Bomberud gnr. 32 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bomberud gnr. 32 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bomberud vert rekna for å vera ein sannsynleg høgmellomaldergard. (Solhjell 1987) Bomberud er nemnt 1664 som plass under Sata og 1694 som slåttelende. Etterkvart husmannsplass under Sata/nedre Sando.
    Tolkinga av namnet Bomberud er uviss. Me finn namnet 'Bomberud' i skriftlege kjelder frå 1664, 1688 og framover. Margit Harsson peikar på minst to forklaringar i brev av 11.03.02:
    a) ordet 'bumba' ('bomme') som vert brukt om avlangt, rundaktig trekjerald til oppbevaring av mat. I tydinga 'matskrin' kan det tenkjast at namnet vart brukt om ein nyrydning som anten hadde form som ei 'bumbe', eller som gav god avling.
    b) ordet 'bumba' i tydinga tromme. Jfr. svensk språk som har nemninga 'bombari' om ein trommeslagar. Me har namnet Piperslåtta som eit anna døme på at militære har gjeve namn bruk i Ål. Kanskje budde det her ein trommeslagar ein gong.
    Husmannsplassen Bomberudslåtta er nedlagt. Sist på 1700-talet var det også plassen nordre Bomberud. Nokre hushald på nordre og søre Bomberud er plasserte jamsides i hushalda frå 1764 og 1783. Det viser enno eit par tufter som kan vera frå nordre garden.
    Nemnt i eit gardsyn på Sando i 1739: 'Een ager paa væstre Siden ad Elven kaldet Bomberud. Salig Biørn Ols: har opbrudt for en 2. a 3 aar siden, og kand være af 1 maal og 1 fjerdingshorns størrelse ... '
    Stølar: Lurvestølen og Hesjane. Langstøl på Gullhagastølane.
    Folketeljing 1865: 1 hest, 10 kyr og 12 sauer. Avling: 8 tunner bygg og 6 tunner potet. Bruhald.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 410 mål. Del i Gullhagastølane sameige.
    Våningshus bygt 1757, rest. 1916, loft bygt før 1745, kårhus 1906.
    Eigedomen vert brukt til campingplass. 15 campinghytter, sanitæranlegg, kiosk. Hestestall og sauestall er bygde om til utleigehytte. Til eigedomen høyrer også bruket Framstad/Nestegardshaugen.
   
   

{1977} År: 1750c

Ola Viggerson Leveld Sata 1700c-
Foreldre: Vigger Arneson Leveld (Oleivsgard) og Birgit Eivindsdtr. Håheim
Gm Anne Syversdtr. Lappegard Sata 1710c-
Foreldre: Syver Olson Løkensgard Lappegard og Dordei Guttormsdtr. Lappegard (Leveld).
*Barn
1. Dordei Olsdtr. Kjellargard Bakke 1744-1811
Gm Torkjell Arneson Bakke. Gnr. 49/1.
2. Ola Olson Kjellargard Finnesgarden 1744-1785c
Gm Ingeborg Tolleivsdtr. Opsata Finnesgarden. 1737c-1785c. (Gol V s 400.)
3. Arne Olson Kjellargard 21.03. 1745-

Ola og Anne budde på Kjellargard i 1740-åra. 'Ola Viggerson Halvorsgard' var fadder i 1757.
    I 1762 var dei husmenn på ein plass under nedre Sata, truleg Bomberud.
    Anne fekk i heimegifte: 1 ku og 1 kalv, 1 skinnfell, 3 sauer, 1 smørask og 1 ost. Verdi 8 rd.

{1978} År: 1764

Håkon Ivarson Sando Bomberud 1726-____
Foreldre: Ivar ... .
Gm Ragnhild Trondsdtr. Skjervheim Bomberud 1737-
Foreldre: Trond Torjusson Håkonsgard Skjervheim og Astrid Jonsdtr. ... .
*Barn
1. Margit Håkonsdtr. Bomberud 27.11. 1763-____
Barn: Anne 1794- m/soldat Knut Solveson Kolsrud.
    På skiftet etter Knut Solveson i 1797 fekk Margit ved hjelp av broren Ivar. Dei kravde utlagt 35 rd til oppfostring av barnet opp til 10 års alder og det enda med forlik. (1389)
2. Astrid Håkonsdtr. Bomberud Ruud 26.12. 1765-1825
G 1795 m enkjemann Håkon Eirikson Gullhagen Ruud, gnr. 25/1.
3. Guri Håkonsdtr. Bomberud Minna 05.06. 1768-1858
G 1803 m enkjemann Ola Knutson Rimehaugen Holto, sjå Minna, gnr. 110/57.
4. Ivar Håkonson Bomberud Prestgarden 09.06. 1771-____
Ivar var tenestgut i Prestgarden i 1801.
5. Torjus Håkonson Bomberud 1775-

Håkon og Ragnhild gifte seg i 1763. I 1764 fekk Håkon Ivarson bygsle nordre Bomberud på livstid, og betalte 2 rd årleg grunnleige. Dei var i Bomberud i 1783.
    Det er to stadnamn i Bomberud som truleg kjem frå Håkon: "DauveHåkon-åkeren" og "Håkonvika" i Storelva. Håkon fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)

{1979} År: 1770c

Eivind Trondson Skjervheim Stranden 1735-1821
Gm ... ... . Barn: sjå Juven, gnr. 23/3. Gm Liv Torsdtr. Sataslåtten. Barn: sjå Stranden. Foreldre: Trond Torjusson Håkonsgard Skjervheim og Astrid Jonsdtr. ... .

"Eivind Sando". Dei budde fyrst i Juven under Sørbøen, gnr. 23/3. Så var dei i Bomberud i 1774.
    Eivind kvitterte for gåve frå Ola Olson Løkensgard i 1774: han fekk 20 rd "i anledning i mine fattige omstendigheter". Eivind skreiv frå seg odelsretten i Veslehaug, og så bygsla dei Stranden under Gullhagen i 1786. Om ungane i andre ekteskapet sjå Stranden, gnr. 36/4.

{1980} År: 1783

Mikkel Larsson Gjeldokk Bomberud 25.03. 1753-1805
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helge Mikkelsdtr. Hove.
Gm Anne Gunvaldsdtr. Sundrehagen Bomberud 1763-1847
Foreldre: Gunvald Johanson ... husmann under Sundrehagen og Guri Olsdtr. Rue.
*Barn
1. Helge Mikkelson Bomberud 14.04. 1782-1801f
Død før 1800.
2. Ola Mikkelson Bomberud 21.03. 1784-1801f
Død før 1800.
3. Helge Mikkelson Bomberud 24.09. 1786-1801f
Død før 1800.
4. Helge Mikkelsdtr. Bomberud 28.10. 1787-1810
Helge døydde på Stabekk i 1810. Buet var på 34 rd.
5. Lars Mikkelson Bomberud 18.04. 1790-1850
Gm Anne Syversdtr. Skjerping. Sjå neste hushald.
6. Birgit Mikkelsdtr. Bomberud Bergahagen 08.02. 1792-1879
G 1821 m Ola Tomasson Tretterud Bergahagen, gnr. 39/2.
7. Ågot Mikkelsdtr. Bomberud 08.02. 1795-1797
8. Ola Mikkelson Bomberud 18.06. 1797-1802
9. Gunvald Mikkelson Bomberud 06.10. 1799-1850
G 1831 m Birgit Olsdtr. Eikro. Sjå 1835-hushaldet.
10. Ola Mikkelson Bomberud Holeplass 30.10. 1803-1864.
G 1834 m Guri Vebjørnsdtr. Bakken, Hol. Sjå Holeplass, gnr. 50/2.

Mikkel og Anne gifte seg i 1781. Mikkel kjøpte søre Bomberud for 240 rd og 3 ort skattehjelp i 1783. Seljar var bonden på nedre Sando. Med plassen fylgde: heimstølen "Hesjene"; langstøl Krogtjørnstølen; lauving, risping og grasning; husmannsplassen nordre Bomberud, - der budde Håkon Ivarson og kone på livstid; rettar i skog og mark for 2 laupsbol.
    Mikkel løyste odelsretten til Bomberud i 1803 med 45 rd "for fredelighets skyld".
    På skiftet etter Mikkel i 1806 var netto eige 538 rd. Anne gifte seg opp att med Torjus Olson Sveinslåtten, og båe hadde kår hjå sonen Gunvald.

{1981} År: 1831

Lars Mikkelson Bomberud 18.04. 1790-1850
Foreldre: Mikkel Larsson Gjeldokk Sando og Anne Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
Gm Anne Syversdtr. Skjerping Bomberud 26.11. 1786-1858
Foreldre: Syver Olson Skjerping Sundbrei og Torand Torkjellsdtr. Hagen.
*Barn
1. Helge Larsdtr. Bomberud Slette 17.01. 1813-1881
G 1840 m Asle Knutson Tormodsgards-eie = Slette, gnr. 32/22.
2. Mikkel Larsson Bomberud 16.11. 1815-1889
G 1841 m Kari Larsdtr. Sundre. Sjå neste hushald.
3. Syver Larsson Bomberud Logsengard 26.10. 1818-1886
G 1856 m Kari Knutsdtr. Logsengard. Sjå Logsengard, gnr. 82/1.
4. Torjus Larsson Bomberud 28.06. 1821-1821
5. Anne Larsdtr. Bomberud 02.06. 1822-
Truleg gm militær-smed Ivar Larsen frå Asker. Barn: Carl; Otto; Ludvig; Idda.?
6. Torjus Larsson Bomberud 23.05. 1825-
Truleg 'Tørris Larssen' frå Ål født 1825: han var urmakarmeister i Bergen i 1875. Gm Johanne Caroline ..., Bergen. Barn: Ragnhild 1858; August 1859-; Johan 1861- ; Hjalmar 1867- .
7. Torjus Larsson Bomberud 17.08. 1827-
Truleg gm Elen ... ...,Grytten 1832- . Barn: Hans 1865- mekanikar; ...
    FT1900: 'forhenværende murmester med oppspart kapital, bosatt i Herslebs Gt. 47 i Kr.ania. '
8. Torand Larsdtr. Bomberud Sando 13.01. 1831-____
Barn: Anne 1857- m Ola Hermundson ... ' inderst på Sando, deres 1. lm'.
    Til Kristiania. Gm ... Sando (?)

Lars og Anne budde i Bomberud frå 1831. I 1835 vart garden og stølane delte mellom Lars og broren Gunvald. Lars fekk Lurvestølen og Gunvald fekk Hesjane.
    Lars fekk skøyte på garden fyrst i 1846, men hadde ikkje brukt garden sidan det. Lars var i Fribataljonen 1807-14.

{1982} År: 1835

Gunvald Mikkelson Bomberud 06.10. 1799-1850
Foreldre: Mikkel Larsson Gjeldokk Sando og Anne Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
Gm Birgit Olsdtr. Minna Bomberud 25.11. 1804-
Foreldre: Ola Knutson Eikro Minna og Guri Håkonsdtr. Bomberud.
*Barn
1. Anne Gunvaldsdtr. Bomberud 23.10. 1831-1847
2. Mikkel Gunvaldson Bomberud 17.10. 1834-
Til Am. ein gong etter 1861.
3. Håkon Gunvaldson Bomberud Gilbert 06.02. 1838-1924
Gm Mari Botolvsdtr. Opheim. Barn: Gilbert Gilbert 1870-1930 ; Albert 1869-1920 gm ... (minst 1 barn); Esther 1873-1917 gm ... Quimby (minst 1 barn); Lewis/Olaus 1874-1912; Olaus/Lewis 1875-; .... (J. Marler)
    Håkon skreiv seg Hogan Gilbert i Am. Busett i Estherville. Jfr. boka av Arlene Nasby Neugart i Bygdearkivet.

Gunvald og Birgit gifte seg 1831. Gunvald fekk skøyte på ein halvpart av Bomberud i 1835. Pris: 100 spd og kår til mora og stefaren. (1544)466b
    Ein månad før mannen døydde "fikk konen det innfald at forlate alt og reise over til Bergens stift uten at være kommen tilbake". Birgit reiste vidare til Amerika: Estherville.
    Syver L. Bomberud tok på seg å hauste inn avlinga for buet. Fastegods: Bomberud lnr. 99, Kanafetmyrane lnr 103 + skogrem kjøpt 1830 hjå Svein Halvorson. Netto: 56 spd.
    I FT 1880 var Birgit hushalderske hjå bror sin Håkon som farma i High Lake, Emmet Co i Iowa. (J. Marler)
   
   
   

{1983} År: 1850

Mikkel Larsson Bomberud 16.11. 1815-1889
Foreldre: Lars Mikkelson Bomberud og Anne Syversdtr. Skjerping.
Gm Kari Larsdtr. Sundre Bomberud 29.09. 1804-1888
Foreldre: Lars Olson Larsgarden Sundre og Birgit Aslesdtr. Medgard.
*Barn
1. Lars Mikkelson Bomberud 11.10. 1843-1928
G 1874 m Haldis Olsdtr. Storedal. Sjå neste hushald.

Mikkel og Kari gifte seg 1841. Med cand. juris Torkel Schøyen hadde Kari dottera: Birgit 1835- gm Ola Knutson Dekko, USA.
    I 1852 fekk Mikkel auksjonskøyte på Gunvald sin halvpart i garden. Dermed var garden samla att. Mikkel var på tenest i Hardanger i unge år. Han kom heimatt med stiklingar av bærbusker som han planta. Det vart ein fin kjøkenhage i Bomberud
    Mikkel fortalde om ulvegravene i Bomberud. Det var to djupe hol i marka synst på jordet. Og sidene var av ståande stokkar. Hola var tildekka med bar. I midten var ein stokk med ei plattform på toppen. Oppå den sette dei ein hund til å lokke ulven inntil.

{1984} År: 1875

Lars Mikkelson Bomberud 11.10. 1843-1928
Foreldre: Mikkel Larsson Bomberud og Kari Larsdtr. Sundre.
Gm Haldis Olsdtr. Storedal Bomberud 26.07. 1847-1892.
Foreldre: Ola Sveinson Reinton Storedal og Birgit Guttormsdtr. Tufte (Ustedalen).
*Barn
1. Mikkel Larsson Bomberud 16.02. 1875-1951
G 1900 m Sissel Olsdtr. Lien Larsstølen. Sjå neste hushald.
2. Kari Larsdtr. Bomberud Jøta 25.08. 1876-1957
Gm Eirik Eirikson Jøta. Sjå SørbøensJøta, gnr. 23/14. Sidan til Northwood, ND.
3. Ola Larsson Bomberud 30.05. 1879-1938
Ug.
4. Birgit Larsdtr. Bomberud 23.01. 1883-1938
Ug. arbeiderske. Barn:
    - Haldis 1902- m/ Syver Olson Bomberud, sjå barnebarn.
    - Hallgrim 1906-1908 m/ jarnbanearbeidar Hans Hanssen f. 1880.
    - Solveig 1916- m/ Ole Olaussen Lund, Drammen f . 1885.
5. Guttorm Larsson Bomberud 12.09. 1885-1961
G 1914 m Marie Braa, frå Hennepin County, MN 1888-1951. Barn: Marion gm Leonard Helmer, Fargo; George; Christ; Olaf ; ... . Guttorm reiste til Am. i 1907: Fargo, ND. Farmar i Divide Co, ND. Han skreiv seg Gilbert Larson.
6. Lars Larsson Bomberud 31.07. 1888-____
7. Sigrid Larsdtr. Bomberud Halvorsen 24.10. 1891-
Gm Ottar Halvorsen. Levde i 1961. Dei forpakta gardar 'nedanfor'.
*Barnebarn
1. Haldis Syversdtr. Bomberud Vestenfor 27.03. 1902-1998
G 1934 m Asle Hermannson Vestenfor, gnr. 8/13.
    Foreldre: Syver Olson Øygard (ungkar) og Birgit Larsdtr. Bomberud.

Lars og Haldis gifte seg i 1874. Frå før hadde Lars sonen Ola 1866- med Anne Halvorsdtr. Dalen under Krosshaug.