleivsdtr. Opsata. Ho vart oppfostra i Tormodsgard.
*Barn
1. Turid Persdtr. Kvelprud Sørbøen 11.06. 1822-1920
G 1840 m Håkon Olson nordre Sørbøen, gnr. 23/9.
2. Torkjell Person Kvelprud 15.05. 1825-1901
G 1852 m Guri Knutsdtr. Tolleivsgarden Noss. Sjå neste hushald.
3. Ingeborg Persdtr. Kvelprud Rikansrud 24.09. 1828-1868
G 1853 m Svein Olson Rikansrud, gnr. 15/13.
4. Ola Person Kvelprud 05.03. 1832-1863
G 1859 m Kari Nilsdtr. Krosshaug. Barn: Peder 1860- ; Ambjørg 1862-1939 g 1884 m Svein Olson (Sire)Braaten (1852-1926) (barn, sjå Sirebråten, gnr. 4/22 år 1849).
    Ola og Kari reiste til Amerika i 1861. Han skreiv heim om reisa. Ola omkom i ei arbeidsulykke like etter at han kom til Minnesota. Sjå Ål II s 219
    Dattera Ambjørg voks opp i heimen til Ola Halsteinson Lauvsletten, dvs. komande svigerfar.
5. Guri Persdtr. Kvelprud Bjørøyen 21.05. 1835-1867
G 1854 m Per Syverson øvre Bjørøyen, gnr. 5/1.
6. Lars Person Kvelprud 09.07. 1839-1918
Gm Kristi Rødning "Swenson" (Nerolsrudningen i Hol) 1843-1910. Barn: Anton 1867-1944 gm Bessie Peterson (2 barn); Ambjørg Sofie 1868-1935 g 1890 m pastor C. (Christian / Christen) J. Stadem, Sunnelven; Selmer 1870-1871; Selmer 1871-1872; Selmer 1872-1955 gm Elizabeth Welch (1 barn); Ole . 1874-1950 gm Emma Jorgine Thormodsgaard (5 barn), gm Caroline Lee; Inga Celine (Galena?) "Lena" 1876-1965 gm Halvord Thormodsgard (6 barn); Oscar Theodore 1878-__ gm Mary Eaton
    (4 barn), gm Mrs. Turky; Thea Selmina 1880-1914 gm John Edwin Webster (1 barn);
    Emma 1887- gm Arthur Halverson; Inga Celine ....- gm Halvor Tormodsgard; Ambjørg Sofie ....- gm pastor C. J. Stadem; ... (1286) s 7
    Lars var i US Army 1863-1866. Budde i St. Peter MN. I 1872: busett Nicollet Co. MN.
7. Ola Person Kvelprud 24.11. 1844-1907
Gm Marit Eiriksdtr. Hoff, N. Aurdal. Landhandlar. Sjå Bruhagen, gnr. 32/28.
    Ola skreiv songen 'Et kort utdrag af Qvelpruds Historie'. Gjennom 13 vers fortel han heile gardssoga på god dialekt. Sjå Kvelprudboka.

Per og Ambjørg gifte seg i 1816. Ambjørg vart oppfostra i Tormodsgard.
    Per og Ambjørg betra garden mykje, skriv Lars Opsato. Dei braut åker, dyrka grønsaker og vølte husa. Per laga seg arbeidskjerre og reisekjerre, det skal ha vore den fyrste hjulreidskapen i Liagardane.
    Per var medlem i Thrane-foreninga. Tømmeret til stølsbua på Blestemyrane skal vera hogge i Helsingsetlien for 8 pottar brennevin.
    I 1851 selde dei garden til sonen for 600 spd. og tok slikt kår: framfødd 4 kyr og 8 småfe. Varer: 6 tunner bygg, 5 settung rug, 3 mark humle og 1/2 tunne salt. (Det var eit nokså stort kår.)

{1812} År: 1851

Torkjell Person Kvelprud 15.05. 1825-1901
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Ambjørg Olsdtr. Reiersgard Tormodsgard.
Gm Guri Knutsdtr. Noss Tolleivsgarden Kvelprud 04.03. 1831-1872
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Ingeborg Henriksdtr. Øvrejordet.
*Barn
1. Per Torkjellson Kvelprud 27.01. 1852-1935
G 1874 m Sissel Sandersdtr. Tufte. Sjå neste hushald.
2. Ambjørg Torkjellsdtr. Kvelprud Sata 12.09. 1853-1947
G 1882 m Ola Håkonson Sata. Sjå Nubgarden, gnr. 11/1.
3. Ingeborg Torkjellsdtr. Kvelprud Sørbøen 20.06. 1856-1931
G 1883 m Ola Håkonson nordre Sørbøen, gnr. 23/9.
4. Knut Torkjellson Kvelprud 27.03. 1859-1954
Gm Ingeleiv Fladmoe. Barn: Tordar 1901-1992 lektor, gm Eva Hølstad (ingen barn); Gudny Bergljot 1903-1989 gm Martin Stenersen (3 barn).
    Knut var kunstmålar, gjekk på Knut Bergslien Målarskule 1883-84, neste år på skule hjå Chr. Krogh. Debuterte på Haust-utstillinga i 1891. Mange motiv henta han frå heimbygda, både landskap, interiør og portrett.
    Knut deltok på Statens Kunstutstilling 1908. Han er kanskje mest kjent for plansjeserien "Korsmo's Ugrasplanter" som han laga saman med teiknaren Sara Mørk. Dette arbeidet vara i 35 år.
    Det meste av arbeida til Knut er i familien si eige, men dei gav 19 målari til Ål kommune i 1996. Utstilling i Prestgardslåven Ål Kunstforening 1981. Sjå maleriet av stugu i Tormodsgard.
5. Ola Torkjellson Kvelprud 06.09. 1866-
Til Am. omlag 1888. Mista kontakt med familien.

Torkjell og Guri gifte seg i 1852. Før Torkjell tok over garden hade han drivi litt skreppehandel. Han var historisk interessert, og tok til å skrive på 'Kvelprudboka' alt i 1843.
    Husa i Kvelprud var gamle då han overtok garden. Då Torkjell nemnde for far sin at han likså godt ville flytte heile tunet ned, då svara faren: "Flyt du huse, so øylegg du hevdedraget!"
    Men Torkjell hadde bestemt seg. I 1858 starta flyttinga av tunet ned til noverande stad. Under tomtinga til det nye tunet brukte dei dynamitt. Det var visstnok fyrste gongen i Ål. Dei nytta heimelaga lunte, kruttfyllte bringebærstenglar, men dei brann litt for fort. Heile flyttinga kom på 456 rd.
    Torkjell hadde mange tillitsverv i bygda, kommunestyre, skulestyre m.m. Han var med i Thrane-rørsla, sidan Bondeven-foreninga. (Nekrolog i NU nr 24/1901)

{1813} År: 1874

Per Torkjellson Kvelprud 27.01. 1852-1935
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Guri Knutsdtr. Noss.
Gm Sissel Sandersdtr. Tufto Kvelprud 22.03. 1850-1924
Foreldre: Sander Holgeson Tufto og Birgit Torjusdtr. Finnesgarden.
*Barn
1. Guri Persdtr. Kvelprud 28.02. 1875-1962
2. Torkjell Person Kvelprud 03.06. 1877-1962
G 1911 m Rangdi Aslesdtr. Medgarden. Sjå neste hushald.
3. Birgit Persdtr. Kvelprud 27.02. 1880-1890
4. Ambjørg Persdtr. Kvelprud Medgard 02.11. 1882-1964
G 1915 m Håkon Asleson Medgard. Sjå øvre Medgarden, gnr. 24/1.
5. Anne Persdtr. Kvelprud 14.04. 1886-1963
Ug. Anne hadde eit småbruk på Vikersund. Barn: Peder 1912-1978 gm Karoline Sandvik (ingen barn).
6. Sander Person Kvelprud 16.01. 1889-1941
G 1925 m Liv Olsdtr. Roen. Bonde i Rud i Liagardane, gnr. 25/1.
7. Birgit Persdtr. Kvelprud 09.09. 1893-1894

Per og Sissel gifte seg i 1874. Per bygde nytt fjøs heime, og bu på Perstølen og på Trettestølen. Ved kongeskøyte av 1876 vart dei eigarar av prestparten i Kvelprud. Ved ei avbetalingsordning fram til 1909 vart så bonden sjølveigar.
    Per bygde nytt fjøs i 1887, og sette opp stølsbuer på Trettestølen og Perstølen. Han hadde mange kommunale verv, og var ivrig fråhaldsmann.