Sataøyen gnr. 32 bnr. 20
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sataøyen gnr. 32 bnr. 20-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sataøyen var plass under øvre Sata frå gamalt. Fyrste tida vart Sataøyen brukt under Sata. Ofte vart plassen kalla berre 'Øyen' eller 'Øyne'. Storelva har ei sidegrein omlag 2 km nedanfor Sata, og her ligg Sataøyen. FT1865 nemner at bruket var noko utsatt for overfløyming. Elvegreina var ikkje større enn at her har det vore bru og lett tilgjenge frå gamalt.
    Frådelt: Haugestølen og Grøvo, sjå bnr. 23.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål; naturleg eng 36 mål. Avling: 7 1/2 tunne bygg og 5 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, produktiv skog 265 mål.
    Våningshus bygt 1923, kårhus 1795, låve 1940, fjøs 1945, loft frå 1795.
   

{2073} År: 1782

Lars Embrikson Sata Sataøyen 13.02. 1752-1811
Foreldre: Embrik Larsson Sata og Birgit Herbrandsdtr. søre Skrindo.

Ugift. Sjå Roen. Lars selde Roen i 1782 og held att Sataøyen. Han selde Sataøyen 1794 til broren og tok seg kår. Truleg budde han deretter på Myro. I 1799 stevna Lars broren Embrik Sataøyen for misleghald av kåret.

{2074} År: 1794

Embrik Embrikson Sata Sataøyen 16.03. 1760-1831
Foreldre: Embrik Larsson Sata og Birgit Herbrandsdtr. Skrindo.
Gm Gro Olsdtr. Tveito Sataøyen 1755-____
Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Guri Olsdtr. Gullhagen.
Gm Margit Endresdtr. Liahagen Baklien 16.11. 1755-1829
Foreldre: Endre Larsson Liahagen og Gro Herbrandsdtr. Tomasgarden Sire.

Embrik og Gro gifte seg i 1789. Gro levde i 1801. Ein ser ikkje når ho døydde, men Embrik var enkjemann då han vart attgift i 1816 med Margit. Ho var enkje etter Fingar Asleson Skalle Luten. Sjå Liahagen og Luten.
    Embrik kjøpte odelsretten til Sataøyen i 1794 for 150 rd og 1 rd i årleg leige. Han overtok halve Sataøyen til bruk. Etter at stefaren var død, skulle Embrik overta også den andre halvparten mot å løyse ut sysken og halvsysken. (1221) s 530

{2075} År: 1802

Eilev Eilevson Strand Sataøyen 13.12. 1767-1845
Foreldre: Eilev Eilevson Amundsgard Strand og Sigrid Lambertsdtr. Gjeldokk.
Gm Ingeborg Bjørnsdtr. Sata Sataøyen 01.11. 1767-1838
Foreldre: Bjørn Knutson Hakesæt, Skurdalen Sata og enkja Birgit Herbrandsdtr. Skrindo Sata.
*Barn
1. Birgit Eilevsdtr. Strand Smedsplassen 19.01. 1794-1878
G 1821 m Syver Olson Smedsplassen, sjå Vestvang, gnr. 30/3.
2. Eilev Eilevson Strand Sataøyen 1795-1864
G 1819 m Rønnaug Tolleivsdtr. Kvamen. G 1851 m Ingeborg Ivarsdtr. Myrekvalsbakkane. Sjå neste hushald.
3. Bjørn Eilevson Strand 08.10. 1797-1797
4. Sigrid Eilevsdtr. Strand Sataøyen 1798-
Gm Knut Bramand (Brabant?) Garnås-eie i Nes. Truleg = G 1820 m Knut Halvorson Ruud. Barn: Eilev 1821- ; Jørand 1825- . Sjå Glomshaugen, gnr. 32/13a
5. Bjørn Eilevson Sataøen 1801-
Bjørn reiste til Krogstad på Eiker. Han var brennevinsbrennar hjå kjøpmann Bruun i Drammen i 1839. Bjørn er ikkje å finne i FT 1865.

Eilev og Ingeborg kom til Sataøyen i 1802. Før den tid hadde dei budd på Strand.
    Ingeborg døydde hjå sonen Bjørn i Drammen då ho var på besøk i desember 1838. Sonen Eilev overtok Sataøyen og står i neste hushald. Eilev døydde her som kårmann i 1845.

{2076} År: 1824

Eilev Eilevson Strand Sataøyen 1795-1864
Foreldre: Eilev Eilevson Amundsgard Strand og Ingeborg Bjørnsdtr. Sata.
Gm Rønnaug Tolleivsdtr. Kvamen Sataøyen 1777-1850
Foreldre: Tolleiv Knutson Kvamen og Gunvor Embriksdtr. Ulshagen.
Gm Ingebjørg Ivarsdtr. Myrekvarvbakkane Sataøyen 1823-
Foreldre: Ivar Anderson Myrekvarvbakkane i Hol.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Eilevsdtr. Sataøyen 12.07. 1852-____
Uviss lagnad.

Eilev var soldat i 1819. Eilev og Rønnaug gifte seg i 1819. Ingen barn. Eilev vart attgift 1851 med Ingeborg.
    Eilev overtok Sataøyen i 1824 og fekk skøyte i 1840.
    Eilev vart innklaga 1856 til forlikskommisjonen av bøndene på Sata, Holo og Hajem. Dei meinte Eilev hadde 'tilladt sig å havne på Haugestølen med et for stort dyretall efter kontrakten'.
    Eilev makeskifta Sataøyen mot nedre Skøro i Sudndalen med Eirik Hallgrimson Noss i 1860. Eirik Noss selde frå Haugestølen i 1867, og så selde han Sataøyen til Ola Arneson i 1869.

{2077} År: 1869

Ola Arneson Rotneimsøyen 24.02. 1843-
G 1867 m Mari Olsdtr. Kolbjørnsgard. Foreldre: Arne Person Rotneimsøyen og Mari Olsdtr. Sjå Gol V s 226.

Ola selde frå Øyen skog og plassen Grøvo i 1874. Dei skreiv seg 'Gullhagen' då dei flytta til Gol 1877. Så kjøpte dei søre Kolsrud i 1881, og reiste til Am. i 1884.

{2078} År: 1880c

Ola Hermundson Kyrkjedelen Sataøyen 29.09. 1828-1905
Foreldre: Hermund Olson Kvinnegard-Ellingsgard og Birgit Olsdtr. Kyrkjedeld.
Gm Hallbjørg Olsdtr. Satahagen Sataøyen 30.09. 1841-1929
Foreldre: Ola Torsteinson Skjervheimshagen Satahagen og Dordei Sveinsdtr. Gunhildgard.

Ola og Hallbjørg gifte seg i 1865. Dei hadde ingen barn. Dei kom truleg til Sataøyen kring 1880. Ola var snikkar. Var han sylvsmed i 1850? Ola hadde ei dotter med Torand Larsdtr. Bomberud: Anne 1857- . Hallbjørg sat med Sataøyen fram til 1918 då ho selde til Arnfinn Eirikson Sando. Han selde att neste år til Svein Olson.