Kvammen gnr. 29 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kvammen gnr. 29 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Kvammen (eller Kvamen) ligg nedst i Liagardane, i ei flatvoren kvelv nedunder Kvelprud. Namnet skal koma av 'hvammar' som tyder stutt dalsenking med høgder på sidene og opning til ein kant.
    Kvammen vart skattlagt som halv øygard og hadde ei landskyld på 3 laupsbol. Kvammen er truleg kome unna Kvelprud. Sør/ned for tunet ligg tuftene etter det gamle tunet som vart flytta kring 1750.
    Husmannsplass: Dokken eller Nåsledokken er nemnt i 1770 og i 1772. Ingen husmann er kjent. Men det fortelst at siste husmannskona, 'Nåsla', gjekk på tiggarstigen. Det gjekk ikkje bra når Nåsla møtte 'Skruva', ei tiggarkone or Skruvedalen. Då slost dei, fordi dei gjekk i vegen for kvarandre.
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 48 mål, fjellslått 64 mål. Avling: 15 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 85 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 245 mål. Leigd jord og beite 35 mål. Buskap: 12 mjølkekyr, 18 ungdyr.
    Våningshus bygt 1967, kårhus 1941, rest. 1980, loft 1890, fjøs 1958, påbygt 1975, reiskapshus 1977, uthus 1952.
    Stølar: heimstøl er Kvamsmyrane på Blæstemyrane. Den vart nedlagt kring 1950 og vart brukt til beite medan garden støla på fellesstøl på Hevjansåsen. I 1973 vart bygd ny stølsveg og sidan vart Kvamsmyrane dyrka opp. Opphavleg hadde Kvammen heimstøl på Åsetno. Langstølen er på Trettestølane. Det er tilkjøpt 1 1/2 lb., så garden har no 4 1/2 lb i langstølssameiga. Frå 1993 har garden brukt sine eigne stølar. Nytt fjøs på langstølen vart bygd 1994.
   

{1826} År: 1765

Tolleiv Olson Holto Kvamen 1736-
Foreldre: Ola Ivarson Holto og Ambjørg Torgeirsdtr. Sundbrei.

Tolleiv anka ei odelsløysing på Kvamen og saka enda med forlik i 1765: Tolleiv fekk kjøpe garden for 290 rd. Han lånte 435 rd mot brukeleg pant i 18 år i Kvamen til Knut Tolleivson i 1767.

{1827} År: 1767

Knut Tolleivson Breie Tune 1714-
Gm Margit Torgeirsdtr. Øvremyro, Hol. Sjå meir på Neståker, gnr. 127/ Foreldre: Tolleiv Knutson øvre Breie og Gro Olsdtr. Mehus (Hol).

Knut fekk Kvamen som brukeleg pant i 1767. Han lånte 240 rd i 1769 mot pant i garden. (1368)
    Panthavar Knut Tolleivson kravde gardsyn i Kvammen i 1770. Husa var: stugu 12 rd; låvehus 10 rd; loft m/bu under 5 rd; stolphus 4 rd; gamal stugu 3 rd; eldhus; Stall; lu; smie forfallen. På plassen Dokken: låvehus, husmannstugu utan vindauge. På stølen Åsetno: fjøs og lu. På stølen Blæstemyrane: ei stølsbu. Husa var jamnt over i dårleg stand. Det var 10 mål og 1 fjerdingshorn åker. Årleg avgift vart sett til 11 rd. (1203) s 113
    Knut Kvamen vart kravd av dødsbuet etter presten Qvam for både smør og ein offersau. Knut møtte på tinget og hevda å ha betalt smøret. Offersauen derimot har Kvamen aldri vore pålagt.
    Det vart sonen Tolleiv som overtok Kvamen i 1772.

{1828} År: 1772

Tolleiv Knutson Tune Kvamen 09.02. 1744-1802s
Foreldre: Knut Tolleivson Breie Tune Kvamen og Margit Torgeirsdtr. Øvremyro (Hol).
Gm Gunvor Embriksdtr. Ulshagen Kvamen 1741-1827
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).
*Barn
1. Knut Tolleivson Kvamen 04.07. 1773-1775
2. Margit Tolleivsdtr. Kvamen Brennhovd 24.09. 1775-
G 1811 m em Knut Syverson Kyrkjedeld til Brennhovd, Gol. Barn: Syver 1812-1852; Gunvor 1814-1897 g 1846 m Ola Syverson Jegermoen (sjå der); Tolleiv 1820-1848 - til Am. Margit var enkje i 1850.
3. Rønnaug Tolleivsdtr. Kvamen Sataøyen 1777-1850
G 1819 m soldat Eilev Eilevson nordre Strand Sataøyen, gnr. 32/20.
4. Birgit Tolleivsdtr. Kvamen 07.11. 1779-
Truleg død før 1800.
5. Ola Tolleivson Kvamen 1782-1853
G 1810 m Margit Andersdtr. Vøllo. Sjå neste hushald.
6. Birgit Tolleivsdtr. Kvamen 04.09. 1785-
Truleg død før 1800.

Tolleiv overtok Kvammen 1772 for 435 rd. Dvs. gjelda i garden. Plassen Dokken fylgde med, men ingen husmann er nemnt.

{1829} År: 1802

Ola Tolleivson Kvamen 1782-1853
Foreldre: Tolleiv Knutson Kvamen og Gunvor Embriksdtr. Ulshagen.
Gm Margit Andersdtr. Vøllo Kvamen 1786-1852
Foreldre: Anders Bjørnson Vøllo og Barbro Olsdtr. ... , Hemsedal.
*Barn
1. Gunvor Olsdtr. Kvamen Embre 29.03. 1811-1881
G 1833 m Knut Olson Embre, Hemsedal. Barn: Liv 1834-1898 gm Ola Ulsåk - gm Halvor Ålstveit; Margit 1843-1847.
2. Tolleiv Olson Kvamen 30.10. 1816-1891
G 1852 m Anne Knutsdtr. Torsteinsrud. Sjå neste hushald.
3. Barbro Olsdtr. Kvamen Sata 26.06. 1828-1901
G 1845 m Håkon Olson Sata, gnr. 32/1.

Ola og Margit gifte seg i 1810.

{1830} År: 1852

Tolleiv Olson Kvammen 30.10. 1816-1891
Foreldre: Ola Tolleivson Kvamen og Margit Andersdtr. Vøllo (Hemsedal).
Gm Anne Knutsdtr. Torsteinsrud Kvammen 17.01. 1823-1881
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove.
*Barn
1. Ola Tolleivson Kvamen 14.03. 1856-1949
G 1882 m Anne Halvorsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.

Tolleiv og Anne gifte seg i 1852. I Ål III s 352 har Opsata ei soge om korleis Tolleiv fridde. Dei to hadde vorte kjende, og så var det kome så langt at han skulle til Torsteinsrud og fri og tala ved foreldra hennar. Men Tolleiv fekk seg ikkje til å bera fram ærendet sitt.
    Då han neste morgon spente for hesten og skulle reise, då greip ho Anne inn. 'Men koss bi det med detta du skulle svalle om då?' Tolleiv svara:"Her har du handa". Dermed var det i orden.

{1831} År: 1886

Ola Tolleivson Kvamen 14.03. 1856-1949
Foreldre: Tolleiv Olson Kvammen og Anne Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Anne Halvorsdtr. Opheim Kvammen 17.06. 1855-1934
Foreldre: Halvor Torkjellson Garden Opheim og Anne Rasmusdtr. Opheim.
*Barn
1. Tolleiv Olson Kvammen 25.03. 1883-1958
G 1929 m Birgit Knutsdtr. Kristmoen. Sjå neste hushald.
2. Anne Olsdtr. Kvammen 21.04. 1884-1886
3. Anne Olsdtr. Kvammen 08.07. 1885-1887
4. Anne Olsdtr. Kvammen Flakkestad 29.11. 1886-
'Store-Anne'. Gm Knut Flakkestad, Våler. Ingen barn.
5. Anne Olsdtr. Kvammen Ødelien 23.01. 1888-1964
G 1926 m enkjemann Knut Botolvson Ødelien. Sjå Slåtta, gnr. 32/16.
6. Guri Olsdtr. Kvammen Otterholm 14.11. 1890-
Gm maskinist Jonny Nilssen Otterholm, Bergen: Agnes 1922- ; Olea ....- ; ... .
7. Margit Olsdtr. Kvammen 30.01. 1891-1971
Margit kjøpte eit bruk på Morud som systera Guri og mannen hadde hatt. Ho flytta heim att på sine gamle dagar og stelte faren. Død i Ål.
8. Halvor Olson Kvammen 23.05. 1893-1894

Ola og Anne gifte seg i 1882. Dei bygde fjøs og loft, og så selde dei garden i 1925.