Glomshaugen gnr. 32 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Glomshaugen gnr. 32 bnr. 13a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Glomshaugen eller Satahaugen var plass under Sata. Namnet kjem av Oleiv Glomsletten som bygsla plassen frå 1842. Han kan vera rudningsmannen, men fyrst i 1820-åra var ein Knut Halvorson inderst på Satahaugen. Glomshaugen ligg mellom Grøvo og Myro.
    I 1865 fødde dei 2 kyr og 6 geiter. Bruket vart truleg nedlagt i 1920 åra, og er no tilvakse med skog.
   
   
   

{2036} År: 1821

Knut Halvorson Ruud Satahaugen 1795c-
Foreldre: Halvor ... ... .
Sigrid Eilevsdtr. Strand Sataøyen 1798-
Foreldre: Eilev Eilevson nordre Strand Satøyen og Ingebjørg Bjørnsdtr. Sata.
*Barn
1. Eilev Knutson Satahaugen 30.01. 1821-
2. Jørand Knutsdtr. Satahaugen 10.07. 1825-
Truleg gm plassemann Lars Larsson f. 1824 på ein plass under Julbø i Aukra (Akerø) i Romsdal.

Knut og Sigrid gifte seg i 1820. Dei var inderstar i Satahaugen 1821-5. Så ser me ikkje meir til dei før i 1865. Då var Knut og Sigrid kårfolk på Brabant i Nes.
    Ei dotter Ingeborg Knutsdotter f. kring 1830 og mannen Henrik Østenson hadde sjølveigarplassen Brabant (3 barn).

{2037} År: 1842

Oleiv Olson Glomsletten Haugen 18.04. 1808-1864
Foreldre: Ola Oleivson Arnegard Glomsletten og Birgit Eilevsdtr. Strand eller Nosseplassen.
Gm Guri Embriksdtr. Bakke Glomshaugen 1797-1899
Foreldre: Embrik Olson Bakke og Borghild Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
*Barn
1. Ola Oleivson Haugen 10.04. 1842-1920
G 1866 m Ragne Eiriksdtr. Brenno. Sjå neste hushald.

Oleiv og Guri gifte seg i 1842. Oleiv var konfirmert i Krødsherad der han som som 9-åring vart sett i tenest. Oleiv kom heim att og tok til med småhandel med varer frå Drammen, samt dagarbeid.
    I 1840 arbeidde Oleiv hjå Christoffer Nikolaisen i Drammen. I 1851 reiste han til Kr.ania og Drammen på søk etter arbeid.
    Guri kom heim att ein påskemorgon 1845 etter ei vakenatt hjå ein som var sjuk. Då fann ho han Bråta-Per som låg og sov på ein krakk i stugu. Ho spurde om han kom sunnanfrå og Per svara "Ja". Meir vart ikkje sagt. (1513)
    Guri vart 101 år og 8 månadar.

{2038} År: 1865c

Ola Oleivson Haugen 10.04. 1842-1920
Foreldre: Oleiv Olson Glomsletten Haugen og Guri Embriksdtr. Bakke.
Gm Ragne Eiriksdtr. Brenno Haugen 01.07. 1833-1912
Foreldre: Eirik Halvorson Bjella Brenno og Åse Sevatsdtr. Leksvolplassen.
*Barn
1. Ola Olson Haugen 07.03. 1872-1946
G 1897 m Birgit Olsdtr. Bomberudslåtta. Sjå Rudning, gnr. 32/34.

Ola og Ragne gifte seg i 1866. Ho Ragne var inderst hjå mor hans i 1865.
    Ola var ein høgvaksen, snill og godmodig kar. Det vart fortalt han var god med hestane og flink til å køyre i skogen. Glomsehaugen vart nedlagt som bustad etter at Ola og Ragne gjekk bort.