Skjervheim, søre gnr. 35 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skjervheim, søre gnr. 35 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I gamal tid kalla 'øvre' Skjervheim. Namnet kjem truleg av 'skjerv', nake berg eller skarv. Skjervheimsberga rett ova garden har nok gjeve namnet. Gamle skrivemåtar 'Skjerfuen', 'Schierven' osv.
    Ein ser ikkje når den opphavlege Skjervheimgarden vart delt i nordre og søre. Kanskje var det opphavlege tunet på sletta der myljo Skjervheim ligg i dag. Omlag 1696 vart myljo Skjervheim frådelt søre Skjervheim.
    Landskyld 1557: 10 kalvskinn 2 album. Landskyld var på 15 laupsbol før myljo Skjervheim vart frådelt. Sidan 7 1/2 lb.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 40 mål, fjellslått 40 mål. Avling 21 1/2 tunne bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 51 mål, anna jbr. 50 mål, prod. skog 80 mål, lauvskog 260 mål.
    Våningshus og loft flytta i 1887, fjøs og stall. Garden vert brukt som tilleggsjord til Bjørnstad 27/3.
    Frådelte plassar og underbruk: myljo Skjervheim bnr. 3, Nedreskorr og Hallbjørghagen.
    Uppi Bergo. I ei skorr litt vest for Nedreskorr var ein liten bustad. Her var ein liten åker og ei oppdyrka slåttemyr. Fjøset var grave inn i jordbakken. Det var fortrev oppå. Og i 1979 stod ei liten stugu med to rom. Uppi Bergo vart selt til Bergahagen i 1882. Truleg var Ola Tomasson Uppi i Bergo ei tid.
    Stølar: heimstøl på Steinungset og langstøl på Tormodset.
   

{2217} År: 1773

Nils Olson Skjervheim 27.04. 1746-1788
Foreldre: Ola Nilson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. nedre Medgarden.
Gm Turid Olsdtr. Juvsjord Skjervheim 29.09. 1755-1819
Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen (Hol).
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Skjervheim Medgarden 22.10. 1775-1847
G 1805 m Embrik Olson Skjerping nedre Medgarden. Sjå også Skjerping.
2. Barbro Nilsdtr. Skjervheim Satalien 01.02. 1778-1850
G 1821 m Embrik Herbrandson Satalien. Sjå Hovda, gnr. 32/1a.
3. Ola Nilsson Skjervheim 07.10. 1781-1801f
Død før 1801.
4. Ola Nilsson Skjervheim 11.04. 1784-1872
G 1807 m Kristi Syversdtr. Barskrind. Sjå neste hushald.
5. Ola Nilsson Skjervheim 25.05. 1788-1788

Nils fekk skøyte på garden Skjervheim 8 1/2 lb. i 1773 for 600 rd. På skiftet etter Nils i 1789 var det 347 rd å dele.
    Turid vart attgift med Torkjell Person Kvelprud. Sjå neste hushald og Kvelprud.

{2218} År: 1788

Turid Olsdtr. Juvsjord Skjervheim 29.09. 1755-1819
Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen (Hol).
Gm Torkjell Person Kvelprud Skjervheim 27.05. 1764-1848
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Botolvsdtr. Espegard.

Turid vart attgift med Torkjell i 1791. Torkjell hadde også Kvelprud. Ungane står der. I 1805 selde Torkjell garden til stesonen Ola Nilsson.

{2219} År: 1805

Ola Nilsson Skjervheim 11.04. 1784-1872
Foreldre: Nils Olson Skjervheim og Turid Olsdtr. Juvsjord.
Gm Kristi Syversdtr. Sørbøen Skjervheim 14.11. 1784-1848
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud Barskrind.
*Barn
1. Nils Olson Skjervheim 11.11. 1808-1809
2. Nils Olson Skjervheim s 1810c-1899
G 1849 m Sissel Olsdtr. Haugegarden Noss. Sjå neste hushald.
3. Turid Olsdtr. Skjervheim Medgard 19.08. 1815-1907
G 1847 m Johannes Torkjellson Medgard. Sjå Medgarden 69/4.
4. Syver Olson Skjervheim 06.07. 1822-1823
5. Syver Olson Skjervheim GudbrandsgardHaugen 14.10. 1825-1905
G 1862 m Birgit Viggersdtr. Oleivsgard. Sjå Gudbrandsgardhaugen gnr. 68/3.
6. Birgit Olsdtr. Skjervheim Trintrud 24.03. 1829-1907
G 1852 m Ola Eivindson Trintrud.

Ola og Kristi gifte seg i 1807. Våren 1810 lånte Ola 303 rd til kjøp av magasin-korn. (Off. korn-magasin i uår ). (1419) s 7

{2220} År: 1848

Nils Olson Skjervheim 1810c-1899
Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Kristi Syversdtr. Barskrind Sørbøen.
Gm Sissel Olsdtr. Noss Skjervheim 27.10. 1825-1899
Foreldre: Ola Tolleivson Noss Haugegarden og Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Ola Nilsson Skjervheim 17.03. 1850-1910
G 1883 m Ingebjørg Olsdtr. Noss. Sjå neste hushald.
2. Ola Nilsson Skjervheim 28.11. 1852-
Gm Guri Hermannsdtr. Krosshaug. Til Am. 1884: SD. (1244)
3. Kristi Nilsdtr. Skjervheim 07.04. 1855-1917
G 1892 m Nils Nilsson Skjervheim. Sjå myljo Skjervheim.
4. Syver Nilsson Skjervheim 29.08. 1857-1859
5. Ingeborg Nilsdtr. Skjervheim 10.11. 1859-1863
6. Håkon Nilsson Skjervheim 15.01. 1864-1930
Til Am. i 1888: SD. I ein udatert publikasjon om kyrkjegarden nær byen Presho, SD heiter det om Håkon: 'Også ein bror Hogen er gravlagt her. Han budde hjå Ola og Guri i mange år. Han omkom då han fall frå ein høystakk'. (Tips frå Ola Hagen.)
7. Syver Nilsson Skjervheim 17.12. 1866-
Var i USA i 1899: MN. I eit amerikabrev frå systera Guri datert 1897: 'Syver blev i vinter gift med Gunhild Nornes. Datter til en Telemarking, en farmer.'(Oppl. v/Ola Hagen.)

Nils og Sissel gifte seg i 1849. Sonen overtok garden i 1895.

{2221} År: 1895

Ola Nilsson Skjervheim 17.03. 1850-1910
Foreldre: Nils Olson søre Skjervheim og Sissel Olsdtr. Haugegarden Noss.
Gm Ingebjørg Olsdtr. Noss Skjervheim 23.06. 1851-1928
Foreldre: Ola Ivarson Ivarsgarden Noss og Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Nils Olson Skjervheim 31.03. 1884-1950
G 1913 m Mari O. Bøygard. G 1920 m Anne L. Langegard. Sjå neste hushald.
2. Sissel Olsdtr. Skjervheim 27.08. 1885-1943
G 1923 m Eirik Botolvson Skjervheim. Sjå nordre Skjervheim.
3. Rangdi Olsdtr. Skjervheim Ristvedt 28.12. 1887-1970.
G 1934 m em Kristian Ristvedt, Sandsvær 1891-1968.
4. Ola Olson Skjervheim 02.04. 1890-1968
5. Syver Olson Skjervheim 26.07. 1891-1891
6. Ingebjørg Olsdtr. Skjervheim 18.11. 1892-1903
7. Syver Olson Skjervheim 03.09. 1895-1924

Ola og Ingeborg gifte seg i 1883. Dei flytta tunet opp til noverande stad.