Grøvo gnr. 32 bnr. 23
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Grøvo gnr. 32 bnr. 23-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Grøvo var husmannsplass under Sataøyen fram til 1874. Bruket Grøvo ligg einbølt til i skogen oppe i Satalien. Namnet kjem av 'grov', dvs. bekk. Grøvo er dativ fleirtal. Grove or Trolltjønn kjem ned her.
    Dyretal 1865: ei ku og ein sau. Dei sådde 1/2 tunne bygg og 1/2 tunne potet.
    Grøvo var utan veg til 1962. Då vart det arbeidd veg frå Slåtta. I Grøvo var fast busetnad til 1973. No er husa bortleigde.
   

{2082} År: 1860

Knut Knutson Skøro 12.03. 1822-1894
Foreldre: Knut Holgeson Skøro, Hol og Haldis Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Anne Sveinsdtr. Sundbrei Grøvo 13.03. 1816-1862
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Ingebjørg Olsdtr. Satalien 16.09. 1845-
Foreldre: Ola Arneson Svartedalen og Guri Olsdtr. Satalien.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Svein Knutson Satalien 28.11. 1843-
Gm Vilhelmine Karlson, Sverige. Barn: Sofie gm Arne Auvi, Bærum. Svein gjekk boktrykkarlære, vart typograf og seinare redaktør i bladet "Jarlsberg" som kom ut i Holmestrand. (1329) s 532
    Innflutt i Bragernes 1866.
2. Kristi Knutsdtr. Skøro 30.05. 1849-
Kristi budde i Holmestrand i 1894.
3. Haldis Knutsdtr. Skøro Brenno 01.04. 1854-1878
G 1877 m Halvor Eirikson Brenno 1838-1921. Barn: Eirik 1877-1878. Sjå Brenno, gnr. 118/5 år 1833.
4. Margit Knutsdtr. Skøro 31.07. 1858-1859
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Knutsdtr. Satalien 09.07. 1875-____
2. Knut Knutson Satalien 01.05. 1879-
G 1904 m Maren Olausdtr. Bråten under Martnerud. Barn: 3 . På mitre Vike i Hof. (1077) s 24
3. Ola Knutson Satalien 15.06. 1881-1884
4. Haldis Knutsdtr. Satalien 27.06. 1882-
Til Skoger i 1899. Haldis var budeie hjå Simen Berg på Norderhov i 1900.
5. Guri Knutsdtr. Satalien Bålerud 01.05. 1885-
Guri flytta til Øvre Eiker i 1913. Gm Anton Bålerud, Heen i Ådal 1886- . Barn: Kristian ; Ågot . Anton var banevaktar ved NSB. (1479)
6. Ingebjørg Knutsdtr. Satalien 16.02. 1888-
Ho levde i 1900.

Knut og Anne gifte seg i 1849, og overtok farsgarden hans på nordre Skøro i Sudndalen i Hol i 1857. Men Knut var nok flinkare spelemann enn bonde, skriv Reinton. Då det gjekk ut med han på Skøro, kom han til Ål og budde i Grøvo frå 1860. Knut fekk eit barn med ei Guri Olsdtr. Haugestugun: Guri 1849- gm Knut Sjurson Nesbø, Aurland.
    Han var skomakar og husmann i Grøvo. Men han vart utkasta derfrå pga. av manglande leigeavgift. Det fortelst at då lensmannen kom for å kaste han ut, då sette Skøren seg på ein stein og let på fela. Deretter fekk seg tak i eit eldhus og sette opp borti eit hovda i skogen. Det vart "Skåra-stugu", det var ingen plass, berre ei stugu med ein liten potetåker i Sataskogen nær ved Hovda og Satalien. (Sjå 'Den gamle garden' av Lars Opsata.)
    I 1875 vart Knut attgift med Ingeborg Olsdtr.
    Knut vart kalla Skøren og var ein fin spelemann. Han spelte lågt og mjukt og var ikkje mykje bruka i danselag. Knut var også skomakar og salmaker. Men han hadde også med seg fela kring på gardane og let gjerne i skraddartimen. Og han fortalde soger. Skøren var ein lettliva og suteslaus kar og han liva opp i mange samvær. Lauslåtten "Skøren" ber ber namnet hans. (1329) s 532 (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 189 og s 234.
    På sine gamle dagar fekk han litt hjelp til opphald på 'kassa'. I 1891 vart han beskrivi som 'landstryker og betler'. Ei av døtrene i andre ekteskap hadde sonen Ingvald Teodorsen f. 1896. Han budde saman med Ingeborg i 1900.

{2083} År: 1874

Sindre Knutson Dekko Grøvo 23.04. 1834-1923
Foreldre: Knut Sindreson Juven Dekko og Kari Olsdtr. Kvelprud-eie.
Gm Ambjørg Olsdtr. Perplassen Grøvo 27.05. 1827-1869
Foreldre: Ola Person Kvelprud Perplassen og Margit Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Margit Olsdtr. Ruggeplassen Grøvo 05.01. 1851-1936
Foreldre: Ola Olson Ruggeplassen under Sata og Anne Embriksdtr. Dortehaugen.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Sindreson Grøvo 05.10. 1875-1909
Gm Mathilde Albertsen 1882- , Redalen. Barn: Marta 1906- gm Anton Dyrhovd (8 barn). (1445)
2. Ola Sindreson Grøvo 30.10. 1879-1880
3. Anne Sindresdtr. Grøvo 28.04. 1881-1885
4. Kari Sindresdtr. Grøvo 23.03. 1885-1885
5. Olaf Sindreson Grøvo 21.07. 1886-1894
6. Anne Sindresdtr. Grøvo 22.06. 1889-1890
7. Anne Sindresdtr. Grøvo Dahl 23.05. 1891-1969
Barn: Martinius 1916- m/Jørgen Martiniussen, Odda.
    Gm Svein Sveinson Nedremyrslåtta, Hol. Dei skreiv seg Dahl. Sjå eige hushald.
8. Ola Sindreson Grøvo 10.01. 1894-1945
G 1933 m Rangdi Larsdtr. Luten. Sjå neste hushald.

Sindre og Ambjørg gifte seg i 1861. Ingen barn. Han vart attgift med Margit i 1874. Same år kjøpte han Grøvo hjå Ola Arneson Satasøyen.
    Sindre var skomakar. Av legning var han ein munter kar. Margit var ute på tenest frå ho var ni år. Så kom skomakaren Sindre og fridde. Så vart ho småbrukarkone i Grøvo. Dei fekk åtte barn, men berre tre vaks opp. Sumaren 1885 fekk dei besøk frå bygda, og der gjekk det difteri. To av småjentene vart smitta og døydde. Margit plukka bær for sal, og var godt kjent innover åsane. Sjølv om det var det lite molter eit år, så hadde Margit bær å selja. (652)24