Opsata, nordre gnr. 34 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Opsata, nordre gnr. 34 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Opsata ligg nørdst på hjallen ovanfor Sata, mellom søre Opsata og Skjervheim. Sjå innleiinga til søre Opsata. Slektsnamnet er 'Opsata' eller 'Oppsato'.
    Landskyld 6 laupsbol. Kleivstølen hadde 3 lb.
    Tunet vart flytta til noverande stad sist på 1700-talet. Før den tid var nordre Opsata 'nedre Opsata' og søre var 'øvre'. Midt på jordet syner tufter av det som truleg var det opphavlege tunet før garden vart delt i to. Her er funne ein pålstav, pilespiss, spjutspiss og ei øks.
    Areal 1865: åker 31 3/4 mål, naturleg eng 56 mål, fjellslått 52 mål. Avling 32 1/2 tunne bygg og 32 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 110 mål, anna areal 150 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 100 mål. Leigd jord 20 mål. Våningshus bygt 1914, rest. 1971, drengestugu 1750, loft 1750, låve og fjøs 1947, ombygd 1980, ei gamal badstugu saman med søre Opsata. Buskap: 11 mjølkekyr, 18 ungdyr, 15 grisepurker, 70 sølvrevar.
    Frådelte underbruk: åsbruket Kleivstølen vart frådelt 1886.
    Stølar: heimstøl i Dokken. Opphavleg heimstøl var Steinungset som vart makeskifta mot SkjervheimsDokken i 1886. Langstøl på Nystølane, der er ei lu er ombygd 1994 til fiskebu tilknytta "Nystølkulpane". Løytesgjerda vart tilkjøpt og lagt innåt i 1940. Opphavleg langstøl var 'Urde' inne ved Urdevollane. Den vart makeskifta mot Nystølen til Rud.
    Til garden høyrer også Heimdal, gnr. 36 bnr. 3 og Slette, gnr. 30 bnr. 22.
   

{2197} År: 1755

Tolleiv Nilsson Skjervheim Opsata 1716-1781
G 1747 m Rangdi Larsdtr. Sata. Foreldre: Nils Olson Gullhagen Skjervheim og Guri Torkjellsdtr. Skjervheim.

Tolleiv Nilsson søre Opsata kjøpte nordre Opsata i 1755 for 400 rd og kår. Det skjedde vistnok slik:
    Bjørn Opsata kom til søre Opsata for å hente att noko småfe som hadde lurt seg avgårde for han. Bjørn møtte Tolleiv og orsaka seg. Men Tolleiv bad han inn på øl, og før Bjørn kom derifrå, hadde Tolleiv kjøpt garden av han. (Uppsataætta s 5)
    Men eigentleg hadde Bjørn i lengre tid prøvd å selja garden, men ingen av skyldfolket melde seg.
    Tolleiv dreiv båe gardane fram til 1773. Då overtok sonen Lars nordre Opsata. (Sjå neste hushald.) Sonen Nils overtok søre Opsata i 1787. Sjå meir om familien på søre Opsata år 1754.

{2198} År: 1773

Lars Tolleivson Opsata 12.11. 1749-1832
Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim søre Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.
Gm Randi Aslesdtr. Medgarden Opsata 14.09. 1760-1832
Foreldre: Asle Knutson Medgarden i Liagardane og Kari Torsteinsdtr. Sando.
*Barn
1. Kari Larsdtr. Opsata Kolbjørnsgard 09.01. 1785-1871
G 1805 m Nils Torkjellson Kolbjørnsgard, gnr. 27/1.
2. Tolleiv Larsson Opsata 1787-1866
G 1813 m Borghild Olsdtr. Gullhagen. Sjå neste hushald.
3. Asle Larsson Opsata Holo 1789-1851
G 1834 m Birgit Olsdtr. Holo. Sjå Luten, gnr. 26/2 og nordre Svillegarden, gnr. 51/1.
4. Randi Larsdtr. Opsata Reiersgard 26.12. 1790-
G 1813 m Tolleiv Olson Reiersgard, gnr. 39/1.
    Dei reiste til Amerika omlag 1850, Tolleiv var død før 1856.
5. Knut Larsson Opsata Odden 1796-1867
Gm Margit Sveinsdtr. Halvorsgard. Sjå Odden under Nyhus.
6. Ingeborg Larsdtr. Opsata Tveito 18.02. 1798-1873
G 1830 m Håkon Arneson Arnegard til Tveito, gnr. 55/4.
    I 1873 heitte det at Håkon og sonen hadde reist til Am. mange år tidlegare. Ingeborg døydde som fråskilt kone hjå systera i Sataroen.
7. Birgit Larsdtr. Opsata Sataroen 08.02. 1801-1880
G 1832 m Tolleiv Bjørnson SataRoen, gnr. 32/13.

Lars fekk skøyte hjå faren på Nordre Opsata i 1773 for 890 rd. Med garden fylgde plassen Kleivstølen og stølen Steinsetstølen. (Steinungset) Tidlegare hadde Steinsetstølen lege under øvre Opsata, heretter skulle den ligge til nordre mot 1 rd i årleg skattehjelp. (1194) s 567b
    Kleivstølen vart brukt som åsbruk, dvs. dei sat der med buskap vår og haust for å bruke opp foret. Dei spara arbeid ved å køyre stølsforet til Kleivstølen. Sume år vara foret like til i februar.
    Lars makeskifta stølen Urdene og 54 rd med Lars Syverson Ruud i 1782 og fekk att Nystølen.
    Truleg var det Lars som flytta tunet til noverande stad. Og som sette opp loftet. Lars bygde fjøs som var i bruk til 1948, og han bygde den stugu som havna på Ustaoset. Buet etter Lars var netto 556 rd.

{2199} År: 1807

Tolleiv Larsson Opsata 1787-1866
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.
Gm Borghild Olsdtr. Gullhagen Opsata 22.09. 1793-1855
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Randi Tolleivsdtr. Opsata Sørbøen 10.09. 1818-1894
G 1838 m Eirik Olson Sørbøen. Sjå søre Sørbøen, gnr. 23/1.
2. Lars Tolleivson Opsata 09.06. 1821-1904
G 1856 m Margit Halvorsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
3. Ola Tolleivson Opsata 20.11. 1824-1877
Ola var tomtearbeidar i Kr.ania i 1865. Reiste til Am. 1866. Kan vera ein ugift Ola T. Opsata som dreiv pensjonat/'forretning' i Chicago. Det vart ein kvilestad for m.a. utvandrarar. (1444)
    Han etterlet seg 'nesten intet' i 1877. Ingen opplysningar om familie.
4. Tolleiv Tolleivson Opsata 16.01. 1828-1884
Ugift. Tolleiv hadde tilhald på garden Råvelstad i Odalen. 1884: 'Skreppekræmmer avdød inden Eidsvoll sorenskriveri. '
5. Sissel Tolleivsdtr. Opsata Nupestølen 16.04. 1831-1899
G 1858 m Halvor Sveinson Nupestølen, gnr. 40/9..
6. Lars Tolleivson Opsata 15.10. 1833-1872
Ugift. Han vart kalla "Lange-Lars". Høgde: 7 fot og 10 1/2 tomme = 2,40 m. Lars arbeidde på gardane i bygda, og elles for han ikring på skreppehandel. I 1866 var Lars i Namsos. Til Am. våren 1869: Chicago. Han budde hjå bror sin ei tid. Så kom sirkus Barnum & Beyly til Chicago og dei ville ha med Lange-Lars. Han vart ingen gamal mann, stupte død på gata i 1872. Sjå foto i Hallingen 1918. (1444)
7. Haldis Tolleivsdtr. Opsata 13.10. 1836-1837
8. Haldis Tolleivsdtr. Opsata Øygarden 15.01. 1842-1911
G 1862 m Knut Larsson Holo Øygarden Gjeldokkslåtta. Barn: Lars 1863, Borghild 1864- ; Tolleiv 1869- ; Borghild 1871-1902; Nels 1875- ; Lars 1877- ; Gunhild 1879-1944 gm Harold Sandbo (8 barn); Ole K. 1881- .
    Barn i USA: Ole K. 1884- gm Margret Nelson (5 barn); Tilda 1887- . (1634) Sjå Øygarden, gnr. 48/1.

Tolleiv og Borghild gifte seg i 1813. 1807 fekk han skøyte på garden for 800 rd og kår til foreldra. Tolleiv var ute i krigen 1807-14. Ved makeskifte med broren Asle Luten eller Høgset i 1822 fekk Tolleiv Høgsetstølen. Asle fekk slåtta Nedre Slåtta.

{2200} År: 1856

Lars Tolleivson Opsata 09.06. 1821-1904
Foreldre: Tolleiv Larsson Opsata og Borghild Olsdtr. Gullhagen.
Gm Margit Halvorsdtr. Opheim Opsata 18.12. 1837-1912
Foreldre: Halvor Torkjellson Garden Opheim og Anne Rasmusdtr. Opheim.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Opsata 04.08. 1857-1862
Tolleiv omkom i ei ulykke 17. februar 1862 på Kleivstølen. Saman med tre sysken var han aleine i stugu då han fall opp i ei kokande lutgryte. Tolleiv døydde neste dag.
2. Borghild Larsdtr. Opsata Kolbjørnsgard 16.07. 1858-1938
G 1881 m Ola Torkjellson Kolbjørnsgard. Sjå Kolbjørnsgard, gnr. 27/1.
3. Halvor Larsson Opsata 06.08. 1859-
Til Amerika 1881: New Ulm, MN.
4. Anne Larsdtr. Opsata Sataslåtten 21.02. 1862-1926
G 1897 m em Ola Syverson Sataslåtten (Røyseplass). Barn: Marie 1899-1987 gm Gerve Karpe; Anna Louise 1900-1972; Olga 1901-1929; Simon Helmer 1904-1974 gm Clara Note; Torvald Carl 1907-1949 gm Evelyn Hermonson. (1635)
    Anne reiste til Amerika saman med systera Haldis. Busett i Fertile, MN.
5. Tolleiv Larsson Opsata 17.07. 1863-1947
Ugift. Til Am. i 1882: Beloit, Wisc. Sidan til Corral/Gornel, Elmore Co. Idaho. Tolleiv dreiv litt med sau, men tente betre på gullgraving. Han let etter seg ein arv på 12328 dollar.
6. Haldis Larsdtr. Opsata Halvorsgard 17.11. 1864-1955
G 1896 m Nils Håkonson Halvorsgard. Barn: Håkon (Hagen) 1897- ; Lars (Louis) 1898- gm Ada Antonini (4 barn);
    George 1900-1976 død i Egersund, gm Thyra Hafso; Mabel Gladys 1902- g 1920 m William Rugland (1 barn); Anna Gurine 1906-1960 g 1941 m Edward Laumbach (4 barn). (1245), (1540), (1634)
    Til Am. 1895: fyrst Fort Pierre, SD. Sidan Viking i Alberta, Canada.
7. Asle Larsson Opsata 30.08. 1866-1907
Til Am. i 1887: Brulle Co, SD. I 1901 var han i Los Angeles, han køyrde vass-vogn i byen, det var 'god betaling og let arbeide. 2 dollar dagen på 8 timer.' (Oppl. Ola Hagen)
8. Margit Larsdtr. Opsata 02.06. 1868-1964
G 1897 m Ola Botolvson TormodsgardsJorde Opsata. Sjå neste hushald.
9. Lars Larsson Opsata 24.09. 1870-1870
Lars levde seks timar.
10. Lars Larsson Opsata 20.09. 1871-1942
G 1905 m Gina Berthine Eiriksdtr. Medhus (Hol-slekt i Am.) 1882-1955. Barn: Ellen Gelina Maria 1905-1908; Orina Lenora Mentress 1907-1992 gm Walter August Kronback (3 barn); Ellen Gelina Maria 1909- gm Alvin Albert Mische (3 barn); Myrtle Louise 1911- lærar, gm Joseph Knutson (2 barn), gm James A. Eitter (2 barn); Olava Enola Viola 1914-1998 gm Sidney Robert 'Bob' Crago (2 barn); Erick Lawrence 1916-1984 sjukepleiar, gm Natalie Jean 'Fritzie' Johnson (3 barn).
    Lars reiste til Amerika i 1894 og vart farmar i Westbrook, MN. Han bygde eit timrahus, men det brann like før dei gifte seg. Lars overtok visst Medhus-farmen i Cottonwood. (Hall. 192 s 23)
11. Rangdi Larsdtr. Opsata Råen 21.06. 1874-1959
Gm Sevat Sevatson Råen 1865-1961. Barn: Lila Myrtle 1901- g 1943 m Severt Severtson (1 dotter); Mildred 1904-1987; Arthur 1907- farmar (og felespelar), g 1936 m Myrtle Rice (4 barn); Alvira 1913- gm Peder Pederson (2 barn); Theodore Harvey 1920-1981 .(1541), (1634)
    Til Am.: Gary, MN. I 1904 kjøpte dei farm i Bear Park. Gravlagt ved Nes Lutherske kyrkje, Gary.
12. Torkjell Larsson Opsata 15.07. 1876-1881
Han stupte over ein tollekniv og omkom.
13. Sissel Larsdtr. Opsata Lutz 01.12. 1878-
G 1901 m David Lutz, Brighton (han omkom i ei bilulykke). Barn: Marian Margaret 1902- gm Wesley Nixon (3 barn); Gladys 1904- gm Laurence Haglund (3 barn); Miles 1907- gm Irene ... (4 barn); Alice gm Andy Christensen (1 barn); Doris 1912- gm Floyd Lokken (1 barn); Leila 1917- gm Don Bakke. (1634)
    Til Amerika: Gary, MN. Dei farma nær Minneapolis. Sidan busett i Los Angeles.

Lars og Margit gifte seg i 1856. Same året overtok han garden etter foreldra for 800 spd og slikt kår: rett til å lauve 200 kjerv ved heimstølen og storrslått ved Kleppo, halve kål- og humle-hagen, og rispling oppi Bakko.
    Dei vølte uthusa både på Opsata og Kleivstølen m.v. og dei grøfta myrane på Nystølen. I 1886 vart Kleivstølen fråselt. Dei makeskifta heimstølen Steinungset mot Dokken og fekk 800 kr i mellomlag.

{2201} År: 1897

Margit Larsdtr. Opsata 02.06. 1868-1964
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Margit Halvorsdtr. Garden Opheim.
Gm Ola Botolvson Botolvshuset Opsata 05.06. 1872-1933
Foreldre: Botolv Olson Tormodsgardsjorde og Rønnaug Torgeirsdtr. Juven Slåtten.
*Barn
1. Lars Olson Opsata 07.05. 1899-1989
G 1939 m Borghild Elisabet Eilevsdtr. Stavn. Sjå neste hushald.

Ola og Margit gifte seg i 1897. Dei bygde ny stugu og bu på langstølen, og dyrka ein del jord. Ved sida av garden dreiv Ola med fehandel.